søndag 28. august 2022

 

Fjellparti som dette glir sakte men sikkert mot fjorden. Loenulukka fortel oss kva me kan venta vil skje når det ein dag rasar...

  

 


                                 Profetisk presedens?

    I sist blogg nemnde eg Jesu endetidsprofeti slik Matteus ordlegg seg: «Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal slett ikkje forgå. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje eingong englane i himmelen, men berre Far min.  Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem .» (Matt. 24, 35-37) Her vert det evige sett opp mot det forgjengelege. Måten Jesus seier det (heile kapitelet), indikerer ein presedens: Slik var det den gongen, og slik vert endetida.

    I offentleg forvaltning finst noko dei kallar «presedens». Prinsipielle avgjerder eller tidlegare praksis blir til eit førebilete for vedtak og reaksjonar i liknande saker og situasjonar. I jus vert dette kalla «prejudikat». Ordet indikerer at dommar i liknande saker frå tidlegare, og tolkinga av paragrafane som vart lagd til grunn då, kan ein venta brukt også i den nye saka.
    Grunnlaget for desse reaksjonsmåtane (presedens og prejudikat), er samanfallande trekk i sakene som er oppe. Der var Jesus klår: Som på Noas tid, slik vil endetida verta.

Brutalt?

    Ein rettferdig dommar avseier dommen ut frå føreliggjande fakta, aktuelle lovparagrafar og eventuelle prejudikat. Om ikkje loven er endra, er det naturleg å venta same dom for same lovbrot.
Guds lov er, som Jesus sa, evig og uforanderleg. I teksten først i dette innlegget seier Jesus at «mitt ord skal slett ikkje forgå», som om det var hans eiga meining. Evangelisten Johannes derimot gjev oss eit vidare innsyn: «I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud.  Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av alt som har vorte til». (Joh.1,1-3). Som Guds Ord, var Gud og var hjå Gud. Dette vil seia at han er personleg både Loven og Ordet om nåden. Han er 
personleg til stades på Noas tid som i dommen over tida du og eg lever i.
    Syndefloda var det mest brutale verda fram til Noas tid hadde opplevd. Hadde me ikkje meir opplysningar om bakgrunnen for det som hende, kunne me tru syndefloda som ei ugjerning på grensa til det utilgjevelege.

Kva er så sanninga?

Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar.      Luk 21:28

    For å få heile sanninga, må me til Genesis (1.Mos) 5,28 og utover. Namnet Noa fekk han fordi faren meinte han skulle verta til trøyst for dei på den jorda som hadde vorte forbanna for synda si skuld.
Neste kapittel fortel om at synda og villfaringa hadde vorte så stor at «Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og hjarta hans var fullt av sorg». (Kap.6,6). Menneska levde slik at Skaparen angra på at han hadde skapt dei, og vurderte på utrydja alt liv.
    «Men Noah fann nåde for Herrens augo». (Kap.6,8). Og: «Noah var ein rettferdig mann, ulastande mellom dei som levde på same tida. Noah vandra med Gud.» (v.9b).
    Ut frå dette, valde Gud ein annan utveg, og Noa fekk både ein profeti og ei personleg oppgåve. (v.13-21). «Han gjorde i eitt og alt slik Gud hadde gjeve påbod om det.» (v.22b).
    Den vidare forteljinga som kjem etter desse versa, kan du lesa i dei neste kapitela. Der kan me lesa både om dommen over synda, og frelsa for dei som gjorde etter Guds råd og ord.

Avklarande tilleggskunnskap

    Bibelen gjev oss i tillegg desse opplysningane om kva Gud gjorde den gongen: «Han sparde heller ikkje den gamle verda, men heldt si hand over rettferdsforkynnaren Noah – sjølv den åttande – den gongen han førde flaumen over ei verd av ugudelege.» (2. Peter 2,5).
    Noa var ikkje berre ein som bygde ein båt, men han forkynte samstundes rettferd for dei han levde i mellom! Han gjorde det Gud hadde pålagt han, - arbeidde og forkynte heilt til Gud sa «Nok!».
Eg reknar med at folk forvitne den gongen som no. For eit «show» det var at ein mann bygde eit svært skip langt inne på land! Og så sa han at Gud skulle lata vatnet stiga så den enorme båten skulle flyta fritt!
Regna gjorde det sikkert mange gonger i heile byggeperioden. Men kven kunne tenkja seg ein flaum som skulle dekkja heile jorda? Det var for utruleg til å vera sant, reknar eg med folk sa seg imellom. Men så kom dagen. Alle dei lydige - endå til villdyra, var komne inn. Arbeidet var fullført, Guds time var komen, og Gud sjølv let att døra.
    Trur ikkje du og at folk glodde på dyra som hadde gått inn par om par, utan å gjera skade eller eta kvarandre opp? Kven kunne tru slikt? Eller kanskje enkelte tenkte:  Kanskje det var noko i det den galningen sa likevel?
    Uansett kom regnet. Dag etter dag. Elvane steig, dalane vart fylte og til slutt var det berre inne i den bek-kledde arka, det var råd å overleva!
    Folket opplevde det dei hadde nekta å tru. Banka dei på døra og bad om hjelp, var det for seint. Guds time var komen, døra var stengd og dei gjekk under.

«……slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem». (Matt.24,39)

-----------------
i Me snakkar her om Guds »evige presens».(Exodus / 2. Mos. 3,14)

lørdag 20. august 2022

 Bibelen, viktigaste boka i verda

Det vert sagt og skrive at ikkje noko bok er seld i så mange eksemplar som Bibelen. Like rett er det at ikkje noko anna bok har hatt så mykje å seia for verda si utvikling, som Bibelen. 

Gud har skapt alt frå dei minste partiklane mennesket har greidd å oppdaga, til det enorme, endelause himmelrommet. Alt har han laga, og ingen ting er utan føremål og plan. Kongen over jødane, David, uttrykte det slik: «Når eg ser din himmel, verket av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der ..» (Salme 8,4). i Han, som fleire andre poetar, brukte Guds skaparverk som utgangspunkt for sin lovsong.

Som du veit, er vår «kristne» Bibel delt i to: Det gamle testamentet (GT) og det nye testamentet (NT). Den Bibelen Jesus og dei andre i NT hadde og refererte til, var den jødiske, delt i 1. Toraen eller Loven, 2. Neviim eller Profetane, og 3. Ketuvim eller Skriftene. Alt var nedskrive og kjent fleire hundre år før Jesu fødsel. 

Innhaldet i «vårt» GT, er det same som i jødane sin Bibel, men rekkefylgja bøkene kjem i, er annleis.ii  Seinare, gjennom nokre tiår rundt år 70, vart bøkene og breva som utgjer NT, skrivne ned og fekk sin plass i det nokre kallar «de, kristne Bibelen».

Opphavleg deling av GT

TLV-versjonen hjelper oss å forstå mange ting
relatert til Bibelen sitt jødiske opphav.
Den tradisjonelle todelinga i GT og NT skaper eit skilje i Guds-openberringa som eg personleg ser på som svært uheldig. NT har av den grunn fått ein alt for dominerande stilling i dei fleste kristne kyrkjer. Utan GT ville NT vore meiningslaust, og først når me kjenner Guds ord i GT, kan me sjå heile Guds frelses-plan. 

GT fortel korleis Gud førde jødane i gamaltestamentleg tid. Gjennom det og den vidare avdekkinga av Guds plan i NT, står heile Guds plan fram som noko som gjeld alle, enten me er jødar eller ikkje-jødar. Openberringa av Guds vilje utgjer ei samanhangande linje som får sitt klimaks i tusenårsriket. Då skal verda for første gong oppleva tusen år med fred, med Jerusalem som sentrum i verda og med Davids rotskot, Jesus Messias, som konge.

Det er i GT at det kjem klårast fram at Gud er heilag, kva som er Guds vilje med Loven, og korleis han reagerer når menneska vel å gå sine eigne vegar bort frå Han. I heile Guds ord er jødane eksempelet Gud har gjeve oss, - både på det gode og det vonde. På den bakgrunnen får frelsa og profetiane om det som skal koma over verda, sitt rette perspektiv. 

Jødane vart utvalde av Gud for at verda skulle få ein frelsar, fødd som menneskje i ein nasjonal og kulturell samanheng. Deira soge frå starten og fram til vår tid, er eit føredøme på Guds vilje for alle han skapte, og på korleis det går når menneska vel sine eigne vegar, og ikkje Guds.

På denne bakgrunnen får Jesu offerdød si endelege meining. Då er Jesus Messias øvsteprest og offerlam, konge og tenar, den lidande som vert gjort til synd for oss, og dommaren som me alle ein gong skal stå til ansvar for. 

Bibelen, vår viktigaste profetiske kjelde

Jesus Messias, ved sida av alt han var og er, var ein klår endetidsprofet. Hans profetiar og døma han gav, bygde på ting Gud hadde sagt og gjort i GT. Endetida, - den du og eg lever midt oppi – hadde sin parallell i GT slik profet-kapittelet Matteus 24 viser:

«Og som det var i Noahs dagar, slik skal det vera når Menneskesonen kjem. 38 For liksom dei åt og drakk i dagane før vassflaumen, tok til ekte og gav til ekte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka, 39 og dei ikkje visste av det før vassflaumen kom og tok dei alle, slik skal det òg vera når Menneskesonen kjem.» (v.37-39)

Slik var det i Noa si tid, slik er vår samtid: Me er opptekne med vårt, våre eigne lyster og planar. Me har bytt ut Gud og hans Ord med humanistiske tankar og idear, og me ser ikkje at undergangen er nær! 

Opb.22 frå NT og Salmane, utgjeve av
Bibelselskapet i 1882.
Kva er så profetien sin misjon?


Målet er ikkje, som mange seier, å «skremma folk til Gud», men gjeva opplysning om det som skal skje. Så må dei sjølve gjera sine val, slik Bibelen sitt siste kapittel seier:

 11 Lat den som gjer urett, framleis gjera urett, og lat den ureine framleis verta verande urein! Og lat den rettferdige halda fram med å gjera rettferd, og lat den heilage framleis verta helga! 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som tvettar kjortlane sine, så dei må få rett til livsens tre, og til å gå gjennom portane inn i byen. (Op. 22:11-14)

Derfor, når alt kjem til alt, må eg og du gjera våre eigne val uansett om me er jødar eller ikkje-jødar. 

«Det står skrive», ikkje for at me skal berga vår livsstil eller vår rikdom eller ære, men våre liv….

-----------------

i Bibelsitata eg brukar, er frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

ii Eit unnatak er “Holy Scriptures. Tree of Life Version”, (TLV), utgjeve av Baker Books, Michigan. Denne er laga av The Messianic Jewish Family Bible Society, og brukar I tillegg ein heil sentrale og på hebraisk. Dette er ein Bibel eg personleg har vorte svært glad i…

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

tirsdag 16. august 2022

 Kva, når og korleis

Djupt i deg og meg ligg tanken: Korleis vil framtida verta? Kva vil henda? Når? 

Eg trur Adam og Eva tenkte på same måten etter syndefallet i Genesis (1. Mosebok) 3. Frå eit trygt og sorglaust liv vart dei kasta ut i kampen for å overleva. Bibelboka seier dei hadde fått «opne auge» (v.7), og såg mot ei framtid med sveitte og slit, bekymring for kva dei skulle eta, vanskelege fødslar og i tillegg vissa om at ein dag ville livet enda med døden. «Med sveitte i andletet skal du eta brødet ditt, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Mold er du, og til mold skal du venda attendei." (v.19).

Alvorlegaste resultatet av synda var likevel ynsket om å gøyma seg for Gud. I staden for å stå ope og ærleg fram, vedgå det som var gjort og be om tilgjeving, gøymde dei seg så Gud ikkje skulle finne dei. Då det ikkje gjekk, prøvde dei å bortforklara synda med gode argument. 

Bibelen seier ingen ting om kva frukt dei åt...

Til og med Gud hadde litt av skulda, meinte Adam: «Kvinna du gav meg til å vera saman med, ho gav meg, og eg åt». (v.12). Deretter prøvde han å gøyma seg bak Eva, for så til slutt å minimisera si eiga gjerning: «…eg åt». 

Eg, om eg var Adam, hadde sikkert sagt «…eg berre åt». Dermed vart skulda endå litt mindre, ikkje sant? 

Bibelens første profeti

Den kom Gud med. Den er knytt til «slangen» eller Djevelen, og er profetien om frelse for syndarar:
«Og eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans.» (v.15). Ein profeti om at Djevelen si evne til å føra vill, ein gong skal ta slutt.

I Guds Ord finn me profetiar som Gud gav direkte, til dømes lovnaden til Abraham som og er ein profeti for oss ikkje-jødar: «Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort, og du skal verta til velsigning. Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jorda velsignast.» (Genesis 12,2-3)

Gud brukte profetar som han sjølv valde ut. Det same gjorde Djevelen. Hjå Jeremias kan me lesa om – og studera fylgjene av - både sanne profetiar og løgnprofetiar. 

Men det stogga ikkje i gamaltestamentleg tid. Apostelen Johannes skreiv til kristne i hans samtid: «Mine kjære! Tru ikkje kvar ei ånd, men prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.» (1Joh 4:1). Situasjonen er sikkert den same også no.

Ein sann profeti har liv...
Kven er profet?

Det hebraiske ordet «nabi» vert omsett med «profet». Jødane kalla profetane sine «sjåarar». Dei såg inn i framtida og kunne fortelja - frå Gud -det som kom til å skje. Mange fekk eit eige kall til denne tenesta slik som Jesaja og Jeremias. I det nye testamentet skriv Paulus om profeti som ei nådegåve, det vil seia ei overnaturleg evne Den heilage Ande kan gjeva den som trur på Jesus Messias. (1. Korintarbrev 12,10). Dette opnar for at Gud, når han vil, kan senda profetar til oss i vår eiga tid. 

Men sett i historisk perspektiv, har det vore og er få profetar frå skapinga fram til vår tid. Kvifor er det berre Gud sjølv som kan svara på.

Profeti versus prognose

Me som ikkje er profetar eller har profetisk nådegåve, prøver å tenkja oss korleis framtida vil verta, ut frå tidlegare erfaring og den informasjonen me har til ei kvar tid. 

Etter same prinsippet lagar datamaskiner «prognosar» for oss, og som media serverer oss i samband med prisen på straum, rentenivået i banken, matforsyninga i verda, eller prognosar knytt til val og politisk maktbalanse i vårt land og ute i verda.

Men i tillegg til «handfaste data», spelar kjensler og ynskje inn på konklusjonane me som individ kjem fram til. Datamaskiner derimot ikkje er «menneskje» og burde gjeva oss prognosar utan emosjonell feilmargin. Men nei: Dei gjev svar ut frå data som vert valde ut og tasta inn av menneskje med ynskje og prioriteringar, bevisst og ubevisst. Det innsamla materialet er aldri 100 % av den reelle situasjonen maskina skulle arbeida ut frå. Feilmargin er også der uunngåeleg.

Hjå Jeremias, til dømes i kapittel 27 og 28, finn me både sanne og falske profetiar. Jeremias forkynte i ord og føredøme det Gud hadde å seia folket, men Hananja svara med å bryta åket Jeremias har lagt på seg, og lova siger og framgang. Bibelen og verdssoga fortel med klåre ord at profetiane til Jeremias vart oppfylte. Hananja derimot «døydde same året» (v. 28,16), og det han profeterte, viste seg å vera løgn.

Ein sann profeti vert alltid oppfylt i si tid...

i Alle bibelsitat et frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

--------------------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

fredag 5. august 2022

 

Når-tid, då-tid og no-tid.

På same måten som me refererer til deler av fortida som «då-tid», kan me på same måten snakka om framtida som «når-tid».. Då er den vanlege seiemåten:  «Når…» slik Jesus gjorde det i Lukas 21, 20-22:[i]

20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart blir øydelagd. 21 Då må dei som er i Judea, rømma til fjells, dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.

Så langt me veit, sa Jesus dette rundt rekna tretti år inne i vår tidsrekning. Profetien vart «no-tid» i år 70 då romarane øydela Jerusalem, og for oss i 2020 har hendinga gått over til «då-tid».

Profetiar vil nødvendigvis vera i «når-tid», for profeten eller «sjåaren» som det vart sagt før, fekk ei openberring av det som skulle skje ein gong i framtida.

 Ein to tusen år gammal profeti oppfylt framfor augo våre?

Sist sa eg at det einaste programmet i NRK som eg ser fast, er dagsrevyen. Etter det var det lokalnytt frå Vestlandet, og så engelsk-nyheitene frå Israels TV. Men det var før. Ein dag gjekk dei over til «Israelsk Tv+». No får eg derfor berre små klipp frå nyheitene frå Jerusalem.


Under denne headingen finn eg allsidig stoff frå Israel

Eg var nokså fast lesar av Jerusalem Post før det, men no er det mi viktigaste informasjonskjelde frå Israel. JPost, som det til vanleg heiter, tilsvarar Aftenposten her hjå oss. Ei stabil høgreavis med sikker informasjon og seriøse vinklingar på ting som skjer.

Men ein dag kom ein artikkel som eg ikkje hadde venta i ei jødisk avis: Ein Nytestamentleg profeti jamført med tida me, du og eg, er ein del av.

Opphavet er ein gammal jøde kalla Johannes, forvist til slave- og straffekolonien på øya Patmos. Når han var der, veit me ikkje sikkert, men det var i alle fall minst 1900 år sidan. Du kan lesa heile profetien i Johannes Openberring kapittel 6.

Artikkelen er skriven av Vas Shenoy og vart publisert 25. juni. Avisa presenterer forfattaren som President for Glocal Cities, forskar, konsulent og entreprenør med erfaring frå Europa, Midtausten og Afrika. Tittelen er[ii]: «Dei fire ryttarane i Openberringa – ei meiningsytring.» Undertittelen «Vi nærmar oss undergangen av eit gammalt geopolitisk system og av den verdsordninga som har gått att sidan middelalderen».

Det spennande i artikkelen er at forfattaren synest å sjå oppfylling av denne profetien i Russland sitt angrep på Ukraina, og dei endringane som skjer i verda no. USA som ser ut til å missa den statusen dei har hatt siste hundreåret. Kina ser ut til å ta ein stadig meir dominerande rolle, og Putin prøver å føra landet tilbake til Sovjetunionen si stordomstid.

Dei fire ryttarane

Faksimile av illustrasjonen som JPost brukar i artikkelen

JPost illustrerer artikkelen med eit måleri som viser hovudtemaet i det Gud viste Johannes: Først kom ein ryttar på ein kvit hest. Han rir ut i verda for å få makt. Bak han kjem ein raud hest med ein ryttar som skaper krig. Tredje hesten er svart, og ryttaren fører svolt og matmangel med seg. Til slutt kjem ryttaren på den gule hesten og spreier død.

Siste avsnitt: «Død og ei ny verdsordning»[iii] startar med:

Ukraina ser berre ut til å vera første del av dødsprosessen til den gamle verdsordninga. Russland synest å vera trygg på at det skal få Vesten i kne ved å gjera olja dyrare i varme sommarmånader når det ikkje er råd å slå av luftavkjølingsanlegga. Og om ikkje dette er nok, det tvingar fram uro i Afrika ved å skapa svolt. Og på toppen av alt, dersom demokratia ikkje greier å halda kontroll på inflasjonen og ha kontroll med grensene, vil regjeringane i Sør-Europa kollapsa.

Artikkelen rundar av med å sitera Johs. Opb.6,8, første del:

«Og eg såg, og sjå! – ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han.» Når me no kanskje går døden i møte, er det viktig å forstå korleis me skal møte det helvete som kjem etterpå.»

Eg sat att med tanken: Kva meinar du med det? For at du skal ha høve til å gjera deg di eige meining, kan du lesa artikkelen sjølv:

https://www.jpost.com/opinion/article-710365 

The four horsemen of the apocalypse - opinion - The Jerusalem Post  

 

Han ligg framleis på nettet i dag, 30.06.22



[i] Bibelsitata I dette innlegget er frå Norsk Bibel si nynorskutgåve.

[ii] Mi omsetjing av: “The four horsemen of the apocalypse – opinion. We are nearing the death of the old geopolitical system and of the world order that has kept repeating itself from the medieval ages”.

[iii] Mi omsetjing av: «Death and a new global order». Eg har og omsett dei sitata frå artikkelen kjem etterpå. Originalteksten er ikkje teke med på grunn av plassen.

.................................... 

Det er forbode å bruka bilete eller anna stoff frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.