mandag 17. januar 2022

Takk og ære til NRK for godt program om Tibor og Vera

Me som er opptekne med Israel og jødar i fortid og notid, er ofte kritiske til NRK sitt arbeid. Som vårt land si fremste kjelde til informasjon og nyheiter, er det vondt sitja med kjensla av at her er den politiske og negative vinklinga viktigare enn å gjeva dei reine og reelle fakta.

Eit nokså typisk døme: Det vert slege stort opp når Israel har skote rakettar eller bomba på Gaza
stripa, og om eventuelle døde eller skadde folk og bygningar som er resultat av angrepet. Seinare i innslaget kjem grunnen: Angrepet var eit svar på rakettar frå Gaza mot Israel. 

Denne journalistikkforma med over-fokusering på «alt det gale jødane gjer», og under-fokusering av det som er opphavet til åtaket, er typisk i norske media. Kvifor ikkje seia som sant er at Gaza starta med å angripa, og at hadde dei ynskt å leva i fred, ville Israel aldri kasta bort økonomiske og militære ressursar på ein så meiningslaus måte som dette?

Biletet utanpå på boka.

Det var derfor gledeleg no rundt årsskiftet 2021-2022 at dei hadde eit innslag om borna eg skreiv om den 23. desember 2021, Tibor og Vera.

Innlegget den kvelden viste Vågsetra skule og dei fire «snublesteinane» attmed skulen. Snublesteinane er der til minne om dei to borna og to andre jødar som nazistane tok livet av i Auschwitz.

Det me fekk, var som eit samandrag av det Sverre Kragset skreiv om i boka eg viste til i det tidlegare innlegget.  Inkludert at Tibor ynskte at juletreet skulle få stå til han og søstra var heime att i prestegarden! Han trudde ikkje dei skulle vera så lenge vekke…

Lite visste han – og dei rundt han, om den djevelske «løysinga» Hitler og hans likemenn hadde utvikla med hjelp av dei beste tekniske hjelpemidla Tyskland og samtida rådde over.  

Hermed takk til NRK for dette fine innslaget, og bøn om å få fleire positive innslag både om jødane her til lands og elles i verda. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar