Biletet på minneplata. Foto: IBJ.

Mayntzhusen og forfedrane til acheane i Puerto Barra.


Friedrich Christian Mayntzhusen vart fødd i Hamburg i 1873. Familien var rik, og han studerte både agronomi, filosofi og økonomi før han i 1896 sette kursen mot Sør-Amerika. Første åra budde han i Entre Rios, den delen av Argentina som ligg aust for elva Parana.

I 1904, eit par år etter at Martens hadde rømt landet på grunn av ”byllepesten”, fekk Mayntzhusen farsarven sin og kjøpte jord i Paraguay. Martens hogg i skogane nord for Pirapo. Elva var viktigaste ferdselsåra den gongen, og elveosane vart brukte som hamner. Frå desse hamnene gjekk det så vegar innover i landet, og langs vegen sette dei namn etter kor mange kilometer staden låg frå elva. Slik ville ”Pirapo 1” liggja 1 kilometer frå hamna, ”Pirapo 2”  2 kilometer, osv.

Mayntzhusen reiste til den andre elveosen nord for, eller ovanfor Pirapo, til elva Yaguarazapa. Staden hadde etter 1888 vore kalla ”Puerto Candelon”. Her grunnla han  ”Colonia Mayntzhusen”. Den totale eigedomen vart kalla “Tabay” og var på 43.682 hektar.[i] ”Tabay” er namnet på ein landsby som ligg 10-15 norske mil frå  elva! Frå 1907 skaut salet av jorda fart. Dei feste nybyggjarane var tyskarar. 

Det som gjer at eg inkluderer soga om Mayntzhusen her, er hans heilt spesielle relasjon til acheane i skogen sin. Den nye kolonien var stort sett skog. Når Martens skriv at dei gjekk nordover frå Pirapo til Monday, gjekk han gjennom den skogen Mayntzhusen kjøpte få år etterpå. Truleg stod treet acheen leita etter honning i, også i hans skog. 

Men Mayntzhusen hadde ei heilt anna innstilling til acheane enn folk flest. Han fekk venskapeleg kontakt med dei, og ein heil del slo seg ned som meir eller mindre fastbuande hjå han. Gjennom dei 10 første åra bygde han opp tillit og skaffa seg meir kunnskap om den sørlege flokken av achear enn nokon europear nokon gong har gjort.

Minneplata over Emma Mayntzhusen. Foto: IBJ.
Så kom 1.verdskrig. Mayntzhusen var reserveoffiser i den tyske hæren. Han reiste derfor heim til Tyskland og gjekk inn i militæret[ii]. Før han reiste gav han ein ven fullmakt til å ta vare på eigedomen og alt det andre han eigde. Kva og korleis ting hende, er uklart. Eine forklaringa er at denne venen sveik Mayntzhusen, og då han kom tilbake i 1919[iii], var alt tapt. Den andre forklaringa er at venen døydde og deretter gjekk verdiane tapt. 

Av acheane som hadde budd hjå Mayntzhusen, reiste ein del over til Argentina som landarbeidarar, fekk me fortalt. Andre hadde vendt tilbake til skogen. Berre ei lita gruppe kom tilbake til han. Sjølv gifte Mayntzhusen seg med ei achekvinne og  fekk ei jente, Sylvia[iv] Om dette var før eller etter 1.verdenskrig, veit eg ikkje. Kva tid achekona til Mayntzhusen døydde, veit eg heller ikkje. På minneplata Sylvia fekk sett opp, står ikkje årstal. Acheane i Puerto Barra ser på Sylvia og mora som ein del av folket sitt.. 

Ved minnestøtta over Mayntzhusenfamilien. Foto: B. Fostervold.
Uansett, - deltakinga i krigen hadde gjort Mayntshusen til ein fattig mann. Ei tid styrde han ein annan koloni, og elles dreiv han tømmerhogst slik Martensbrørne hadde gjort. Ikkje berre jorda vart røva frå han. Då området vart eigen kommune, vart også namnet Mayntzhusen vekke. Styresmaktene skifte ut namnet med namnet til ein kaptein i den paraguayiske hæren, Julio Zacarias Meza. Derfor heiter det Capitan Meza i dag.

I 1947 vende så Mayntzhusen tilbake der han ein gong hadde vore stor jordeigar. Han fekk seg ei lita hytte nokre hundre meter oppover ved elva Yaguarazapa. Eit bambuskratt var det einaste som viste kvar huset hadde vore då Bjarne Fostervold, acheane og eg var der i 2007[v]. Frå huset hadde han sett ned på elva som rann fordi. I skogkanten stod nokre appelsintre att. Apene hadde hatt fest på dei, kunne me sjå. Elles var ingen spor att. 

Her, der bambusen no veks, levde han 1947-49.  Foto: IBJ.
Då Mayntshusen døydde 8. april 1949, hadde han berre ei seng,  eit bord, ein stol, bøkene og papira sine og nokre personlege småting, fortalde han som viste oss staden.
Utsyn  Maynzhusen hadde sine siste leveår. Foto: IBJ.
Mayntzhusen skreiv rundt 1910 ei bok om acheane og språket deira på tysk. Eit manuskript sende han til eit museum i Bern. Det vart visst nok utgjeve lenge etter hans død. Han hadde ei uferdig bok liggjande i 1949. Det meste av tinga han samla inn, vart gjeve til historisk museum i Misiones, Argentina. Der og er utgjeve noko av det han skreiv. Papir og ein del anna etter faren overleverte Sylvia til Ronaldo Eno Dietze Junghans, ein senatsmedlem frå Capitan Meza. Han skreiv boka ”Vida y obra de Friedrich Christian Mayntzhusen, 1873-1949, fundador de Capitán Meza”.[vi]

Acheane i Puerto Barra  har ein del kulturelle ting drag andre acheane ikkje har. Språket er nokså forskjelleg, og  dei kjende til ting som elles var ukjende[vii]
Biletet av achear. Frå Forfattarsamlinga til Merco Sur.
I 2011 var det ein samling av forfattarar i Merco Sur[viii]  i Encarnacion, og historikaren Karina Dohmann (frå Misiones, Argentina) snakka om Mayntzhusen[ix]. Biletet som vart publisert i samband med dette, har eg teke med her.
Desse indianarane ser ikkje ut som achear, men som chaco-indianarar, og kanskje med god grunn.  Ei kjelde eg ikkje har meir opplysningar om no[x], fortalde fylgjande soge:
Under eit opprør av ein stamme i Chaco, rømde ein del menn nedover elva med båt for å sleppa unna straff. Desse reiste oppover elva Parana, fekk kontakt med achear og slo seg ned mellom dei i skogen. Dei tok seg achekvinner og fekk barn med dei. Desse mennene lærde acheane ting dei ikkje visst om tidlegare: t.d. bruk av lanse, litt jordbruk og å laga ting av leir”.

Martens skriv at acheane hadde ”krukker av leir”. Dei som han teikna i boka si, synest og å vera det. Eg spurde acheane i Puerto Barra om desse 3 tinga:  

1: Lanse.   Den var kjend av fleire, og ein av dei sa han kunne laga ein til meg. Men kvar kunnskapen kom frå, visste han ikkje.
2: Å planta mais.    Då dei kom ut or skogen, var det snakk om nokre som kjende til planting av mais, men dei praktiserte det ikkje.
 Martens si teikning i boka si om jakt indianarane.
3: Å laga krukker av leir.    Det vart fortalt at det hadde vore folk som kunne laga leirkrukker, men ingen som då levde, kunne det. Derimot lagar dei no krukker på tradisjonell vis, dvs. fletta av tunne bambusfibrar og smurde inn med ei blanding av oske og bivoks. Desse kan ikkje knusast, og får dei harde slag, kan dei lett reparerast. 

Sjølv om dette kan tyda på at soga er sann, kan forklaringa vera ei heilt anna. Til dømes har ein del achear har vore fanga og levd lengre eller kortare tid utanfor skogen, før dei greidde å røma. Kva kunnskap hadde dei med seg tilbake til folket sitt? Og kva sat att av kunnskap i flokken Mayntzhusen samla rundt seg før han reiste i krigen?
Inge Bjørnevoll.




[i] 11 av kommunane i Noreg er mindre!  For nokre år sidan, under all uroa med såkalla ”jordlause” som gjekk inn på store  eigedomar og tok seg til rette, kom spørsmålet med Mayntzhusen si jord opp. I avisene i Paraguay vart det skrive at INDERT (staten sitt avdeling som har med jord, skøyte m.m. å gjera), skulle gjera ei opp måling av jorda Mayntzhusen hadde kjøpt. I denne samanheng vart det skrive om 106 000 hektar, og også 162.000 hektar!  Dotra, Sylvia, vart omtalt som ”einearving”  i denne samanheng.  Dette siste frå http://www.ugp.org.py/index.php?option=com_content&view=article&id=168:estan-detras-de-las-tierras&catid=6:comunicados2&Itemid=13 (22.02.2013).  Dei tala eg brukar i teksten er frå lokalkjende folk i Capitan Meza, så dei er nok dei rette.
[ii] Der er kjelder som sa han melde seg som frivillig. Personleg informasjon frå folk i Capitan Meza, er at han som reserveoffiser var nøydd til det.
[iii] Andre seier at han kom tilbake i 1920.
ivDette skal ha vore hans andre ekteskap, er det sagt. Opplysningar om det første ekteskapet og eventuelle born, har eg ikkje informasjon om. Mayntzhusenslekta er stor både i Tyskland og Danmark, og i Capitan Meza fortalde dei at fleire gonger hadde der vore slektningar frå Europa på vitjing hjå Sylvia.
[iv] Dette skal ha vore hans andre ekteskap, er det sagt. Opplysningar om det første ekteskapet og eventuelle born, har eg ikkje informasjon om. Mayntzhusenslekta er stor både i Tyskland og Danmark, og i Capitan Meza fortalde dei at fleire gonger hadde der vore slektningar frå Europa på vitjing hjå Sylvia.
[v] Då ei gruppe achear frå Puerto Barra vitja henne i juni 2007 saman med Bjarne Fostervold og underskrivne, hadde ho hus på skråninga ned mot Rio Parana. Ho hadde vore sjuk og var nett då hjå nokre vener i kommunesenteret Capitan Meza som har vokse fram på hovudvegen mellom Encarnacion og Ciudad del Este.  Kona og eg ville vitja henne i Oktober 2010, men då stod huset tomt. På grunn av all uroa om jorda til faren, var ho redd og hadde flytt, - først til byen Ayolas, og deretter til Pilar i Ñeembucu. Så langt grannane visste var helsa dårleg, men ho var i live.
[vi] Boka kom ut i 2007 i Paraguay.
[vi] I denne søramerikanske organisasjonen var dei Argentina, Brasil og Paraguay med. No er dei fleire land.
X Då eg slutta som misjonær i Paraguay i 2009, overlet eg antropologibøkene mine  m.m. til Det Evangeliske Universitetet i Asuncion. Eg tenkte då at antropologi og tilknyting til indianarane skulle verta ein periode eg la bak meg då eg vart pensjonist, men så enkelt var det ikkje! Om permane med notatar endå eksiseter, veit eg ikkje. No skriv eg etter  munnlege overleveringar slik eg har dei i minnet. Namn på ein del personar og ein del referansar, kan eg av denne grunn ikkje oppgjeva.
Xi Dei andre gruppene er: ) Ache Gatu, 2) Ache Pura, 3) Ache Ua. (Denne siste flokken er det som nokre kjelder  refererer til som kanibalar).







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar