fredag 29. juli 2022

 

Tommel opp eller ned

To av dei emojiane eg oftast brukar, er «Tommel opp» eller «Tommel ned». Det var teikn som avgjorde liv og død for dei som kjempa i romerske amfiteater eller Colosseum. Tommel opp sa: «Lat leva». Tommel ned: «Drep». Så enkelt var det.

Romarane elska underhaldning full av menneskeleg liding, blod og død, men det finn me heldigvis berre i historiebøkene og dataspela i dag.  

Tidene har forandra seg. Desse mest bruke emojiane ved sida «smilefjesa» og «hjarte», seier i dag:

👍   «Tommel opp» = «Dette likar eg.»

👎   «Tommel ned» = «Dette likar eg ikkje.»   

Slik brukar i alle fall eg dei, og eg trur mottakarane oppfattar teikningane på same måte.

Elles synest eg at kvardagen er full av slike tilsvarande signal. Ja, ikkje teikna emojiar som ligg berre nokre tastetrykk vekke frå oss alle saman. Nei, eg tenkjer på ord og haldningar som lyser imot meg i mykje av det eg les, ser eller høyrer. Eg finn dei enten eg sit i godstolen framfor dagsrevyen eller les avisa i hengekøya i hagen. 

Og så ein annan tanke:

Har notida sine debattprogram, same funksjonen i samfunnet som dåtida sine gladiatorkampar?

Vår offisielle og obligatorisk betalte statskanal, NRK, har eg lite sympati for. Eg ser berre eitt einaste fast program: Dagsrevyen. Men sidan dei har eit debattprogram nett før, ser eg gjerne ein del av det og med eg ventar på at klokka skal verta nitten.

Ofte minner dei meir om underhaldning, - eg tenkjer gladiatorkamp, enn noko som skal gjeva sjåarane kunnskap og ein betre kvardag. Utgangspunktet er gjerne ei eller anna konflikt, eit motsetningstilhøve eller fadese som er gjort. Temaet vert presentert ut frå noko skrive eller sagt i eit eller anna venstrevridd media, og programverten gjer sitt for å få temaet til «å fata». Samstundes leier han eller ho debatten dit venstresida og deira medspelarar vil. Me, du og eg, er usselt «tribunefyll» som skal lærast opp til å reagera slik «dei» vil.

Som i det romerske sirkuset, har heller ikkje «gladiatorane» av i dag same våpen og likeverdige utgangspunkt. Eine parten opplever fort at både programleiaren og «fleirtalet» er imot dei. Har temaet noko med jødar og kristne,  eller for den del bibelsk etikk og moral å gjera, så det «tommelen ned» frå første stund. Du treng ikkje tvila. Har utgangspunktet noko med «skeive», fri abort, definisjonen av kjønn eller fridom og fyll, å gjera, då er det «tommel opp». Ver du sikker!

Ta jødar og kristne. Kor mange «tommel opp» har du sett i det NRK serverer om Israel? Sjølv då det hagla rakettar mot sivile mål i Israel, starta informasjonen med at jødane hadde drepe så og så mange palestinarar, og gjort så og så mykje skade i Gaza. Israel starta ikkje åtaka. Dei ville få slutt på rakettane som kom inn over landet, og prøvde å nå militære mål på Gazastripa. Om noko slikt kom med, fann me det med minst mogeleg «skrift» heilt til slutt i oppslaget. At rakettutskytingsrampen eller -fabrikken IDF prøvde å eliminera låg under ein skule, eit sjukehus eller ei vanleg bustadblokk, det må me normalt til utanlandske media for å finna informasjon om.

Bruk av sivile som angrepsmål eller som skjold, er forbode etter internasjonale avtalar. Ja, me har endå til ein eigen internasjonal domstol som skal ta seg av slike saker. Men at terroristane systematisk brukar uskuldige sivile til å gøyma seg bak, ser ut til å vera «OK», i alle fall så lenge kulene og rakettane er retta mot jødane og Israel.

Skal tru om NRK tilset medarbeidarar og vel intervjuobjekta sine ut frå ein bevisst Anti-Israel og Anti-kristen politikk? Det kanalen produserer har i alle fall tydeleg «Tommel opp» for Anti-Israel, Anti-Bibel og Anti-kristen etikk. Derimot går tommelen ned, utanfor biletramma om det går an, straks det dukkar opp noko eller nokon som er Pro-Israel, Pro-Bibelen og Pro-kristen etikk.

Slik eg ser det.

😈        Trollet i eventyret sa «Her luktar kristenmannsblod». Kanskje det er eit slik «troll»                          som styrer NRK og dei fleste av dei andre i media-landskapet på vår vesle del av                          kloden?  

------------------------

👎    Viser du meg tommel ned no? Du synest dette får vera nok?


👍    Ok, eg gjev meg. Ha ein super dag!    


------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg. 

fredag 22. juli 2022

Smilefjes og andre fjes 

Ein av dei ting som ikkje fanst i gamle dagar, er emojiar. I meldingane eg både får og sender, finst blide eller sure, vakne, trøytte, gråtande eller leande emoji-fjes stadig vekk. I tillegg til hjarte og alle andre slags teikn og symbol. 

På norsk kunne me sagt «Biletteikn» som er den næraste omsetjinga av det opphavlege japanske ordet. Andre kallar dei for «ideogram» eller berre «smilefjes». Dette trass i at dei aller fleste smilefjesa i maskina og telefonen min, ikkje smiler. 

"Årets ord" i fonten JoyPixels versjon 2.2



Dei er laga for å visa om me er sure, søvnige, sinte eller for den del redde. Alle dei sinnsstemningar ei oppfinnarverd kan tenkja seg. Ikkje berre det, forresten. Son min, som veit så uendeleg mykje meir enn eg om dataverda, seier: «Kvifor lagar du ikkje dine eigne emojiar?» 

Det første vart laga i 1998 eller 1999 av Shigetaka Kuirita, fortel nettet meg. Ti år etter kom Apple med Unicode Consortium, før Unicode vart godkjent året etter. Totalt var det 2823 emojiar i Unicode standard i 2018. Ein emoji er til og med kåra til «årets ord» av Oxford English Diccionary 2015. 

Eit gode med emojiar er at dei ikkje har copyright. Og så går det så fort at me ikkje treng kjenna etter eller for den del gjeva andre innsyn i korleis me eigentleg har det. Inst inne… Men det får vera temaet i neste innlegget mitt. Berre vent… 

Men først litt eddik 

På wikipedia (https://no.wikipedia.org/wiki/Emoji) finn du mykje om emojiar, - også kritikk. Medan folk flest (slike som eg) brukar emojiar i vilden sky, har wiki plass til to kritiske røyster, ein professor emeritus i lingvistikk og ein litteraturvitar og skribent. Høyr kva dei seier: 

         Det er en form for latskap og ignoranse. Du gidder ikke å skrive en hel melding til venninna di, så             du sender bare et hjerte. Det er språkets kjønns-sykdom. Det er veldig artig å lage dem, men veldig             kipt etterpå


Eg må tilstå: Eg brukar biletteikn av rein latskap. Vane eller uvane, la gå, men eg ser ikkje parallellen mellom emojiar og gonoree for å ta eit eksempel. Eller spiroteken Treponema pallidum for den del. Eg har heller aldri høyrt at nokon «lagar kjønnssjukdomar», men at dei som får slikt, har det «veldig kipt etterpå». 

Ergo, for å vera på den sikre sida, bør eg gå over til ein emojifri livsstil? 

Ivar Åsen levde og døydde lenge før vår emojiserte tid, men han trefte spikaren på hovudet: 

        Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til. 
        Ei Tru maa stydja upp-under. 
        Ei tru, som trøysta og styrkja vil 
        i myrke stormande Stunder. 
        Eg vonar, den Viisdomen hjelper mest,
        som med slik ei Tru kan semjast mest. 

JoyPixels versjon 2.2
Ein Ivar Aasen av no-tida, hadde brukt emojiar, han og. Det trur i alle fall eg. Til dømes denne!

«Shortcoden» av ei open bok finst i over 20 variantar frå forskjellege emoji-produsentar.  Minst ein av dei måtte vel vore midt i blinken for bokmannen og språkforskaren frå Sunnmøre, trur ikkje du det?



....................

Det er ikkje lov å bruka noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

fredag 15. juli 2022

 

Brød og sirkus

Tittelen, som så mykje anna, har sitt opphav i romarriket. Store landeområde vart tekne og enorme rikdomar førde til Rom. Slavar utførde etter kvart det meste av fysisk arbeid, slikt som å byggja vegar, palass eller arenaer der folket fekk underhaldning med kappkøyring, gladiatorkampar og / eller drap og tortur av mellom andre jødar og kristne. Det politiske livet var merkt av intrigar og maktkamp, og den som ville ha makta, fekk ho ved å gje folket det dei ville ha: «Brød og sirkus».

Sjølve uttrykket «panem et circenses» som det heiter på latin, er mest kjend frå den romerske diktaren Juvenalis sine skrifter. Han levde frå om lag 55 til 135 e.Kr. og skriv satirisk om tilstanden i riket: «Gjev dei (folket) brød og sirkus, så vil dei aldri gjera opprør»[i].

Det var dette som dukka opp hjå meg då byrådsleiaren i hovudstaden la seg ut med Solberg-regjeringa sine innstrammingar for å få kontroll med pandemien: Hovudstaden, som resten av landet, fekk både kortare opningstider, «spiseplikt» og redusert alkoholservering. Det skapte opprør. Folk kunne ikkje ha det hyggeleg utan alkohol! Serveringsstadane ville gå under om dei ikkje kunne selja sprit, og dei stakkarane som såg med uvilje på studentar og andre som trassa reglar og hadde  fyllefestar, dei var mørkemenn, gledesdreparar eller kven veit kva.

Dei store utslaga festinga fekk på talet av sjuke og smitta, vart sett bort frå inntil same byrådsleiaren krov at regjeringa måtte favorisera hovudstads-innbyggjarane både med vaksiner og anna. Både protestane mot innstrammingane, og kravet om forfordeling av vaksiner m.m. til hovudstaden, undrar eg med på om det er utslag av same popularitetsjakta som den romerske eliten dyrka og som Juvenalis skreiv om?


Ei fylgje av koronaen var at me måtte setja ned farten, og til tider vart det full stopp!

Var / Er byrådet i Oslo avhengig av ein veljarmasse som føretrekkjer «Brød og sirkus» (for ikkje å seia alkoholservering) framfor ein ansvarleg og bokstaveleg talt «edrueleg» politikk? Då byråden kjempa for å tilfredsstilla alle som måtte ha sin «utepils» eller kva det no skulle vera, kjempa han for sitt eige politiske liv?

Me veit alle at ein stor del av Noregs budsjett går til kamp mot alkoholrelaterte sjukdomar, ulukker på grunn av alkohol med død og invaliditet som fylgje, i tillegg til andre menneskelege tragediar og kriminalitet. Det snakka han aldri om.

For å sitera ein annan romar, Cicero (fødd år 106 og død år 43 f. Kr.), statsmann, lovgjevar og kanskje romarane sin største forfattar: «Det galne var ikkje brød og sirkus i seg sjølv, men at folket var villige til å selja sine rettar som frie menn for fulle magar og opphissande spel som berre ville få dei bort frå andre menneskelege behov som brød og sirkus aldri kan tilfredsstilla».[ii]

Det sa han. Eg seier «Amen. Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv!»

Som du ser, levde Cicero over hundre år før Juvenalis. Brød og sirkus-politikken var altså ikkje noko nytt då Juvenalis. Og typisk nok, der det budde mange romarar i det store riket, der er teater og arenaer dei viktigaste ruinane turistvertane viser oss.

«Norsk næringsliv går til grunne utan utanlandsk arbeidskraft»

Dette vart sagt fleire gonger under pandemien og gjorde at utanlandske arbeidarar ikkje berre fekk koma inn i landet når andre vart nekta, men dei fekk i tillegg koma på spesielle vilkår. Skipsbygging, oljerelatert industri og bygningssektor ville stogga om grensene vart hermetiserte, høyrde me. Og no, «etter pandemien» som enkelte likar å seia, har me eit skrikande behov for profesjonell arbeidskraft som landet ikkje har og heller ikkje kan skaffa utan omlegging av både skulesystem og prioritering innan yrkesval. For mange utanlands-arbeidarar fann seg arbeid heime eller i andre land.  

Utan slavane kunne ikkje romarriket fungera, og utan brød og sirkus-politikken kunne massane ikkje styrast, lærde eg som liten. Og Noreg pr. d.d.?

Ser du parallellen?

Burde me ta lærdom av deira feil?



[i] Mi omsetjing av «Give them bread and circuses and they will never revolt”.

[ii] Mi omsetjing av «The evil was not in bread and circuses, per se, but in the willingness of the people to sell their rights as free men for full bellies and the excitement of the games which would serve to distract them from other human hungers which bread and circuses can never appease”.

............................... 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

fredag 8. juli 2022

 

Sjølv gamle plantar  spirar...
Fortid, då-tid, notid og framtid

I skulen lærde me om verb, og då først og fremst hovudtidene fortid, notid og framtid. Fortida var eit uendeleg spenn av tid, bakover. I daglegtalen delte me så fortida i «då-tid», men det hadde ikkje grammatikken fått med seg. Men alle lagar me «då-tid» med «Den gongen då….» for å visa til ei visst tidspunkt eller ein  kortare periode av fortida. Slik slepp me dra med oss alle tusenåra frå Adam. Det er det snart 6000 år sidan, seier jødane. Dei fleste andre plussar på nullar etter nullar til det går heilt rundt for ein stakkar.

Så gammal som eg no er, ville det kanskje vera naturleg å vera mest oppteken med fortida, - den gongen alt var «så mye bedre». Men der er eg ikkje komen, endå. Trur eg. Om eg lever lenge, står det att å sjå.

Til no har dagane kome og gått utan at eg har lagt merke til dei store forandringane. Om dei omkring meg har merka noko, har det i alle fall ikkje ført til «påtale». Så langt eg hugsar.

Men noko dukka gong på gong opp i tankane mine under koronatida, skreiv eg sist. Tanken kom utan at eg bad han inn, men han vart verande månad etter månad. Ubedt jamstilte han «dåtida» – koronatida - med «fortida» for rundt rekna to tusen år sidan.

Men helst vil me vera i "full blomst"!
Det som dukka opp den dagen, var: «Brød og sirkus»!  Slik eg håttar det, var det under byrådsleiaren i Oslo sine sterke angrep på statsministeren og hennar stab som gav restriksjonar og pålegg som skulle hjelpa landet vårt gjennom pandemien. Og det var ikkje meterstokken som opprørde byrådsleiaren, men det at ikkje folk kunne få gå ut og kjøpa alkohol når dei ville og kvar dei ville.

Vår venstrevridde statskanal fanga inn heile hylekor frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Alle ville gå konkurs og til grunne personleg og økonomisk om ikkje dei fekk halda pubar, barar og andre serveringsstader ope så lenge som råd, og framfor alt servera den etterlengta alkoholen folket måtte ha. Det var som livet ikkje var verdt å leva utan.

Hadde koronaen vore som ei vanleg influensa, hadde eg sikkert ikkje tenkt meir på det, men temaet kom opp att og oppatt gjennom bortimot to år. Aldri har media og venstrepolitiske ytringar minna så mykje om «hakk i plata» som i koronatida. Sektorar innan underhaldning og servering fekk plass og vart påtenkt store hjelpepakkar av staten sine oljepengar. Det var der media – og opposisjonen – sette fokuset. Dag etter dag, veke etter veke, månad etter månad.

Om det hadde eksistert, ville eg gjerne lese ein statistikk over kor mykje både pengar, plass og tid i media underhaldnings- og utelivsbransjen fekk jamført med aktiviteten i kyrkjer og bedehus, inkludert hjelpearbeid i innland og utland. I mine auge må det vera som å samanlikna ein elefant med ei mus. Elefanten er så tung at han trakkar musa flat som eit frimerke om han får ho under foten, og det trur eg så gjerne denne «elefanten» og hadde gjort om han kunne!

Men er elefantar er redde mus! Det har eg høyrt, men kva veit eg som nordmann om det? Derimot veit eg at mus er kvikke og ikkje lette å fanga. Det same kan me seia om det manglande fokuset kristne forsamlingar og hjelpeorganisasjonar fekk under pandemien både frå staten og NRK. Trass minimal merksemd på vanskane koronatida skapte i samband med kristent arbeid, lever det vidare i beste velgåande. Drivkrafta i det er ikkje avhengig av staten eller oljefondet, men Gud og dei som lever med Ham.

Eg trur at media og særleg venstresida i det politiske miljøet som NRK representerer, gjorde dette bevisst. Den nye regjeringa som fekk oppgåva med å føra landet tilbake til normalen, gjer sitt beste for å neglisjera kristent liv og –arbeid, i tillegg til å motarbeida kristne initiativ i skule- og helsesektoren, og særleg på område innan  etikk og moral.

Men det får eg koma tilbake til under «Brød og sirkus»…..

 ---------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.