fredag 1. desember 2017

England

5. Åndeleg arbeid på nedadgåande?


Månen kan vera både «ny» og «ne». Ny-månen veks til sitt fullmåneklimaks, og ne-månen minkar til han er heilt vekke. Er det slik med det åndelege arbeidet og? England har hatt store vekkingar som i dag viser att i eit utal av  kyrkjer og det me ville kalla «bedehus». I tidlegare tider fylte og overfylt. I dag tomme eller nesten tomme på normale møtedagar.

Eg har nemnt metodismen som spreidde seg som eit mektig vårvêr, først over England, og så ut over «heile verda». Ja, det var slik han sa det, han som sa «Heile verda er mitt soknekall». Store og vakre metodistkyrkjer var det mange av, men kvar hadde det vorte av det åndelege byggverket; - folket? Same problemet hadde anglikanarane, baptistane, dei reformerte, pinsevennane og så vidare og vidare, fekk eg fortalt. Fine lokale, men få menneskje aktive i kyrkjelydsarbeidet.

Resultatet er at mange av dei gamle kyrkjebygga vert selde, og i mange tilfelle ombygde. Eg såg bygg der det ytre bygget var freda, men inni skulle det verta leilegheiter. Ei anna hadde vorte pub. Ei tredje kino eller noko liknande. For å nemna nokre.

Dei store katedralane vert sjølvsagt ståande som monument over fortida. Vakre både når det gjeld utskjeringar, glasmåleri og anna kunst. Unike konsertlokale og fulle ved spesielle anledningar, men elles tomme og utan pulserande, levande kristusliv.

Som den industrielle revolusjonen hadde si oppblomstring og si avblomstring, ser det og ut til at dei kristne kyrkjene og organisasjonane har det og. Den veldige wesleyanske vekkinga med si sterke forkynning av helging og åndsfylt liv, stilna av. Ytre former og reglar hindra vekking og liv, sa dei som braut ut.

I 1860 braut ein flokk i Amerika ut og grunnla «Free Methodist Church». Etter 25 år var også denne vekkingsrørsla så organisert at pastoren Vivian Dyke grunnla «Pentecost Bands». Det var denne flokken som sende dei første pentekostale misjonærane til Noreg: Ekteparet Ulness i 1890). Dei norske misjonærane var «Pentecost Band nr. 12».

I1865 braut Boot med metodistkyrkja og grunnla ein misjon for dei utslegne og fattigaste i London. 13 år seinare organiserte han arbeidet etter militært mønster og «Frelseshæren» vart fødd. Symbola i flagget var «blod og eld»: Jesu frelsande og reinsande blod, og den Heilage Ande med eld og kraft.

Den gongen var det viktig at dette ikkje skulle vera noko nytt kyrkjesamfunn. Derfor fekk ikkje sakramenta noko plass. Heller ikkje dogme ut over frelsa i Jesu blod, innviing til teneste i armeen og utrusting til kampen mot djevelen og alt hans verk. Revolusjonerande også at kvinner og menn vart likestilte i alle frelseshæren sine administrative (= kommanderande) nivå.

----

På dei tre møta eg har opplevt i den engelske Frelsesarmeen, vart ordet for «kyrkjelyd»  brukt mange gonger. «In our church...» Og dei driv eit arbeid med kyrkjelydsmønster, men utan dåp, nattverd og andre normale kyrkjelydstenester. Med sin musikk og si forkynning føl dei meir eller mindre det uskrivne ritualet som andre lågkyrkjelege samfunn har. (No finst det innan Frelsesarmeen flokkar som har inkludert både dåp og nattverd, men det er meir på eit uoffisielt (hysj-hysj-) nivå).

Eg nemnde dette med organiseringa av frelseshær versus kyrkjesamfunn med ein av majorane. Vedkomande sa at dei såg problemet. Men både omstilling og ordrar må koma ovanfrå.

Kvar finst det i dag ein ny William Boot som har mot og styrke til å gjennomføra ei organisatorisk omstilling? Løysinga hadde kanskje vore  todeling: Kyrkjelydsarbeid etter nytestamentleg mønster (gjerne med både barnedåp og truandes dåp, osv.), samstundes som dei uniformskledde krigarane kunne venda tilbake til armeen sin eigentlege oppgåve: Gå med hjelp og frelsesbodskap til dei falne i alle samfunn.  Ja,  «gå til dei verste» som var slagordet i den tidlegare helgingsrørsla.

-----

Første møtet eg var på denne gongen i Exeter, hadde korps og kor og fullt hus. Ei litt eldre kvinne (med tydelege spesielle trekk) på første benk, reiste seg og dirigerte og dansa så smått i takt med korpset. Ho utstrålte ekte glede og innleving i musikken. Eg vart velsigna meir av gleda ho strålte ut enn av talen. Eg gledde meg derfor til møtet siste søndagen i England.

Men då var det minnedagen for dei falne i dei mange engelske krigane rundt om i heile verda. Ute i byen hadde det vorte selt kunstige raude valmuar omtrent som «Maiblomsten» som me gjekk rundt og selde då me gjekk i skulen. (Ein amerikansk soldat og forfattar skreiv om dei raude valmuane som grodde opp langs skyttargravene på Vestfronten: - Liv der døden rådde). Minnedagen er ellevte i ellevte fordi fredstraktaten vart underskriven klokka 11 den ellevte november 1919.

Det var felleskristeleg gudsteneste i domkyrkja i Exeter der den mannlege majoren deltok med kor og korps. Dermed vart det lite folk att på Armeen.  Eit skår i gleda både for ho på første benk og meg. Dette trass i at den attverande (kvinnelege-) majoren leidde det heile på ein god måte og heldt ein fin tale.

------

Starten på talen hennar den dagen fylgde eit mønster eg opplevde fleire gonger på møta der borte. Ho starta slik:

Ein pastor som var ute og gjekk på landet, oppdaga ein gut som sleit og prøve å retta opp eit diger høylass som hadde velta av kjerra hans. Guten, raud i ansiktet og gjennomvåt av sveitte, dreiv på som ein galen. Pastoren tenkte at det får no vera måte på, og ville gjeva råd.
-       Du må ta det meir med ro, gut. Du slit deg berre ut på denne måten.
-       Eg kan ikkje, svara guten.
-       Kvifor ikkje det då?
-       Far ville ikkje lika det sa han og dreiv på endå hardare.

Pastoren vart ståande og sjå kor guten sleit. Til slutt tok han guten i armen og sa:
-       Kom og kvil deg litt. Lat oss setja oss der borte. (Han peika på dei stad det var godt å sitja).
-       Eg kan ikkje. Far ville ikkje lika det! svara guten på nytt.
-       Men kvar er far din då? Eg ser han ingen stad.
-       Han ligg under lasset, hiksta guten.


Moral: Skal ein kunna hjelpa folk, må ein først vita kva problem dei slit med.

Den andre soga, fekk eg fortalt av han frå Fimreite. Då eg var på Armeen i Exeter, var han på møte i London. Pastoren der talte om ekteskapet og starta på denne måten:

Eit ektepar hadde vore gifte i 50 år og feira gullbryllaup. Då kom det eit hjartesukk frå kona:

-       Før me gifte oss, sa du stadig «Eg elskar deg», «Eg er så veldig glad i deg», og liknande kjærlege ord. Men i alle desse 50 åra me har vore gifte, har du ikkje sagt det ein einaste gong!

Svaret kom kontant:
-       Men eg sa deg jo at skulle eg forandra meining, skulle du få beskjed!


Summa summarum var det mange gode preiker der eg fekk vera til stades i Guds hus. Dei fleste bibelske med klår tale om synd og nåde. Andre teikna eit etisk og moralistisk landskap, vakkert nok, men utan det veldige «nådens hav».

Berre der kan me vaska oss reine.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar