søndag 15. januar 2023



 Best før…?

Alt me kjøper av mat og medisinar har «Best før:..» på emballasjen. 

Til og med eg har lært å sjå etter det når eg er i butikken.  Av og til finn eg ting med redusert pris på grunn av «Best før:…», og det kjøper eg gjerne. Særleg det eg kan bruka med ein gong, eller kan putta i frysaren til seinare. Brød kjøper eg berre daggammalt.

Meny sel «Gårsdagens brød» til ein fast pris, normalt rundt halvparten av det brødet kostar nytt. Så skjer eg brødet opp i butikken, og legg det i frysaren når eg kjem heim.

Me er berre to i huset til vanleg, og me et to skiver kvar til kvart måltid. Skivene går rett frå frysaren til brødristaren, og han serverer oss brød som smakar nysteikt!

Dei gamle brøda har ein stor fordel. Det er mykje fuktigheit i ferske brød, særleg når dei kjem frå bakeriet i plastposar. Når me frys ferske brød, frys skivene til ein kladd og går sund når me vil bryta laus ei og ei. Dei gamle brøda har tørka, og skivene går lett frå kvarandre uten at me treng tina alt på ein gong. 

«Smak og behag kan ikkje diskuterast», seiest det. Eg vil ikkje seia at denne metoden passar for alle, men til vårt bruk kunne brøda vore stempla: «Best dagen etter: …».

- Kosmetikk og kremmar er har same merkinga, sa barnebarn-jentene mine då me snakka om emnet. 

- Sikkert andre ting og, la dei til. Dei høyrer til en anna generasjon enn eg, - ein generasjon som kjøper holete, utslitne dongeribukser til blodpris, - og påstår at det er fint! 

- Det er «in» for tida, seier dei og prøver på å læra meg kva det betyr. (Dei er utruleg snille som vil «up-to-date-oppdatera» ein eldring på min alder, ikkje sant?) Det gjev eg dei ros for, men å forstå tankegangen? Vanskeleg.

Eg føretrekkjer å kalla meg «eldring». Det høyrest finare ut enn «gamling».  Onkelen min, han onkel Daniel, hadde vore enig med meg om han hadde levt. Høyr berre her:

Familien laga selskap på bursdagen hans, og ein gjest tok feil og helste han med orda:                             - Ja, i dag er du altså nitti år gammal! 

Svaret kom kontant frå godstolen: - Eg er ikkje gammal. Eg er berre ni og åtti!  

Altså, først etter nitti vert me gamle. Til dess er me eldre.

"Mode og mode fru Blom..."

Kven og kva overståande sitat refererer til, anar ikkje eg, men eg brukar det likevel. For meg er det ikkje stas å gå i holete og falma dongeribukser.  Den moden burde ikkje vera «in», men «ut»! Når ho mor ikkje kunne bøta eller lappa fint nok, vart det arbeidsklede til bruk i floren eller åkeren. Når me skulle på sjøen, hadde me haugamle og fillete dressjakkar for å halda kulden og vinden ute. Sydvest og regnfrakk var mot regn. 

Flytevesten som ungane har kjøpt og vil tvinga meg til å bruka, er gyldig berre ei viss tid. Dett eg uti, er det «Best før dato X». Eg tolkar det som «Verst etter dato X», så eg må skunda meg. «Best før…» varer ikkje ut sommaren 2023.

Folk hamna i vatnet då eg var liten og, men eg veit berre om to som drukna. Ein var for liten til å passa seg sjølv. Han gjekk på sjøen ein augneblink alle trudde han var trygt inne. Den andre gjekk gjennom isen, men han var vaksen.

Me som levde attmed elva, lærde å ha øks med når elveisen la seg om vinteren. Me hogg øksa i isen så hardt me kunne. Kom det vatn opp, var ikkje isen trygg, sa han far. Men det trongst mange hogg, særleg der vatnet rann ut og inn or hølane. Held frosten seg lenge nok, vart det derimot fritt fram for leik og arbeid. Me, som ikkje hadde hest, var hestar sjølve. Den islagde elva sparde oss for mykje, både slit og tid.

«Redningsvest» lærde eg å kjenna på fjordbåten. Det var store, klumpete korkbelte i tilfelle forlis. Det hende sjeldan, men det var ei hending dei snakka mykje om det første eg hugsar. Båten heitte «Masfjord». Han gjekk til området han var kalla opp etter, og kom frå «Bydn» i snjokavar og vind. Frå brua var det fyrlyktene dei styrde etter. I eit huset nær stranda i «Dusen» (me sa aldri «Duesund» slik det står på kartet), var eit sjukt menneskje, sa folk. Ho som stelte pasienten, hadde lys på med ho arbeidde. Det lyset såg dei om bord, og trudde det var fyret dei skimta gjennom snødrevet. Dermed bøygde båten av frå leia, og rett på land.

"Best før:..." kan brukast på mangt her i livet

«Masfjord» var bygd til å klatra opp på fjordisen og bryta han under seg. Det trongst mange stader vinters dag. Slik laga han veg innover så langt at folk kunne gå på isen etter varer og anna. Den kvelden trefte baugen eit skrått svaberg, og kleiv innover land slik han gjorde på isen. Smellen og støyten var kraftig, men båten seig innover til han stod bom fast. Nokre hoppa i sjøen og kom seg i land på den måten. Andre klatra visst ned frå baugen. Skremde og lettare skadde etter samanstøyten, kunne dei slå fast at ingen var omkomme. 

Dermed kom folk på alt dei i forvirringa ikkje hadde fått med seg. Ein hadde ei dyr klokke hengjande på ein spikar ved køya. Andre hadde pengar og varer. Kanskje det var råd å gå om bord att og henta dei? Så langt alle kunne sjå, stod båten heilt fast på berget. 

Ein prøvde. Det gjekk bra. Så klatra fleire etter. Men også den gongen var der eit «Best før:..». Ikkje stempla med dato og årstal, men i tabellen for flo og fjøra.  Stigande sjø letta båten. Trykket mot berget minka, og brått gleid båten bakover og vart vekke med alt og alle om bord. Kor mange som stod att, og kor mange som drukna, hugsar eg ikkje, men det var ikkje få. 

Forteljinga om «Masfjord-forliset», kom ofte med ei formaning om ikkje å verta for opphengt jordiske verdiar. Me måtte alltid hugsa at livet her nede er kort! Døden kan koma brått og uventa på oss alle.

Bibelens "Best før:.." og "Mykje betre etterpå:...."

Bibelen lærer oss at også i livet vårt, er eit «Best før:…»! Etterpå er det for seint å velja. På det punktet er «Storeboka» klår. Men den som har gjort valet «Best før:…», skal få oppleva verdens beste «Best etter». Det varer evig. Det er barnelærdommen min heimefrå og frå bedehuset…

Forkynnaren (i) presenterte sitt «Best før:…» slik: 

«Tenk på din skapar i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem, før dei åra kjem då du må seia: «Eg har inga glede av dei», 2  før sol og dagslys, måne og stjerner blir mørke og skyene kjem att etter regnet. 3  Då skjelv tenarane i huset, dei sterke mennene blir krokete. Kvinnene som mel på kverna, held opp, for dei har vorte så få; og det mørknar for jentene som ser ut gjennom gluggane. 4  Begge dørene mot gata blir stengde, og duren frå kverna blir døyvd. Ein står opp til fuglekvitter, men alle songens døtrer stilnar. 5  Då ottast ein for kvar bakke, og farar lurer på vegen. Mandeltreet blømer, grashoppa slepar seg fram, og kapersfrukta brest medan mennesket går til sin siste bustad; dei som skal gråta, er alt på gata. 6  Ja, tenk på din skapar før sølvsnora slitnar og gullskåla brest, før krukka går sund attmed kjelda og hjulet brotnar og fell i brønnen, 7  når støvet vender attende til jorda som det støvet det var, og ånda går til Gud, som gav henne». (Fork 12:1-7).

Eit så poetisk, men viktig «Best før», finn du ikkje i butikkhyllene…

------

(i) Du finn boka til Forkynnaren om lag midt i Det gamle testamentet. Her, som normalt, er bibelsitatet mitt frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.

---------------

Det er ikkje lov å bruka noko frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar