søndag 26. mars 2023

 Mørke skyer over Det mosaiske samfunn i Trondheim

Eit sårt minne
Tyskarane sitt nærvær i Noreg vart starten på fem tunge og vanskelege år for landet. Likevel er det lite å snakka om samanlikna med alt det jødane måtte gjennomgå både av norske tenestemenn, og av representantar for det tyske herrefolket. 

Som elles der nazistane for fram, var målet å skapa jødereine område der den ariske rasen skulle utvikla seg fritt og styra alt.

For jødane i Trondheim starta det i 1941.

Juni 1941 vart tolv «statslause» jødar arresterte og eigedomane deira konfiskert. Året etter, 6.-7. oktober, vart alle jødiske menn over 15 år arresterte og sende til Falstad. Der vart dei sterkt mishandla av både tyske og norske vakter, og 10 jødar vart skotne i Falstadskogen. Den mest kjende av desse var Hirsch Kommisar. Dette gjorde at ein del jødar rømde til Sverige, eller sende nokre av familien over der for å vera sikre.

Minnestøtta over dei drepne
 i Tyskland
Kvinner og born vart først samla i familien Klein sin heim i byen. Halvannan månad seinare vart så alle arresterte og sette på tog til Oslo. Planen var å nå avgangen til troppeskipet «Donau». På grunn av manglande lokomotiv til ekstratog, nådde dei ikkje fram i tide, men vart innlosjerte på Bredtvet fengsel til «Gotenland» kom og tok dei til Tyskland.

På den transporten var 158 jødar. Alle, bortsett frå 26 menn, vart sende rett i gasskammeret. Berre fire kom levande tilbake.

Etter krigen

Dei som kom tilbake, også frå eksil i Sverige, starta arbeidet med å få det jødiske samfunnet i Trondheim på føtene att. Synagogen vart reinsa og reparert, og det mosaiske samfunnet organiserte seg på nytt med 123 medlemmar.

I 1947 vart det reist eit minnesmerke på den jødiske gravplassen her over dei som nazistane tok livet av i Noreg og i Tyskland/Polen. Kronprins Olav var med på avdukinga. 50 år seinare vart Det jødiske museum opna i samband med synagogen, for at soga ikkje skulle verta gløymd.

Eit 80-årsminne

Laurdag 25. februar 2023 var det 80 år sidan jødane i Trondheim vart sende av stad for å verta drepne. Det jødiske museet stod den dagen for eit minnesamvær på den jødiske gravplassen. Der var musikk og talar frå det jødiske samfunnet i byen, og av ein representant frå kommunen. Der vart det nemnt at å utrydda jødar, var så viktig for Hitler at 1 000 000 mann vart sette inn for å fullføra oppdraget! 

Då synagogen i Trondheim ikkje har eigen rabbinar, las («messa»)  forstandaren bønnene for dei døde i konsentrasjonsleirane, og for dei døde generelt.

Frå minnemarkeringa 25.02.2023
For meg som ikkje-jøde, var det ei sterk og ny oppleving. Fleire av dei som var til stades, var eldre, - born og slektningar av dei som vart drepne i Auschwitz. Mange såg ut til å lesa stilt med i bønene. Ein gammal mann bak meg, las høgt med  klår og fast røyst. Nett det gjorde minnemarkeringa endå meir reell for meg som ikkje-jøde.

Er Noreg av i dag eit trygt land for jødar? 

Det største spørsmålet er ikkje kva som skjedde eller korleis det skjedde. Spørsmålet er derimot: Kan jødane i Noreg om eitt eller nokre år oppleva det same som dei mintest der på gravplassen den dagen?

Eg trur at svaret er «Ja!» 

Både jødar og kristne vil få oppleva forfylging med liding og død som resultat. Menneskeleg vondskap, og manglande vilje til å læra av fortida, lever også i dag. Synleg og usynleg. Og Bibelen fortel at grufulle forfylgingar vil koma i endetida. Det vil også nå vårt land. 

Eit lite teikn på dette var at minnemarkeringa hadde sivilkledde vakter til stades for å sikra ei verdig minnestund. At dette vart opplyst offentleg, forundra meg. Men kanskje det trongst for at dei gamle jødane som var til stades på markeringa, kunne senka skuldrane og minnast sine døde i fred?

Eg, som er ikkje-jøde, trur at tryggaste staden for jødane i verda, er staten Israel. Esekiel 37 fortel oss det…. 

  


søndag 19. mars 2023

 Minne om livet – etter døden

Eg har fått forklart at jødiske namn er spesielle fordi dei uttrykkjer essensen i menneske som ber navnet. På same måten seier dei at eit menneske «lever» så lenge namnet deira vert hugsa. Først når namnet er gløymt, er eit menneske vekke for alltid.

I siste blogginnlegget tok eg med minnesteinen som er lagt ned på Radøyvegen 237 i Alver kommune. Det er den einaste som finst i mitt nære omland. På snublesteinen står: Bernhard Müller. Fødselsår 1890. Deportert 1941 (til) Dachau. Drepen 13.2.1942

Etternamnet Müller han tok då han kom til landet for å finna seg arbeid. Som utdanna garvar fekk han stilling på garveriet i Alverstraumen, og vart seinare medeigar i verksemda.

Hovudverket om jødane i Noreg.
Han var askenasisk jøde som kom for å finna arbeid og få seg ei framtid i landet vårt. Bernhard vart arrestert i heimen sin i Alversund. Resten av familien vart tekne i Bergen. Kona og dotter vart sende rett i gasskammeret då dei kom til Auschwitz. Sonen Oscar, 14 år gammal, vart teken ut til tvangsarbeid og skal ha vore i livet så seint som i januar 1945. Ingen av familien kom levande heim att.

Jødisk senter i Trondheim

For nokre veker sidan hadde eg eit ærend til Trondheim, og nytta då høvet til å sjå Jødisk museum og synagogen der. Eg var der ein gong for mange år sidan, men ville friska opp att kunnskapen og vitja nordlegaste synagogen i landet (og i verda?)

Det er interessant å fylgja utviklinga av flokken med jødar som slo seg ned i byen og lenger nord.

Baksida av boka
Synagogen vart truleg først synleg i bybiletet då dei kjøpte den gamle jernbanestasjonen i det som vert kalla «Midtbyen». Det var i 1924, men synagogen vart innvigd året etter. Det mosaiske trossamfunn hadde hatt eige lokale og skule («cheder») alt i 1905, men no fekk dei fint lokale ikkje langt frå Nidarosdomen. Nokre hadde før sendt borna sine heilt til Oslo for å få jødisk undervisning.

I 1900 var det 119 jødar i denne landsdelen. I 1924 kjøpte dei og jord ved Lademoen kyrkjegard, så dei fekk eigen gravplass. 

Det jødiske miljøet blomstra med velkjende forretningar og fabrikkar, men og med dyktige fagfolk i offentlege verv.

Nazismens svarte skyer

Raseteorien levde godt i landet våre lenge før tyskarane kom, både i det offentlege rom og lag og organisasjonar. Både jødar og andre visste om overgrepa i Tyskland, men alle vona at her i landet ville dei vera trygge.

For jødane i Trondheim starta forfylginga i 1941 då alle jødar skulle registrerast og få merkt identitetspapira sine med «J».

Informasjonen Museet gjev gjestane sine
Den 21.april 1941 tok tyskarane synagogen og heiv ut dei heilage jødiske bøkene og diverse anna. Lysekrunene vart brukte til å skyta blink på, og symbolet i glasmåleriet – Davidsstjerna, vart bytt med eit hakekors.

Heldigvis fekk jødane berga ein del av materiellet, mellom anna ein torarull, og det vart gøymd på eit loftsrom i metodistkyrkja.

I dag har synagogen to tora-rullar, og ein som ikkje er «kosher», dvs. han er ikkje heilag lenger. Den står utstilt i museet, i lag med mange andre ting som me ikkje-jødar kan læra mykje av.

På museet kjøpte eg den nest største boka (i vekt og storleik) eg har kjøpt i heile mitt liv.(i) Det er Oskar Mendelsohn: «Jødenes historie i Noreg». Dette er viktigaste verket om jødar i landet vårt, og vel verd prisen.

På museet fekk eg og kart over snublesteinane som er lagde ned i byen. Det dei derimot ikkje kunne gjeva meg, var mildver. Med eg var der, var det vått og kaldt om ein annan. Å føta seg på dei overklaka fortaua utanfor sentrum, var ein levande fare for kven som helst. 

Eg var så heldig at eg fekk låna med piggar å setja under skoa, og kom meg fram på eit vis, men islaget gjorde det uråd å finna snublesteinar i det området eg held meg. 

Dermed har eg kanskje ein grunn til å koma tilbake enno ein gong?

--------------- 


(i)  Den største er «Diccionario de la lengua española» frå Real Academia som i si tid hadde eit mammutformat!



søndag 12. mars 2023



Tid er ein kosmisk storleik


Fortid i notid og framtid

Me menneskje illustrerer tid med noko me kallar «Tidslina».  Det er ein lang strek som teoretisk strekkjer seg uendeleg i to retningar. Uendeleg til venstre ligg fortida. Eit punkt midt på, kallar me «notid», og så strekkjer framtida seg uendeleg utover mot høgre. 

På den merkjer me av årmålsdagar og hendingar me ser fram til «om me får helsa og levedagane». Der framme ligg draumar me ber inni oss, men og ting me helst ikkje vil oppleva.


Fortidsstreken kan fyllast med merke og hendingar som me og verda har gjennomlevd. Der kan me merka av hendingar som me hugsar med glede, og det me gjerne vil gløyma.

No-tida, skjeringspunkt mellom «var» og «vert»

Sjølve «livet», er augneblinken «NO», og ligg i skjeringspunktet mellom det som var, og det som kjem. Det er ein prikk utan utstrekning. 

Med eg har skrive denne setninga – og du har lese han, har prikken flytt seg mot høge på tidslinja. Minuttane og sekunda som me brukte, kjem aldri tilbake. Dei for forbi, - evig og alltid.


Berre i «No-augneblinken» kan læra oss noko

Sjølv ei ventekø på fjellet, gjev lærdom


Me kan leggja planar for studium og utdaning i framtida, men ingen ting vert noko av om ikkje me brukar no-augneblinkane til å samla kunnskap og livserfaring. Berre den som nyttar no-tida, lærer noko. Framtida sine luftslott er vakre, men utan me brukar våre «no», vert alt berre draumar.


Men «no-augneblinkane» er ikkje nok til å gjeva kunnskap og visdom. Erfaring og tidlegare kunnskap er ei «ryggsøyle» som det ny-lærde må festast til for å fungera. Først då gjev det levt liv og utvikling.


Ein setning eg fekk innprenta på skulen, var: «Repetisjonens vemmeligheit, er lærdommen hemmelighet».
Han far, gammal lærar med 40 år på same skulen, brukte å fortelja om då han pugga Terje Vigen. Han sat attmed eit gjerde for å læra leksa. Då såg han ein liten snigl som kom krypande og starta oppover gjerdestolpen. «Det greier du aldri», tenkte far og meinte det var like utråd som å læra alle førtifire versa utanboks. Kva som eigentleg skjedde, veit ikkje eg, men før han var ferdig med oppgåva si, sat sniglen på toppen av gjerdestolpen!


Han sa at den sniglen lærde han ei lekse, - og han lærde diktet. Om vårane når me dorga etter torsk langs land, song han Terje Vigen eller salmar og andre songar. Vil du prøva, vil du sjå at det går godt å droga til «Det bodde en underlig, gråspengt en på den ytterste, nøkne ø….».

Me må ikkje gløyma!

«Den som ikkje tek lærdom av fortida, vil gjera same feila om att», er eit anna ordtak frå skulen. Setningen finst i fleire variasjonar, mellom anna etter nazijegaren Simon Weisenthal, ein mann som og leid under Hitlers regime.

Siste prosjektet eg arbeidde med i Paraguay, var å skriva ned forteljingar indianarar fortalde. I utgangspunktet ville dei gamle ikkje fortelja noko som skulle skrivast på papir. «Skriv du det ned, døyr orda våre!», var eit vanleg svar.


For dei var forteljingane «ferskvare». Ord lever ikkje åleine, men er ein del av eit miljø, lydar og mimikk, pausar og endringar i stemmevolum. Dei hadde heilt rett, for deira forteljing var eit skaparverk som aldri kan få plass mellom to permar. 


Men samstundes var realiteten at dei gamle forteljarane døydde. Røystene deira tagna, og kunnskapen gjekk tapt for all tid. Det såg dei og.

Ein "Snublestein" til minne om ein som levde i mitt miljø

Konservering av kunnskap

Motargumentet vårt var at sjølv «ferskvare» kan behandlast så ho varer lenge! Eit eksempel var hermetikk. Hermetisert kjøt heldt seg år etter år, sjølv om det ikkje smaka akkurat som nyslakta. Noko liknande skjer med forteljingar som vert teke vare på i bokform. 


Tanken nådde inn. Mange, også gamle medisinmenn, fortalde time etter time inn på band slik at me kunne skriva det ned. Du verda kor mykje god kunnskap dei sat inne med, og kor ivrige dei var då vi først kom i gang! 


Sjølv dei som ikkje kunne lesa, innsåg dei at bøkene vart dørar der komande generasjonar kunne sjå bakover,-  inn i kunnskap og hendingar «som ein gong var». Og læra av det. 

Det same gjeld for alle folk og kulturar.

............. 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 5. mars 2023

 Skal me tru alt?

«Da er mykje ein ska høyra før øyrna dett av!» sa dei på Strilalandet i gamle dagar. Det sa dei når noko var for utruleg til å vera sant, og dei ikkje ville seia med reine ord: «Dette er løgn!» Kanskje nokon sa det same då dei høyrde om «storfotingane» i Patagonia?

Som me veit, var det Spania og Portugal som kom til å dela dette fjerde største kontinentet på jorda. Colombus med «Santa Maria» oppdaga Amerika og kalla det «Vest-India» i 1492. Portugusaren Pedro Alvares Cabral tok litt seinare ein annan veg vestover og kom i 1500 til eit land han kalla «Tierra da Vera Cruz» (= Det sanne korsets land).

Spania og Portugal kriga i Europa, og denne krigen vart ført vidare i Amerika. Kong Ferdinand og dronning Isabella av Spania fekk pave Alexander den 6. til å setja ei genselinje mellom dei nye koloniane der vest. Den bullen vart til den ofisielle trakataten som gav Portugal retten til landet aust for ei grenselinje trekt 370 leguas (2055 km) vest for Kapp Verdeøyane, underskriven i Tordesillas, Spania, i 1494. Spania fekk alt vestom.

Spania og Portugal, katolske land som låg begge under paven, godtok dette – på papiret. I realiteten gjekk portugisarane mykje lenger vest, slik kartet i dag viser oss. 

Men England og prøvde å få eit fotfeste i desse nye områda, og sende engelske skip i forskjellege oppdrag vestover. Dei fleste av desse reisene er gløymde for lenge sidan, men ei skrive inn i verdssoga for all framtid, «Turen med Beagle». 

Engelsk infiltrasjon og makt i Sør-Amerika kom først for alvor i gang då land etter land kasta koloniherrane ut. Frigjeringa skapte eit vakum som engelskmennene ville fylla. Den industrielle revolusjonen i Europa gjorde at det trongst både råvarer og stader der industriprodukta kunne omsetjast. Derfor kom engelske tog og stimbåtar nesten like tidleg der nede som her i landet vårt.

Framsida på boka

Engelsk kartlegging

Den mest berømte båt som engelsk marina sende vestover, var «Beagle» som og dreiv med «hygrografisk kartlegging». På første turen (1826-1830) fylgjde dei Magellans reiserute, og oppdaga ein  ny passasje i Magellanstredet som fekk namnet «Beagle-kanalen». Men kapteinen på skipet vart deprimert og tok til slutt sitt eige liv. Ein yngre sjøoffiser tok over, og båten kom vel heim med fire indianarar frå Eldlandet om bord.

Etter ein del om og men, vart «Beagle» send vestover på nytt (1831-36), også no som marineskip for å kartleggja landet i vest. På denne turen var Charles Darwin (1809-1882) fekk vera med som biolog. Turen resulterte i bok «Turen med Beagle» der han fortel om ting han hadde opplevt og observasjonar han hadde gjort. Først tjue år etter at reisa var over, kom så den boka som har gjeve forfattaren plass i soga for all framtid: «Artenes opprinnelse». 

Både denne boka og andre ting Darwin skreiv, vart motteke med jubel og vart sett på som banebrytande og trendsetjande verk. Engelskmennene fekk positiv blest om satsinga si på Sør-Amerika, og den intellektuelle oposisjonen mot tradisjonell kreasjonisme, fekk amunisjon til sine angrep på Gud og kristen tru.

Var det Darwin lanserte «Fake news»?

Etter at materialismen og evolusjonismen har fått stå umotsagt altfor lenge, er det interessant å sjå at fleire og fleire tek avstand frå teorien. Eg vil her presentera to bøker kjøpt gjennom Amazon, England. Men først nemna at det finst ei anna bok som og er av stor interesse i denne samanhengen. Eg har ikkje tittelen, men boka skal ta føre seg det som Darwin skreiv, og samanliknar det med tidlegare publiserte ting. Forfattaren får fram at mykje av det Darwin lanserte som sine oppdagingar og tankar, var kopiert frå andre.

«
Slik ser boka ut.
Demolishing Darwin. Dismantling Materialism
» (i)

Denne boka av Daurie Laurence kom ut i England i 2019, og har undertittelen «Why Darwin’s Theory of Evolution is No Longer Good Science» (ii.) Boka har to hovuddelar. Den første er «Kvifor alle materialistiske teorias om evolusjonen, inkludert Darwins, ikkje grier å forklara livets mysterium og kvar tanken kjem frå, og derfor må føra til dårleg vitenskap». (iii) Dei to første kapitla i denne delen, er meir generell informasjon. Resten av denne delen er ein samtale mellom «Alisha» og «Olive» rundt forsksjellege teoriar, filosofiske tankar og det nyare vitenskap har fått fram.

Andre delen, «Ut over materialismen.  Moderne, ikkje religiøs forsking i og bevis for det overnaturlege», (iv) er ein kortare del som tek føre seg både tru og forsking på nær døden-opplevingar. 

Heilt frå starten på menneske si soge, har ein viktig del av livet vore å oppleve og gjera seg kjent med den verda det er kome inn i. Det gjeld kunnskapen om seg sjølv og sin eigen kropp, til studiet av det store universet me er ein del av. Innan vitenskapen vart dette gjerne kalla empiri. Namnet kjem frå gresk og står for kunnskap skapt gjennom erfaring. Empirisk forsking er derfor forsking som byggjer på registrert og bearbeidd erfaringsmateriale. Denne kunnskapen er den viktigaste for oss både som individ og som samfunn.

Problemet når vitenskapen ekskluderer alt som forskarar ikkje får til å stemma i sitt system eller ikkje vil inkludera i sitt globale, empiriske datamateriale. Materialismen og evolusjonsteoretikarane ser ut til å vera levande redde for at dete skulle vera noko ut over det materielle og evolusjonistiske, det være seg ein allmektig Gud eller eit vesen som med sin intelligens har installert det uforklarlege livet i dei minste celler eller i det grenselause universet.

Mi personlege oppleving

Etter over 50 års godt ekteskap, døydde kona mi for to år sidan. Først bad me til Gud om at ho skulle verta frisk att, slik har lov til ut frå Guds Ord. Etter som sjukdomen utvikla seg og ho hadde det vondt, bad me om at det måtte gå fort så ho slapp lida, endå me gjerne ville ha henne med oss mykje lenger.

Døden er ein prosess me alle må gjennom. For den som trur, er døden ei dør over til noko betre enn livet på denne jorda. Slik eg opplevde det, levde me gjennom ein dødsprosess med tre stadium. Me var enige om at ho aldri skulle vera åleine utan å ha ei hand å halda i. 

I første stadium kunne me prata og dela minne og voner, både med smil og tårer, utveksla klemmara og gode ord. 

Neste stadium var progressiv. Ord og smil vart vekke og gjekk over til kommunikasjon gjennom klemmar og stryking av handa hennar. Ei viss tid kom «svar» tilbake, men svakare og svakare til det og vart vekke. Dermed var den åndelege og mentale kommunikasjonen slutt, men livet var det framleis. Hjarta slo og lungene arbeidde, men elles ingen reaksjon.

Siste stadium kom då kroppen drog sitt siste sukk, hjarta slutta å slå, og tilbake låg ein kropp utan liv. Med andre ord det som materialistane seier er «reelt» og som kan "bevisast" gjennom empiriske måleinstrument. 

Kroppen hadde same fysiske mål og vekt, men to ting hadde vorte vekke: Først sjølve livet, det som får dei materielle byggesteinane kroppen var oppbygd av til å uttrykkja og skapa den samordna prosessen som livet krev. 

Dernest, så langt eg opplevde det: Den åndelege eller sjelege forbindelsen med ord, smil, tankar og kommunikasjon. Så lenge den fungerte, kunne me ha kontakt,  inkludert fysisk kommunikasjon som klemming i handa. 

Lærdom:  Livet er mykje meir enn det reint materielle.

--------------- 

 i Mi omsetjing: «Å knusa Darwin og plukka i stykke materialismen».ii -«- : «Kvifor Darwin’s teori om evolusjonen ikkje lenger er god vitenskap».

iii «Why all Materialist theories of Evolution, including Darwin’s, fail to explain the Mysteries of Life and Mind on Earth, and why, inevitably, they lead to Bad Science».

iv «Beyond Materialism. Modern, non-religious research into and evidence for the supernatural».