søndag 29. januar 2023

 Ord og samspel

For ei tid tilbake eg vart sitjande i lag med ein ukjend mann. Me var på møte på Frelsesarmeen, og då veit du at etterpå var det avsett tid til kaker, kaffi og godprat.

- Kor gammal er du, spurde han etter at me hadde pratt ei stund.

- Det går mot nitti, svarde eg og gøymde meg bak kaffikoppen. Sjølvsagt var det berre gap, eller ein «blødme» som dei seier på fint. Eg vona å få fram litt lått, eller i alle fall eit smil. Eg fekk berre mitt eige.

- Nei, det der trur eg ikkje, kom det tvilande frå andre sida av bordet. Eg, tosken, prøvde meg med litt tilleggsopplysningar, slike du veit me må skriva inn på alle skjema til det offentlege.

- Det starta den dagen eg vart fødd, sa eg, tok eit kakestykke til og trudde at i alle fall no skulle eg få den reaksjonen eg håpte på. Men forgjeves. Etterpå kom ikkje praten i gang att, og hadde me ikkje hatt nokre blide og pratsomme damer ved bordet, hadde det vorte ei lang kaffiøkt. Stakka

Og eg gjekk heim og var ein tapar. 

Kvifor? Jau, fordi ingen ville spela på lag med meg og vera med på leiken. For det å spela på lag, er viktig, både i fotball og elles. Tenk på det neste gong du ser «Dagsnytt 18». Ser ikkje du og at dei set der og sender «ball» til kvarandre? Spørsmål og svar flyg att og fram, og dommaren – «omforlatels» (som Stomperud 91 seier det), - programleiaren sjølvsagt, prøver å halda styr på leiken. Målet er setja lys på eitt eller anna i samfunnsdebatten, og å få fram kulturradikalarane og venstresida sine synspunkt. 

Me går sjelden åleine gjennom livet
Verbal lagidrett

Noko av det første eg lærde på journalistkurset, var å tenkja «nærleik i tid og rom». Det samsvarar med slagorda i daglegvarehandelen: «Ferskvare» er nærleik i tid, og «Nærkjøpt» geografisk. «Dagsnytt» er meir interessant enn det som hende i fjor, og lokalnytt viktigare enn det frå Langtvekkistan. 

Forklaringa er enkel: Me er alle sentrum av vårt eige verdsbilete og i vår eiga «verd». Derifrå breier interessa seg utover som ringar i vatnet, - gjennom tid og rom. Størst og sterkast i sentrum, mindre og veikare dess lenger vekk me kjem.

Sjølv ein eldring som eg er stadig oppteken med å syga til meg «siste nytt». Har eg ikkje anna å gjera, er det telefonen eller eit anna medium.  (Men eg held meg unna fjesboka og  liknande tvitring og kvitring. Slikt har eg ikkje tid til!)

I kovidåra, då me held smitteavstand til andre menneske, vart media rekna som «ikkje smitteberande». Resultatet vart heimekontor, og flytting frå papirmedia til internett og web. Det skulle halda oss smittefrie.

Men sanninga, ser du! 

Heilt frå eg var liten har eg likt «.., ser-du!». Ein av grannane heime sa støtt «sér’u», men slengen på orda får eg ikkje fram i skrift. Han eg tenkjer på, sputta skrå og avslutta med «sér’u» kvar gong han sa noko viktig!  Og det prøver eg med på no:

Pass opp for mediavirus!

Dette er virus som smittar over internett, og som Malwarebyte ikkje vernar mot. Her er to av dei som Web-en bokstaveleg talt nys ut over konsumentane:

1. Influensarvirusvirus

Eit eg mest har lese om, er influensarvirusvirus. Dette smittar sjeldan eldringar som meg, men derimot dei som i gamle dagar heitte «den oppveksande slekt». 

Viruset skal mutera like fort som kovid-viruset, og breier seg vilt. Verda over. Sjølve smitten er delvis gøymd og delvis synleg reklame for ting konsumentane «må ha».  Det er klede som er «in», sminker, estetisk kirurgi for å vera «kul» og «sinnsjukt tøff», og så vidare. Dei som spreier denne influensarinfluensaen, vert betalte etter kor mange «fylgjarar» dei har. Bakmennene og – kvinnene - tener betalinga inn att ved auka sal av varer og tenester.

Ein stakkar kan aldeles ta til tårene...

Ikkje det at eg bur i denne gata. Eg fortel det eg har høyrt av andre. Informasjonen finst i «media». «Lyg dei, så lyg eg», sa han far når det var noko han ikkje kunne «kavera» for. Slik med meg og, serdu.

2. Persontilpassa-reklame-viruset

Ein eller annan stad ute i det ukjende finst nokon som veit meir om meg enn eg vil dei skal vita. Byungane, den gongen dei kom «på landet» i sommarferien, lærde oss småstrilane ordtaket: «Sladrehank, du skal få bank». Det burde gjelda for internett og! Høyr berre her:

I fjor hadde eg ei stor og dyr tannvøla. (Au!) Etter det får eg stadig reklame for tenner på stift! Og eg som trudde det berre var tannlegen som fekk innsyn kvar gong eg gapte? Han har vel ikkje fortalt nokon at eg ynskjer meg eit par «molares» skrudd i kjakebeinet? 

I min alder, - eg er på veg mot nitti, hugsar du, får eg stadig reklame for medisin mot vasslating om natta. Sidan kona døydde på vårparten i fjor, rekna eg med at ingen visste om uvanen. Det plagar i alle fall ingen andre enn meg sjølv! Kven har sladra?

Viruset går heller ikkje berre etter alder og «sannsynlige svakheter» (inkludert viagra med eller utan resept). Det angrip på alle område. Eg vølte litt på huset i fjor. Skifte nokre kledningsbord mellom anna. Etterpå dukka det opp reklame for bygningsfirma og bygningsartiklar! «Du vet ikkje hvor billig det er….». 

Kven der ute i den store vide verda veit alt dette om meg? Og korleis kan denne reklamen koma frå firma i mitt relative nærområde?

Om eg les «Jerusalem Post» frå Israel eller «ABC-color» frå Paraguay, spelar ingen rolle. Viruset dukkar opp som uunngåeleg dråpesmitte, alltid klar til å influensra meg.

«Jerusalem Post» er på engelsk og «ABC color» på spansk, men reklamen er på norsk. Er ikkje det rart?

Mediavirusvirusvaksine ?

Eg har fått eitt råd for å unngå smitten: «Kutt ut Web-en!»  Det høyrest logisk ut, men det er for drastisk i mitt tilfelle. Det er som å seia: Du kan lett sikra deg mot luftboren smitte: Slutt å pust! 

Kva kan ein stakkar seia til slikt?


---------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!




søndag 22. januar 2023

Ferskvare

Eit begrep som har dukka opp i nyare tid, er «Ferskvare». Ein del butikkar har «Ferskvaredisk», og då er det som å gå på butikken i gamle dagar. Der kan ein få kjøpa dei stykke og den mengden av kjøt og fisk som ein sjølv vil ha. Varene vert vegne og innpakka utan at det står «Best før:…» på pakken. Dermed har kjøparen sjølv ansvar for at ikkje maten vert skjemd. Han må brukast innan rimeleg tid, eller takast vare på med kjøling, frysing eller salting. Som i gamle dagar.

«Gamle dagar» var den gongen osten med oppskoren med kniv på disken, og kaffi og mjølvarer var fylt i papirposar og vegd, der og då. Plastposar hadde me ikkje høyrt om ein gong. Butikken hadde ei grøn og kvit vekt med eit merke som sa ho var lovleg til kjøp og sal. Sukker og mjøl vart først grov-fylt, så sett på vekta, og der vart siste resten strødd forsiktig nedi til pilen kom på rett plass.

Fiskekrokar til nokre øre fekk me i ein brun trekantpose. Og så kjøpte me skoft i sekk. Skoft var brød som Martens i Bergen ikkje hadde vorte kvitt, og som dei skar opp og heiv i ovnen på nytt til dei vart harde som kavringar. Dei var billige og heldt dei seg lenge. Ein sjeldan gong kunne me finna tebrødstenger i sekkene. Det var reine julekvelden for oss ungane.

Skoften bløytte me i kaffi, eller braut han i surmjølk og fekk litt strøsukker på toppen. Vart skoften for gammal, gjekk han til dyra.

Me kjøpte til vanleg ei «mork» kaffi, sukker, salt og sirup. Poteter og grønsaker, fisk og kjøt hadde me i kjellaren. Heimeproduserte bær og frukt vart hermetisert, sylta eller safta. Alt prekevert og stelt så me skulle ha mat vinteren over.

By eller land?

Det var me strilane som sa «prekevert». Finare folk sa ordet med «i» - "prikevert". Fint folk var dei frå Bydn, - Bergen altså. Dei snakte finare enn oss, og hadde «manerer». Internett, som serverer oss både det me vil og ikkje vil veta, er enig med meg, men har ikkje fått med seg strilevarianten «prekevert»!

Kjell Jensen er forfattaren. Saka vart publisert 15.11.2007 kl. 10.21, av NRK Vestland. (i)  Han skriv: «Dette ordet skrives på flere måter, og vi tar det gjerne for å være "ekte bergensk". Men ordet er i bruk flere steder - Ivar Aasen registrerte det særlig på Nordvest-landet da han reiste rundt i Norge på 1850-tallet og samlet ord til sin ordliste. Trolig er det kommet inn til landet via Bergen, som var en internasjonal havn i mange hundre år. Ordet kommer imidlertid fra latin "pre kavere", og det betyr å ta sine forholdsregler, forberede, sikre seg, ta vare på, utstyre seg, utruste osv. I dag brukes det lite.» 

Så gammal er vel teksten godt «prekevert» og ikkje «ferskvare» lenger?

Ferskvare eller handelstriks?

For min del har eg alltid tenkt at «ferskvare» høyrde saman med mat. Men så planla eg kjøp av nye vinterdekk. Sommardekka var så slitne at dei ikkje var lovlege ein sommar til. Eg plukka ut piggane – dei som var att, og vinterdekka vart resirkulert til sommardekk. Då held dei ein sommer eller to til. 

Slikt samsvarar med barnelærdommen min om «gudsfrykt med nøysomhet», veit du. I tillegg fylgde resirkuleringstrenden, trudde eg. Men då kom eg på skulebenken:

- Er du spinna galen? Veit du ikkje at at dekk er ferskvare?

- , sa eg, dum som eg var (og er). 

Deretter fekk eg ei grundig innføring i at gummien stivnar, at dekk har årstal og ikkje må verta for gamle, at gummiblandinga i vinterdekk gjer dei fårlege på sommarføre, og så vidare. I tillegg var det sikkert ikkje lovleg det eg gjorde! Eg kunne få mulkt, eller i alle fall påtale, om eg hamna i ein kontroll.

Tvilar som eg var, gjekk eg til ein annan som eg har tillit til, og som har greie på lovar og reglar. 

«Tja. Der er nok noko i det», sa han. «Men det er ikkje ulovleg, og at det er så mykje fårlegare ved normal køyring, trur eg ikkje.» Tillegget kom litt seinare i samtalen: «Eg brukar å gjera det same sjølv!» 

Dermed gjorde eg som tenkt. Nye vinterdekk med pigg bestelte eg midt på sommaren, men fekk dei ikkje før prisen hadde stige både eitt og to hakk. Grunngjeving: Importvanskar og lang ventetid. Så, så «ferske» og dyre dekk har eg aldri hatt før. 

Ord frå og for ei ny tid

«Resirkulering», nett som «ferskvare», var ukjende ord då eg var liten. Barnelærdommen min har eg nett fortalt deg om, men slikt vart «snakka ned» heilt til «resirkulering» og naturvern kom på moten. Særleg dei venstrevridde og radikale som har drive ap med Guds ord så langt tilbake eg kan hugsa, utropar seg no til føregangsmenn og – kvinner og vil læra oss bibellesarar å ta vare på naturen!

Gud gav oss skaparverket og livet for at me skulle bruka det rett,  - til Hans ære. Derfor treng me korkje dommedagsprofetar i FN eller andre til å fortelja oss at ulydigheit mot Guds ord, fører ulukke over oss. Det står i «Storeboka», og er fastare enn fjell. Jesus sa det sjølv.

David, diktarkongen, sa det slik:  «Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, 5  kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneskebarn – at du tek deg av det? 6  Du sette han lite lågare enn Gud og krona han med herlegdom og ære. 7  Du sette han til herre over det dine hender har skapt, alt la du under hans føter: 8  småfe og storfe i samla flokk, dei ville dyra på marka, 9  fuglane under himmelen og fiskane i havet, alt som ferdast på havsens stigar. 10  Herre, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda!» (Sal 8:4-10). (ii)

Gud innsette oss menneskje til herrar over naturen og frie til ta han i bruk. Men med makt føl ansvar, også for verda me er sette inn i og er ein del av. Hadde «Gudsfrykt med nøysomhet» vore praktisert både av enkelt-menneskje og samfunn, hadde verda uten tvil sett anleis ut enn ho gjer i dag. 

Det er eg trygg på!

-----------

(i) https://www.nrk.no/vestland/prikkevere-1.4045003 Teke ned 31.12.2022.(

(ii) Sitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

----------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

søndag 15. januar 2023



 Best før…?

Alt me kjøper av mat og medisinar har «Best før:..» på emballasjen. 

Til og med eg har lært å sjå etter det når eg er i butikken.  Av og til finn eg ting med redusert pris på grunn av «Best før:…», og det kjøper eg gjerne. Særleg det eg kan bruka med ein gong, eller kan putta i frysaren til seinare. Brød kjøper eg berre daggammalt.

Meny sel «Gårsdagens brød» til ein fast pris, normalt rundt halvparten av det brødet kostar nytt. Så skjer eg brødet opp i butikken, og legg det i frysaren når eg kjem heim.

Me er berre to i huset til vanleg, og me et to skiver kvar til kvart måltid. Skivene går rett frå frysaren til brødristaren, og han serverer oss brød som smakar nysteikt!

Dei gamle brøda har ein stor fordel. Det er mykje fuktigheit i ferske brød, særleg når dei kjem frå bakeriet i plastposar. Når me frys ferske brød, frys skivene til ein kladd og går sund når me vil bryta laus ei og ei. Dei gamle brøda har tørka, og skivene går lett frå kvarandre uten at me treng tina alt på ein gong. 

«Smak og behag kan ikkje diskuterast», seiest det. Eg vil ikkje seia at denne metoden passar for alle, men til vårt bruk kunne brøda vore stempla: «Best dagen etter: …».

- Kosmetikk og kremmar er har same merkinga, sa barnebarn-jentene mine då me snakka om emnet. 

- Sikkert andre ting og, la dei til. Dei høyrer til en anna generasjon enn eg, - ein generasjon som kjøper holete, utslitne dongeribukser til blodpris, - og påstår at det er fint! 

- Det er «in» for tida, seier dei og prøver på å læra meg kva det betyr. (Dei er utruleg snille som vil «up-to-date-oppdatera» ein eldring på min alder, ikkje sant?) Det gjev eg dei ros for, men å forstå tankegangen? Vanskeleg.

Eg føretrekkjer å kalla meg «eldring». Det høyrest finare ut enn «gamling».  Onkelen min, han onkel Daniel, hadde vore enig med meg om han hadde levt. Høyr berre her:

Familien laga selskap på bursdagen hans, og ein gjest tok feil og helste han med orda:                             - Ja, i dag er du altså nitti år gammal! 

Svaret kom kontant frå godstolen: - Eg er ikkje gammal. Eg er berre ni og åtti!  

Altså, først etter nitti vert me gamle. Til dess er me eldre.

"Mode og mode fru Blom..."

Kven og kva overståande sitat refererer til, anar ikkje eg, men eg brukar det likevel. For meg er det ikkje stas å gå i holete og falma dongeribukser.  Den moden burde ikkje vera «in», men «ut»! Når ho mor ikkje kunne bøta eller lappa fint nok, vart det arbeidsklede til bruk i floren eller åkeren. Når me skulle på sjøen, hadde me haugamle og fillete dressjakkar for å halda kulden og vinden ute. Sydvest og regnfrakk var mot regn. 

Flytevesten som ungane har kjøpt og vil tvinga meg til å bruka, er gyldig berre ei viss tid. Dett eg uti, er det «Best før dato X». Eg tolkar det som «Verst etter dato X», så eg må skunda meg. «Best før…» varer ikkje ut sommaren 2023.

Folk hamna i vatnet då eg var liten og, men eg veit berre om to som drukna. Ein var for liten til å passa seg sjølv. Han gjekk på sjøen ein augneblink alle trudde han var trygt inne. Den andre gjekk gjennom isen, men han var vaksen.

Me som levde attmed elva, lærde å ha øks med når elveisen la seg om vinteren. Me hogg øksa i isen så hardt me kunne. Kom det vatn opp, var ikkje isen trygg, sa han far. Men det trongst mange hogg, særleg der vatnet rann ut og inn or hølane. Held frosten seg lenge nok, vart det derimot fritt fram for leik og arbeid. Me, som ikkje hadde hest, var hestar sjølve. Den islagde elva sparde oss for mykje, både slit og tid.

«Redningsvest» lærde eg å kjenna på fjordbåten. Det var store, klumpete korkbelte i tilfelle forlis. Det hende sjeldan, men det var ei hending dei snakka mykje om det første eg hugsar. Båten heitte «Masfjord». Han gjekk til området han var kalla opp etter, og kom frå «Bydn» i snjokavar og vind. Frå brua var det fyrlyktene dei styrde etter. I eit huset nær stranda i «Dusen» (me sa aldri «Duesund» slik det står på kartet), var eit sjukt menneskje, sa folk. Ho som stelte pasienten, hadde lys på med ho arbeidde. Det lyset såg dei om bord, og trudde det var fyret dei skimta gjennom snødrevet. Dermed bøygde båten av frå leia, og rett på land.

"Best før:..." kan brukast på mangt her i livet

«Masfjord» var bygd til å klatra opp på fjordisen og bryta han under seg. Det trongst mange stader vinters dag. Slik laga han veg innover så langt at folk kunne gå på isen etter varer og anna. Den kvelden trefte baugen eit skrått svaberg, og kleiv innover land slik han gjorde på isen. Smellen og støyten var kraftig, men båten seig innover til han stod bom fast. Nokre hoppa i sjøen og kom seg i land på den måten. Andre klatra visst ned frå baugen. Skremde og lettare skadde etter samanstøyten, kunne dei slå fast at ingen var omkomme. 

Dermed kom folk på alt dei i forvirringa ikkje hadde fått med seg. Ein hadde ei dyr klokke hengjande på ein spikar ved køya. Andre hadde pengar og varer. Kanskje det var råd å gå om bord att og henta dei? Så langt alle kunne sjå, stod båten heilt fast på berget. 

Ein prøvde. Det gjekk bra. Så klatra fleire etter. Men også den gongen var der eit «Best før:..». Ikkje stempla med dato og årstal, men i tabellen for flo og fjøra.  Stigande sjø letta båten. Trykket mot berget minka, og brått gleid båten bakover og vart vekke med alt og alle om bord. Kor mange som stod att, og kor mange som drukna, hugsar eg ikkje, men det var ikkje få. 

Forteljinga om «Masfjord-forliset», kom ofte med ei formaning om ikkje å verta for opphengt jordiske verdiar. Me måtte alltid hugsa at livet her nede er kort! Døden kan koma brått og uventa på oss alle.

Bibelens "Best før:.." og "Mykje betre etterpå:...."

Bibelen lærer oss at også i livet vårt, er eit «Best før:…»! Etterpå er det for seint å velja. På det punktet er «Storeboka» klår. Men den som har gjort valet «Best før:…», skal få oppleva verdens beste «Best etter». Det varer evig. Det er barnelærdommen min heimefrå og frå bedehuset…

Forkynnaren (i) presenterte sitt «Best før:…» slik: 

«Tenk på din skapar i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem, før dei åra kjem då du må seia: «Eg har inga glede av dei», 2  før sol og dagslys, måne og stjerner blir mørke og skyene kjem att etter regnet. 3  Då skjelv tenarane i huset, dei sterke mennene blir krokete. Kvinnene som mel på kverna, held opp, for dei har vorte så få; og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane. 4  Begge dørene mot gata blir stengde, og duren frå kverna blir døyvd. Ein står opp til fuglekvitter, men alle songens døtrer stilnar. 5  Då ottast ein for kvar bakke, og farar lurer på vegen. Mandeltreet blømer, grashoppa slepar seg fram, og kapersfrukta brest medan mennesket går til sin siste bustad; dei som skal gråta, er alt på gata. 6  Ja, tenk på din skapar før sølvsnora slitnar og gullskåla brest, før krukka går sund attmed kjelda og hjulet brotnar og fell i brønnen, 7  når støvet vender attende til jorda som det støvet det var, og ånda går til Gud, som gav henne». (Fork 12:1-7).

Eit så poetisk, men viktig «Best før», finn du ikkje i butikkhyllene…

------

(i) Du finn boka til Forkynnaren om lag midt i Det gamle testamentet. Her, som normalt, er bibelsitatet mitt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

---------------

Det er ikkje lov å bruka noko frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 8. januar 2023

Etterjulstankar

Så har nyåret vorte ei veke gammalt. Juletreet syng alt på siste verset, og englane på det kvir seg til dei skal ned i øskjene att. Det ser ut som dei niles på glanspapiret dei helt i hendene. Kanskje dei då kan få vera oppe litt lenger? 

To englar har treft ein nisse på snøskruter der oppe mellom greinene.  Glansengelen ser forskremd ut. Vil nissen køyra henne ned? Engledama ved sida av knyter hendene, knip munnen saman og ser på han så strengt ho kan. Meininga er klår: «Uuuuut!». Og eg er enig: Kva i all verda har ein nisse i juletreet å gjera? 

Syng englane i treet, skal tru? Det gjorde dei på Betlehemsmarkene. Det står i «Storeboka». Eg høyrer dei ikkje, - ikkje ein gong når eg har høyreapparata på. Tek eg dei av, - høyreapparata altså, overdøyver Tinitussen (NB: med to -ss-ar) alt. Eg skulle så  gjerne hivt ut både tussen og nissen! 

Kulene av gamlesorten speglar gråveret ute. Dei nyare berre heng der og gjer ingen ting. Glitterlekkjene innbiller seg at dei er strålar frå stjerna i toppen. Dei glitrar tusen gongen meir enn stjerna dei skal stråla ut ifrå. Ho er av plastikk og skin i lag med juletrelysa – dei gongane støpselet og stikkontakten finn kvarandre. 

Snjokrystallane glitrar uansett om straumen er på eller ikkje. Ikkje smeltar dei, og ikkje kan dei ta fyr slik bomullsnjoen me pynta med då eg var liten. Det var den gongen me hadde levande lys som berre brann «under tilsyn». No er ikkje brannfaren problemet. Straumprisen! 

Verda går framover, seiest det. Willock sa: «Nu går alt så meget bedre!», men det må stå for hans rekning. I alle fall: I dag strekkjer ikkje levande lys dei lange tungene sine etter halvtørka barnåler og bomullsnjo. Ingen nåler vert kosta opp under treet heller. Dei heng like grøne og frodige år etter år på strengane sine. Frisk skogsluft har me og. Fiks ferdig på boks. 

Me ber ikkje treet ut heller når me har kledd av det. Det skal på «tusselemmen». Det kalla me «mørkeloftet» i gamle dagar, den gongen folk i byane sleit med å kvitta seg med trea sine. Det stod i avisa. Me «på landet» laga tvorer av øvste greinringen. Det høyrde med, endå tvorene ikkje vart brukte i mi tid. Tvorer var berre nyttige så lenge grauten vart kokt i rundbotna gryte på grua. Den gongen var dei like viktige oppi gryta som resten av juletreet under. 

Peparkakebyen vår har eitt hus for kvar som feirde jul her i huset, men han har skranta. Seigemennene – damene og for den del, må ha gøymt seg i husa sine. Dei står i alle fall ikkje på plassane sine lenger. Men taksteinen held ut. Melisen klumheldt på «Nonstoppane» så ein skulle tru det gjalt livet. Han vil ikkje gjeva frå seg ei einaste kula, enten ho er gul eller blå!

Åra går - enten me vil det eller ikkje

I fjor vart me eitt år eldre. Om me får leva, vert endå eitt år lagt til i 2023. Slik er det berre. Når me er vekke, kjem nye og fyller tomrommet, slik me fylte plassen etter dei som levde før oss. Det er generasjonane sin gang. Frå Adams tid. 

Kong David sa det slik: «Ung har eg vore, no er eg gammal, aldri har eg sett ein rettferdig forlaten eller hans born be om brød. 26  Han er alltid miskunnsam og låner ut, hans born blir ei velsigning. 27  Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode, så skal du bu trygt for alltid.» (Sal 37:25-27). Visdomsord frå ein gammal mann. 

I Sogn, der eg budde før, sa folk: «Aori gaor». Underforstått ligg tanken om at som tida går, endrar ting seg i takt med den. Me rår ikkje, uansett. 

Kor mange har ikkje høyrt eller tenkt: «Det var mykje betre før?». «Før» var den gongen me kunne gå i banken og snakka med folk, betala rekningar og gå fornøgde heim att. No gjer bankane sitt beste for å ta frå oss den roa stempla og underkrivne papir eller bankbok gav. Den gongen stod eit levande menneskje klar for å hjelpa oss med det me ikkje greidde sjølve. Skjermen dei byr oss eldringar (er ikkje det finare enn «gamlingar»?) i dag, grin til oss og må vera oppfunnen for å drepa både gleda og tolmod! Du er vel enig? 

Nei vel? Då gjer eg som tanta mi. Ho vart 105 år og fekk i to år purring, automatisk frå ei datamaskin sjølvsagt, om å koma seg i barnehagen! Ho likte ikkje at eg let skjegget gro. Då såg eg så gammal ut! Ho snudde ansiktet mot veggen og ville ikkje høyra noko om at «alle går med skjegg no for tida»! Tindrande klår i tanken og med erfaring frå eit langt liv, visste ho både kva ho ville, og hadde mot til å visa det. 

Ho levde gongen me hadde pengar i setleboka, og posten kom kvar kveld måndag til fredag. Når det trongst, ringde me doktaren som kom og såg til oss i vår eiga seng. Det var bank i «Posten», og der samlast folk til båten eller rutebilen kom med dei gråbrune sekkjene med posthornstempel på. Ventetida var fylt av «dagsrevyen» med godt og gale rundt om frå gardane. Ofte mest gale, nett som «Dagsrevyen» i NRK, men og mykje lått og løye. 

Og julematen? Der eg vaks opp, var det meste heimelaga, sjølvgjort og velgjort. Poteter frå eigen åker, sjølvfiska eller nær-kjøpt fisk, og grønsaker. Tradisjonen julekvelden heime var «Austfjordbrosme», kvit i fisken og med tjukt, saftig «rø». Heimekinna, smelta smør og flatbrød høyrde til. Den fisken kjøpte me hjå han Sverre eller han August «på Myra» som sette liner. Sukker og salt, kaffi, mjøl og gjær hadde han Nils «på Butikken». Det var han som hadde postutdelinga og. 


Best før:...

Ingen ting «gjekk ut på dato». All mat vart teke vare på og brukt til smak og lukt vitna om noko anna. Når til dømes silda i stampen vart for gammal, harsk og gul i buken, gjekk ho til dyra. Det var «snacks» for dei! Saltsild resirkulert til mjølk og kjøt, - kan nokon gjera det betre i dag? 

«Best før» var det berre gamlingane som var opptekne med. Forteljingane deira starta starta gjerne med «Det var ein gong….», nett som i eventyret. 

Men me ungane trudde ikkje på dei. Me hadde ikkje betre vit.

Den gongen.

................ 
Bibelsitatet er som det plar vera hjå meg, frå Norsk Bibel, Nynorsk utgåve.

------------------------ 
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 1. januar 2023

 Godt nytt år 

Med desse orda ynskjer eg deg alt godt i 2023!  

Fjoråret sa me farvel med klokka tolv midnatt med fyrverkeri, rakettar og diverse anna som aust-asiatar brukte for å skremma vekk demonar og andre utyske. Kinesarane fann opp kruttet. Dei laga «kinaputtar» som skremde vetet av både folk og dyr.  Seinare vart smellbombene utvikla så dei fekk fargar og eldsprutande kuler oppe i lufta. Kanskje dei på den måten liknar drakane dei har i trua si?

På internett, der me finn alt det me ikkje veit, står det at dagen i dag vart kalla «festum novi annii». Namnet fekk han på kyrkjekalendaren, den kalendaren som startar fleire veker tidlegare, men som no fann opp ein ekstra fridag. Det vil seia når første januar ikkje er søndag som i år.

Ved sida av lysfesten i gammal tid, den som vart til julefeiringa i dag, var det vanleg å «skyta ut gamleåret». Det høyrde eg om då eg var liten, men det var ikkje skikk hjå oss. Det var farleg, særleg når spriten var ein del av feiringa, sa dei heime. Hagla og dynamitten var til nytte og skulle brukast  med ansvar. Far og mor meinte dessuten at slikt skyting var «vekk-kasta pengar» og ikkje noko å leika seg med. Sprit til medisinsk bruk, og sprengstoff til arbeid. 

Tid til ettertanke

Ein gammal tradisjon er å ha møte eller gudsteneste på nyttårsnatta. Som nyfrelst var det viktig å vera i bøn i midnatts-stunda. Då skulle me takka Gud for alt det gode Han hadde gjeve oss i året som var, og så be for land og folk, slekt og venner i året me gjekk inn i.

Heime var det langt til kyrkje, og der ikkje var noko midnattsgudsteneste. Det var i byane. Som nygifte, drog kona og eg ut ei vakker nyttårsnatt. Det var bitande kaldt med vakre snølandskap, og me ville møta nyåret heilt for oss sjølve. Det passa seg slik at me trefte han «Harald på Stykket», ringjaren. Han skulle i kyrkja og «ringja året inn», og me var velkomne med.

Så klatra me opp knirkande tropper i tårnet på kyrkja. Kaldt og trekkfullt var det, men dørane i tårnet skulle opnast så lyden kunne må lengst råd. Ringjaren heldt varmen med han «hang i tauet» for å halda klokka i rytmen dei minuttane ringinga skulle vara. Tårnet svaia i takt med den tunge klokka, og me lurde på om det kunne bryta saman! Det trong me ikkje tenkja på. Tårnet var bygd for å tola det, forsikra han. Den natta vart ei oppleving for livet.

Framsida i dagboka mi gjennom mange år

«I don’t know what my future holds, but I know the one who holds mi future»

Dette sitatet (i) vart eg kjend med for mange år sidan då me endå arbeidde i Paraguay.  Under sitatet stod: «From am. song». Orda beit seg fast, og eg skreiv dei i dagboka. Det har fylgt meg sidan. Dagboka for 2023 har den same framsida som eg laga for ein del år tilbake. Dotter mi og eg hadde vore på tur i verda sin nordlegaste bøkeskog.(ii) Biletet er derfrå. 

Lyset i bøkeskogen var heilt spesielt og så ulikt det i skogen elles. Det gav ei anleis turoppleving. Det vert sagt vikingane planta første bøkane der for å ha materiale til våpen og anna. Ikkje usannsynleg sidan me har ein kongsgard på ei øy ute i fjorden, og ein i fjordbotnen der Håkon den Gode vart hauglagd. 

Som lyset i bøkeskogen er heilt spesielt, så har den som kviler i Han som kjenner og styrer all framtid, eit spesielt lys over sjølv dei mørkaste dagane. Han sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.». (iii)

Liv som vandring

Eit av dei eldste bileta på menneskelivet, er at me er på vandring. Me er alltid på veg i tid og rom, - så lenge me lever. I tid med timar, dagar og år. I rom – det vil seia at verda i og utom oss, endrar seg og. Sjølv den som er «låst» i stolen eller senga, er ein del av ei verd i endring, utom kroppen og inni. Sjølv etter komunikasjonen med utanomverda er vekke, lever livet lenge.

Som liten hadde eg ein stor operasjon, og det gjekk svært lenge før dei fekk kontakt med meg etterpå. Men eg høyrde far og mor prata om eg ville overleva. Mor gret, og dei bad om at eg måtte få leva. Då eg «vakna», fekk eg ei teskei vatn kvar time, endå eg gret fordi eg var så tørst. Uten kasta eg opp. Framleis ber eg dette inni meg.

Kanskje derfor er det sitatet så viktig for meg?

Eg ynskjer deg det aller beste! 

Det er godt å vita seg trygg i armane til Han som veit alt, kan alt og har lagt alt til rette for oss også i 2023. Det er mitt ynskje for deg som les dette, og alle andre.

Guds velsignelse deg i dag, i år og all tid!

............................. 

(i) Sitatet vert nemnt i samband med fleire navn. Kanskje meg har det frå ein song av Ralph Abernathy, men der er og andre som har brukt same orda.  Eit liknande sitat finn me i Illiaden.

(ii) Den ligg på Vollom i Alver kommune.

(iii) Frå Joh. 8,12b i Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

---------------


Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.