søndag 11. juni 2023

Ein invitasjon

Er det ikkje kjekt å verta invitert med på noko? Det er nesten som å vinna i lotto, ikkje sant? Eg har fått ein invitasjon som eg både gler og grur meg til. Eg gler meg til å sjå eit område i verda der eg aldri har vore, men til ein stad eg skulle ynskja ikkje hadde eksistert. To av døtrene mine har vore i der før. Dei har invitert meg med.

Som gammal pedagog veit eg at ein lærer best når ein har sett seg litt inn i stoffet før det vert gjennomgått. I tida framover skal eg gjera denne på førehand-leksa mi. Du skal få vera med, du og. Berre fylg med...

No er utover vil eg ta deg med inn i bøker eg har lese med tanke på turen. Siste tida har eg brukt tid på på internett, og mest om Nürnbergprosessen. Då forstår du kanskje kvar eg skal? Til Polen og Auschwitz, sjølvsagt!  Bøkene eg har i lekse, er skrive av augnevitne.

Frå bokomtalen
Oscar Magnusson: «Jeg vil leve». (i)

Denne boka handlar mest om motstandsmannen som vart teken av tyskarane og mishandla sterkt både i Noreg og i Tyskland. Han enda i Auschwitz etter å ha vorte klassifisert etter Hitlers brev til Abwehr (Nazitysklands viktigaste etterretningsorganisasjon): «Fangene skal for fremtiden transporteres til Tyskland i hemmelighet …. disse forholdsregler vil ha en skremmende virkning fordi (a) fangene forsvinner utan å etterlate seg noe spor, og (b) ingen opplysninger blir gitt om deres oppholdssted eller skjebne».(ii) Om desse fangane brukte tyskarane uttrykket «Nacht und Nebel» - dei skulle forsvinna «i natt og skodde».

Magnussons møte med Auschwitz, skildrar han slik: «Den søtaktige lukten frå gassovnene er påtrengende, jeg ser mot leiren og skimter den slanke pipen, røyken som stiger mot skydekket. Så kommer noen flammeblaff, og røykspiralen skjelver et øyeblikk og må ta seg igjen, før den retter seg opp og fortsetter sin avmålte transport av de døde ut i evigheten».

Det var dette han hadde tenkt på under transporten: «…snart er vi fremme i Auschwitz, og da går vi i pipa likevel».

No overlevde Magnusson denne aller siste fasen av krigen, og skriv: «Det viser seg at gassovnene i Auschwitz har for liten kapasitet til å ta oss unna. Leiren er i oppbruddsstemning, og det blir arbeidet natt og dag for å likvidere det faste belegget, før russerne kommer» (iii). Dermed vert han og dei andre i denne flokken kommandert vidare til leiren Gross-Rosen.

Knep for å overleva
Eit av bileta frå boka

Ein viktig del i overgrepa mot fangane, gjekk på å øydeleggje menneskeverdet deira. For å overleva brukte han «rullegardinen»:    m « .. en dag sa jeg til meg selv: - Dette ser jeg ikke! …. Og et rullegardin sank ned – ikke bare for øynene, men for oppfattelsesevnen». Dermed gjekk ikkje menneskeleg liding og død inn på han, slik det gjer under normale tilhøve. Det berga han.

Eit anna knep var haldninga til tyskarane: «Til å begynne med klarte de å ydmyke meg. Jeg så meg selv med deres øyne, så det mennesket som de bevisst prøvde å gjøre meg til, og følte meg ynkelig og verdiløs. I en periode syslet eg med farlige tanker. …. En dag våknet jeg opp til en ny bevissthet og sa til meg selv at krypet, de ynkelige, bånnsopet . det var jo dem» JEG VISSTE AT MINE PLAGEÅNDER VAR BUNNFALLET AV EUROPEISK SIVILISASJON!» (iv).

Desse og andre «knep», hjelpte mot dødsangsten, fortel han, og han tenkte: «Jeg vil leve!».

Siste del av tida som tysk fange, var på stadig vandring. Namn som Gross-Rosen, Mauthausen, Ober-Elbe og Dora dukkar opp. Det var vinter med frost, matmangel og store lidingar, og den eine etter den andre døydde eller vart skotne. Til slutt endar dei opp i steinbrotet Flossenburg.

Magnusson vart så dårleg at han vart kasta på likhaugen. Ein annan norsk, Jensen, såg at der var liv, og greidde å få han tilbake til brakka. Det berga han.

Så kom frigjeringa.

------------------
(i) Gyldendal Norsk Forlag a/s, Oslo, 1967.
(ii) S. 103 i boka.
(iii) s. 156.
(iv) s. 160-161.

---------- 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg oløyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar