søndag 5. september 2021

Er ord berre ord?

Ord er den vanlegaste måten me menneskje komuniserer på. Uttalte ord er lydar ei folkegruppe har lært seg å tolka på tilnærma same måte. I skrift vert desse lydane omgjort til teikn, og forstått ut frå det same tolkingsregisteret som muntlege ord.  Lydane eller teikna skaper idear og tankebilete som både den som snakkar og den som høyrer, må oppleva tilnærma identiske.

Normalt står orda i ein logisk samanheng, og slik overfører me tankar og kunnskap oss menneskje imellom. Amalie Christie, som eg nemnde i dei to siste bloggane, snakka om «silkefronten» og «isfronten» som ho såg i krigsoppgjeret etter 1945. Silken mjuk og føyeleg. Isen kald og hard. Begge er materielle ting med klåre karakteristika som dei fleste av oss ikkje har problem med å forstå.

I bloggen 25. januar 2021 presenterte eg «Folkemordenes svarte bok», ei bok som ofte har dukka opp i tankane mine siste året. Heile tittelen er «Folkemordenes svarte bok. Politisk massevold og systematiske menneskerettsbrudd i det 20. århundre», ved red. Bernt Hagtveit. Ho er utgjeven på Universitetsforlaget i 2008.

Kva er så eit folkemord? Kombinasjonen av folk og mord, skaper eit bilete av mange menneskje som vert drepne. Det stemmer med det me har lært i soga: utryddinga av jødar, sigøynarar og andre under naziregimet, utrenskningane under Stalin og andre komunistleiarar og så vidare. Men når eg les i «Folkemordenes svarte bok», er ikkje biletet så enkelt lenger.

Folkemord                                                                                                 

Den 9. desember 1948 vedtok FN si generalforsamling konvensjonen om folkemord. Han vart ratifisert av Noreg 22. juli året etter. Her vert folkemord definert:  

      Artikkel II: I nærværende konvensjon betyr folkemord en hvilken som helst av følgende handlinger som er begått i den hensikt å ødelegge helt, eller delvis, en nasjon, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe som sådan: a)    å drepe medlemmer av gruppen; b)    å forårsake alvorlig legemlig eller sjelelig skade på medlemmer av gruppen; c)    bevisst la gruppen utsettes for levevilkår som tar sikte på å bevirke dens fysiske ødeleggelse helt eller delvis; d)    å påtvinge tiltak som tar sikte på å forhindre fødsler innen gruppen; e)    med makt å overføre barn frå gruppen til en annen gruppe.

Artikkel III definerer kva handlingar som skal straffast som folkemord. Artikkel IV seier at personar som deltek i handlingar omtalt i Artikkel III, «skal straffes enten de er konstitusjonelt ansvarlige statsoverhoder, offentlige tjenestemenn eller privatpersoner».  (Sitat frå side 17-18).

Her innskrenkar FN begrepet folkemord til «grupper» av folk, det vil seie ei viss mengde individ med så mange felles kriteria at dei framstår som gruppe ut frå fire kriterier: nasjonalitet, etnisitet, rase elle religion. Skuleeksemplet er jødane under Hitler. Grunngjevinga for å utrydda dei, var at dei var jødar av rase. Ingen andre faktorar vart tekne med. Utdanning, økonomi, stilling i samfunnet før Hitler, var uvesentlege. Det einaste og avgjerande kriteriet som skilde mellom liv og død for dei, var prosenten av «jødeblod» i årane. Frå 100 til 50 % til gasskammeret. Dei med under 50 % fekk leva, men var sett på som uynskt raseforurensning.

Så langt synest definisjonen å stemma med realitetane. Men kva skjer om individa i gruppa som vert utrydda eller ynskt utrydda ikkje har dei fire karakteristika som gjer at FN godtek dei som ei gruppe? Dei vil naturleg nok – som menneskje – ha mange fellestrekk, men fell utanfor kriteria FN og andre lands autoritetar krev for at drapa kan klassifiserast som folkemord og dermed ha internasjonalt rettsvern.

Kva med dei som ikkje passar inn i FN si gruppeinndeling?

Lat oss tenkja oss enkeltindivid, drepne «an mass». Dei har ikkje felles nasjonalitet, er ikkje av same etniske gruppe, og har ikkje same religion eller andre karakteristika som krevst for at FN og statane som har ratifisert avtalen (inkludert Noreg), skal lova dei rettsvern. Vil det seia at dei derfor er «fritt vilt» for den eller dei som vil drepa dei?

Tankebiletet eg har i hovudet av «folkemord», er at mange enkeltindivid med eller utan felles karakteristika, vert drepne fordi ei sterkare gruppe (rasemessig, politisk, militært osv.) ynskjer det. Det eit underordna spørsmål om dei har same nasjonalitet, etnisitet eller rasemessige eller religiøse tilknytning. Det avgjerande – og grusomme – er at dei er uynskte og derfor ikkje får leva.

Og er dei utan rettsvern fordi dei ikkje kjem inn under kriteria i Folkemord-konvensjonen av 9. desember 1948, meinar eg at både FN og dei  ratifiserande statane er på ville vegar.

På «heden» vart sagt på tysk i gamle dagar om dei som budde avsides, utanfor lov og folkeskikk. Dei som budde der, var hed-ningane.

Og kven andre enn hedningane kan vel godta noko slikt?

 Ingen har lov å  bruka heile eller deler av teksten uten på førehand å ha skriftleg løyve frå meg.