fredag 1. desember 2017

England
4. Åndeleg mat med noko etterpå.


Noko anna eg ville læra om i England, var det religiøse livet. Eg har alltid tenkt meg den anglikanske kyrkja som den norske lutherske, store bygg og rituelle, stive former. Og mange metodistkyrkjer med spor etter den veldige wesleyanske vekkinga for snart 300 år sidan.

Engelskmannen frå Fimreite er soldat. Ikkje birkebeinar som dei i 1184, men frelsessoldat. Frelsesarmeen eller Salvation Army som han heiter her, vart fødd i London-slummen i 1860-åra. Nær huset i Derby var eit lite armelokale, men utan vanleg aktivitet. Det var utleigd til ei trim og fitness-gruppe ein gong i veka.

Første søndagsføremiddagen var me i ei anglikansk kyrkje. Dei hadde Luther-jubileum. Ikkje mykje ritual og heller ikkje mykje om personen Martin Luther. Talaren starta med «Tru åleine»-utsagnet og heldt skikkeleg utlegging om frelsa og frelsesvegen i Kristus Jesus. Orgel hadde dei, men ikkje orgelmusikk. Eit vanleg bedehusmøte med noko innlagd ritual.
 
På kvelden gjekk me i ei reformert kyrkje. Både innhaldet og musikken var omtrent det same. Felles og at det var te eller kaffi og kjeks etterpå. På eine staden kunne me i tillegg kjøpt kartongar med 6 økologiske egg til inntekt for eit eller anna. Eg fekk ikkje med meg til kva.

 
Måndagen var me i sentrum av Derby på museet som hadde både om Darwin og vikingar i Midlands. Der var bilete av skjelettet av ein vikinghovding.  Det var funne i ei kyrkje vikingane hadde øydelagt. I nærleiken av den seinare oppattbygde kyrkja, var ei massegrav med restar av minst hundre menneskje. Truleg falne vikingar etter eit stort slag.

 
Onsdagen køyrde me derfor til området der slaget hadde vore. Då det vart mattid,  kjøpte me suppe og brød på ein kafé. Gode og mette drog me vidare. Vikingane hadde kome opp elva og herja. Kyrkja hadde dei øydelagt, men under koret kunne me gå ned i krypta og sjå restane av det originale bygget. Det var der dei hadde funne hovdinggrava.

Nokre blide kvinner viste oss rundt, men hadde lite tid. Dei heldt på å laga til kyrkjelunsj slik dei hadde ein gong i månaden. Etter kvart kom fleire og fleire, og til slutt var to lange bord dekka til gjestar.

Dei viste oss plass og ville så gjerne at me skulle vera med sjølv om me alt var mette. Etter kvart fyltest stolane. På andre sida av bordet for oss sat to ektepar. Karane var tannlegar og kom hit fordi konene deira gjekk i denne kyrkja. Praten gjekk livleg, og damene serverte oss alt det beste dei hadde på kjøkenet. Først to slags suppe (fritt val), og etterpå forskjellege kaker til kaffi og te. Alt gratis, - eller ein kunne leggja att pengar på eit bord om ein ville.

Kyrkja hadde eigen skule og rådde over eit stort område med mange bygningar. Mange familiar flytte hit og leigde hus dei åra borna gjekk på skulen. Sjølve kyrkja hadde plass til nokre hundre menneskje. Kyrkjeorgelet var nett overhalt og oppussa, men lite eller ikkje brukt, fortalde dei blide damene. Søndagsgudstenestene kunne ha 30-40 besøkjande.

Fredagen reise me til ein liten by i hjarta av området der den industrielle revolusjonen starta. Husverten min og kona hadde budd der oppe første åra etter at dei var gifte. Spennande landskap med grøne åsar og dalar.

Me var først i ei baptistkyrkje der verten min hadde kjenningar. Dei hadde sin månadlege gratislunsj den dagen. Talarstolen var flytt midt på langveggen og stolane stod på tvers av lokalet så det var liten avstand mellom talaren og tilhøyrarane. Altså ikkje den tradisjonelle buss-modellen.

I dag var det sett opp langbord der det vart servert kaffi, te og kaker. Me vart hjarteleg mottekne og sessa nær enden av langbordet. Ein eldre kar kom og fann plass ved sida av oss og tok opp praten. Han hadde vore pastor der for mange år sidan, men hadde slutta for å jobba med Broder Andreas med bibelsmugling til Aust-Europa og Kina. No pensjonist, men aktiv både lokalt og universelt.

Derifrå reiste me til eit gammalt slott som var omgjort til hotell. Kjøpt av metodistkyrkja, men dreiv no vanleg hotelldrift. Her plar den årlege bønnekonferansen for Israel vera i april. Måndag til torsdag. Onsdagen fastedag. England har to store bønne-nettvert: PFB (Bønn for England) og PFI (Bønn for Israel). Han eg var saman med, var aktiv i den siste. Tidlegare arbeidde han i ein misjon i London, og hadde derfor venner og kjende mange stader utover landet. Slik  fekk eg verta kjend med forskjellege forsamlingar og han treffa gamle kjende.

-----

Etter ei veke i Derbyshire, tok eg tog til Exeter og Cornwall der mellomste dottera vår held hus. Ho går i frelsesarmeen, så der var eg begge søndagane før eg reiste heim att. Korpset er gammalt og held til i eit vakkert, freda bygg. Lokalet er stort med galleri omlag som ei norsk kyrkje. Preikestolen flytt frå podiet og ned på golvet framfor den lange og dominerande botsbenken som lova lækjedom for sundrivne hjarte.

Korps og kor har sin plass til høgre i nærleiken av flygelet, men koret stiller opp ved talarstolen når dei syng sine vakre, firstemte songar. Korpset er eit brassband. Då dirigenten spurde kvar eg budde (= nærleiken av Bergen), visste han at på Bergenskanten fanst nokre svært dyktige brassband. Namna hugsa han ikkje, men nivået var imponerande.

(Dette vart sagt eit par veker før Eikanger-Bjørsvik gjekk til topps i underhaldningskonkurransen «Brass in Concert» og vart det første ikkje-engelske bandet som vann denne prestisjefylte engelske konkurransen!).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar