mandag 4. desember 2017


England

7. Angrar dei?


Tilbake til «The Balfour Declaration».  Mange engelskmenn ser ut til å angra på det balfourske vedtaket, og FN på at det vart teke med i FN sin «grunnlov». Men då dette er historiske vedtak, spelar den politiske angeren eller våre meiningar i dag ingen rolle.


Den anklagande peikefingeren var derimot synleg både her og der. Han var der i dei avisene eg las. Side opp og side ned, illustrerte med bilete av politikarar og filmstjerner som skal ha gjort ting dei skulle og burde angra på. Seksuelt sjølvsagt.  Menn i hovudrollen, noko som ikkje skulle undra nokon. Velkjende personar med mykje å missa både innan økonomi og status. Noko stod på trykk i norske aviser, men i England var det mykje verre. Særleg i «slarveaviser» som den venen min i Derby aldri kjøpte.


Biletet av desse syrgjande står i ein av katedralane eg vitja.

Eg trur mange av desse som er hengde ut på denne måten, angrar om det er sant det som stod der. Det skulle berre mangla. Den som vert uthengd slik, har grunn til å kjenna seg ille til mote. Særleg om det er sant.

Også «alminnelege menneskje» kan ha grunn til å angra, utan at avisene skal hengja dei ut til spott og spe. Eg angrar over ting eg har gjort, og kanskje endå meir over ting eg ikkje har gjort. Deprimerande, spør du meg. «Tenk om eg kunne fått gjort det om att», har eg tenkt meir enn ein gong. Noko eg ikkje kan. Ikkje sikkert eg hadde gjort «det rette» om eg fekk sjansen på ny heller.

I filmbransjen kan dei ta scenene om att om opptaket ikkje var perfekt. I det levde livet, kan me ikkje det. Der står alle på like fot.

«Gjort er gjort og spist er spist» seier Torbjørn Egner i forteljinga frå Hakkebakkeskogen. Til slutt «skulle alle være venner». Alle, inkludert reven, skogmusa og dei andre dyra. Slutt på revestrekane, - sjølv om magen var tom og lysten aldri så stor.

Nokre av avisene eg kjøpte
Tilbake til avisene, - for eg har kjøpt fleire. Ein av dei mest sentrale politikarane i England tok livet sitt etter å ha vorte hengt ut i media. Angra han på noko, skal tru, eller var det fordi både hans sjølvbilete og hans framtid vart knust? Å nekta i slike saker, er fast kutyme. Å verta omtalt som familiemann og trufast far, hjelper ikkje. Den som er uthengd, er merkt for livet.

Ikkje går det å skulda på andre heller, sjølv om det plar vera ein god medisin i mange tilfelle. Heller ikkje å skulda på alkoholen, sjølv om me veit han er årsak til uendeleg  mykje vondt. Dermed såg denne politikaren berre den tragiske utvegen både for seg sjølv og sine. Slutten på alt.

Ein tosk som meg stiller spørsmålet: Var det sant det han vart skulda for? Var det avisene presenterte ei løgn eller berre ei halv sanning, var hendinga dobbelt tragisk. Svaret får me først i det komande livet.

Eg støttar korkje seksuelle eller andre overgrep. Heller ikkje seksuelt samliv utanom ekteskapet. Likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken om kanskje ikkje alt som kjem fram, er den heile og fulle sanninga. Og: Inntil ei sak er avgjort og fastslege ut over normal tvil, skal tvilen koma saksøkte til gode.

«Kva var sanning?»

Dette velkjende sitatet frå Pontius Pilatus sin munn (Joh. 18,38) synest å passa også i vår tid. Dette stod i avisa eg kjøpte i Exeter:

Domstolen der frikjende ein mann for å ha valdteke kvinne i hennar eigen heim. Soga var (slik avisa framstilte ho):

Ein mann arbeidde med eitt eller anna i nærleiken då ei kvinne kom og inviterte han inn til eit glas vin.  Ho slo sjølv opp drikkevarene og gjort det koseleg for dei. Det heile utvikla seg så til noko ho angra på. Politiet vart varsla om overfall, og mannen skulda for å ha trengt seg inn og valdteke kvinna. Bevisa og den folkelege støtta var på hennar side.

Likevel vart mannen frikjend i retten. Korleis kunne det gå an?

Sogeskriving som blanda drops: Tru det eller ei....
Jau, heilt enkelt. Han hadde arbeidt nokså lenge i det området, og det var ikkje første gongen han hadde vorte invitert inn til eit glas vin og «litt til». Men så ein dag ho gjekk ho av ein eller annan grunn og melde han til politiet for valdtekt.

Til hans lukke og hennar ulukke, vart heile soga kjend for retten, og trudd. Dermed kom ho i media sin gapestokk. Han slapp fri – i alle fall juridisk.

Gapestokken var ein viktig del av rettsvesenet «i gamle dagar» både i Noreg og England. Den gongen kasta folk både rotne egg og verre ting på dei fastspente syndarane. Einaste trøysta deira måtte vera at i endå eldre tider var ofte straffene endå verre.

For å læra meir av soga til dette vakre landet, kjøpte eg «Horrible Histories. England» av Terry Deary. Historiske facts på ein lettfatteleg måte. Der stod mykje rart.

Barndomshelten vår, Robin Hood, vandra i dei vakre skogane i Mid-England. Der eg var i starten på denne englandsturen. På Robins tid – for 200 år sidan og før gapestokken og avisene var oppfunne, hogg engelskmennene hovudet av folk og hengde dei opp til offentleg spott og spe. Mange hang der så lenge at det berre var hovudskallen att. Står det i boka.

Robin hengde han sheriffen i Nottingham, Guy of Gisborne, ut slik: Først tok han livet av han. Så skar han bort nasa og øyrene og festa det som var att av hovudet på spissen av bogen sin.

Den soga som eg fekk i hendene som liten, var altså ikkje originalen. «Min» Robin var ein fattigfolks-helt som tok frå dei store og rike og gav til dei små. Ein erke-engelsk Gjest Bårdsen med andre ord.

---

No tek eg ikkje Terrys «Horrible Histories» som noko «gudsord». «Du skal ikkje tru alt som står på prent» var eit herme då eg var liten. Visstnok sagt av ein redaktør i avisa Gula Tidend, nynorskavisa som ikkje tilpassa seg den moderne medieverda og gjekk inn. Desverre.

lørdag 2. desember 2017

England



6. England og Guds evige plan


England har vore i spissen for både verdshandel og -politikk gjennom fleire hundreår. The Commonwealth, kolonimakta, var så vidfemnande at over deira område «gjekk sola aldri ned». Uansett kvar ho skein på kloden, skein ho over land styrt frå London.

1917-20


Det var derfor ikkje unaturleg at då det ottomanske riket gjekk til grunne, stod England sentralt. Engelske soldatar under general Edmund Allanby slo hol i det ottomanske forsvaret i Negev, og opna vegen til Jerusalem mellom anna. Bysta av han ved universitetet i Beer Sheba, står der til minne om det slaget. Det var derfor naturleg for dei allierte å gjeva England styret over området.


Balfour var utenriksminister i 1917 då han skreiv til den engelske sionisten Rothschild at regjeringa hadde vedteke å setja av noko av mandatområdet  til «nasjonal heim for jødane». Tidlegare hadde det vore lansert forskjellege stader i verda jødane kunne få land, men det hadde jødane alltid avvist. For dei var berre eitt område aktuelt: Det landet Gud hadde lova Abraham og hans etterkomarar. (1. Mos.12 med fleire).

Som resultat av den engelske regjeringa sitt vedtak, vart det laga eit kart over det framtidige jødiske territoriet. Det samsvarar i store trekk med Guds lovnad til jødane. Då Folkeforbundet oppstod i 1920, gjekk det engelske vedtaket inn i deira lover, og frå det til det noverande FN. Me kan med ein viss rett seia at det er ein del av FN sin «grunnlov».


Som Jesu fødsel skapte eit «før» og eit «etter» i verdssoga, skapte vedtaket eit «før» og eit «etter» for jødane. Det engelskmennene vedtok i 1917, opna vegen mot det moderne Israel grunnlagt i 1948.


Jødane skulle få tilbake det landet som Gud hadde lova dei frå Abrahams tid. Eit bønnesvar både for jødar og bibeltruande kristne. Kristne som hadde bedt konkret om dette, eller berre hadde bedt «Skje din vilje». For Guds vilje og lovnad vart oppfylt på denne måten enten me vil tru det eller ikkje.


2017


Ein av dagane eg var i England, var hundreårsdagen for Balfourerklæringa. Statsminister Netanyahu var på vitjing og takka England og Teresa Mai for gode ord og godt føredøme. Det såg eg på israelsk TV. (ILTV).


Eg, ukjend som eg er i den engelske medieverda, kjøpte ei avis som var både tjukk og stor. «Her vil eg heilt sikkert finna noko om det», tenkte eg. Londonavis sjølvsagt.


Men eg fann ingen ting om hundreårsjubileet eller Netanyahu si vitjing. Eit stykke bak i avisa stod ein kort kronikk knytt til jubileet. Av ein anglikansk biskop som ikkje skreiv noko  vesentleg om sjølve erklæringa.  «Vår oppgåve er å BE for folka der nede», skreiv han, «både undertrykkjarar og undertrykte». (Eg prøvde ikkje å lesa for mykje mellom linjene, men syntest at der stod: «Orsak». Det linjene var så rundt at det ikkje skulle støyta korkje semittar eller antisemittar, israelarar eller såkalla palestinarar. Men med ein tydeleg peikefinger mot jødane som «tok landet frå dei andre».)


Ikkje eit ord om den historiske bakgrunnen eller at vedtaket kveikte eit håp for eit folk som hadde vorte forfylgt og mishandla gjennom hundreår etter hundreår, verda over. Ikkje eit ord om Guds lovnader til jødane, dei som hadde vorte forfylgde i land etter land, nekta innreise i mange land (som i Noreg), og ofte røva for det vesle dei hadde. Verda visste om blodinge progromar heilt fram til slutten av første verdskrigen. (Hitlers «endelege løysing» kom seinare).


Det var dette Balfour ville retta på. Men ikkje alle engelskmenn var einige. Dei som skulle fordela del Osmanske riket, syntest området som var lova jødane, var for stort. Dei «andre» fekk mesteparten. Jødane resten. Det skreiv biskopen ikkje noko om.

FN, som skulle vera fredsdua i verdspolitikken, ser i dag ut til å vera i slekt med rovfuglane. Kva for ein fugl eg ser for meg, skal eg teia om. Men hakka kan «han», og då først og fremst på jødane. Sjølvsagt. «Hine» er stakkarar som må ha støtte og pengar uansett avtalar og historiske fakta. 

Medlemsstatane i fredsdueorganisasjonen slåst både med lovlege og ulovlege våpen, driv millionar frå heimane sine om dei ikkje greier å ta livet av dei. Terroristar prøver etter beste evne å drepa og øydeleggja uskuldige kvar som helst i verda. Også her i England. Heltar som skular i «Jødeland» vert  kalla opp att etter, og som i lærebøker og TV der nede set opp som føredøme for komande slekter.

Ei rekkje statar – som Noreg, har støtta «stakkarane» politisk og økonomisk. Med astronomiske tilskot, og med minimale krav (om nokon) til pengebruk og politisk utnytting av hjelpa.

Nok om det. Eg fann ikkje det eg leitte etter i avisa, men fann likevel noko viktig: Biskopen oppfordra til bøn. Måtte både politiske og religiøse leiarar og andre  gjera som han: BE. Det viktigaste er ikkje om dei høyrer til «Labour» eller er «tory», er jøde eller «frå nasjonane», men at me alle ber: «Lat viljen din råda. Lat riket ditt koma...».

---

Eg lærde noko meir om England: Eg spurde han eg budde hjå, kvifor det ikkje stod noko om hundreårsjubileet i avisa eg kjøpte. Han såg på avisa. «Den avisa skriv berre slarv. Eg kjøper ho aldri!» Han hadde sikkert rett. Det meste i bladet var store bilete og stoff om skandalar og «slarv». Om namngjetne skodespelarar og politikarar. Kven hadde klappa på kven, kvar, korleis og når. Og så vidare. 

Bladet var tjukt med stort opplag. Om ikkje verten min hadde kjøpt ho nokon gong, må det vera andre som har gjort det. Det er pengar å tena på slikt. Sikkert og økonomisk tap om dei skulle få ord på seg for å støtta jødane....

fredag 1. desember 2017

England

5. Åndeleg arbeid på nedadgåande?


Månen kan vera både «ny» og «ne». Ny-månen veks til sitt fullmåneklimaks, og ne-månen minkar til han er heilt vekke. Er det slik med det åndelege arbeidet og? England har hatt store vekkingar som i dag viser att i eit utal av  kyrkjer og det me ville kalla «bedehus». I tidlegare tider fylte og overfylt. I dag tomme eller nesten tomme på normale møtedagar.

Eg har nemnt metodismen som spreidde seg som eit mektig vårvêr, først over England, og så ut over «heile verda». Ja, det var slik han sa det, han som sa «Heile verda er mitt soknekall». Store og vakre metodistkyrkjer var det mange av, men kvar hadde det vorte av det åndelege byggverket; - folket? Same problemet hadde anglikanarane, baptistane, dei reformerte, pinsevennane og så vidare og vidare, fekk eg fortalt. Fine lokale, men få menneskje aktive i kyrkjelydsarbeidet.

Resultatet er at mange av dei gamle kyrkjebygga vert selde, og i mange tilfelle ombygde. Eg såg bygg der det ytre bygget var freda, men inni skulle det verta leilegheiter. Ei anna hadde vorte pub. Ei tredje kino eller noko liknande. For å nemna nokre.

Dei store katedralane vert sjølvsagt ståande som monument over fortida. Vakre både når det gjeld utskjeringar, glasmåleri og anna kunst. Unike konsertlokale og fulle ved spesielle anledningar, men elles tomme og utan pulserande, levande kristusliv.

Som den industrielle revolusjonen hadde si oppblomstring og si avblomstring, ser det og ut til at dei kristne kyrkjene og organisasjonane har det og. Den veldige wesleyanske vekkinga med si sterke forkynning av helging og åndsfylt liv, stilna av. Ytre former og reglar hindra vekking og liv, sa dei som braut ut.

I 1860 braut ein flokk i Amerika ut og grunnla «Free Methodist Church». Etter 25 år var også denne vekkingsrørsla så organisert at pastoren Vivian Dyke grunnla «Pentecost Bands». Det var denne flokken som sende dei første pentekostale misjonærane til Noreg: Ekteparet Ulness i 1890). Dei norske misjonærane var «Pentecost Band nr. 12».

I1865 braut Boot med metodistkyrkja og grunnla ein misjon for dei utslegne og fattigaste i London. 13 år seinare organiserte han arbeidet etter militært mønster og «Frelseshæren» vart fødd. Symbola i flagget var «blod og eld»: Jesu frelsande og reinsande blod, og den Heilage Ande med eld og kraft.

Den gongen var det viktig at dette ikkje skulle vera noko nytt kyrkjesamfunn. Derfor fekk ikkje sakramenta noko plass. Heller ikkje dogme ut over frelsa i Jesu blod, innviing til teneste i armeen og utrusting til kampen mot djevelen og alt hans verk. Revolusjonerande også at kvinner og menn vart likestilte i alle frelseshæren sine administrative (= kommanderande) nivå.

----

På dei tre møta eg har opplevt i den engelske Frelsesarmeen, vart ordet for «kyrkjelyd»  brukt mange gonger. «In our church...» Og dei driv eit arbeid med kyrkjelydsmønster, men utan dåp, nattverd og andre normale kyrkjelydstenester. Med sin musikk og si forkynning føl dei meir eller mindre det uskrivne ritualet som andre lågkyrkjelege samfunn har. (No finst det innan Frelsesarmeen flokkar som har inkludert både dåp og nattverd, men det er meir på eit uoffisielt (hysj-hysj-) nivå).

Eg nemnde dette med organiseringa av frelseshær versus kyrkjesamfunn med ein av majorane. Vedkomande sa at dei såg problemet. Men både omstilling og ordrar må koma ovanfrå.

Kvar finst det i dag ein ny William Boot som har mot og styrke til å gjennomføra ei organisatorisk omstilling? Løysinga hadde kanskje vore  todeling: Kyrkjelydsarbeid etter nytestamentleg mønster (gjerne med både barnedåp og truandes dåp, osv.), samstundes som dei uniformskledde krigarane kunne venda tilbake til armeen sin eigentlege oppgåve: Gå med hjelp og frelsesbodskap til dei falne i alle samfunn.  Ja,  «gå til dei verste» som var slagordet i den tidlegare helgingsrørsla.

-----

Første møtet eg var på denne gongen i Exeter, hadde korps og kor og fullt hus. Ei litt eldre kvinne (med tydelege spesielle trekk) på første benk, reiste seg og dirigerte og dansa så smått i takt med korpset. Ho utstrålte ekte glede og innleving i musikken. Eg vart velsigna meir av gleda ho strålte ut enn av talen. Eg gledde meg derfor til møtet siste søndagen i England.

Men då var det minnedagen for dei falne i dei mange engelske krigane rundt om i heile verda. Ute i byen hadde det vorte selt kunstige raude valmuar omtrent som «Maiblomsten» som me gjekk rundt og selde då me gjekk i skulen. (Ein amerikansk soldat og forfattar skreiv om dei raude valmuane som grodde opp langs skyttargravene på Vestfronten: - Liv der døden rådde). Minnedagen er ellevte i ellevte fordi fredstraktaten vart underskriven klokka 11 den ellevte november 1919.

Det var felleskristeleg gudsteneste i domkyrkja i Exeter der den mannlege majoren deltok med kor og korps. Dermed vart det lite folk att på Armeen.  Eit skår i gleda både for ho på første benk og meg. Dette trass i at den attverande (kvinnelege-) majoren leidde det heile på ein god måte og heldt ein fin tale.

------

Starten på talen hennar den dagen fylgde eit mønster eg opplevde fleire gonger på møta der borte. Ho starta slik:

Ein pastor som var ute og gjekk på landet, oppdaga ein gut som sleit og prøve å retta opp eit diger høylass som hadde velta av kjerra hans. Guten, raud i ansiktet og gjennomvåt av sveitte, dreiv på som ein galen. Pastoren tenkte at det får no vera måte på, og ville gjeva råd.
-       Du må ta det meir med ro, gut. Du slit deg berre ut på denne måten.
-       Eg kan ikkje, svara guten.
-       Kvifor ikkje det då?
-       Far ville ikkje lika det sa han og dreiv på endå hardare.

Pastoren vart ståande og sjå kor guten sleit. Til slutt tok han guten i armen og sa:
-       Kom og kvil deg litt. Lat oss setja oss der borte. (Han peika på dei stad det var godt å sitja).
-       Eg kan ikkje. Far ville ikkje lika det! svara guten på nytt.
-       Men kvar er far din då? Eg ser han ingen stad.
-       Han ligg under lasset, hiksta guten.


Moral: Skal ein kunna hjelpa folk, må ein først vita kva problem dei slit med.

Den andre soga, fekk eg fortalt av han frå Fimreite. Då eg var på Armeen i Exeter, var han på møte i London. Pastoren der talte om ekteskapet og starta på denne måten:

Eit ektepar hadde vore gifte i 50 år og feira gullbryllaup. Då kom det eit hjartesukk frå kona:

-       Før me gifte oss, sa du stadig «Eg elskar deg», «Eg er så veldig glad i deg», og liknande kjærlege ord. Men i alle desse 50 åra me har vore gifte, har du ikkje sagt det ein einaste gong!

Svaret kom kontant:
-       Men eg sa deg jo at skulle eg forandra meining, skulle du få beskjed!


Summa summarum var det mange gode preiker der eg fekk vera til stades i Guds hus. Dei fleste bibelske med klår tale om synd og nåde. Andre teikna eit etisk og moralistisk landskap, vakkert nok, men utan det veldige «nådens hav».

Berre der kan me vaska oss reine.

 

England
4. Åndeleg mat med noko etterpå.


Noko anna eg ville læra om i England, var det religiøse livet. Eg har alltid tenkt meg den anglikanske kyrkja som den norske lutherske, store bygg og rituelle, stive former. Og mange metodistkyrkjer med spor etter den veldige wesleyanske vekkinga for snart 300 år sidan.

Engelskmannen frå Fimreite er soldat. Ikkje birkebeinar som dei i 1184, men frelsessoldat. Frelsesarmeen eller Salvation Army som han heiter her, vart fødd i London-slummen i 1860-åra. Nær huset i Derby var eit lite armelokale, men utan vanleg aktivitet. Det var utleigd til ei trim og fitness-gruppe ein gong i veka.

Første søndagsføremiddagen var me i ei anglikansk kyrkje. Dei hadde Luther-jubileum. Ikkje mykje ritual og heller ikkje mykje om personen Martin Luther. Talaren starta med «Tru åleine»-utsagnet og heldt skikkeleg utlegging om frelsa og frelsesvegen i Kristus Jesus. Orgel hadde dei, men ikkje orgelmusikk. Eit vanleg bedehusmøte med noko innlagd ritual.
 
På kvelden gjekk me i ei reformert kyrkje. Både innhaldet og musikken var omtrent det same. Felles og at det var te eller kaffi og kjeks etterpå. På eine staden kunne me i tillegg kjøpt kartongar med 6 økologiske egg til inntekt for eit eller anna. Eg fekk ikkje med meg til kva.

 
Måndagen var me i sentrum av Derby på museet som hadde både om Darwin og vikingar i Midlands. Der var bilete av skjelettet av ein vikinghovding.  Det var funne i ei kyrkje vikingane hadde øydelagt. I nærleiken av den seinare oppattbygde kyrkja, var ei massegrav med restar av minst hundre menneskje. Truleg falne vikingar etter eit stort slag.

 
Onsdagen køyrde me derfor til området der slaget hadde vore. Då det vart mattid,  kjøpte me suppe og brød på ein kafé. Gode og mette drog me vidare. Vikingane hadde kome opp elva og herja. Kyrkja hadde dei øydelagt, men under koret kunne me gå ned i krypta og sjå restane av det originale bygget. Det var der dei hadde funne hovdinggrava.

Nokre blide kvinner viste oss rundt, men hadde lite tid. Dei heldt på å laga til kyrkjelunsj slik dei hadde ein gong i månaden. Etter kvart kom fleire og fleire, og til slutt var to lange bord dekka til gjestar.

Dei viste oss plass og ville så gjerne at me skulle vera med sjølv om me alt var mette. Etter kvart fyltest stolane. På andre sida av bordet for oss sat to ektepar. Karane var tannlegar og kom hit fordi konene deira gjekk i denne kyrkja. Praten gjekk livleg, og damene serverte oss alt det beste dei hadde på kjøkenet. Først to slags suppe (fritt val), og etterpå forskjellege kaker til kaffi og te. Alt gratis, - eller ein kunne leggja att pengar på eit bord om ein ville.

Kyrkja hadde eigen skule og rådde over eit stort område med mange bygningar. Mange familiar flytte hit og leigde hus dei åra borna gjekk på skulen. Sjølve kyrkja hadde plass til nokre hundre menneskje. Kyrkjeorgelet var nett overhalt og oppussa, men lite eller ikkje brukt, fortalde dei blide damene. Søndagsgudstenestene kunne ha 30-40 besøkjande.

Fredagen reise me til ein liten by i hjarta av området der den industrielle revolusjonen starta. Husverten min og kona hadde budd der oppe første åra etter at dei var gifte. Spennande landskap med grøne åsar og dalar.

Me var først i ei baptistkyrkje der verten min hadde kjenningar. Dei hadde sin månadlege gratislunsj den dagen. Talarstolen var flytt midt på langveggen og stolane stod på tvers av lokalet så det var liten avstand mellom talaren og tilhøyrarane. Altså ikkje den tradisjonelle buss-modellen.

I dag var det sett opp langbord der det vart servert kaffi, te og kaker. Me vart hjarteleg mottekne og sessa nær enden av langbordet. Ein eldre kar kom og fann plass ved sida av oss og tok opp praten. Han hadde vore pastor der for mange år sidan, men hadde slutta for å jobba med Broder Andreas med bibelsmugling til Aust-Europa og Kina. No pensjonist, men aktiv både lokalt og universelt.

Derifrå reiste me til eit gammalt slott som var omgjort til hotell. Kjøpt av metodistkyrkja, men dreiv no vanleg hotelldrift. Her plar den årlege bønnekonferansen for Israel vera i april. Måndag til torsdag. Onsdagen fastedag. England har to store bønne-nettvert: PFB (Bønn for England) og PFI (Bønn for Israel). Han eg var saman med, var aktiv i den siste. Tidlegare arbeidde han i ein misjon i London, og hadde derfor venner og kjende mange stader utover landet. Slik  fekk eg verta kjend med forskjellege forsamlingar og han treffa gamle kjende.

-----

Etter ei veke i Derbyshire, tok eg tog til Exeter og Cornwall der mellomste dottera vår held hus. Ho går i frelsesarmeen, så der var eg begge søndagane før eg reiste heim att. Korpset er gammalt og held til i eit vakkert, freda bygg. Lokalet er stort med galleri omlag som ei norsk kyrkje. Preikestolen flytt frå podiet og ned på golvet framfor den lange og dominerande botsbenken som lova lækjedom for sundrivne hjarte.

Korps og kor har sin plass til høgre i nærleiken av flygelet, men koret stiller opp ved talarstolen når dei syng sine vakre, firstemte songar. Korpset er eit brassband. Då dirigenten spurde kvar eg budde (= nærleiken av Bergen), visste han at på Bergenskanten fanst nokre svært dyktige brassband. Namna hugsa han ikkje, men nivået var imponerande.

(Dette vart sagt eit par veker før Eikanger-Bjørsvik gjekk til topps i underhaldningskonkurransen «Brass in Concert» og vart det første ikkje-engelske bandet som vann denne prestisjefylte engelske konkurransen!).

England
3. Om mat og meir.


Å koma til eit nytt land og prøva maten deira, kan vera både ei kulinarisk oppleving og ei utfordring. Alt etter som. Eg hadde sagt til Robert at «eg vil læra mest mogeleg om England». Mat inkludert. Det var derfor han tok meg med på ekte engelsk frukost i King Cross, den med «eggs and bacon and sausages and toast».

Eit par dagar etter at me kom fram, hadde eg bursdag (= 73 unge år), og fekk både kort og fin gåve. Og bedt ut til kvelds. Glad i fisk som eg er, vart valet ein slags fisk i kvit saus. Nesten som fiskegrateng, men med store beinfrie fiskestykke i kvit saus og med poteter og grønsaker. Det var store porsjonar servert i eldfast skål med chips til. Ei skikkeleg matglede.

Øvst på ynskjelista då eg reiste frå Noreg, var «fish and chips». Det fekk eg nokre kveldar seinare. Fisken dei hadde den kvelden, var torsk. Innbakt fisk med «høgde» poteter og bønnestuing til. Nydeleg.

Fredagen i Derby var det «curry-kveld» på «The Hungry Horse», ei stor pub-kjede. Eg vart invitert med, men hadde ikkje lyst på indisk mat. Ville ha noko ekte engelsk. Det mest typiske dei fann til meg på menyen, var «gammon-steak» med speilegg og ananasring.

Ein populær pub med populær mat og med lukt som gjorde ein svolten. Praten gjekk livleg både med me venta og etter me fekk maten. Som utlending og uvitande, åt eg det eg fekk. Først då hine var ferdige med å eta, spurde dei korleis maten smakte meg. Jau, det var OK, men ikkje mykje å ropa hurra for. (Eg sa det sjølvsagt på ein fin måte for ikkje å støyta nokon. Men to sneier grisekjøt, ein klatt med grøne erter og ein mellomting mellom kokte og steikte poteter, var ikkje det beste eg hadde smakt).
-       Men speilegget då?
-       Egg? Eg fekk ikkje noko egg, svara eg.
-       Og ananasen?
-       Det var ikkje noko ananas på min tallerk!

Dei innfødde eg var i lag med, ropa på dama som hadde servert oss. Ho kunne sjølvsagt ikkje forstå kva som hadde hendt. Det var «Sorry» alt saman. Noko hadde gått gale enten med bestillinga eller på kjøkenet. Eg kunne få det etter-servert det som mangla. Sjølvsagt. Eg sa «Nei-takk». Dei eg var i lag med ferdige med sine porsjonar og folk omkring glante og lurde på kva oppstyr dette var. Og så skulle eg sitja der åleine å gafla i meg speilegg og ananas med publikum talde tuggene? Nei takk. Eg beit skuffelsen i meg og tenkte: Eg skal aldri på «The hungry horse» meir. Hesten et halvparten.

The hungry horse var ein moderne restaurant. Namnet var rart, men rare pubar har England mange av. Her er nokre frå Exeterområdet:
-       Kross Keys (to lyklar i kryss),
-       The honeycomb (vokskake med honning),
-       Noas ark,
-       The Elm Tree (almen),
-       The Oaktree (eika),
-       Coach and horses (hest og kjerre),
-       Three Horseshoes (tre hestesko),
-       Blue bell (blåklokka)
-       Queens Head, og så vidare. Mange er å finna i gamle bygg med god mat og intimt miljø.

Eg har berre vore på nokre få. Den siste, Ship & Pelican, var i går. Me gjekk inn ei sidedør og kom inn i bakre delen av puben der ein eldre mann «hang» på innsida av disken. Fire-fem menn og ei dame «hang» på utsida og drakk øl og prata.  To einslege menn for seg sjølv ved småbord. Den yngste med ein lap-topp. Hin med ei avis.

Eg bad om svart kaffi utan sukker og mjølk. Han bak disken såg vantruande på meg.

-       Black coffee?

-       YES, svara eg så engelsk eg kunne.

-       No milk and sugar?

-       Eg nikka.

Praten på disk-kanten stilna. Alle såg på meg. Vurderte meg frå topp til tå. Eg fann eit bord ved veggen og gjorde meg så liten eg kunne. Han med avisa såg eg var ein framand fugl og forklarte at puben tidlegare hadde hatt fire separate rom, no slegne saman i eitt. Det viste nye og eldgamle bjelkar i taket. Golvet innanfor døra hadde teppe. Resten hadde tydelege spor etter rivne vegger. Gamle golvfliser på 1 x 1,5 meter utgjorde gamlaste delen av rommet. Ein stor TV i hjørna viste australsk forball. Etterpå skulle England spela. Det var det folket venta på.

Kaffien var ikkje mykje å ropa hurra for. Pulverkaffi eller «latmannskaffi» som me seier heime hjå oss. Prisen?  Halvanna pund eller16-17 kroner. Og erfaringa? Verdt mykje meir i studiet mitt av mat-England.

Her er det eg har prøvt til no:

-       Gamon steak (utan speilegg og ananasring),

-       Shepherds pie (med lammekjøt),

-       Cottage pie (det same, men med kukjøt),

-       Fish and chips,

-       Jacked potatoes (Ei stor uskala potet med forsksjelleg til),

-       Diverse paiar,  og

-       Toad-in-a-hoe (Padde i holet sitt) som er pølser servert i eldfastform, innbakt i ein deig av mjøl, vatn og egg).

Men i heimane var det meir vanleg mat for meg. Cornflakes og toast.  I Derby fanst berre yoghurt og søtmjølk i butikkane. I Exeter hadde største superen kefir med eller utan tilsett smak. Mest uvant for meg å få servert ein liten post potetchips til skivene.

England

2.  Hesteveddeløp?


Robert skulle til Derby. Det er der han vart fødd, og der har han eit hus som trong stell og ettersyn.

Eg tenkte hest med ein gong eg høyrde namnet. «Derby;  Årleg hesteveddeløp spesielt for treåringar» seier internett. Ordet smitta seinare over på motorsyklar så dei fekk sitt «derby». Om alderen på sykkelen spelar nokon rolle, står der ingen ting om. I tillegg kan du ta på deg ein “derby” når du skal ut slik han Winston gjorde både under og etter krigen. Derbyen var ein rund hatt med smal, oppattringa brem. Churchill brukte svart eller grå. I nyare tid er det laga derbyhattar for damer. Ikkje av den typen han Winston brukte,  men med vide bremmar og i alle fargar og fasongar.
 

Om du flyttar her til øya, kan du bu i Derby og gå på «derby» som luktar hest eller eksos. Er du mann, kan du kika fram under derby-bremmen slik Churchill gjorde. Med eller utan sigar. På det mest berømte biletet såg han sur ut, men det var fordi fotografen «kasta vekk» tida. Og for damer? Eg føreslær ein lys derbyhatt i Prinsesse-Diana-stil. 


Me kom til Gatwick, ein av dei store flyplassane på øya. Så tog derifrå til King Cross der me måtte byta tog. Eg ville prøva og læra alt om England, og fekk ekte engelsk frukost. Egg, bacon, eit par pølser og kvitt brød. Eg fekk svart kaffi utan sukker. Guiden min kaffi med sukker og mjølk slik det skal vera her på desse kantar. Vidare tog nordover til Derbyshire og Midt-England.
 

Han sov ein dupp medan eg sat med store gluggar og prøvde å få med meg alt både utanfor og innanfor glaset. Delvis opne jordbrukslandskap med grøne åkrar som minna om haustkveite. Andre stader beita kyr, sauer og hestar. Rundballar låg det her og der, men ikkje plastifiserte fargeklattar slik som heime. Nei, ballar av tørka høy, utan tak eller anna vern mot regnet. Kven kan eta slikt?
 

Vel framme og godt mottekne av hans familie, fekk eg sjå byen Derby. Byen er godt og vel så stor som Bergen. Den veka eg var der, var eg rundt både i byen og  omlandet. Sjølve byen er nokså flat, men ute i Peak District er åsar og fjell.  Som heime er landet velsigna med regn som sig inn frå Atlanterhavet og øyane i vest. Det gjev fossar og energi.


Her starta den industrielle revolusjonen, den som smitta over Nordsjøen og skapte fabrikkar på Dale og Salhus, Høyanger,  Årdal og vidare. Engelsk vasskraft og spinnemaskiner omforma bomull og ull til tøy. Import og eksport, og stor forteneste for dei som alt hadde pengar frå før. Gamle slott og arbeidarbustader fortel soga. Fabrikkar som ein gong var, men no til nedfalls om ikkje turistnæringa eller andre har funne ut at dei kunne brukast til noko. Inkludert museum som i Salhus.
 

I dag er området kjent for fotturisme mellom grøne åsar. Med overnatting og servering i ominnreidde fabrikkbygningar. Turistane får læra korleis fossane vart omskapte til arbeidsplassar, til dømes for tidlegare gruvearbeidarar.

Det var mykje kjekkare å arbeida over jorda enn langt nede i svarte gruver. Ein revolusjon for arbeidarane, for England og for verda. Handel og vandel. Politikk og maktkamp som skapte «The Commonwealt» der sola aldrid gjekk ned. Var det natt i Peak Distrikt, skein sola alltid andre stader i riket.

Men utviklinga stogga ikkje med storindustrien, verdshandelen og storpolitikken, veit me som kan soga. Revolusjonen og evolusjonen av moderne industri overlevde seg sjølve. Blodige revolusjonar øydela imperiet, og den tekniske  evolusjonen vart til devolusjon. I Peak District døydde industrien ut og naturen fekk overtake att. Til glede både for fastbuande og turistar.

 
Den berømte Charles Darwin kom og her oppe frå. Hans tankar om evolusjon skal eg ikkje koma inn på, men eg ser fram til at evolusjonstankane hans vert devolusjonerte slik det gjekk med industrien i området. Eg ynskjer skapinga velkomen tilbake både i lærebøkene og i samfunnet elles.

Til Midt-England og Peak District er du velkomen enten du har telt, vil bu i ein nedlagt fabrikk eller på eit slott. Du kan få ekte engelsk mat og drikke på eldgamle pubar med dei raraste namn. Romantisk og «erke-engelsk».

 

England

1: Introduksjon


Nei, eg er ikkje død.
 
Har ikkje vore det eller. Berre fråverande. Truleg så lenge at ingen har interesse for bloggen min. Det er kanskje det beste. Både for meg og deg......

 Eg skriv for min eigen del. Kan det vera interessant for andre, ja, så er det «bonus».  Men eg vert korkje rikare eller eit betre menneskje kor mange som les det eg skriv.

Å verta «eit betre menneskje» burde vera målet for meg og alle som har lese ordet om «å veksa i visdom og velvilje». Han var eit godt føredøme, han det vart skrive om. Det beste i verda. Og førebilete treng me alle.

No sit eg ved eit stovebord i England og flyttar tankar gjennom tastane og inn i datamaskina. Kvar dei kjem ifrå, er eg ikkje sikker på. Tradisjonelt seier folk dei kjem frå hovudet. Hjernen. Best å tru det er sant. Utan vil folk tenkja at det er noko gale.

Det er det sjølvsagt. Noko gale altså. Ikkje tvil om det. Eg berre prøver å gøyma det så godt eg kan. Stakkars meg om nokon fann ut både på det eine og det andre der inne i tankeverda mi.

Sjølvsagt kan eg skulda på «arv og miljø». Det har berga så mange. «Han eller ho er arveleg belasta, stakkar». «I det miljøet MÅ det gå gale», og «Kva kan du venta av …..». Eg synest eg høyrer praten gå.

Du – om du ein eller annan gong, ein eller annan stad av ein eller annan grunn skulle koma til å lesa dette –   kunne du sikkert hjelpt meg å finna på endå meir å orsaka meg med. Men det er ikkje me som normalt feller dommen over oss sjølve.  Det gjer «dei andre».  «Bygdedyret» kallar nokre folk det. Det skal finnast i dei u-urbane strøk av landet. Byfolk kjenner det berre av rykte går eg ut frå.

Eg kan ikkje skulda på arven, korkje den genetiske eller den utanomske. Heller ikkje miljøet. Har opplevt så uendeleg mykje godt her i livet både av menneskeleg og utanom-menneskeleg påverknad. Kan berre å takka og bukka. Livet har vore rikt og godt, spennande og utfordrande. Stundom meir og stundom mindre, rett nok, men ikkje slik at eg ville levt det om att.

Det er som å gå opp til eksamen. Ein gjer det beste ein maktar i dei oppgåvene ein for utdelt, og så får sluttkarakteren bli som han blir når sensuren fell. Det gjer han ein dag for oss alle. Her på jorda ein sensur som i verste fall vert publisert i både skriftlege og andre media. På andre sida framfor ein på ein stor, kvit kongsstol står det i «Storeboka». Bibelen. Dommaren der veit alt, også det media her nede ikkje veit eller ikkje vil vita.

«De må gjera så godt de kan. Då kan korkje Gud eller menneskje krevja noko meir», sa han far. Skulemeister av den gamle skulen, som han var. Ord som hadde tyngde.

Men kvifor sit eg her med stovebordet og matar bloggen min med desse tankane? (Skulle du lesa det, så er det på eige ansvar. EG ynskjer ikkje å plaga deg! Berre så du veit det.) Eg mimrar om du veit kva det er. Eg er mimrete for tida.

Når me hadde ete, lærde me på skulen at maten måtte meltast for at kroppen skulle ha nytte av han. Mimring har noko av same funksjonen, i alle fall i mitt hovud. Inntrykk og opplevingar må lagast om til mentalt vedlikehald og – om det endå kan skje i min alder – vokster og utvikling. No når det er vanskelegare og vanskelegare å hugsa namn og tal, vonar eg mimring kan festa noko på min innebygde «harddisk». Hardare og hardare etter som åra går, ser det ut til.

Medisin mot problemet? «Skriv det ned», seier folk når eg seier eg har vorte gløymsken. Det er det eg driv med. Men, - på vegen frå min innebygde harddisk til datamaskina sin, vel tankane å gå sine eigne vegar. Tek avstikkarar, men kjem før eller seinare tilbake til der dei skulle vera.

 

Eg er altså i England. Då eg vart fødd i det siste krigsåret, hadde England glorie. Mange reiste over Nordsjøen for å sleppa unna okkupasjonsmakta, eller for å slåst mot ho. Ikkje alle kom fram. Uansett vart dei heltar.

Heltar var også slektningar og andre som motarbeidde tyskarane der heime, enten det var å køyra utstyr til Bjørn Vest-karane oppe på setrane. Andre hadde radio og snakka med London. I skulehuset var det høgt under taket i klasseromma. I skåpet over bibliotekbøkene, laga far falsk tak. Over det stod radioen på ei hylle og fortalde nytt i frå London når dagen var slutt og alle hadde gått til ro.

8 karar rømde frå Bergen. Tyskarane var etter dei. Så trong dei skyss til Masfjorden for å koma seg vidare til England. Far gjekk til gode grannar (og «gode nordmenn», - dei han kunne lita på) og lånte sengeutstyr. Karane fekk overnatta i skulehuset før dei for vidare. Då han bar sengekleda tilbake neste dag, fekk han loppebit, fortalde han. Det var det einaste negative resultatet av overnattinga.

Mange år har gått sidan den gongen. Mykje har eg reist og mykje har eg sett, men lite av England. Jaja, ikkje Heathrow då. Flyplassen er berre dørstokken til landet, så den reknar eg ikkje. London Bridge fekk eg sjå gjennom togvindauga på veg frå Gatwick, ein annan "dørstokk" på desse kantar. Korkje den eller dei andre "turistmagnetane" i den engelske hovudstaden, stod på mi ynskjeliste. Eg var på leit etter England, - kvardags-England om du vil.

------

Ei Islandsk saga fortel om Olav Digre som levde for snart 1000 år sidan. Han er og nemnt av andre sogeskrivarar. Alle einige om at han vart døypt, men om det skjedde i Frankrike, Noreg eller England, er dei ikkje einige om. Eg lærde at det var i England, men sidan eg ikkje var fødd den gongen det skjedde, blandar eg meg ikkje opp i den striden.


Utsnitt av måleri som heng på turistsenteret på Stiklestad (Foto: IBj).
Olav den «Digre» døydde og fekk tilnamnet «den heilage». Mange kyrkjer er innvigd til minnet om han. Også i England. Katolske sjølvsagt. Delar av kyrkja hans i Exeter, er frå same året Olaven vart drepen på Stiklestad. Der er romansk ortodoks messe første søndag i månaden, og andre søndagar vanleg romersk katolsk. På vekedagar open for privat bøn og refleksjon, seier brosjyren deira. «Du er velkomen».

-----

For 830 år sidan skjedde det store ting på Fimreite. - langt inne i Sognefjorden og ytst i Sogndalsfjorden. Der var ein Sverre og ein Magnus som begge ville verta kongar i Noreg. Han Sverre vann og vart helten i Sverres saga. Han Magnus vart drepen. Derfor fekk ikkje Magnus saga, - nei, skriva noko, sjølvsagt.

Frå gardane der inne er det fint utsyn ned på staden der birkebeinarar og hine slost for harde livet. Ein som vaks opp på Fimreite, fortalde at dei om somrane dukka der slaget hadde vore. Dei plukka opp «kastesteinar». Ammunisjonen når vikingane ikkje hadde pilar att.

Det er ikkje birkebeinarar på Fimreite i dag. Derimot bur der ein triveleg engelskmann som er soldat, frelses-soldat. Han skulle eit ærend heim der han var ifrå, og eg fekk lov å vera med. Hadde me reist med båt, hadde eg mistenkt han for å ha meg med som ballast. Sidan me tok fly, - Norwegian, måtte han ha andre grunnar. For meg spelte det ingen rolle. Eg hadde lyst å læra og sjå....