søndag 19. mars 2023

 Minne om livet – etter døden

Eg har fått forklart at jødiske namn er spesielle fordi dei uttrykkjer essensen i menneske som ber navnet. På same måten seier dei at eit menneske «lever» så lenge namnet deira vert hugsa. Først når namnet er gløymt, er eit menneske vekke for alltid.

I siste blogginnlegget tok eg med minnesteinen som er lagt ned på Radøyvegen 237 i Alver kommune. Det er den einaste som finst i mitt nære omland. På snublesteinen står: Bernhard Müller. Fødselsår 1890. Deportert 1941 (til) Dachau. Drepen 13.2.1942

Etternamnet Müller han tok då han kom til landet for å finna seg arbeid. Som utdanna garvar fekk han stilling på garveriet i Alverstraumen, og vart seinare medeigar i verksemda.

Hovudverket om jødane i Noreg.
Han var askenasisk jøde som kom for å finna arbeid og få seg ei framtid i landet vårt. Bernhard vart arrestert i heimen sin i Alversund. Resten av familien vart tekne i Bergen. Kona og dotter vart sende rett i gasskammeret då dei kom til Auschwitz. Sonen Oscar, 14 år gammal, vart teken ut til tvangsarbeid og skal ha vore i livet så seint som i januar 1945. Ingen av familien kom levande heim att.

Jødisk senter i Trondheim

For nokre veker sidan hadde eg eit ærend til Trondheim, og nytta då høvet til å sjå Jødisk museum og synagogen der. Eg var der ein gong for mange år sidan, men ville friska opp att kunnskapen og vitja nordlegaste synagogen i landet (og i verda?)

Det er interessant å fylgja utviklinga av flokken med jødar som slo seg ned i byen og lenger nord.

Baksida av boka
Synagogen vart truleg først synleg i bybiletet då dei kjøpte den gamle jernbanestasjonen i det som vert kalla «Midtbyen». Det var i 1924, men synagogen vart innvigd året etter. Det mosaiske trossamfunn hadde hatt eige lokale og skule («cheder») alt i 1905, men no fekk dei fint lokale ikkje langt frå Nidarosdomen. Nokre hadde før sendt borna sine heilt til Oslo for å få jødisk undervisning.

I 1900 var det 119 jødar i denne landsdelen. I 1924 kjøpte dei og jord ved Lademoen kyrkjegard, så dei fekk eigen gravplass. 

Det jødiske miljøet blomstra med velkjende forretningar og fabrikkar, men og med dyktige fagfolk i offentlege verv.

Nazismens svarte skyer

Raseteorien levde godt i landet våre lenge før tyskarane kom, både i det offentlege rom og lag og organisasjonar. Både jødar og andre visste om overgrepa i Tyskland, men alle vona at her i landet ville dei vera trygge.

For jødane i Trondheim starta forfylginga i 1941 då alle jødar skulle registrerast og få merkt identitetspapira sine med «J».

Informasjonen Museet gjev gjestane sine
Den 21.april 1941 tok tyskarane synagogen og heiv ut dei heilage jødiske bøkene og diverse anna. Lysekrunene vart brukte til å skyta blink på, og symbolet i glasmåleriet – Davidsstjerna, vart bytt med eit hakekors.

Heldigvis fekk jødane berga ein del av materiellet, mellom anna ein torarull, og det vart gøymd på eit loftsrom i metodistkyrkja.

I dag har synagogen to tora-rullar, og ein som ikkje er «kosher», dvs. han er ikkje heilag lenger. Den står utstilt i museet, i lag med mange andre ting som me ikkje-jødar kan læra mykje av.

På museet kjøpte eg den nest største boka (i vekt og storleik) eg har kjøpt i heile mitt liv.(i) Det er Oskar Mendelsohn: «Jødenes historie i Noreg». Dette er viktigaste verket om jødar i landet vårt, og vel verd prisen.

På museet fekk eg og kart over snublesteinane som er lagde ned i byen. Det dei derimot ikkje kunne gjeva meg, var mildver. Med eg var der, var det vått og kaldt om ein annan. Å føta seg på dei overklaka fortaua utanfor sentrum, var ein levande fare for kven som helst. 

Eg var så heldig at eg fekk låna med piggar å setja under skoa, og kom meg fram på eit vis, men islaget gjorde det uråd å finna snublesteinar i det området eg held meg. 

Dermed har eg kanskje ein grunn til å koma tilbake enno ein gong?

--------------- 


(i)  Den største er «Diccionario de la lengua española» frå Real Academia som i si tid hadde eit mammutformat!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar