torsdag 13. februar 2020

Bønnetur 2                                                          Første del



Etter at den offisielle bønnekonferansen i Jerusalem var over,
kunne dei som ville, vera med på ein fem dagars bønnetur. I år gjekk turen aust til Jordandalen (Rv 1), nordover langs grensa mot Jordan (Rv 90), langs nordaust-kanten av Golan mot Syria, og  vestover til grensa mot Libanon. Så langs kysten av Middelhavet til Sderot på grensa mot Gaza.
Heile tida stoppa me på utvalde stader for å læra om landet, og å be.

For at du som les bloggen min skal få eit inntrykk, legg eg inn nokre bilete eg tok på turen og fortel litt rundt dei.

Kibbutzliv med mange utfordringar

Samling i parken på kibbutzen Almog. Me ser litt i vaktsjefen bakrast til venstre.

Første stogg var ein kibbuts nedst i Jordandalen der Rv.1 delar seg mot Jeriko og Eilat. Kibbutzen vart starta i 1977 av nokre gutar og ei jente som var nett ferdige i militæret. Ein av grunnleggjarane viste rundt og forklarte. Media rundt om i verda fortel og viser bilete av palestinarar med dårlege levevilkår. Ingen fortel om jødiske kibbutzar som lever bak høge gjerde og søv bak stengde portar med væpna vakt heile natta. Meste delen av inntektene kjem frå jordbruk utanfor gjerdet. Der er det alltid vanskeleg å halda vekke tjuvar og dei som utnyttar mørkret for å øydeleggja for  kibbutzen.

Jordandalen, djupaste punktet på kloden



Jordandalen sett frå nord. Dette er lågaste delen av jorda si overflate,
og er enden  på Rift Valley som startar i Mozambique i  Søraust-Afrika.

 
Me fylgde så hovudvegen nordover.  Sjølve dalen er 120 km lang, opp til 15 km brei, og med vakre jordbruksområde der jødane tek hand om jorda. På andre sida av elva, ligg kongeriket Jordan.


Eit stykke oppe i dalen, stogga me ved eit krigsminnesmerke laga av øydelagt militært utstyr frå tidlegare ufredstider.

Bak monumentet ser me opninga av dalen som skil Judea fjelland frå Samaria. På fjella her oppe gav Gud Abraham lovnaden om landet. Her kjøpte han seg jord og bygde eit alter.

Før israelittane kom inn i landet, baud Moses Josva å samla folket her (5. Mos. 27,11 ff).  Josva 8,30 ff fortel at halve folket stod på Ebalfjellet og andre halvdelen på Garisimfjellet då loven vart opplesen. Alle, både jødane og ikkje-jødane som var med dei, vart velsigna der.

Då israelsfolket var ført til Babylon, budde blandingsfolk her, samaritanane. Dei bygde  eit tempel på Garisim. Då jødane kom tilbake, ville dei ikkje ha noko med samaritanane å gjera. Derfor gjekk hovudvegen mellom Jerusalem og Galilea gjennom Jordandalen og ikkje beint nord-over.

Johs. 4 fortel at Jesus gjekk beinvegen. Han stogga i Sykar og vann folket i byen der for si læra. (Johs 4).

Nablus, største byen og maktsenteret til palestinarane, ligg  i denne dalen i dag.


Skifte i landskap og fjellgrunn

Sør-Israel er mykje sand og lys sandstein, men oppover i Jordandalen møter ein murar og bygg av svart stein. Den kjem frå det vulkanske området Golan høyrer til. Me tok vegen langs Syriagrensa på Aust- og Nord-Golan. Her kjem ei av sideelvane til Jordan inn frå Syria, men etter internasjonal avtale vert vatnet fordelt inne i Syria. Nokre stader kan ein sjå gamle og nyare bruer, eller restande av den ottomanske jernbana som gjekk heilt til Jerusalem.

"Tårenes dal"


Under Yom Kippurkrigen i oktober 1993 rulla over tusen moderne russiske tanks inn mot Israel og vart møtt av nokre hundre dårleg utrusta gamle tanks. (Enkelte hevdar at dette er største tanksslaget verda har sett).
Styrkemessig var det på nytt David mot Goliat. Dei fortalde at han som leidde angrepet på Israelsk side med tanksen sin, etter ei tid melde til overkommandoen:  "Eg har ikkje att meir ammunisjon. Kva skal eg gjera?"

Svaret var kontant: "Køyr på! Syrarane veit det ikkje…" 


Snøkledd Hermon bak gamle skyttargraver
Israel vann slaget. Guiden vår, som var fallskjermsoldat den gongen, vart slept ut frå fly. Dei skulle ta forsyningslinene bak den syriske hæren, men vart ved ein feil slepte ned mellom dei to frontane.  Etter 51 timar greidde dei å koma tilbake på israelsk side. I tillegg til dei skadde, bar dei 18 som var drepne i krysselden.


I dag ligg dalen fredeleg. Landskapet er prega av veldrive jordbruk, husdyrhald der steinen ikkje er rydja, og turisme. Med snøkledde Hermon og skisenter i nord ser landet innbydande ut. Her er stiar for turgåarar, og reklamen eg har teke bilete av, er i amerikansk cowboy-stil.

Det var og plakatane på rommet vårt i kibbutzen "Merom Golan" der me overnatta med me held oss i denne delen av landet.  Eg hadde i alle fall ikkje venta å finna plakatar med John Wayne på sin kvite hest og Buck Jones, "The Trail Rider," på rommet vårt! Men kyr spreidd utover såg me mange stader. Nokre kugjetarar til hest og, så kanskje neste generasjons cowboy-filmar kjem frå Israel?

Mellom minne frå mange krig-ar, forsvarsverk som endå har urydda minefelt rundt seg, lever og blomstrar eit samfunn som ikkje berre vil noko, men også er i stand til å nå dei måla dei har sett seg.  Det skjer med Guds hjelp, og ved at mange, jødar og ikkje-jødar, ber til den Gud som har gjeve dette landet til sitt eigedomsfolk, Israel.

Lat oss derfor gjeva Han æra for det som skjer, - også på Golan!
 
 
Oppskrifta for Israel si lukke og framtid
er den same som  for DEG og MEG:
 
"Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din skje på jorda som i himmelen."
 
------------------

Alle bilete i denne serien av innlegg knytt til bønnekonferansen,
har eg sjølv teke og har einerett til. 
 
Det er forbudt å bruka bilete eller tekst frå min blogg
uten skriftleg løyve frå meg.
















































onsdag 12. februar 2020





Bønnetur 2                                                           Tredje del


Med bønn frå nord til sør


Det var naturleg at me starta siste del av turen frå Golan langs grensa mot Libanon der Iran og Hamas stadig førebur seg på krig og stadig lovar å drepa alle jødar.

Ti meter nedanfor der eg tok biletet til høgre, skimtar du  Israel sitt grense-gjerde. På andre sida av dalen ligg leiren der FN har sitt senter for overvaking av grensa. Til leiren, vart det sagt, er laga god veg for at dei skal kunna evakuera soldatane fort i tilfelle krig.

På toppen ser me Hamas sitt senter med overvakingsutstyr som ser langt inn i Israel. Dei har og sement-fabrikk som lagar sement for eventuelle tunellar under grensa og inn i Israel.


Meggidosletta eller Harmageddonsletta låg grøderik og vakker framfor oss.

Bibelens tristaste profeti?


Dette vesle Jødelandet, skjæringspunktet mellom Afrika, Asia og Europa, har vore i fokus fleire tusen år. Etter det profetiske ordet skal sletta verta sentrum for eit enormt slag. Me som les og trur profetordet, ser at eit avgjerande slag i endetida skal utspela seg på Meggidosletta, eller Harmageddonsletta som norske Biblar og brukar. (Johs. opb. 6,16 og Sakarja 12,11). Her har vore mange slag før, og ei av dei mest kjende gamle borgene ligg med utsyn over dalen. Meggido var ein israelsk by rundt tusen år før Jesu fødsel. Borga på åsen har ein spesiell inngang som nokre daterer til Salamo si tid, og andre til Akab eller Jeroboam II. Og som elles i landet, føregår her stadige utgravingar.

Eit teikn på himmelen frå himmelen?

Israel har alltid minst to jagarfly i lufta for å kontrollera grensene. Me var derfor vane med å ha fly over oss. Men med me stod og såg ut over Meggidosletta, kom eit fly og laga ein fisk på heimmelen over oss. Visste dei at me var der, eller var det tilfeldig? I alle fall er mange, både autoritetar og andre israelarar, glade for at nokon ber for dei. For oss eit teikn på at det er rett det me gjorde!

Eit museum og eit klasserom


Marinemuseet i Haifa gav oss informasjon om den illegale immigrasjonen til Israel, ikkje minst nett etter siste verdenskrig. Ei trist soge med tanke på den engelske blokaden. Tusenvis av jødar på rømmen frå drap og overgrep i Europa, vart avviste og plassert i leirar forskjellege stader.

Her var soga om heimvending (alyah) i stor skala. Alyah er framleis det store bønnemnet for IFI.  Det er det også for organisasjonen Ebeneser som har stått bak båten "Exodus" som tok hundrevis av jødar til Israel frå Svartehavsområdet, og som gjev hjelp til alyah av jødar frå mange andre stader i verda.

 Museet hadde mykje å læra oss. Her var informasjon om ulukka med "Patria" som kosta 267 immigrantar livet og 172 skadde. Diverre hadde me ikkje mykje tid til å sjå oss rundt, men her var det råd å sjå både overflatefartøy og den gamle ubåten. Spennande hadde det vore å fått tid til å setja seg inn i soga om nordmannen Martin Siem som gjennom stråselskapet "Starboat" hjelpte Israel å få fem små og moderne krigsskip under Yom-kippurkrigen i 1973.

Etter dette drog me til Jaffa, hamna der mange av immigrantane kom inn. Under bønnestunda hadde me med utsyn over hamna og Middel-havet. Ved sida låg huset (veggen til venstre) der soldatane frå Napoleons hær vart teke hand om. Mange av soldatane greidde ikkje klimaet og sjukdomane som fanst her. Dette skulle vera ein vesentleg grunn til at Napoleon gav opp felttoget og vende heim.

Slik ber familiane om å få gutane sine heim...

Siste etappe

Siste bønnestadane denne gongen var nær grensa til Gaza. Me stogga ved minnesmerket over dei falne i krigane som har vore der. Det var sabbat den dagen. Familiane til dei to drepne soldatane som palestinarane i Gaza ikkje vil utlevera, var på sin faste plass for å minna verda om uretten dei lir.

Ved godt mot, trass stadige angrep


Sderot er landsbyen nærast grensa. Han er ofte angrepen med rakettar, ballongar og anna. Derfor har innbyggjarane her meir traumer enn elles i Israel. Trass dette var byen prega av nybygging og liv. Folketalet går opp, sa dei, mellom anna fordi soldatar som er ferdige med militærtenesta, vel å busetja seg her.

Me hadde bønnestunda i parken. Ei lita jente kom og såg på oss. Elles var alt så stilt som det kan vera i ein levande småby.

------------------

Vil du vera med å be for Israel og for at jødane skal venda heim slik profetiane seier?
 
Ta kontakt med  https://www.ifi.org.il   
Dei sender deg bønnebrev kvar fredag, - også norsk.

---------------------

Det er ikkje lov å bruka korkje bilete eller tekst
frå bloggen min uten å ha fått skriftleg løyve på førehand.








Bønnetur 2                                                           Andre del

 

Golan 

Eit klimatisk mini-Europa

Typisk slettelandskap på Golan


På veg inn til ein plass me skulle be. Det gule skiltet
fortel om gamle miner i jorda langs vegen.

Medan det sørlege Israel er sand og sandstein, dukkar mørk, vulkansk stein opp når ein nærmar seg Golan. Her er vulkantoppar både på Golan og inne i grannelanda. Jorda er oversådd med stein, noko som gjer jordbruket meir komplisert. Åkrar vert rydda med store maskiner og steinen samla i steingardar eller køyrt vekk. Klimaet er nokså likt  i Vest-Europa og ideelt for fruktdyrking. På rommet i kibbutzen, var velkomsgåva  to eple som var "oppfunne" i Golan!  
Golanske eple


Område som ikkje er åkrar, vert nytta til kvegland.  Tidlegare forsvarsverk og kontrollpostar er enno omringa av gamle minefelt. Dei utgjer ein stadig fare, ikkje minst for fotturistar som prøver å ta snarvegar utanfor oppmerkte stiar.

Me hadde mykje regn til glede for israelarane som stadig ber om regn. Aust for Golan kjem ei viktig sideelv til Jordan inn frå Syria. Vatnet der brukar no syrarane, slik at ein vesentleg del av det som skulle fylla Jordan, ikkje når fram.

Utsyn mot hola der guden Pan vart dyrka. Elles er her spor etter stader der både greske og
romersk katolske har hatt sine heilage stader. No er berre eit lite nonnekloster att.

Me var og bad to andre stader som Jordanelva får vatn frå. Det eine,  Cesarea Filippi. Aleksander den store la også dette landet under seg. I den tida vart dette om-rådet senter for gresk gudedyrking. Både i hola i fjellet som denne greina av Jordan flyt ut frå, og elles i området, er det  restar av greske tempel. Særleg  skal Pan ha vorte dyrka her.

Så langt nord inntok Josva landet. Her, omringa av minne om gresk avguds-dyrking, spurde Jesus  lære-sveinane:
- "Kven seier folk at Menneskesonen er?"
Peter svara: "Du er den levande Guds Son."
Jesus svara: "Eg seier deg at du er Peter, og på dette berget vil eg bygja mi kyrkje".

Langt nord i Golan ligg restane av den største borga i Israel. Nimrods-borga ligg høgt og var alt frå 1200-talet viktig for den som skulle ha makta her oppe, enten det var arabarar eller korsfarar. Også i den osmanske epoken, utgjorde borga ein viktig del av forsvaret, ikkje minst for å verna karavanevegane som batt riket saman. Særleg vegen mot Damaskus. Borga vart øydelagt av eit stort jordskjelv.

I deler av borga kan ein sjå inn-skrifter skrivne på steinar som er kledde med leir. Dette er minne om tida mamelukken Baybars rådde over borga omkring 1260. Ved sida av ser du emblemet hans. Både det og ei rekke innskrifter har pryda ein del av borga.

Nord for oss denne tida låg Hermon og lokka skituriastar. Men snøen der oppe var eitt av takke-emna me hadde på turen ved sida av det stadige regnet. Sjølv om bortimot 100 % av vatnet i kloakken i Tel Aviv no vert attvunne, og israelsk teknikk kan vinna ut vatn frå lufta i øydemarka, så er landet heilt avhengig av vatnet Gud sender ned frå himmelen. Naturen treng det for si stadige fornying, og Daudehavet treng det for ikkje å verta eit månelandskap med store hol der jordskorpa kollapsar.


Gud brukar den han vil. Han brukte den heidne kongen Kyros. Han kan og bruka Trump! 
I den tida me var i Israel, kom Trump med sin fredsplan. Den vart eit viktig bønne-emne. Først og fremst at Gud må la sin vilje skje, og at alt som ikkje er i samsvar med Hans plan, må verta stogga. Som ein del av dette vitja me Trump Hights, kibbutzen som er grunnlagt til minne om at Trump støtta Israel si annektering av Golan som høyrde til patriarken Dans landområde.

Kibuttzen er nokså nyleg grunnlagt, men gjerdet og porten var på plass for å sikra livet og framtida til dei som har kome her for å byggja ei ny framtid her oppe.

-----------------------

Det er ikkje lov å bruka korkje bilete eller tekst
frå bloggen min uten å ha fått skriftleg løyve på førehand.


tirsdag 11. februar 2020

Bønnetur 1.

Mazada.

 Eit minne frå fortida for vår samtid


Den veka bønnekonferansen held til i Jerusalem, er det vanleg å ta ein dagstur til ein spesiell stad for å be. Denne gongen gjekk turen til Mazada som i dag er ein av Israels nasjonalparkar på UNESCO si verdsarv-liste.

Sjølve Mazada er eit fjellplatå ikkje så langt frå der dei fann Daudehavs-rullane. Oppe på platået var det eit lite samfunn. Herodes den store bygde seg vinterpalass der rundt 30 år f. Kr. Han hadde då god utsikt over Daudehavet og dalen. På kanten, der han bygde palasset, kjem friske vindar opp. Etter Herodes sin død, vart platået omgjort til eit viktig romersk fort.

Dette fortet tok jødane (selotane) i opprøret før år 70 e. Kr. Då Jerusalem var tapt og øydelagt, samla opprørarane seg i denne borga. Sisterner og gode lagerrom gjorde at dei kunne leva her i årevis og gjera hard motstand mot romarhæren som kom etter dei.
Taubana opnar Mazada for turistane

Soga seier der var 960 menneske på Mazada då romarhæren gjekk til angrep med 8000 soldatar. Dei brukte vesentleg slavar til å byggja ein rampe så dei kunne nå opp og angripa sjølve forsvarsverket på kanten av platået. Først i 73 e. Kr. greidde soldatane å nå opp og bryta gjennom muren.

Inne i borga fann dei to kvinner og fem born i live. Dei hadde gøymt seg i ei av sisternene. Resten hadde teke kollektivt sjølvmord for ikkje å falla i romarane sine hender.
Utsyn mot Judea fjell-land


 

 

Kva hadde så bønnekonferansen her å gjera?


For oss var det ikkje berre ei innføring i Israelsk soge, men aktiv bønn for Israel og for det israelske forsvaret. Hit kjem framleis unge soldatar frå hæren og avlegg lovnad om aldri å falla levande i fiendane sine hender.


Kvifor?


I krigane som jødane har hatt etter engelskmennene reiste frå landet, har krigsfangane vorte så mishandla av fienden at døden for eiga hand var mykje betre. (i)

Her budde opprørarane romarane sleit så hardt for å knekkja

Soldatane er til vanleg mellom 17 og 21 år, ofte rett frå skulebenken. For dei er både soldatlivet og det vedvarande fåren for krig, hardt psykisk og fysisk. Både palestinarane som bur i det gamle Jødeland, og nabostatane, seier skriftleg og muntleg at deira endelege mål er å drepa alle jødar. (ii) Mange av dei som var med på konferansen, hadde born eller barneborn som i militæret.

Samtalane våre med Gud den dagen, var både takk for at Gud oppfyller sitt ord mot jødane og Israel, og bønn og forbønn for dei som skal forsvara landet. Enkelt-soldatar og forsvarsleiing, men og utvikling av våpen og etterretning for at jødane skal kunna leva trygt i sitt gamle heimland.

-------------------
(i) I nyare tid har det vore nokre tilfelle av normal fangeutveksling slik internasjonale reglar tilseier. Dette gjer at ikkje alle soldatane kjem til Mazada for å avleggja eid lenger. Men er det vanleg rutine i mange avdelingar enno.
(ii) Oslo-avtalen var det berre Israel som prøvde å oppfylla. Framleis betalar Nores store pengesummar som går til belønning/lønn til terroristar som har drepe eller skadd jødar. I tillegg har Noreg finansiert lærebøker som glorifiserer hat og vald mot jødar i dei palestinske skulane.

mandag 10. februar 2020


"Far vår, du som er i himmelen.

Lat namnet ditt helgast…"


Noko av det mest gjevande på denne konferansen, var samværet mellom messianske jødar og messiastruande-ikkje-jødar.[i] Undervisninga om kveldane vart stort sett gjeve av messianske jødar, og var derfor særleg inspirerande. Eg vil gjeva lesarane mine litt innsikt i det som vart undervist.
Dette biletet ynskjer oss velkomen til "Friends of Zion Museum". Det viser korleis menneska
spreidde seg over jorda etter at Gud hadde skapt språkforvirring så dei slutta å byggja på tårnet i Babel.
 No samlar Gud menneskje att, - i Kristus.


Gud er suveren!


Slik såg plakaten for konferansen 2019 ut.
I det 1.århundret e.Kr. hadde romarane mange gudar. Keisaren var ein av dei. Når romarane tok nye land, til dømes Hellas, integrerte dei gudane der i sin religion. Polyteismen var rådande i heile romarriket.

Hjå jødane møtte romarane ein monoteistisk religion som nekta å verta blanda med polyteismen. Dei heldt på at dei hadde den einaste sanne Gud, og at alle andre gudar var falske. Heller ikkje ville dei godta det romerske verdsbiletet som ville smelta alle landa saman til eitt rike. Jødane heldt hardnakka på si tru og på det landet Gud hadde gjeve dei. Derfor vart det opprør og krig før år 0, rundt år 70 og inntil 150 år etter Jesu fødsel.



I NT ser me ei kyrkje av messiastruande jødar og ikkje-jødar. Men etter som dei ikkje-kristne vart fleire, endra det kyrkja. Då Paulus kom til Roma, var det framleis ei blanda kyrkje. Ikkje lenge etter tok ikkje-jødane styringa og heiv jødane ut. Ein vesentleg grunn til motsetningane var det ikkje-jødiske, hellenistiske verdensbiletet som var rådande i den tida. Jødane motarbeidde dette fordi det var mot Bibelen (GT).


Romarane brukte mykje makt for å knusa all motstanden i jødeland. Resultatet var at Jerusalem vart øydelagt og alle jødane vart drivne der ifrå. Ein del opprørarar tok Herodes sitt vinterpalass på Mazada. Då Jerusalem var øydelagt, brukte romarane endå nokre år før dei vann over opprørarane der.

Etter nokre hundre år var jødane vekke både frå kyrkja og verdsbiletet. Jødeland hadde vorte Palestina, og jødane var forviste frå sitt eige land. Jesu Ord i Mat. 24,9 og 10,22-25 var dermed oppfylt, og jødane var hata av alle.


Kyrkjefedrane lærde at jødane var «jesusmordarar»[ii]. På denne bakgrunn vart det viktig for jødar å understreka at dei ikkje var kristne, og for dei kristne å understreka at dei ikkje var jødar!


Jødane såg svært negativt på at dei kristne tok inn tankegods frå hellenismen (synkretisme) i si tru. På den måten var Jesus ikkje den lova Messias, men ein gresk-romersk guddom. Dei vende seg derfor ryggen til kyrkja (og NT), og held fram med å venta på Messias.


Erstatningsteologien.

Får ca. 1990 har det vore årlege bønnekonferansar.
Eit av første åra var fåren så stor i Jerusalem at
deltakarane delvis sat i bomberomma med gassmasker på.
Det var krevjande, fortalde dei. 
Men Gud høyrde like godt - då som no!

I den forkastar kyrkja Israel


- NT kom i staden for GT. GT kan berre forståast gjennom NT.

- Loven er bytt ut med nåden.

- Guds rettferd og dom vart bytt ut med ein elskande og alt-tilgjevande Gud og Jesus.

- Det jødiske innslaget i GT var farleg og uynskt. Kristne måtte ikkje forvekslast med jødar.

- Sanninga vart bytt ut med løgn, og loven (Toraen) verdilaus.

- Den «nye» Jesus samsvarar ikkje med GT sine profetiar om Messias.


Bibelsk sett er loven (Toraen) fundamentet for krossen. Jesus død (og blod) er ei direkte oppfylling av offeret loven krov. Avvisinga av denne sanninga resulterte i lovløyse – gnostisisme. Då vert den menneskelege tanken og ideen («fornuften») sett over Guds Ord og Guds autoritet. Den jødiske tolkingsbakgrunnen var dermed bytt ut med gresk tankegods.

           

Supersessionismen



Denne byggjer på kyrkjefedrane sine ord om at Gud har forkasta Israel. Den kristne kyrkja har vakse «oppå» GT si openberring og overteke jødane sine lovnader og profetiar. Jødedommen er dermed eliminert. NT er oppfyllinga av GT og kyrkja er erstatninga for Israel. Israel har heller ingen rett til profetiane. Dei tilhøyrer kyrkja.
        

GT sin Gud, den allmektige og krevjande, er bytt ut med NT sin «nådige» og ufårlege gud. Den gamle pakt er bytt med ei ny, alt-tilgjevande nådepakt.


Begge desse lærene er feil og forstår ikkje det Toraen (loven) og GT står for.


Dette er grunnlaget for forfylginga av jødane frå kristne heilt frå det andre hundreåret til i dag. Antisemittismen til romarane dreiv jødane ut av Palestina. Same antisemittismen dreiv jødane ut av kyrkja.


Slik såg Jerusalem ut frå rommet vårt på Scopus når kvelden fall på.
Jeremias 23,1-6 seier at Gud vil føra jødane tilbake. Jeremias 16,14-16 at Gud brukte antisemittismen til å driva jødane ut i den andre diaspora (frå år 70), og han vil bruka antisemittismen for å driva dei tilbake til landet han gav Abraham og hans etterkomarar. Derfor snakkar profetordet om «fiskarar og jegarar»....


5. Mosebok, 30,1-10 fortel at alt før jødane hadde kome til Kanaan og teke landet i eige, såg Moses at dei skulle drivast ut att. Han snakka ikkje berre om Babylon (den første diaspora), men til «alle dei folka han har spreidd deg ut iblant», (dvs. den andre diaspora der dei fleste jødane held til i dag). «Herren din Gud skal føra deg til det landet fedrane dine tok, og du skal ta det i eige. Og han skal gjera vel mot deg og gjera deg meir talrik enn fedrane dine». Det er det som skjer framfor auga våre i dag!


Til slutt vart me minna om Ordtøkja 18,10: «Herrens namn er eit fast tårn, til det spring den rettferdige og vert berga». Etter jødisk tankegang viser namnet den sanne naturen til ein person. Guds namn er vårt trygge vern også i dag.

 



[i] Me ikkje-jødiske truande brukar navnet «kristne». Men dette navnet fortel ingen ting om kva den «kristne» står for i liv og lære. I ei verd der det finst kyrkjer av djevletilbedarar og andre som ope praktiserer det som er imot Guds ord, har korkje namnet «kristen» eller «kyrkje» innhald som samsvarar med NT si lære og praksis. Mange av dei me var saman med på denne konferansen, brukte engelske ord for «messiastruande» i staden for «kristen», og «Messianic comunity» or «Messianic body» der me brukar kyrkja eller «menigheten». Dette gjalt både messianske jødar og messianske ikkje-jødar. Bønene vart avslutta med «In the name of  Yeshua Messiah».
[ii] Romarane gjorde «grovarbeidet», men det var Gud sjølv som stod bak og styrde det som hende for at me menneskje skulle verta frelste!

 ------------------------------------------ 

Det er forbode å kopiera og bruka bilete eller anna stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

Å vera på bønnekonferanse i Jerusalem,

er arbeid for ei betre framtid

Så er me heime i Noreg etter to spennande veker i Israel. Godt å koma tilbake til oss sjølve og kvila etter mange dagar med intens konsentrasjon. Me kjenner oss rike som har fått lov til å vera saman med messianske jødar og messiastruande ikkje-jødar med eitt mål: Guds vilje med Israel og oppfylling av det profetiske ordet.

IFI er organisasjonen som sender ut bønne-emne kvar fredag til rundt 15.000 forbedarar i heile verda.[i] Konferansen, som har vore kvart år frå rundt 1990, heiter IFCJ, Internasjonal bønnekonferanse i Jerusalem. Det er ei vekes konsentrert bøn, og så 5 dagar der me reiser rundt til utvalde stader som særleg treng støtte og forbøn.

Broskyren for konferansen 2020 jamfører fortid og notid.        

For at du som les dette, skal få eit inntrykk, vil eg ta deg med på aktivitetane den første bønnedagen:

Morgonsesjonen  (9.00 - 10.30 og 11.00 - 13.00) vart innleidd med 1. Peter 2,9: «Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som har kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos[ii]


Me, som er kalla ut frå mørkret og inn i Guds lys, har Gud kalla eit kongeleg presteskap. Det same står om Israel i 2. Mosebok 19, 3-6. Folket Gud hadde fridd ut frå treldomen i Egypt, skulle vera «eit kongerike av prestar og eit heilagt folk». Prestane hadde offertenesta der dei kom fram for Gud på vegne av folket og seg sjølve. Me kan be


Vårt opphald her er både ein bønneskule og ein konferanse:


·         Me ber til VÅR FAR.

·         Me er ein flokk som ber om det same.

·         Me deltek i andre sine bøner med t.d. å seia «Amen».

·         Bønnene skal fokuserast på målet me vil oppnå.

·         Be kort. Gjerne berre 40 sekund til eitt minutt kvar.

·         Bruk Guds Ord som «springbrett».

·         Stopp å be når Anden stoppar.

·         Krafta i bøna avheng ikkje av stemmevolum, men krafta til Han me ber til.

Me må takka: Gjennom åra har IFI opplevt mange bønnesvar. Til dømes er Genesaretsjøen no under ein meter under maksimum. Dette er eit stort takkeemne og resultat av bøn gjennom mange år.


Gjennom mange år laga ein kjend bilet-
kunstnar slike bilete til kvar konferanse.


Bønne-emna denne morgonen var:


§  Tryggleiken for dei omlag 40 statsleiarane som samlast i Jerusalem til Holokaust-minnet.

§  At Gud måtte røra ved statsleiarane og gjeva det rett syn på Israel.

§  For Iran, som er største trusselen, og at Jeremias 49 (v.35-39 [iii]) må oppfyllast.

§  Deltakarane frå forskjellege land bad for sine eigne land og deira tilhøve til Iran (handel, atomavtale m.m.)

§  For hæren til Israel. Sjølv om det er Herren som gjev siger – «ikkje vogner og hestar», er det viktig at IDF er førebudd. Landet må kunna forsvara seg, og Gud har høyrt bønene. «Derfor er Israel tryggaste staden på jord for jødar!»

§  For forsvarssjef, forsvarsminister og statsminister. At dei må vera samstemte og skilja mellom usann og ekte informasjon.

§  For regjeringa etter valet i mars, at dei må ha visdom, kunnskap og evne til å gjera det dei må til ei kvar tid.

§  25% av ungdomen gjer ikkje militærteneste i dag. Be om at alle vert med som stridande eller i andre oppgåver som sybersoldatar, dronespesialistar og anna.

§  At kyrkjene som finst i landet, ikkje må verta for sjølvopptekne, men gå i bøn for landet og autoritetane.

Det var tre måtar det vart bedt på:


ü  Mest for open mikrofon der dei som ville, kom fram og las frå Bibelen og knytte bøn til det. Gjekk desse bort frå det felles bønne-emnet, sa møteleiaren gjerne: «Stopp! Det er ikkje noko gale med bøna di, men ho høyrer ikkje heime i denne samanhengen. Lat oss konsentrera oss om emnet!»

ü  I små grupper, ofte etter kvar i verda deltakarane kom frå.

ü  Fellesbønn der alle bad samtidig (av og til). Med eigne ord la me då emnet fram for Gud.

---------------

På ettermiddagen var der eit minnemøte i samband med grunnleggjaren Eliyahu sin bortgang.

---------------

"Den rette tilstanden for den som ber"

Dette var temaet denne første kvelden. Utgangspunktet var Hebrearbrevet 6,8 om jorda som var unyttig og «forbanninga nær». Me har ein tendens til å døma andre, med forsvara oss sjølve. Gud elskar oss og fiendane våre like mykje. Han vil det beste for alle, og det er at me skal verta frelste. Det er grunnlaget når me ber.

I alt som har hendt med jødane, i den første diaspora til Babylon, og den andre frå år 70 til no, har Gud alltid late ein rest vera att.

Kyrkjeleiarar har gjennom tidene sagt: «Gud er ferdig med jødane». Tyskarane søkte «den endelege løysinga» og fann opp Holokaust for å få rydja jødane ut.  Andre og har prøvt, men den jødiske nasjonen vart fødd på nytt i 1948 og skal aldri meir jagast heimefrå!


Det neste var dei kristne kyrkjene. Det nye testamentet fortel nesten berre om Messias-truande jødar. Men ikkje-jødar overtok leiinga og heiv jødane ut. Den messianske «kroppen» er også fødd på nytt og veks. Det er ting av loven (Toraen) dei tolkar fysisk og andre ting dei tolkar åndeleg. Men samfunnet av dei Messias-truande lever og veks.
Same kunstnaren har og laga dette til talarstolen,
motivet i logoen til IFI

 1. kongebok 8,44-45 fortel at jødane, før dei skulle dra i krig, skulle be. Krig er ikkje alltid løysinga. Før stod dei arabiske statane samla og ville utsletta Israel. No er den arabiske verda så splitta at dei prøver å øydeleggja kvarandre. Det er ikkje på grunn av krig, men på grunn av bøn og Guds svar. Det er derfor viktig at me både fysisk og åndeleg, byggjer på Guds premissar og ikkje fiendane sine.

Matteus 24 fortel om krig og rykte om krig. Slik er vår tid. Israel – fikentreet, blomstrar. 2. krønikebok 20,17 fortel om jødar klare til krig. Men Gud sa: «Men det er ikkje de som skal strida her. De skal berre stilla dykk opp og stå og sjå korleis Herrens frelser dykk.....» Gud gjer ting på sin måte.

Johannes 14,27: «Fred etterlet eg dykk. Min fred gjev eg dykk... Lat ikkje hjarta dykkar uroast, ottast ikkje». Denne freden er viktig når me er i åndeleg krig som forbedarar. Som i Jeremias 51,46 må me ikkje verta motlause og redde. Tida kjem når Gud vil setja alt på sin rette plass.


Som forbedarar har me to realitetar: Guds realitet og vår eigen. Gud veit alt, kan alt og gjer alt i si tid. Han har kalla oss til å leva i hans realitet når me ber. Me kan vera rolege midt i alt det urolege. Gud høyrer bønene våre og svarar slik han ser det er best.


Som siste bibelord den kvelden vart me minte om: «Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud». (Sakarja 4,6).





[i] Du og kan verta med og be over bønne-emna dei sender ut. Gå inn på https://www.ifi.org.il/en/prayer og be om bønnebrevet på norsk eller engelsk.
[ii] Bibelsitata er frå «Bibelen. Den heilage skrifta». Nyn.utg. 1995 frå Norsk Bibel AS.
[iii] Elam er det gamle namnet på Iran. Landet endra i si tid namnet til Iran fordi dei hevda den ariske rasen                                        hadde sitt opphav der!

-------------------- 

Det er forbode å kopiera og bruka bilete eller anna stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.