søndag 14. april 2024

 Finst det eit åndeleg «Lala-land» ?

I bloggen for sist søndag tok eg føre meg Ayelet Shakeds utsagn om at me norske – og for den del heile Europa, lever i «Lala-land». Me i Noreg har ikkje terroristar rundt oss på alle kantar, slik Israel har. For oss er terrorangrep noko sjelden og rart. For Israel er det ein del av dagleglivet. 

 Utsyn frå gamle Jaffa mot Tel Aviv
Etter eg skreiv den bloggen har eg tenkt mykje på det eg skriv i overskrifta i dag. Du som har fylgt bloggen min ei tid, veit at eg vert meir og meir oppteken med Israel og jødane etter som åra går. Ikkje fordi eg har noko personleg relasjon til jødar, - det skulle eg gjerne hatt. Men det er fordi Han som er min Gud, er den same som Bibelen kallar Abrahams, Isaks og Jakobs eller Israels Gud. I tillegg sa Han som forandra livet mitt og gav det innhald, at «frelsa kjem frå jødane». (i)

Definisjonane eg tok fram i bloggen sist, sa at å leva i «lala-land» er å leva i ei verd som ikkje samsvarar ned realiteten i denne verda. Med andre ord i ei verd der me førestiller oss ting som ikkje er sanne og ekte. Spørsmålet som har arbeidt i meg er heilt enkelt: Finst det eit religiøst sett også eit «Lala-land», dvs. eit åndeleg «kosmos» som ikkje samsvarar med Guds plan for oss menneskje?

Er mi kristne tru og det eg står for, så grunnfesta i Guds Ord at det samsvarar med det Guds plan for meg og verda eg er fødd inn i? Og, Noreg er rekna med i den «kristne» del av verda, samstemmer politikken vår med det ein kan venta av ein gammal, «kristen» nasjon? (ii)

Noreg - Israel

Alle som vil vita det, veit at landet vårt, frå å vera eit av dei landa som trufast støtta Israel, no vert rekna mellom Israels fiendar. Med vår sitjande sosialistiske Arbeidarparti-Senterpartiregjering, vert me både i Israel og andre land kalla for «det mest antisemittiske landet i Europa». Dette kan me takka våre siste utanriksministrar og statsministeren for. Slik er situasjonen på den politiske arenaen.

Frå stranda i Askelon
Kva med kyrkja?

Som du kanskje har sett, er eg ikkje jøde og heller ikkje høyrer eg til den offisielle kyrkja som landet vårt vedkjende seg i 1814. Eg veit derfor lite om Den norske kyrkja si haldning gjennom åra, i alle fall på høgare og administrativt nivå. Den lågkyrkjelege og bedehusfungerande delen slik eg kjenner det, har derimot vore positive til Israel og det Bibelen seier og lærer om det folket.

Då eg for mange år sidan kom til Israel, hadde «Kirkenes Verdensråd» ein norsk generalsekretær.(iii) Det var trist å oppleva at jødane eg møtte, rekna han for antisemitt og fiende av Israel. Seinare, då han vart leiar for Den norske kyrkja her til lands, har dette inntrykket bite seg fast også hjå meg.

I dag ser det ut til at Den norske kyrkja offisielt har – på lik linje med mange som brukar kristennamnet, lagt seg på ein kurs der det er viktigare å vera politisk korrekte enn bibelsk korrekte. Med det meinar eg å tru Guds Ord som det står, og leva etter det.

Kva med Gaza?

Israel sin FN-ambassadør, Gilad Erdan, sa i ein av talane sine i FN for litt sidan: «For Israel er kvart liv som går tapt, ein tragedie, men for Hamas er drepne sivile ein del av strategien» (iv)

Som det går fram i både skrift og tale, er dei bibelske sanningane om at Gud gav Abrahams etterkomarar eit land frå midt oppe i Libanon til «Egyptens elv», (v) no forkasta og avleggs. Kyrkja og mange som kallar seg kristne, støttar «Palestinarane» og vert med det Hamas sine offisielle og uoffisielle tilhengjarar. (vi)

Broskyre frå ein organisasjon som hjelper jødar å gjera aliyah
Kva seier Guds Ord?

Gjennom profeten Esekiel seier Gud sjølv: 

«Difor skal du seia til Israels hus: Så seier Herren Herren: Ikkje for dykkar skuld, Israels hus, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, det som de har vanhelga mellom dei folka som de er komne til. 

23 Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanhelga mellom folka, det som de har vanhelga hjå dei. Og folka skal kjenna at eg er Herren, seier Herren Herren, når eg helgar meg på dykk for augo på dei. 

24 Eg vil henta dykk frå folka og samla dykk frå alle landa, og eg vil la dykk koma til dykkar eige land.» (Esek. 36, 22-24).

Kan det seiast klårare at det er Guds absolutte vilje at jødane skal ha dette landet, og at då det vart fødd den mai-dagen i 1948, så var Gud sjølv med i det som skjedde? Og den som les at jødane skal gjera aliyah og venda tilbake til «sitt eige land», må erkjenna at både Oslo-avtalen og tanken om ein palestinsk stat i det landet Gud gav dei, kjem under Guds dom.

Den norske Kyrkja på linje med tusenvis lutherske og ikkje-lutherske kristne ber Bibelens viktigaste bøn. Eg prøver å be ho kvar einaste dag. Jesus starta bøna slik:

«Han sa då til dei: Når de bed, skal de seia: Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda, som i himmelen, så òg på jorda.» (Luk 11,2)

Kan dette vera eit bevis på at me kristne lever i eit åndeleg «Lala-land»?

-------------------------------
(i) Joh. 4, 22 siste del av verset.
(ii) Eg har i tidlegare bloggar vore inne på endringa av Grunnloven der utgangspunktet vart at Noreg var eit kristent land som høyrde heime i den «evangelisk-lutterske religion» (17.05.1814). 21.05.12 vart dette endra til «Værdigrunnlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv. Denne Grundlov skal sikre Demokratiet, Retsstaten og Menneskerettigheterne». (Frå m.a. https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2012-06-15-522).
(iii) Olav Fykse Tveit var generalsekretær i Kirkenes Verdensråd frå 2009-2020.
(iv) Mi omsetjing av: «For Israel every loss of life is a tragedy, yet for Hamas, every civilian death is a strategy».
(v) Dette namnet var brukt i eldre omsetjingar.
(vi) Gallupar viser at 75 % av palestinarane støtta det Hamas gjorde i Israel 07.10.23!

Merknad: Bibelsitata kjem frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne  bloggen utan skriftleg løyve frå meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar