søndag 8. januar 2023

Etterjulstankar

Så har nyåret vorte ei veke gammalt. Juletreet syng alt på siste verset, og englane på det kvir seg til dei skal ned i øskjene att. Det ser ut som dei niles på glanspapiret dei helt i hendene. Kanskje dei då kan få vera oppe litt lenger? 

To englar har treft ein nisse på snøskruter der oppe mellom greinene.  Glansengelen ser forskremd ut. Vil nissen køyra henne ned? Engledama ved sida av knyter hendene, knip munnen saman og ser på han så strengt ho kan. Meininga er klår: «Uuuuut!». Og eg er enig: Kva i all verda har ein nisse i juletreet å gjera? 

Syng englane i treet, skal tru? Det gjorde dei på Betlehemsmarkene. Det står i «Storeboka». Eg høyrer dei ikkje, - ikkje ein gong når eg har høyreapparata på. Tek eg dei av, - høyreapparata altså, overdøyver Tinitussen (NB: med to -ss-ar) alt. Eg skulle så  gjerne hivt ut både tussen og nissen! 

Kulene av gamlesorten speglar gråveret ute. Dei nyare berre heng der og gjer ingen ting. Glitterlekkjene innbiller seg at dei er strålar frå stjerna i toppen. Dei glitrar tusen gongen meir enn stjerna dei skal stråla ut ifrå. Ho er av plastikk og skin i lag med juletrelysa – dei gongane støpselet og stikkontakten finn kvarandre. 

Snjokrystallane glitrar uansett om straumen er på eller ikkje. Ikkje smeltar dei, og ikkje kan dei ta fyr slik bomullsnjoen me pynta med då eg var liten. Det var den gongen me hadde levande lys som berre brann «under tilsyn». No er ikkje brannfaren problemet. Straumprisen! 

Verda går framover, seiest det. Willock sa: «Nu går alt så meget bedre!», men det må stå for hans rekning. I alle fall: I dag strekkjer ikkje levande lys dei lange tungene sine etter halvtørka barnåler og bomullsnjo. Ingen nåler vert kosta opp under treet heller. Dei heng like grøne og frodige år etter år på strengane sine. Frisk skogsluft har me og. Fiks ferdig på boks. 

Me ber ikkje treet ut heller når me har kledd av det. Det skal på «tusselemmen». Det kalla me «mørkeloftet» i gamle dagar, den gongen folk i byane sleit med å kvitta seg med trea sine. Det stod i avisa. Me «på landet» laga tvorer av øvste greinringen. Det høyrde med, endå tvorene ikkje vart brukte i mi tid. Tvorer var berre nyttige så lenge grauten vart kokt i rundbotna gryte på grua. Den gongen var dei like viktige oppi gryta som resten av juletreet under. 

Peparkakebyen vår har eitt hus for kvar som feirde jul her i huset, men han har skranta. Seigemennene – damene og for den del, må ha gøymt seg i husa sine. Dei står i alle fall ikkje på plassane sine lenger. Men taksteinen held ut. Melisen klumheldt på «Nonstoppane» så ein skulle tru det gjalt livet. Han vil ikkje gjeva frå seg ei einaste kula, enten ho er gul eller blå!

Åra går - enten me vil det eller ikkje

I fjor vart me eitt år eldre. Om me får leva, vert endå eitt år lagt til i 2023. Slik er det berre. Når me er vekke, kjem nye og fyller tomrommet, slik me fylte plassen etter dei som levde før oss. Det er generasjonane sin gang. Frå Adams tid. 

Kong David sa det slik: «Ung har eg vore, no er eg gammal, aldri har eg sett ein rettferdig forlaten eller hans born be om brød. 26  Han er alltid miskunnsam og låner ut, hans born blir ei velsigning. 27  Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode, så skal du bu trygt for alltid.» (Sal 37:25-27). Visdomsord frå ein gammal mann. 

I Sogn, der eg budde før, sa folk: «Aori gaor». Underforstått ligg tanken om at som tida går, endrar ting seg i takt med den. Me rår ikkje, uansett. 

Kor mange har ikkje høyrt eller tenkt: «Det var mykje betre før?». «Før» var den gongen me kunne gå i banken og snakka med folk, betala rekningar og gå fornøgde heim att. No gjer bankane sitt beste for å ta frå oss den roa stempla og underkrivne papir eller bankbok gav. Den gongen stod eit levande menneskje klar for å hjelpa oss med det me ikkje greidde sjølve. Skjermen dei byr oss eldringar (er ikkje det finare enn «gamlingar»?) i dag, grin til oss og må vera oppfunnen for å drepa både gleda og tolmod! Du er vel enig? 

Nei vel? Då gjer eg som tanta mi. Ho vart 105 år og fekk i to år purring, automatisk frå ei datamaskin sjølvsagt, om å koma seg i barnehagen! Ho likte ikkje at eg let skjegget gro. Då såg eg så gammal ut! Ho snudde ansiktet mot veggen og ville ikkje høyra noko om at «alle går med skjegg no for tida»! Tindrande klår i tanken og med erfaring frå eit langt liv, visste ho både kva ho ville, og hadde mot til å visa det. 

Ho levde gongen me hadde pengar i setleboka, og posten kom kvar kveld måndag til fredag. Når det trongst, ringde me doktaren som kom og såg til oss i vår eiga seng. Det var bank i «Posten», og der samlast folk til båten eller rutebilen kom med dei gråbrune sekkjene med posthornstempel på. Ventetida var fylt av «dagsrevyen» med godt og gale rundt om frå gardane. Ofte mest gale, nett som «Dagsrevyen» i NRK, men og mykje lått og løye. 

Og julematen? Der eg vaks opp, var det meste heimelaga, sjølvgjort og velgjort. Poteter frå eigen åker, sjølvfiska eller nær-kjøpt fisk, og grønsaker. Tradisjonen julekvelden heime var «Austfjordbrosme», kvit i fisken og med tjukt, saftig «rø». Heimekinna, smelta smør og flatbrød høyrde til. Den fisken kjøpte me hjå han Sverre eller han August «på Myra» som sette liner. Sukker og salt, kaffi, mjøl og gjær hadde han Nils «på Butikken». Det var han som hadde postutdelinga og. 


Best før:...

Ingen ting «gjekk ut på dato». All mat vart teke vare på og brukt til smak og lukt vitna om noko anna. Når til dømes silda i stampen vart for gammal, harsk og gul i buken, gjekk ho til dyra. Det var «snacks» for dei! Saltsild resirkulert til mjølk og kjøt, - kan nokon gjera det betre i dag? 

«Best før» var det berre gamlingane som var opptekne med. Forteljingane deira starta starta gjerne med «Det var ein gong….», nett som i eventyret. 

Men me ungane trudde ikkje på dei. Me hadde ikkje betre vit.

Den gongen.

................ 
Bibelsitatet er som det plar vera hjå meg, frå Norsk Bibel, Nynorsk utgåve.

------------------------ 
Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar