torsdag 25. april 2013

Om å vera nokon.


I ei tid då slektsforsking er på mote, er det vanleg å høyra at ein i slekta har embetsfolk og rikfolk, eller ein kjend person. Det vert opplevd som positivt, noko som gjev oss status, - positiv status. Men ein kan og oppdaga det motsette. Me kan kalla det ”negativ status”.
Framsida på C.S.Smith si bok.Foto ibj
Ein nordamerikansk indianar  og forkynnar har skrive ei interessant bok om det å vera indianar: ”Den kvite manns evangelium [i].  Ei spennande bok for den som vil setja seg inn i korleis ein ikkje-kvit opplever samfunnet han er ein del av. Han fortel at mange gonger kjem kvite til han og seier dei har indianske forfedre. Og ”alltid er dei ei eller anna hovdingdotter som har gift seg med ein kvit”! Det med hovdingdottera gjev status og er noko å vera kry av. Utan den er slektskapen med indianarar knytt til skam.
Psykologar kan sikkert forklara dette mykje betre enn eg, men det å vera nokon, det å ha ein posisjon med ein viss prestisje, synest viktig for alle menneskje, individuelt og/eller som folkegruppe.

Eg er stril, og høyrer dermed til eit bonde- og fiskarfolk som frå gammalt av har butt nord for eller rundt Bergen. Dette anekdoten frå folkemunne visert litt kven me var (og er ?), i alle fall i nokre bergensarar sine auge:

    Det låg ein færing ved Torget og karane baud fram varene dei hadde med seg. Oppe på bryggja gjekk ei fin bergensfrue og småjenta. Så kom sprøsmålet:
    - "Mamma. Kommer strilene til himlen?"  Det vart stilt ei stund før svaret kom:
    - "Jo, men ikke så høyt som vi!"
I tillegg til folkegruppa eg høyrer med til, har slekta mi har vorte "studert", og der finst både ein lensmann og nokre prestar. Ein prost og, visstnok. Med andre ord: Me har nokon å slekta på” som dei sa før i den delen av landet. Men så har eg ei bestemor ”som vart sett vekk for pengar”![ii]  Og det å verta ”sett vekk for pengar”, det var negativ status til gagns!
Trondheim havn den gongen oldemor vart send sørover.

No skal du høyra: Carl Theodor Christian Aas gifte seg med Gundel (Gunhild) Pedersdatter Munkeby. Dei levde i Trondheim. Dei fekk 28.11.1849 ei dotter og kalla henne Trine Pauline Aas. Så gjekk åra, og jenta vart gravid utan å vera gift. Skandale sjølvsagt! Jenta vert send til Bergen og fekk der 13.12.1869 ei jente som vart kalla Elvine Martine. Dåpsattesten seier ”uægte”, og oppgjev ”Ungkarl ølbrygger Christian Martin Olsen” som far, og mora vart innskriven som  Trine Pauline Karlsen, Bor: Lungegaarden Arb. bolig.”.  Ei Emilie Aas er nemnt som fadder, men elles er der ikkje teikn på at oldeforeldra mine var interesserte i barnebarnet som kom til verda.. Men kanskje dei betale for dekkoperasjonen?
Og slik såg byen ut der ho vart send for å "gøymna vekk" barnet.
Om denne Christian Martin Olsen var faren eller vart betalt for å stilla opp, kan me ikkje vita. Det er ikkje funne nokon med dette namnet registrert i Trondheim, men ein med same namn gifte seg litt seinare i Bergen. Om det var same mannen, var han  Blokmakersvend” då han gifte seg. Barnet vart i alle fall ”sett bort” til ein fiskarbonde på Strilelandet for nokre kroner året.

Elvine Martine vart gift med bestefar min og fekk fire born, men døydde tidleg av tuberkulose. Borna skulle fattigkassen ta seg av, men minstejenta gret så sårt den dagen dei skulle setjast vekk, at bestefar nekta og sa han ville ha dei sjølv. Alle! Dermed vaks dei opp med ei gammal og sjukleg tante i morsrollen. Leid mykje vondt i tillegg til at dei var borna til ”ho som var sett vekk” og  dei ”som fattigkassen skulle ha teke seg av”.
Bestefar. Av bestemor har eg ikkje bilete.(C) Familiealbum.
Då me i neste generasjon vaks til, la mor vår forbod mot å leita etter slekta på morsida. I tillegg sleit ho under minna om at ”Me var alltid fattige. Dei andre fekk nye ting, men ikkje me”. Og så vidare. Først då ho og syskena var vekke, vart ting undersøkt og  opplysningane eg har nemnt litt av, kom fram i dagen.  Når eg skriv så utførleg om dette, er det fordi det gjev ei kjensle av ”å ikkje vera nokon”.  Det er situasjonen då  slektsgranskinga gjev negativ status og ikkje bør  utbroderast i det offentlege rom.  

Det ”å ikkje vera nokon” er ein vond realitet for mange menneske, og min eigen bakgrunn har kanskje gjort at eg betre har forstått korleis andre i same situasjon har eller har hatt det i livet. 
Og så til Sør-Amerika. Paraguay er landet der 95 % av folket er blandingsfolk med europeiske forfedre og indianske formødre. Før brukte ein terminologien ”mestis” på slike, men det er vel knapt lovleg  dag sidan det vert oppfatta svært negativt. Å vera mestis, er ”å ikkje vera nokon”.  Å vera europear, var høgstatus. Å vera ”rein indianar” kunne gjeva ein viss status, særleg for  dei som romantiserer det indianske og ”autentiske”. 

I skuggen av europeisk raseideologi.
Me skal ikkje lenger enn hundre til hundre og femti år tilbake før spørsmål om avstamming og rasereinleik var i fokus både antropologisk og politisk. Med nazistiske og andre ekstreme synspunkt gjekk desse tankane ikkje berra av mode, men vart forkasta av det store fleirtalet i alle fall i Euro-Amerika. Heldigvis.
Likevel er tanken på den folkegruppa eller den slekta me er eit produkt av, med på å plassera  deg og meg  på ein skala gradert frå det mest positive til det mest negative. Eg kallar det ”status-skalaen”. Den avgjer om me ”er nokon  eller ”ikkje er nokon”.  Den som ”ikkje er nokon”, vil etter psykologiske mønster prøva å kompensera for dårleg slekt og seg koma litt lenger mot den positive delen av status-skalaen.

Eit typisk døme er Craig Stephen Smith sitt eksempel på amerikanarar som alltid reknar sitt indianske opphav til ei hovdingdotter. Å stamma frå ei vanleg indianarkvinne, er lite å rosa seg av.  Men når beste-beste-bestefaren minvar hovding, er saka ei heilt anna. ”Egoet” kan sjå han med vaiande ørnefjør, pynta med broderte hjorteskinnsklede og frisk krigsmåling som gjer den skarpe profilen endå meir utsøkt.  Vel verdt å ha han på stamtavla, ikkje sant?
Paraguay, der 95 % av folket har sitt opphav frå europeiske fedre og indianske mødre, er eit historisk eksempel i nasjonal målestokk.  Landet er interessant fordi nazisme under namnet ”nasjonalisme”  var 40 år den rådande ideologien i Stroessner-regimet. Fleire av generalane er kjende for sine nasjonalistiske (les: nazistiske) førebilete. Då eg sjølv saman med kullet mitt på guaranilærarskulen fekk diplomet for avslutta eksamen, fekk me det av Alfredo Stroessner sjølv. Då måtte me stå på sena og helsa ”El Lider[iii]” med høgre armen i stram nazihelsing! Og når me fekk diplomet  av hans hand, var det forbudt å sjå til sides. Me skulle sjå han rett inn i ansiktet…

Dei vanlege paraguayarane hadde nok med å greia seg i den daglege kampen for levemåten, så dette interesserte dei ikkje så mykje. Men eliten som hadde rasen sin suverenitet i bakhovudet, trong  kompensera for sitt indianske opphav. Korleis gjorde dei det?


Det er ulovleg å kopiera eller bruka noko av dette materialet ute skriftleg løyve frå forfattaren!

[i] WHITEMAN´S GOSPEL.  A Native American examines the Christian Church and its ministry among Native Americans”,av Craig Stephen Smith, Indian Life Books, P.O.Box 3765, RPO Redwood Centre Winnipeg, Manitoba, R2W 3RG. Utgjeve i 1997, ISBN 0-920379-12-5.
[ii] Det var den gongen ikkje var lovleg å ta livet av uynskte born på veg ut i verda.
[iii] Det var den gongen vanleg å kalla Stroessner ”El Lider”, det ordet på spansk som ligg nærast det tyske  Der Fûhrer”!
Bilete: Av Trondheim: Frå trondheimhavn.no       Av Bergen 1880:  Frå web.hist.uib.no
Bestefar: Albumbilete truleg teke hjå fotograf i Bergen.

 

Anleislandet Partaguay - Unikt, ikkje berre i denne delen av Søramerika



”Møtet mellom kulturar” og utviklinga i Paraguay.
Spanjolane som kom siglande oppover til elva Paraguay, møtte eit land som var delt etter elva:  1) Innover mot vest var jorda grå, og indianarane var jegerar og sankarar i slekt med pampasindianarane i Argentina. 2) Innover landet i aust, og særleg langs elva Parana, var jorda raud og indianarane var i slekt med Tupi-Guaraniane som dei skipbrotne hadde vorte kjende med i Brasil. Dei jakta, fiska og samla mat i skogane, men planta i tillegg mais og manjokk. Sidan maisen brukte 4 månader og manjokken 1 år før dei var klare til hausting, måtte dei bu fast i lengre periodar. Sjølv om dei stadig leita etter ”jorda der det ikkje er noko vondt[i]”, heldt dei seg normalt innanfor relativt avgrensa område. 
Slik teikna Schmidl guaraniane. (Opphav ukjent)
På same måten som spanjolane og pampasindianarane i Argentina låg i krig frå starten av, skjedde det same her oppe på Chaco-sida av elva. Guaraniane i aust låg i krig med indianarane i vest, og for ei kort tid vart spanjolane godtekne som allierte i denne krigen. Indianarane fekk på denne måten også tilgang på eit nytt metall: jern, - i reiskapar som øksar, knivar og lansar. Spanjolane fekk på si side tilgang til mat og til kvinner. Det vert fortalt at indianarhovdingar gav kvinner til dei spanske sjefane for på den måten å sikra seg gode relasjonar i framtida[ii]. I tillegg hadde spanjolane etter skipbrota på kysten av Brasil, lært seg guarani. Slik kunne dei snakka med folk innover i kontinentet.
Alejo Garcia oppdaga Paraguay landevegen i 1524, og fortet i Asuncion vart grunnlagt i 1537. I desse åra og fram til 1539, godtok truleg guaraniane inntrengjarane som allierte. I tillegg hadde europearane gevær og kanoner som indianarane relaterte til lyn og torebrak! Særleg indianarane rundt Asuncion, ”los carios”, knytte venskap med spanjolane, seier offisiell soge.

Avstraffing av indianarar ved henging.(Opphav ukjent)
Paraguay si største avis gav i 2000 ut  La historia del Paraguay”, Volum I og II.[iii] Bøkene kom stykkevis som vedlegg til avisa. Denne utgåva er kristisk til den offisielle versjonen av ”oppdaginga”. På fleire måtar markerte det eit paradigmeskifte i forståinga av soga. Både verket og forfattarane vart derfor dømde ”nord og ned” for både kunnskapsmangel og anna. For å gjeva lesarane mine eit døme frå dette historie-kritiske verket, tek eg med litt frå Volum I, side 83-84: 

Den mykje omtalte ”spansk-indianske unionen”  tvinga spanjolane på guaraniane som ynskte slutt på all dreping, røving og øydelegging. Det er mange skribentar som fortel om uvennskapen mellom spanjolane og guaraniane frå starten av. Schmidl[iv] fortel at medan Juan de Salazar gav ordre om oppføringa av fortet Asuncion i 1537, bygde hovdingen Lambare eit forsvarsverk for å verna sine døtre og kvinner.(--)

”Etter to dagar”, fortel Schmidl, ”stilte me oss opp nær dei og gav dei ein omgang med alle våre eldvåpen, og dei både høyrde (skytinga) og såg korleis folk datt til jorda. Dei kunne heller ikkje få auga på noko ”jara”[v] eller pil, men at dei som fall berre hadde eit hol gjennom kroppen. Dette skremde dei så mykje at dei rømde vilt og datt over kvarandre som hundar. Så vitskremde sprang dei for å koma seg inn i byen sin, at 200 datt i gravene dei hadde laga for å forsvara seg”

Spanjolane omringa no Lambare, og carios-indianarane overgjev seg etter at dei i tre dagar har prøvt å forsvara seg mot ”los arcabuses” (geværa). Som teikna på at dei overgav seg, gav dei spanjolane under tvang, mat og kvinner”.[vi]


Men ”svogerskapet” gjekk etter kvart over til utnytting og undertrykking. I påska 1539 hadde 8 000 guaraniar samla seg og hadde planlagt å drepa alle spanjolane når dei gjekk til messa skjertorsdag. Men Juan de Salazar, grunnleggjaren av byen, hadde ei kvinne som fortalde han om planane. Spanjolane svara med å fanga og hengja leiarane for opprøret. Frå no av tvinga spanjolane til seg mat og kvinner, om ikkje dei fekk det frivillig. I 1543 gjorde hovdingen Tabaré opprør litt lenger oppe med elva. Domingo Manuel Irala hadde overteke styringa for territoriet. Han slo dette og andre opprør ned med hard hand, ein praksis som vart fylgt heilt opp mot vår tid.  
Paraguay , - ”Muhameds paradis”[vii].
Som kvinna til Salazar sveik indianarane då ho fortalde om opprørsplanane, vart mange indianarar verande på spanjolane si side. Saman gjorde dei overfall mot flokkar som gjorde opprør eller ikkje ville overgjeva seg frivillig. Både på austsida og på vestsida av Paraguay-elva. Gull og sølv var det lite av i dette landet, men spanjolane utvida på denne måten kontrollen over det indre av kontinentet. Kvinner var ein viktig del av krigsutbytet, og desse vart fordelte mellom soldatane, noko som på si side auka lysten til nye overfall.
Frå tida Spania låg under maurarane, visste spanjolane at Paradiset Muhamed lova sine etterfylgjarar, inkluderte god mat og tilstrekkeleg kvinner. Sjøfolka og soldatane som invaderte landet, var ei blanding av alt frå kriminelle til regulære militære troppar, og Paraguay vart etter kvart kjend som ”Muhameds Paradis”. Rett nok var prestar og munkar med på reisene, men dei få som tok til orde mot uvesenet, vart ikkje høyrde. Også byte av kvinner og utleige av kvinner mellom spanjolane, vart påtalt av presteskapet, utan at det vart gjort noko konkret med det. Vegen til kongen i Spania[viii] var lang.
Dette gjekk så langt at offiserane kunna ha 15-40 kvinner, medan soldatane 5-10!  Stadig vart det fødd mange born av blanda opphav, og dette blandingsfolket er opphavet til fleirtalet av folket i Paraguay i dag.
Vår tid fokuserer sterkt på seksuelle relasjonar, samstundes som ynsket om å fjerna manns- og kvinnerollar er del av dei sosialistiske regjeringane sine program. Men den gongen hadde kvinnene og mennene klart forskjellege rollar. Det var det hjå spanjolane, men kanskje endå meir mellom guaraniane. Mennene var krigarar, gjekk på jakt og var dei som sådde frøa i åkeren[ix]. Kvinnene gjorde alt grovarbeidet i husa så vel som i åkrane. Dei hadde barnefødslane, sytte for mat og matstell, klede, reinska åkeren, hausta og tok vare på maten, osb.
Indianarkvinnene stod for oppdragelsen av borna og med det vart både språk og andre kulturelle element overført til dei nye generasjonane. Derfor er Paraguay første, og så vidt eg veit, endå einaste landet i Sør-Amerika som har eit indiansk språk (Guarani) som offisielt språk.[x] I tillegg er det unikt med bruken av Yerba Mate, medisinplantar og ei rekkje andre kulturelle særdrag.
Kanskje på grunn av klagene frå enkelte prestar, vart det i nokre tilfelle inngått ekteskap etter europeisk mønster. Guvernøren, Irala, tvinga til dømes nokre av kapteinane sine til å gifta seg. På denne måten vart det gjeve inntrykk av ein viss legalitet, men dette vart klart spel for galleriet. Både han sjølv hadde born ”utanfor ekteskapet”, og han gjorde lite for at seksuelle relasjonar som kyrkja og loven forbaud, vart stogga.
Irala sine kapteinar gifter seg. (Opphav ukjent)
Ser ein det ut frå ein etisk ståstad, vaks det fram eit system der ein gjerne hadde eit offisielt, monogamt ekteskap,[xi] samstundes som det vart sett gjennom fingrane med at mannen hadde det nokså fritt med ekstra-matrimonielle relasjonar.
Etter som åra gjekk, vart talet på born[xii] av desse relasjonane større og større. Alle desse stod ikkje på same sosiale nivå. Som fedrane hadde forskjelleg rang politisk eller militært, fekk borna det og.
Når me kjem på 1800-talet, sende overklassen borna sine til Argentina eller Europa for å studera, medan dei fleste av paraguayarane ikkje hadde råd til det. Den fattige delen av folket fekk ofte ikkje skulegang, eller berre det den lokale presteskapet gav dei. Desse budde utover landet og dreiv jordbruk, tømmerhogst, jakt m.m. eller var arbeidarar for dei rike. I mange tilfelle var dei arbeidarar visse delar av året, og arbeidde for seg sjølv resten av året.[xiii]
I tida etter oppdagingane var mishandling og drap vanleg. Seinare vart undertrykkinga vidareført gjennom lovar, politi og militære. Dette inkluderte tvangsarbeid og liveigenskap for mange indianarar. I ”reduksjonane” som først fransiskanarane og seinare jesuittane grunnla,[xiv] fekk indianarane vern mot mange av desse overgrepa frå den ”verdslege” makt. Men prestane og munkane i desse byane hadde også strenge lovar og harde måtar å straffa syndarar på.[xv] Då jesuittordenen vart forbudt[xvi] og byane oppløyste, vart dei indianarane som ikkje rømde til skogs, fordelt rundt i kolonien. Ein del indianarar hadde lært forskjellege handverk  og heldt fram med det, vert det fortalt. Etter kvart vart desse indianarane integrerte i det store fleirtalet av blandingsfolk, medan dei som heldt seg i skogane i Aust-Paraguay og i Chaco, er forfedrane til indianarane i Paraguay i dag.
Konklusjon.
Pampasindianarane som ein i Paraguay hadde i Chaco, var like vanskelege å etablera kontakt med som i Argentina. Men fordi det på austsida av elva Paraguay fanst guaraniar som låg i krig med indianarane på vestsida frå før spanjolane kom, hadde guaraniane og inntrengjarane ei samanfallande interesse: Krigen mot dei på vestsida av elva.

Her hadde og spanjolane, på grunn av skipsbrotet i Brasil, den fordelen at dei hadde lært språket til guaraniane og fått allierte som var med Alejo Garcia då dei gjekk dei gamle vegane og kom til det som seinare vart Paraguay. Rimelegvis var der ein del forskjellar mellom guaranien på Atlanterhavskysten og den dei snakka lenger inne, men ikkje verre enn at dei forstod kvarandre.

Guaraniane var relativt stadbundne på grunn av tida maisen og manjokken trong for å kunna haustast. Dermed vart dei lettare å kontrollera. Dei produserte også mat spanjolane trong, og dermed leid ikkje denne kolonien nederlaget slik som Buenos Aires gjorde.

I begge landa var indianarane sine rettar til jord og eigedom totalt ikkje-eksisterande fordi europearane og deira etterkomarar annekterte all jord og seinare selde ho ut til europearar med økonomi og ynskje om å etablera seg her. I Paraguay var det utvinning av tømmer i dei subtropiske regnskogane og produksjon av Yerba mate som var viktige inntektskjelder aust for elva Paraguay.

Utviklinga i Chaco har fleire fellestrekk med utviklinga på Pampasen i Argentina. Først med immigrasjonen av mennonittar fekk det indre av Chaco ein større ikkje-indiansk fastbuande befolkning. Før hadde store selskap og andre kjøpt jordeigedomar med tanke på produksjon av tanino,[xvii]  og/eller kjøtproduksjon langs elva Paraguay.

Etter at det vart funne olje i boliviansk Chaco, oppstod kryssande interesser mellom Paraguay og Bolivia, noko som resulterte i Chacokrigen 1932-35. Bolivia hadde då kart som viste at deira territorium gjekk heilt ned til Rio Paraguay, og Paraguay sine kart viste at dei åtte område langt oppe i Bolivia. I denne krigen kom nokre indianarstammar til å støtta bolivianarane, og andre paraguayarane. Mellom desse stod dei som ville vera nøytrale til krigen, -mennonittane og ein del indianarar. Kor hardt dette gjekk ut over indianarbefolkninga[xviii], har eg ikkje sett tal på. 

Som i Argentina vart det prøvt å importera slavar med afrikansk bakgrunn[xix], men med den sterke veksten i talet på paraguayarar, vart det ikkje noko forretning. Slavane vart etter kvart assimilerte i den paraguayiske befolkninga. Einaste minnet om importen er eit par stader som i sine festar har kulturelle innslag frå afrikanske kulturar.

Folketettleik (Frå Censo 2002, DGEEC)
Litt statistikk til slutt: FN-sambandet (Globalis) opplyser[xx]:
             95%  er paraguayarar av spansk-indiansk opphav.
             5% er indianarar og folk av andre nasjonalitetar.

Det paraguayiske statistiske sentralbyrået opplyser[xxi] at det i folketeljinga var 87 099 er indianarar eller etterkomarar av slike.  Dei utgjer 1,7 % av det samla folketalet på vel 5 millionar menneskje. 
Fordelinga av innbyggjarane i landet er og spesielt for Paraguay:
Av indianarane budde 50,7 % i Chaco og 49,3 % i Aust-Paraguay. Ser me på fordelinga av heile folket[xxii], finn me at i Aust-Paraguay, Guaraniane sitt gamle heimland, bur nesten heile folket. Chaco  derimot har så lite folk at for størstedelen bur det mindre enn ein person per kvadratkilometer!


[i]Yvy marane’y”, (= jorda der det ikkje er noko vondt), var eit viktig element i kulturen deira, og førde til visse vandringar i historisk tid. Lenge vart dette sett på som ei leiting etter ein stad utan synd, og religiøst utnytta i den kristne forkynninga om himmelen. I dag ser mange på det som leitinga etter område med god jord og gode tilhøve for jakt og fiske.
[ii]Det vert ofte snakka om ”svogerskap” (”rovaja”), brukt mellom annan også  i europeiske kongefamiliar for å sikra framtidige gode relasjonar og få auka makt og prestisje.
[iii]LA HISTORIA DEL PARAGUAY”, Volum I og II. Forfattarar : A. Benitez m. fl. Coordinator : J. Rubiani. Forlaget AZETA S.A. Yegros 745, Asuncion, Paraguay, 2000.
[iv] Ulich Schmidl var ein tysk leigesoldat som, då han kom heim att til Tyskland, teikna og skreiv om hærferda han hadde vore med på. Ikkje minst teikningane hans gjev unike bilete av land og folk.
[v][v] “Jara”, eit ord eg ikkje forstår meininga av, men som nok var eit våpen indianarane kjende.
[vi] I ”LA HISTORIA DEL PARAGUAY”, Volum I,  side 84 står at den katolske presten Martin Gonzales skreiv i 1575  til kongen og fortalde at under Domingo Martinez de Irala sitt styre, hadde spanjolane røva 1 000 000 kvinner, og at halvdelen hadde døydd “på grunn av mishandlinga spanjolane gav dei. Det brenn dei med trekol, bind føtene deira,  brennemerkjer dei med jern og gjer andre grufulle ting som eg vil fortelja deg….. Dei fær så stygt med dei at mange av kvinnene tek liva sine….”.
[vii]Emilio García Merás:“PÍCARAS INDIAS. Historias de amor y erotismo DE LA CONQUISTA. Volumen II. NUER EDICIONES, S.A. ISBN 84-8068-002-4 Vol.II.  1992, España. Oppgjevne tal er frå starten av Kapittel 5.
[viii]Koloniane var direkte underlagt kongen (i Castilla) og hans  eigedom.
[ix]Både å ”planta” barn i ei kvinne , og det å så frø i jorda, har i mange kulturar vore parallellar og delar av mannsrollen.
[x] Det vert brukt ”nasjonalt morsmål” i loven: CONSTITUCIÓN NACIONAL. Kapittel VII, Artikkel 77.
[xi]Det finst også døme på at det vart importert kvite kvinner for å dekka spanjolane sine behov.
[xii]I starten var desse, normalt før kalla ”mestisane”, barn med spansk far og indiansk mor. Seinare fekk desse born med kvarandre, eller med andre europearar, og det vaks fram eit europeisk-indiansk blandingsfolk som i dag utgjer fleirtalet i landet.
[xiii]Både i Argentina og Paraguay vart det prøvt å importera slavar slik dei hadde gjort i USA og Mellom-Amerika, men i desse to landa vart det ingen suksess. Argentina fekk derfor sine ”flyttfugl-arbeidarar” som gjennom årtier reiste med sommaren frå eine halvkula av jorda til den andre, og i Paraguay stetta blandingsfolket trongen for arbeidskraft.
[xiv]Fransiskanarane grunnla slike i Bolivia og Paraguay, jesuittane i Entre Rios, Argentina, og i Paraguay. Reduksjonane var  alltid mellom indianarar med jordbruk som ein del av kulturen, ikkje pampasindianarar som var jegerar og sankarar. Deler av dette paraguayiske territoriet. Traktaten frå  Tordesillas av 7. junio de 1494,  gav Portugal Sør-Amerika aust for meridianen ved Cap Verde-øyane, og Spania vest for denne. Men portugisarane, og særleg røvarane i Sao Paulo- området (”mamelukkane”), trengde mykje lenger inn på kontinentet. Dei øydela mange indianarbyar på jakt etter rikdom og slavar. Til dømes Villarica del Espiritu Santo vart flytte 7 gonger på grunn av slike brasilianske overfall, til staden der Villarica ligg i dag. Han vart grunnlagt i Guaira som i dag ligg i Brasil. Men namnet fylgde med, og folket vert framleis kalla ”folk frå Guaira” endå staden Guaira ligg 50 norske mil vekke!
[xv]Dei fleste historikarar som har skrive om desse byane og deira undergang, har stort sett hatt katolsk utgangspunkt, slik filmen ”Mission” også har. Særleg jesuittane har vore dyktige til å få fram sitt syn.
[xvi] Kong Carlos den III av Spania  vedtok i 1768 å støyta ut jesuittane. Dette er grunntemaet i filmen ”Missions”.
[xvii]Tanino vart brukt til garving.
[xviii]Då Miguel Fritz, tysk katolsk misjonær, gav ut ei bok om indianarane hans orden hadde arbeidt med nær Pilcomayo, fortalde antropologen Chase Sardi (Gato) fylgjande: ”Paraguay hadde problem med å importera nok våpen, så regjeringa starta med produksjon av rifler. Soldatane i Chaco var kritiske til våpenet, og for å visa kor god gjennomslagskraft kulene hadde, kalla agenten inn indianarar frå ein stamme i nærleiken. Dei vart stilte på ei lang rekkje for å motta mat, vart det sagt. Men målet var å visa kor mange av indianarane kula gjekk gjennom!” Rifla vart elles ikkje noko suksess for ho hadde ein tendens til å eksplodera, og fekk klengenamnet ”mata-paraguayos” (= Paraguayar-dreparen).
[xix] Alfredo Boccia Romañac: “Esclavitud en el Paraguay. Vida cotidiana del esclavo en las Indias Meridionales”. Ed. Servilibro, Asunción, Paraguay 2004. ISBN 99925-79-34-X.
[xx]15.03.2013.
[xxi]Paraguay har nett hatt folketeljing (2012), men dei tala er ikkje tilgjengelege endå. Dette er data frå folketeljinga i 2002/2009.
[xxii]Kartet er det siste eg har funne og er frå 2009. Det kan derfor vera endringar, men truleg ikkje vesentlege.
Merknad: Illustrasjonane merkte  (Opphav ukjent), er slike eg har teke vare på frå tida som antropologistudent i Paraguay. Dei er publiserte i bøker om forskjellege emne i Paraguay, og eg har brukt dei i oppgåver eg ikkje lenger har.

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller nytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren