torsdag 23. desember 2021

 


 Også ein del av soga til landet vårt....

Den som les soga om mellomkrigstida og under krigen, møter på Nansenhjelpa. Det var ein humanitær organisasjon Odd Nansen, son til Fridtjof Nansen, starta i 1936 for å hjelpa statslause etter første verdskrigen. Organisasjonen skaffa innreiseløyve til 200 vaksne og 60 born til Noreg.

Framsida på boka

Forteljinga tek utgangspunkt i heimen til forfattaren, prestegarden på Nesjestranda innfor Molde. Faren var prest, og dei tok mot Tibor då han var 11 gammal. Veslesøstera Vera vert verande på ein barneheim i Oslo, men kom også til Nesjestranda til slutt. Ho fekk vera der eit halvt år. Han var ein del av denne familien i halvanna år.

Boka fortel om miljøet og oppveksten før og under krigen, om arbeid og leik i eit roleg bygdemiljø. Borna var integrerte i familielivet og livet i bygda. I området var fleire jødar som hadde funne det tryggare enn i byane. På Malo budde arkitekten Otto Eisler og kona. Elles er fleire nemnt.

(Bilete frå boka)
Jødeparagrafen vart innført i norsk lovverk på nytt i mars 1942, og dermed vart jødane sin stilling meir usikkert. Nokre reiste til Oslo for derifrå prøva å koma seg til Sverige. Ein vart teken og fengsla. To greidde det.

Jødane på Malo fekk meldeplikt, så fengsla og  til slutt overførde til Falstad leir utanfor Levanger. Der var livet hardt, fekk folk vita. Mykje mishandling, meiningslause aktivitetar som å bera stein fram og tilbake, krabba i søla eller gjera «øvingar». Ein tysk «kommandant» tvinga til dømes ein ung gut til å sleikja skoa hans reine for søle, kan forfattaren fortelja.

For Tibor var det eit lyspunkt at søstera Vera kom til Nesjestranda. Då var det eit år sidan han hadde sett henne. Men Odd Nansen vart arrestert i 1942 og seinare sendt til Tyskland. Kontoret i Oslo vart stengt. Det var informasjon om overgrep mot jødane, og om deportasjonen med «Donau». Jødane som hadde vore på Malo, kom for seint til den, og vart plasserte på Bredtvedt i Oslo. På barneheim i Oslo hadde det vore razzia, og nazistane hadde fått vita kvar Vera budde.

Ein motstandsmann ville seg å prøva få borna over til Sverige. Turen gjekk bra til Oslo, men på vegen vidare angav ein norsk nazist dei, og dei og enda på Bredtvedt. Der møtte dei den jødiske dokteren Leo Eitinger som dei kjende frå Nesjestranda. Då tyskarane hadde bruk for kunnskapen hans, overlevde han krigen og kom tilbake til Nesjestranda i juni 1945. Han kunne fortelja at på  Berdtvedt fekk han ordna ein slags skule for borna, og Tibor fekk verta «konfirmert» etter jødisk tradisjon, Bar Mitsva. Han og dei vart så sende til Tyskland i lastebåten «Gutenland». Boka sluttar slik:

Det sterkeste minnet, fortalte Eitinger:
Prestefamilien Kragset med dei to nansen-borna (Bilete i boka)

"På perrongen i Auschwitz. Der stod Tibor og Vera. Små og fulle av redsel. Vera ble kommandert over på den sida der kvinnene sto. Hun gråt så hun hiksta. Tibor var stor og kraftig og måtte stille opp sammen med mennene. Han hadde trofast passa på den yngre søstra under hele reisa. Han sto et øyeblikk usikker, nølende et kort sekund, før han gikk bort til henne og tok henne i handa. Han hadde fortalt Eitinger og de andre jødene at mamma i Bratislava hadde bedt han om å passe på lillesøstra da de måtte flykte i 1939.

Han var tapper, modig og trofast og slapp ikke handa til lillesøster. Sammen kløv de opp i lasatebilen. Tibor snudde seg og vinka farvel til de jødiske vennene som stod igjen. Lastebilen kjørte rett til gasskammeret. 1020 mennesker, barn, kvinner og gamle menn ble drept natta til 3. mars 1943 i gasskammeret i Auschwitz."

Tibor og Vera. Jødiske barn. 13 og 10 år. Gassa i hel.

Dette og ein del av Noregs soge som me aldri må gløymna. Ikkje minst no me skal feira jul. For sjølv om me sjølve har det godt, bør me tenkja på - og gjera vårt for å hjelpa dei som ikkje får den i den freden og dei rettane me reknar for sjølvsagde. Tibor opplevde norsk jul to gonger. Vera berre ein. 

Og grunnen? Dei var jødar.

------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen uten skriftleg løyve frå meg.