torsdag 26. februar 2015

Keisar Vilhelm i «Jødeland».



At Keisar Vilhelm var ofte i Noreg, er vel dei fleste nordmenn kjende med. For ikkje lenge sidan feira me hundreårsjubileet for «Fridtjov den Frøkne» på Vangsnes. Samstundes vart den tyske ambassadøren motteken med heider og ære i Bodø og la ned krans på ein bauta keisaren fekk reist der. Jau, minna etter keisaren, er mange. Det vert sagt han var ein stor Noregsvenn, noko han viste med sine nesten årvisse turar til landet vårt.
Frå no.wikipedia.org


23 januar 1904 brann Ålesund. Eit døger etter var tre skip med dokterar, medisinar, mat, ullteppe m.m. på veg for å hjelpa folket der. Keisaren vert derfor heiderleg omtalt der oppe  i «Jugend-byen», og berre 4 dagar etter brannen starta, fekk keisaren Storkorset av St. Olavs Orden, som «belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten». [i]

Same året som han gjorde si første reise til Noreg, gjesta Keisar Wilhelm II Jødeland. Landet var då ein del av det osmanske riket. Vitjinga hans vert framleis omtalt der nede, men keisaren har ikkje den same glorien der som hjå oss.

 Ein av dei viktigaste portane inn i Jerusalem, er Jaffaporten.  Den er spesiell. Medan alle dei andre portane inn i Jerusalem går beint fram, er  går denne i vinkel på muren, i ein liten tverrvegg. Folk måtte derfor bøya av langs veggen for å få koma inn. Det vil seia, før keisar Vilhelm kom.

På ved inn opningen  i muren ved Jaffaporten.
For jødane har portane i Jerusalem alltid vore viktige møtepunkt for kjøp og sal, for rettslege avgjerder og avgjerande for  forsvaret av byen. Plassen framfor Jaffaporten vert framleis rekna som sentrum i byen og landet. Kilometer 0. Herifrå vert alle avstandar i Israel utrekna.

Gammal lov sa at ingen framand herskar hadde lov å ri inn i Jerusalem. Dei skulle gå til fots. Men det passa ikkje den store keisaren frå Europa. Han skulle ikkje vera nøydd å stiga av hesten og gå på sine bein inn i byen. Dei som då styrde Jerusalem fekk dermed eit problem. Resultatet?  Dei reiv eit stykke av den fleire tusenår gamle muren! Så fekk keisaren ri på sin stolte hest, og dei politiske herrane sola seg i glansen av  storbesøk frå Europa! 

Frå israel-tourguide.info
Far til keisar Vilhelm den II, Fredrik Vilhelm, hadde kjøpt ein tomt inne i Jerusalem og sett i gang bygginga av ei tysk kyrkje der. Same Fredrik Vilhelm hadde kjøpt Vang stavkyrkje på auksjon her heime. “Byggesettet” vart frakta til Berlin, men i 1844 ført opp i Brückenberg, - no Karpacz i Polen. Derfor står Noregs 29. stavkyrkje utanfor Noreg sine grenser!

Sonen, keisar Vilhelm den II, reiste til Jerusalem for å innvia kyrkja faren hadde fått bygt. Det gjorde han på sjølve «Dagen for Reformasjonen», 31. oktober. Kyrkja er i dag kjend som “Lutheran Church of the Redeemer”.  

Kva jødane der nede meinte omrivinga av muren, spelte ingen rolle. Det var «storpolitikken» som rådde, - i 1898 som no. Men for jødane som var fødde i landet, og dei som kom flyttande seinare, var og er rivinga ei ugjerning.

Ein av dei heimvende jødane var Charles Nettes, fødd i Strasbourg og inmigrert til Jødeland frå Paris.   Han oppretta «Alliance Israélite Universelle» i 1860. I 1870 fekk han 6500 mål sumpland ikkje langt frå Tel Aviv. Sultanen i Konstantinopel rådde då over landet, og han gav han det som var dårlegast. Charles ville starta ein jordbruksskule for dei jødane som frå gammalt hadde budd i landet, og for dei som etter kvart flytte heim. Han kalla skulen Mitwa Yisrael.
Minneplata over fredsprisen.

Første året hadde han ein einaste elev, og lærar og elev budde saman i ei berghole på eigedomen! Dei jødiske leiarane i landet hadde ikkje tru på arbeidet hans og rådde ungdomane frå, men Nettes ville ikkje gjeva opp.
I dei siste tiåra av 1800 føregjekk den første store «aliyah».[ii] Skulen fekk dermed meir elevar, vaks og fekk ein sentral plass i utviklinga av landet. Under frigjeringskrigen i 1948 var studentane soldatar samstundes som dei på verkstaden til skulen laga og reparerte våpen.  

I 1968 vart arbeidet Charles Netter starta, «Alliance Israélite Universelle», heidra med Nobels Fredspris. Ei minneplata på skuleveggen fortel dette! 
 
Me fekk god innføring i Keisar Vilhelm den II si vitjing. Ved inngangen til eigedomen står ein ryttarstatue til minne om då keisaren kom til  Mitwa Yisrael. Som han ikkje ville gå av hesten ved Jaffaporten, sit han også her høgt på sin hest. 

Mannen keisaren møtte her den 28. oktober 1898, var ikkje Charles Netter. Han hadde døydd av malaria i 1882. Den som stod med tropehjelmen i handa og tok mot den mektige keisaren, var Theodor Zeev Herzl, juristen som grunnla den moderne sionistiske rørsla.  Han var på si første og einaste vitjing på Mitwa Yisrael då keisaren kom.
 
Theodor Zeev Herzl møter keisaren.
Den kunstneriske framstillinga av møtet.
Men Herzl hadde lite syn for den ære og stas keisaren omgav seg med. Det imponerte han ikkje. Han stod midt i ei tid der slit, strev og blod la grunnlaget for hans og tusenvis andre jødar sin store draum: Eit jødisk heimland.  Eit land som skulle oppstå på nytt, trass storpolitisk spel og motstand. Landet Gud gav Abraham og hans etterkomarar. 
Kunstnaren som laga statuen, ynskte å visa dette  gjennom kunsten sin.  Han forma Herzl med tropehjelmen i handa der han står framfor keisaren til hest. Ein Herzl som ser gjennom og forbi dei storpolitiske spelet som tok seg til rette i det landet Gud hadde gjeve jødane. Derfor delte kunstnaren keisaren og hesten på midten, slik atå Herzl fekk fritt utsyn mot den framtida som leiarane i verda  ikkje var villige å gjeva dei. 

Og framleis må dei som ynskjer å leva og bu i det landet Gud gav fedrane deira, sjå "gjennom" alle storpolitiske utspel, enten dei heiter "Oslo-avtalen" eller andre storpolitisk riktige titlar.

Vangsnes, 20.februar 2015. Inge Bjørnevoll.

------------------
 
Merk: Alle bilete der ikkje anna kjelde er oppgjeve, er tekne av underteikna.

Bruk av dette materialet uten skriftleg løyve frå forfattaren, er forbudt.




(Merk: I http://no.wikipedia.org/wiki/Vilhelm_II_av_Tyskland, står at han fekk medaljen i 1888. Det er truleg feil).
[ii] Uttrykket tyder eigentleg «oppstigning», og er det jødiske uttrykket for jødar som «vender heim»