søndag 25. juni 2023

 Kirsten Brunvoll: Veien til Auschwitz. (Framhald).

Møtet med Auschwitz var vond - både transporten dit, og møtet med sjølve leiren. Synet av haugar med lik, og noko som likna «ein fabrikk»: «Det veltet tykk, svart røyk ut av pipen. Senere fikk vi vite at det var et av Auschwitz’ mange krematorier».

Deira transport vart plassert i eit betongbygg merkt «Til badet». «Utenfor badet lå likhaugen frå i går. Tyskerne hadde strødd et tyng lag kalk over. Enda rørte menneskene seg. En stemme jamret og ropte: «Mor, mor»».

Kirsten og dei to andre norske i denne sendinga vart bada «i et av Auschwitz mange gasskammer». Ein ung jødisk gut styrde vatnet, og elles var der jødiske «tillitsvakter» som var med og jaga fangane vidare.(i) 

Etter at dei var registrete og hadde fått sine nummer, vart dei innlosjerte i stallen frå den gamle, polske militærleiren. Dei norske var sjuke og vart sende på «Ambulanz», en slags poliklinikk. «Legen var en polsk-jødisk fangedoktor. Hun var meget flink og sympatisk, alltid like vennlig og hjelpsom mot alle og på farten frå morgon til kveld».

Vidare utover i boka får lesaren eit godt bilete av leiren og livet der. «Auschwitz var et sumpland. Leiren var bunnløs leire. Når det regner ble hele leiren med engang forvandlet til en ubeskrivelig ufremkommelig svinesti. Vi måtte vasse gjennom vanndammer og sank i leire. Den grå leiren klebet seg til skoene og strømpene og åt seg oppover oss.

Ingenting trivdes i Auschwitz. Langs veikantene vokste bare enkelte steder ugress. Det var giftiggrønt. Elles var det grå leire. Her var plantet noen trær. De fleste var døde og sprikte med sine nakne grener. Noen levde og skjøt hver vår noen blader, med ble ikkje større. Blomster så vi ikkje.

Prestekragar blomstra utanfor piggtråd-gjerdet..
Men utenfor det elektriske gjerdet hadde fangene drenert sumplandet. Det ble gjødslet med aske frå krematoriene. Fangene gikk med 10 skritts avstand og spredte asken utover. Den la seg på klærne og ansiktene deres. Det var en underlig gråsvart rad som ble voktet av SS-menn med bjeffende hunder. Der ute vokste prestekrager og blåklokker. Noen av dem stakk hodet inn av gjerdet og nikket til oss.

I klart vær så vi Karpatene reise seg i blålig dis langt borte. De virket kjølige og rene og minte om Norge…»
(ii)


Jødeskjebnar

Brunvoll skriv mykje om jødar, truleg fordi ho under leirtida hadde mykje kontakt med jødiske kvinner på arbeidsplassane og i sjukestovene. 

Ho skriv: «En mengde jødetransporter veltet inn. Mange kom ikke inn i leiren, men ble kjørt fra toget like til gasskamrene. …..

Hele leiren var overfylt med jøder. En mengde av dem fra Ungarn. Krematoriene gikk for fullt. Svarte røyksøyler og høye flammer sto mot himmelen dag og natt. Det luktet brent hår og knokler. Stemningen var uhyggelig. I Auschwitz fantes 5 kjempestore krematorier med moderne innretninger. Hvert krematorium hadde flere gasskammer i forskjellige størrelser. Her var 5 forbrenningsovner i hvert krematorium. Dessutan fantes i filialleirene i nærheten 2 store krematorier. I mai, da store masser av jøder frå Ungarn ble ført til leiren, ble kapasiteten for liten og i skogen ved krematoriene ble der gravd graver hvor likene ble brent. Det er på 24 timer forgasset 60 000 fanger. Gjennomsnittlig ble forgasset og brent 18 000 fanger pr. dag. Til giftgass bruktes cyklon B som ble ført inn i gasskamrene gjennom små åpninger i sideveggene eller gjennom luftventilene. Det skulle bare 0,12 m.gr. til 1 liter luft. Ved inn ånding fikk ofrene angstfornemmelser, hodesmerter og brekninger. Etter 10-15 minutter var de fleste døde. På 210 kvm kunne 2000 mennesker bli presset inn og forgasset. Når dørene ble åpnet, lå hauger av døde mennesker like innenfor dørene, hvor de hadde søkt hen i håp om å slippe ut»(iii)

Også Brunvoll fortel korleis tyskarane valde ut dei som skulle drepast, og dei som skulle «i krigsindustrien, bergverk eller gruver»

«Det var jødene som betjente alle gasskammer. De var 500 mann, og ble kalt Sonderkommando (iv). Mange så sine kjære og kjente gå i gasskammeret. Det ble fortalt at de fleste ikkje holdt ut med enn 3-4 måneder. Når nervene klikket, ble de selv forgasset.»

Nok er nok

Desse avsnitta frå boka får greia seg. Vil du lesa meir både om jødar og ikkje-jødar i leiren, så kan du låna boka sjølv. Det er vondt stoff å arbeida seg gjennom.

For meg har studiet av det som hende der nede, vore ei vond oppleving. Så vond at eg inst inne kvir meg til turen eg er invitert med på til Polen og Auschwitz. Samstundes ser eg fram til turen. Eg innser kor viktig det er at eg som berre har opplevt fred og fridom, har eit reelt bilete av det som føregjekk heilt fram til året eg vart fødd.

Kvifor?

Eg trur det vil skje på nytt. Kanskje ikkje etter Wannsee-modellen, men kva garanti har me for at det ikkje ligg noko endå verre framfor oss?

Russlands overgrep mot Ukraina syner den som vil sjå det, at vondskapen i verda lever i beste velgåande.

----------------------------------------
(i) s. 185 og utover.
(ii) S. 201 og utover.
(iii) s. 204 og utover.
(iv) Ordet betyr «Spesialkommando».

---------------

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg oløyve frå meg.


søndag 18. juni 2023

Kirsten Brunvoll: Vegen til Auschwitz. (i)

Også denne boka er skriven av ein norsk «Nacht und Nebel-fange» som vart send forskjellege stader før ho kom til Ravensbrück og seinare Auschwitz. Ho fekk ei mykje lengre tid i leirane enn Magnusson, og gjev eit allsidig bilete av livet der. Ho skriv og om jødar ho møtte. (ii) 

Brunvoll skildrar møtet med Ravensbrück, behandlinga dei fekk som nykomlingar, om organiseringa i brakkene, og arbeidet dei vart fordelte til. Der fekk dei utdelt vinklar/merke som viste kven dei var. Ho og dei andre norske fekk raude vinklar for «politiske fangar» og fangenummer. Svart og gul vinkel i stjerneform var gjeve til ««Rassenschänder» («tyske kvinner som hadde hatt omgang med jøder». 

Etter dette var det ei tid i karantenebrakke der dei mellom anna måtte læra ordensreglementet. Det verste var å koma i «Bunker», dei underjordiske fangeromma som få fangar slapp levande ut frå.(iii)

Utnytting av fangane
Framsida på den utgåva eg las

Mange av fangane vart sende til Siemens som trong presisjonsarbeidarar. Dit vart grupper på 50 sende på prøve, og dei beste valde ut. Dette var ettertrakta fordi dei då fekk arbeida i oppvarma rom «og noenlunde arbeidsordning, for arbeidets skyld – ikkje for fangenes». Der var og andre fabrikkar fangane vart sende til, til dømes porselensfabrikken i Karlsbad.

Dei som arbeidde ute, hadde det mykje verre. Dei hadde vakter som skreik, sparka og slo, og det var vanskeleg å «marsjere ordentlig i de sandhaugene med tresko». Desse kvinnene gjorde alt, renovasjon, byggearbeid, jordarbeid og gartnararbeid. Dei heldigaste kom i administrasjonen, på kjøkenet eller som dokterar og sjukepleiarar.

Framsida av første utgåva av boka
«Mange undret seg over hvorfor tyskerne arresterte kvinner i alle okkuperte land. Men mange av de foran nevnte bedrifter var viktige ledd i tysk krigs-produsjon. De trengte stadig fleire folk. Kvinnelige fanger ble solgt som slaver til disse fabrikkherrer. Fabrikkherrene betalte et visst beløp pr. fange. Tyskerne fikk på denne måte for en billig penge drevet en stor del av sin krigsproduksjon og frigjort den mannlige arbeidskraft for hæren».(iv)

På sjukestova

Her er og informasjon om «revier», det me ville kalla «sjukestove». Der møtte Kristen Brunvoll polske «Kaninchen» - prøvekaninar. «De ble brukt av SS som forsøksdyr. Enkelte av disse kvinnene var dødsdømte.» - «Kaninschen protesterte aldri. De fant seg i det. … De visste at deres liv ikkje var meget verd. Dødssprøytene, eller «himmelsprøytene», som de ble kalt, var godt kjent i leiren

«For at de skulle holde ut eksperimentene, fikk Kaninschen betre forpleining. Deres polske venninner var ofte på ulovlige lynvisitter med kaker og frukt frå sine pakker. Det hendte også at de fikk blomster som medfangene «orget» i SS-gartneriene». (v) Ein annan stad skriv ho at gartneria hadde «vakre dypblå stedmorsblomster».

For meg var informasjonen om «bibelforskerne» nytt. Dei heldt til i Blokk 12. «De fleste bibelforskerne var tyske. De arbeidet åpenlyst mot krig og Hitlerisme. … De nektet bestemt å delta i krigsproduksjon… (og).. å sy soldatuniformer». 

Ei siste blomsterhelsing

Dei hadde tilbod om å verta fri mot «en lojalitetserklæring overfor «Føreren. De svarte at de hadde bare en fører, Jehova, og ham ville de følgje». Desse fangane var snille og respekterte både av medfangar og SS, og hadde kvar kveld andakt og song. Der dei budde, kunne andre fangar vera trygge, for dei stal ikkje frå medfangane slik det var vanleg. «De hadde betrodde stillinger i kjøkkenet og hadde oppsynet med våre effekter. Elles arbeidet de i fjøs, stall, hønsehus og gartneri og som pleiersker». (vi)

Sendt vidare til Lublin

I Lublin vart kvinnene første natta innlosjerte  i det gamle gasskammeret. «Det var ikkje tvil om at vi nå befant oss i eit av Lublins beryktede gasskammer, hvor tusener og atter tusener hadde endt sitt liv….. Det stemte med kva jødinnen fortalte i Ravensbrück: «Fra transportene kom de like i badet. Der fikk de utlevert såpe og håndkle. Alle gikk avsted og stilte seg under dusjen. Det kom ikkje vann, men gass. Skrik og forvirring. Etter 10 minutter var alt stille. En luke i gulvet ble åpnet og med lange skyffelaktige stenger ble likene ført ut, kjørt på lastebil og brent, eller gravd ned i fellesgraver» (vii). Her hadde dei drepe 22 000 jødar på ein gong, skriv ho.

Men for Brunvoll og dei andre norske gjekk vegen vidare. Etter ei tid vart det ny seleksjon der dei friske vart sende til fabrikkarbeid i Ravensbrück. Dei gamle og sjuke (inkludert Kirsten) vart sende i vaskebrakka klargjort for sending til Auschwitz.

Opplevingane hennar der, kjem i neste blogg.

--------------------------------
(i) Kirsten Brunvolls eigentlege namn var Kirsten Olava Sørsdal (1895-1976). Ho var fengsla for illegalt arbeid under krigen. Etter krigen vart ho kjend som dramatikar og forfattar. «Veien til Auschwitz» kom første gong ut i 1947. Eg har brukt H. Aschehoug & Co si utgåve frå 1964.
(ii) Så langt eg kunne sjå, hadde Magnusson ingen ting om jødar.
(iii) S. 107.
(iv) s. 109-110.
(v) s.113-114.  (I ei anna bok om Auschwitz, vert det sagt at gartneria og jordbruket hadde god produksjon for oska frå krematoria vart brukt som gjødsel).
(vi) s.126 og utover. (Brunvoll skriv ikkje kva trudomssamfunn desse høyrde til. Personleg tenkjer eg at dei to mest aktuelle kan vera mennonittar, eller Jehovas vitne.)
(vii) s. 157.

------------- 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg oløyve frå meg.

søndag 11. juni 2023

Ein invitasjon

Er det ikkje kjekt å verta invitert med på noko? Det er nesten som å vinna i lotto, ikkje sant? Eg har fått ein invitasjon som eg både gler og grur meg til. Eg gler meg til å sjå eit område i verda der eg aldri har vore, men til ein stad eg skulle ynskja ikkje hadde eksistert. To av døtrene mine har vore i der før. Dei har invitert meg med.

Som gammal pedagog veit eg at ein lærer best når ein har sett seg litt inn i stoffet før det vert gjennomgått. I tida framover skal eg gjera denne på førehand-leksa mi. Du skal få vera med, du og. Berre fylg med...

No er utover vil eg ta deg med inn i bøker eg har lese med tanke på turen. Siste tida har eg brukt tid på på internett, og mest om Nürnbergprosessen. Då forstår du kanskje kvar eg skal? Til Polen og Auschwitz, sjølvsagt!  Bøkene eg har i lekse, er skrive av augnevitne.

Frå bokomtalen
Oscar Magnusson: «Jeg vil leve». (i)

Denne boka handlar mest om motstandsmannen som vart teken av tyskarane og mishandla sterkt både i Noreg og i Tyskland. Han enda i Auschwitz etter å ha vorte klassifisert etter Hitlers brev til Abwehr (Nazitysklands viktigaste etterretningsorganisasjon): «Fangene skal for fremtiden transporteres til Tyskland i hemmelighet …. disse forholdsregler vil ha en skremmende virkning fordi (a) fangene forsvinner utan å etterlate seg noe spor, og (b) ingen opplysninger blir gitt om deres oppholdssted eller skjebne».(ii) Om desse fangane brukte tyskarane uttrykket «Nacht und Nebel» - dei skulle forsvinna «i natt og skodde».

Magnussons møte med Auschwitz, skildrar han slik: «Den søtaktige lukten frå gassovnene er påtrengende, jeg ser mot leiren og skimter den slanke pipen, røyken som stiger mot skydekket. Så kommer noen flammeblaff, og røykspiralen skjelver et øyeblikk og må ta seg igjen, før den retter seg opp og fortsetter sin avmålte transport av de døde ut i evigheten».

Det var dette han hadde tenkt på under transporten: «…snart er vi fremme i Auschwitz, og da går vi i pipa likevel».

No overlevde Magnusson denne aller siste fasen av krigen, og skriv: «Det viser seg at gassovnene i Auschwitz har for liten kapasitet til å ta oss unna. Leiren er i oppbruddsstemning, og det blir arbeidet natt og dag for å likvidere det faste belegget, før russerne kommer» (iii). Dermed vert han og dei andre i denne flokken kommandert vidare til leiren Gross-Rosen.

Knep for å overleva
Eit av bileta frå boka

Ein viktig del i overgrepa mot fangane, gjekk på å øydeleggje menneskeverdet deira. For å overleva brukte han «rullegardinen»:    m « .. en dag sa jeg til meg selv: - Dette ser jeg ikke! …. Og et rullegardin sank ned – ikke bare for øynene, men for oppfattelsesevnen». Dermed gjekk ikkje menneskeleg liding og død inn på han, slik det gjer under normale tilhøve. Det berga han.

Eit anna knep var haldninga til tyskarane: «Til å begynne med klarte de å ydmyke meg. Jeg så meg selv med deres øyne, så det mennesket som de bevisst prøvde å gjøre meg til, og følte meg ynkelig og verdiløs. I en periode syslet eg med farlige tanker. …. En dag våknet jeg opp til en ny bevissthet og sa til meg selv at krypet, de ynkelige, bånnsopet . det var jo dem» JEG VISSTE AT MINE PLAGEÅNDER VAR BUNNFALLET AV EUROPEISK SIVILISASJON!» (iv).

Desse og andre «knep», hjelpte mot dødsangsten, fortel han, og han tenkte: «Jeg vil leve!».

Siste del av tida som tysk fange, var på stadig vandring. Namn som Gross-Rosen, Mauthausen, Ober-Elbe og Dora dukkar opp. Det var vinter med frost, matmangel og store lidingar, og den eine etter den andre døydde eller vart skotne. Til slutt endar dei opp i steinbrotet Flossenburg.

Magnusson vart så dårleg at han vart kasta på likhaugen. Ein annan norsk, Jensen, såg at der var liv, og greidde å få han tilbake til brakka. Det berga han.

Så kom frigjeringa.

------------------
(i) Gyldendal Norsk Forlag a/s, Oslo, 1967.
(ii) S. 103 i boka.
(iii) s. 156.
(iv) s. 160-161.

---------- 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg oløyve frå meg.

søndag 4. juni 2023

Ei forunderleg forteljing

Der er ein fordel med spesialinteresser: Snille folk omkring ein ser ting  og gjev ein «Tips». Nei, ikkje slike ein gjev på restaurantbesøk, men nokre velmeinte ord som «Har du sett det…?» eller «Kjenner du boka …?» 

Slik ser boka ut
Eg har slike folk rundt meg, og derfor har eg sett alt det som fanst på internett har om Nürnberg-prosessen. Delvis to gonger for å få med mest mogeleg.

Og så boka «Maskoten» av Mark Kurzem. Lat meg seia det med ein gong: hadde det ikkje vore for biletet og kopiar av brev i boka, hadde eg sagt det var ein bløff alt saman. Det trudde også dei «offisielle» jødiske kontaktane forfattaren kom i kontakt med!

Jødeguten som var maskot i ein SS-dødsskvadron

Alex var berre fem år gammal då han stakk av frå eit av «Einsatzgruppen» sine jødemassakrar. Seinare, som vaksen og familiefar i Australia, fortel han dei gamle og vonde minna til sonen Mark. Etter det får me fylgja Mark sitt arbeid med å nøsta opp alle dei lause trådar i faren sin forunderlege minnevev.

Me møter guten som vart soldatane sin maskot og brukt i propagandaen deira. Dei sydde saman soga om korleis soldatane hadde funne han forkomen inne i dei russiske skogane, og indoktrinerte han om kven han var.  

Vegen for denne guten gjekk vidare som «soldat» og "underoffiser", og seinare møte med familien som eigde sjokoladefabrikken «Laima Sjokolade». Eigaren av sjokoladefabrikken og kona var det som, då krigen var over, tok han med til Australia og gav han ein ny start i livet.

Ein av illustrasjonane i boka.
Er det mogeleg?

Den snille soldaten som oppdaga at guten var omskoren (i), prenta inn i femåringen at ingen måtte få sjå han naken! Det ville vera det same som døden. Det mest utrulege i heile boka er at korkje soldatane og deira medspelarar oppdaga sanninga. 

Så får me fylgja soga heilt til Alex som gamal kjem tilbake i heimen der han hadde hatt sine første og lukkelege år. Der får han møta dei som er att av familien hans, og får detaljane som mangla i minna om dei forferdelege dagane der i Koidanov (ii). Han får og vita sitt eigentlege namn.

Starten på jøde-utrydjingane

Massedrapet av jødane i landsbyen Alex kom frå, skjedde i 1941. Det var der og då drap av jødar starta for alvor.

«Einsatzgruppen» var soldatar som stod under tysk leiing. Dei drap jødar først for fremst med skyting etter at dei hadde tvinga dei å grava store felles-graver. I boka les me at dei drap borna med bajonettane, i tillegg til dei som vart brende inne i husa, slik synagogebrannen boka fortel om. Litt seinare i boka (iii), er Heinrich Himmler omtalt. Han vitja Minsk i juli 1941. 

«Hensikten med Himmlers besøk var angivelig å skaffe Lebensraum for vesteuropeiske jøder som skulle deporteres østover. Med dette som bakgrunn var Himler oppsatt på å se at jødene i Hviterussland ble ryddet av veien, og det var på den tiden han beordret at de skulle starte med sine Aktionen i området. (Dette var før Wannsee-konferansen i januar 1942, og Endlösung - den systematiske bruken av gasskamre og dødsleirer – var ennå ikkje igangsatt. I tiden før konferansen i Wannsee hadde vanligvis metoden for å rense Øst-Europas landsbyen og småsteder for jøder, vært å skyte dem én etter én og legge dem i massegraver)»

Den mentale belastninga på soldatane

Informasjonen på baksida av boka.
Andre stader har eg lese at mange av dei tyske soldatane fekk psykiske problem som resultat av desse «aksjonane», og at Hitler var skuffa over at mange deserterte eller prøvde å tas sine eigne liv. Det same kan me sjå i informasjonen om dei norske som melde seg som soldatar i dei tyske styrkane i Aust-Europa. 

Metoden tyskarane utnytta i Aust-Europa, brukte for mykje ammunisjon og gjekk for hardt ut over troppane sin mentale tilstand. For å unngå dette, vart det leitt etter billegare og meir industrielle metodar slik det seinare vart utbygt i Auschwitz. 

Kanskje nett på grunn av dei umenneskelege påkjenningane på soldatar og andre, var denne guten – maskoten – god å ha? I alle fall fekk han dela ut sjokolade til dei som skulle sendast i døden, og i propaganda-filmen leika «fredeleg» med andre born, inkludert i jenters nasjonaldrakt.

Kan slikt skje i verda att?

For få år sidan, ville eg ha sagt: «Det har eg vanskeleg for å tru». Men etter eit år med soldatar som utfører grove overgrep mot sivile i Ukraina, er svaret motsett:

Eg trur me vil få sjå liknande skje i verda i nær eller fjern framtid. Det vil nå oss alle, men når det trengst nokon å skulda på, er eg redd  jødane  er i fremste rekkja.

Vår eiga soge – og verdssoga – fortel det som om det var skrive med STORE BOKSTAVAR!
Du kan lesa det du og, - om du vil!

--------------------

(i) S. 73 i boka. På side 182 står: «Disse stod under tysk ledelse, men var i all hovedsak bemannet med baltiske frivillige styrker, politibrigader og den slags, og der utførte «Aktionen», som var deres betegnelse på de nådeløse gjerningene sine».  I «den slags» var kanskje dei norske frivillige inkludert…
(ii) Drapa i landsbyen Koidanov er datert 21. oktobewr 1941, men o boka grå det fram at ugjerningane føregjekk over to dagar grunna eit veldig uver i området.
(iii) 284 og utover.

----------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.