søndag 14. desember 2014

Adventstankar



Me lever i ei tid der det vert snakka og skrive om mobbing lokalt og nasjonalt, frå grasrota til regjerings- og stortingsnivå.  I mi lærartid hadde me slagordet: «Ikkje mobb kameraten min».  Etter det media i dag fortel, var kampanjen då - og mange andre seinare, til liten eller inga nytte.
Ordet kjem som kjent av  det engelske substantivet  «mob»,  som tyder «(folke)masse, (folke)mengde; flokk, gjeng; pakk; mobb». Det tilsvarande verbet tyder «1. flokke seg om,  stimle saman om, 2. angripe /storme ( i flokk), 3. mobbe»[i].  

I mi tid sa me «erting» eller «plaging» når det berre var ein som stod for handlinga. Mobbing vart det først når det var fleire som stod saman mot ein. No ser eg at ordet også inkluderer tilhøvet mellom to einskilde individ. «Han mobbar henne», eller «Ho mobbar han». Ein innovasjon.

Mobbing er upassande åtferd både på individuelt nivå, og på gruppenivå. U-etisk. Ei skam og ein udåd i tradisjonell etikk. Går ein til den kristne etikken, den som var grunnlaget for vår euro-amerikanske kultur, er mobbing synd.  

Mobbaren eller mobbarane ser ikkje han «Per» eller ho «Kari» som menneske med same kjensler og ynskje som dei sjølve. I mobbaren si tankeverd er mobbeobjektet ein figur, - eit bilete dei har inne i seg. Det kan vera laga av dei sjølve, men truleg oftare laga av «dei vaksne» når det er snakk om mobbing mellom born. «Figuren» eller «imagen» kan og vera skapt av media, eller av dyktige politikarar slik me såg det til dømes i dei tyske politiske storsamlingane rundt Hitler eller Mussolini.

Den mest typiske mobbefiguren  er «jøden». Du ser han teikna med krokete nase, pengegrisk, og kva meir karaktertrekk som har vorte tillagt han både i vår tid og før. «Senteret for studier av Holocaust og livssynsminoriteter» hadde eit prosjekt om ««Jøden» som kulturell konstruksjon i norsk offentlighet 1814 – 1940». [ii]

Uttrykket ««Jøden» som kulturell konstruksjon» gjev i seg sjølv grunn til ettertanke.  I eit slikt oppkonstruert bilete er individuelle eigenskapar, rettar og plikter utviska eller minimiserte.  Individet blir tillagt ansvar for handlingar han ikkje har noko som helst personleg ansvar for. Ting han eller ho aldri har hatt høve til å gjera noko med. Mobbaren ser berre det tenkte bilete av mobbe-objektet han har inni seg. Fordomsskapande og fordømmande.

«Jøden» er ikkje eit individ. Det er ei generalisering av tillagde kriterier. Fysiske som psykiske.  I fleirtal,  når me seier «jødane»,  vert dei tillagde eigenskapane berre multiplisert. Det oppstår eit samlebegrep som legg si klamme hand om eit heilt folk.

Dei reelle jødane er ei samlinga av levande menneskje som du og eg. Kanskje er jødefolket samansett av individ med mykje meir ulikskapar og kulturelle særdrag enn noko anna folk på jorda. Å vera spreidd ut over verda gjennom fleire tusen år, har sett sine spor. Mange lever framleis i Afrika, Asia, Amerika, Europa eller kvar dei har slege seg ned. «You name it!» 

Jødane har vorte slakta, brende[iii], forfylgde, hundsa og utnytta. Dei er finst mellom alle slags hudfargar, - er fattige og rike, kriminelle og lovlydige, umoralske og strengt etiske, vantruande og fanatisk religiøse. Ein del  har vendt heim til sitt opphavlege land. Romarane gav området namnet «Palestina».  Jødane hadde kalla det «Lovnadslandet», -seinare delt i «Juda» og «Israel» . Dei heimattkomne kallar landet sitt Israel.  Der utgjer dei eit konglomerat av hudfarge, språk, kulturtrekk og politiske meiningar. Men framleis ser det ut til at mange i vårt land berre ser «jøden» og «jødane».
Gustav Wentzels teikning av jøden den stormfulle julenatta

Me hadde jødeparagrafen i Grunnloven av 1814 og mange år etterpå.   Altfor mange. Henrik Wergeland tok striden opp mot det oppkonstruerte jødebiletet, og mot dei styrande sin motvilje mot å fjerna paragrafen. Han gjorde det i både ord og teikning. Det siste er det vel få som er klar over.
Min generasjon las i Nordahl Rolfsens Lesebok soga om jøden som låg ute julenatta. Me såg for oss den gamle, utslitne jøden som klumheldt eit barn under frakken for å gjeva det livd mot snøstormen. Han stavra seg fram til stova i skogen og bankar på:
-          "I Jesu navn, hvem der i slik en natt?"
-          "Den gamle Jakob. Kjenner I mig ei? Den gamle jøde?"
-          "Jøde" skrek forferdet en manns- og kvinnerøst. "Da blir du ute. Vi eier ingen ting å kjøpe for      og  blot ulykke vil du bringe huset i denne natt da han ble født du drepte."

Dei skulle ikkje ha nokon jøde inn i sitt hus, - og sende dermed han i døden. Dei skulle bruka kvelden til å minnast at Frelsaren, - jøden Jesus, vart fødd. Den gamle Jakob  var for dei ein «Kristus-drepar». Dei gav han skulda for eit drap gjort 2 000 år før på ein heilt annan stad på kloden. Ein stad han aldri hadde vore og heller aldri kom!

Det dei to ikkje visste, var at dei på denne måten tok livet av sitt eige barn. I mitt  barnesinn låg tanken: «Til pass åt dei!».  Men det kunne eg ikkje seia høgt. Me lærde både på skulen og heime at me måtte vera snille….

«Jøden»  Wergeland skriv om, var gammal mann i ein vond livssituasjon. Han kjempa for sitt eige liv og for livet til eit lite barn han ikkje hadde noko ansvar for. Eit han hadde plukka opp av omsorg og ynskje om at det måtte få leva. Dei innanfor døra såg ikkje mennesket. Berre den kulturelle konstruksjonen, «jøden». Til si eiga ulukka og skam.

Verda i vår tid fordømer «jøden» som vågar å forsvara seg mot rakettar og freistnader på å drepa dei.  Gasa er det landområdet dei gav frå seg då slagordet var «Land for fred!» Det dei fekk, då dei gav etter for presset frå norske og utanlandske regjeringar,  var «Land for terror, drap og trugsmål om total utrydjing».  Men då tagde både den norske regjeringa (som tok æra for «Oslo-avtalen»), FN, EU og alle andre som hadde vore med og «forsikra regjeringa i Jerusalem» at dette var vegen til fred….

Då Israel forsvara seg mot rakettar og angrep gjennom tunellar under grensa,  ropa til og med mange norske prestar og religiøse lekfolk opp og fordømde det jødane gjorde. Dei såg berre «jøden» i samtidsbiletet.  Dei såg han i kontrast til «dei stakkars palestinarane». Eit like oppkonstruert bilete. Like langt frå det reelle bilete av menneskja i Gasa. Like usant på godt og vondt.

Det Hamas gjorde med sivile som skjold, lagring av våpen og krigsutstyr i skular og hospital, vart lite og ikkje nemnt i media. «Jøden», karikert og stigmatisert,  stod så lagleg til for hogg. «Dei stakkars palestinarane» derimot…   Ja, du veit resten.


Wergelands juledikt er like aktuelt i dag som i 1814.  Hans teikning og.
Adventstida me er inne i, burde vera ei tid til ettertanke. Tid til å sjå alle som reelle menneskje. Til å elska. Til å hjelpa. Uten alle imaginære og kulturelle konstruksjonar. Sterke menneskje. Svake menneskje. Trengjande menneskje. Gråtande menneskje. Jublande menneskje.

Med - Menneskje.
--------------
Så ei «jule-nøtt» til deg som eventuelt kjem til å lesa dette: 

Tenk deg Wergeland si forteljing tilpassa vår aktuelle situasjon. Me opplever ei kompakt fordømming bore til torgs av både lekmann og prest. Ei fordømming av «jøden».  Ein repetisjon av det dei to der i gangdøra gjorde julekvelden i 1814.
Men kven eller kva er «det kjære barnet vårt» som me også dømer til døden i vår «stormfulle vinternatt»?  
Kven «frys i hel» utanfor vår dør?  
 -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Vangsnes, advent 2014.12.14. Ibj.

Det er forbode å bruka stoff frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå forfattaren.


[i] Frå Cappelens Engelsk-norsk ; Norsk – engelsk ordbok 2009.
[ii] Understreking gjort av underteikna.
[iii] «Holocaust» er eit gresk ord for noko som vert brent opp. Ordet kan i den samanheng relaterast til brennofferalteret i den jødiske gudstenesta.