lørdag 12. januar 2019

"Alle har me slekt i Amerika". 


Du har sikkert høyrt det, du og. Eg høyrde det frå eg var liten: «Alle har me slekt i Amerika». No først, som pensjonist, sette kona og eg kursen vestover for å sjå kvar dei vart av, desse som drog over havet for 150 år sidan. Med oss var dotter vår, Gunn Randi. Som «støttekontakt», - mellom oss sagt. Me valde 11. september (2018), for då var billettane til Amerika billegast. Det me ikkje tenkte på, var at amerikanarane var ekstra redde terror den datoen...



Dei reiste med båt over Atlanteren, me med fly over Island. 


Både Gunn Randi og eg (Inge) var plukka ut og teke inn på eit spesialrom for "ekstra kontroll" før me fekk gå på flyet frå Røykjavik til Minneapolis!  (Såg me verkeleg så terroristiske ut?)
I slekta har det vore gjennom åra vore stilt forskjellege spørsmål: 
 
Var det uro i blodet som jaga slektningane våre vestover? Var det tronge kår og vonde minne?     Kva hadde skjedd med dei «over there»?
 

 --------------
Del I

Vangsnes-slekt

Desse er av generasjonen som for over havet.
Dei me skulle vitja, rekna slekta si frå Vangsnes etter Ellend Lasseson Åfedt, f. 1772, gift med Synneva Johannesdtr. Menes, f. 1786. Dotter deira, Brita Ellendsdtr. Vangsnes, (1819-1900), vart gift med Ellend Hermundson Vangsnes (1821-1871). Ellends bror, Hermund, (1814-1892) vart gift med Kristi Christoffersdtr. Henjum (1815-1890). Dei hadde overteke gardar på Vangsnes, men då jorda var vekkleigd på åremål, kunne dei ikkje ta gardane i bruk før leigekontraktane var over. Dermed flytte eine ekteparet til Nord-Noreg og hitt til ein stad i Sogn. Dei kom ikkje tilbake til Vangsnes, men emigrerte til USA.
Den norske namneloven då dei reiste, var at fars-namnet, - eventuelt mors-namnet, var det avgjerande etternamnet. Bak det skreiv ein så namnet på garden dei budde på då namnet vart skrive. Men over i Amerika, valde dei å bruka gardsnamnet Wangsness som etternamn, det norsk namnelov skulle verta endra til 60 år seinare!
Eldste bror til Brita Ellendsdotter, Nils Ellendson Vangsnes, f. 1815, overtok garden på Vangsnes. Han vart gift med Unni Ingebriktsdtr. Eri, f. 1818. To brør, Nils og Johannes frå Vangsnes, gifte seg med to søstre, Unni og Anna frå Eri i Lærdal. Ellend Nilsson Vangsnes, sonen deira, f. 1847, vart gift med Kristi Lassesdtr. frå Åfedt i Feios, f. 1848. Dei er kona mi sine oldeforeldre.
Dette er soga om starten til dei som reiste over havet mot vest, skrive av Sandra (Sandy) som vitja oss i Sogn:
«Brita Ellendsdtr. og Ellend Hermundson hadde fire søner då dei reiste over til Amerika i 1856: Ellend, Herman, Johannes og John. Dei kjøpte først ein farm i Wisconsin der dei budde i ei jordgamme om lag 6 år. Seinare fekk dei vita det var jord å få i Vermillon, Dakota. Der tok dei seg land, men måtte røma frå det då indianarane hadde teke til å drepa nybyggjarar i området. Dei forlet den fine, rosemåla kista si og det andre dei åtte, og rømde til Sioux City. Der var eit fort som kunne forsvara dei. Då situasjonen roa seg, reise Herman tilbake etter kista og tinga dei kunne ta med.

Tre slektningar framfor første huset slekta bygde i Decora

Første vinteren budde dei på fortet og tok hand om hestane der. Dei fekk så vita at det var land å få i Decorah, Iowa. Der slo dei seg så ned og bygde tømmerhuset du kan sjå på biletet.
Ellends bror, Hermund, hadde flytt til Lofoten med Kristi, kona si, i 1844. Han dreiv fiske. Det var eit hardt liv. I 1869 bestemte dei seg for å reisa til Amerika dei og. Saman med fleire av borna, - nokre av dei alt vaksne, kom dei fram. Dei budde i tømmerhuset med Ellend og Brita til dei fekk seg eiga jord.
Ein av døtrene til Hermund og Kristi og mannen hennar hadde teke jord i nærleiken til foreldra. Dei budde i ei hole. Men ei natt døydde mannen og babyen. Året etter gifte ho seg med syskenbarnet sitt, Herman. Dei fekk seg farm ved sida av Ellen og Brita. (Dette er The Wangsness farms som me vitja).
Seinare forlet Hermund og Kristi med born og barneborn Decorah og drog i eit vogntog til Sioux Falls, Sør-Dakota. Der dei fekk kjøpa seg land og vart buande».
For nokre år sidan tok Sandra, etterkomar etter Brita og Ellend Hermundson Vangsnes, kontakt med Vik Lokalhistoriske avdeling. Ho ynskte å kome i kontakt med slektningar på Vangsnes. Seinare kom ho og andre to år på rad for å sjå stadane slekta kom frå.
Første gongen kom Sandy til Noreg saman med ektemannen Bruce og budde på Kvikne Hotell i Balestrand. Neste gong kom ho med begge døtrene og to barneborn. Då budde dei hjå oss på Veingshaug. Og då inviterte dei oss over til seg.
Me vart køyrt heim til Sandy frå flyplassen i Minneapolis den 11. september. Fint hus i eit roleg villastrøk. Velstelt hage og store tre heilt inn mot husveggen. I bakhagen ein kopi av bybrua i Trondheim. Ein del plantar var ukjende for oss. Annanas-lilje til dømes.
Første morgonen hadde ho invitert eit ektepar frå Misjonsforbundet til frukost. Spennande og aktive folk som dreiv engelsk-kurs for ungdom i Polen. Dei brukte tekstar frå Bibelen i undervisninga, noko som er meir naturleg i eit katolsk land enn i vårt avkristna Noreg.
 
Sandy med far og anna familie
Lunsj åt me ein annan stad i byen. Der har foreldra til Sandy, Joe og Coleen, flytt på sine eldre dagar. Blokka hadde 320 leiligheiter fordelt på vel 20 etasjar. Alle dei eldre betalte ein viss sum for månaden for å bu der. Dei kunne stella seg sjølve, men det var ein stor kafe i grunnetasjen. Der åt me lunsj saman med Sandy og foreldra og nokre andre av familien. I rommet ved sida av hadde eit pensjonistkor øving. Etter maten var me oppe i 8.etasje i leilegheita til Sandys foreldre. Bror til Sandy og kona kom saman med eit barnebarn på 18 månader.


Eldste vangsnesingen var avliden litt før me kom. (Artikkelen og biletet er henta frå bladet til
Aase Haugens Eldresenter der dei "norske" vert inviterte til ein trygg og god alderdom.) Foto ibj.
Sandy er aktiv på mange felt. Eit interesseområde er arboreet til universitet i Minnesota. Eit enormt område med demonstrasjonfelt og avdelingar for forskjelleg planteforskning, japansk hage, rosehage og mykje meir. Etter omvisninga var me innom “Eplehuset”, ein butikk knytt til universitetet og som selde eple og epleprodukt. Alle eplesortane var ukjende for oss, men alle hadde same storleik, var sterke i fargen og kosta ca. 1 dollar stykket! Smaken framifrå.
Neste dag gjekk kursen mot Decorah i Iowa. Det meste av slekta bur der. Første stogg var ei frikyrkje i Minneapolis som har “Drive-in bønn”. Me køyrde inn på parkeringsplassen. Der det stod bilar og folk. Straks glasa vart skrudde ned, kom ein mann og to damer bort til bilen. Dei spanderte ei flaske vatn på kvar av oss og tok imot bønne-emna våre. Dei bad så for turen sørover og om at me norske måtte få eit velsigna opphald i Amerika. Mannen, pensjonist og bønne-leiar, var norsk-svensk så både bønna og praten vart noko lenger enn dei elles ville ha vore.
5-6 timars køyring til Decorah gjennom flatt jordbruksland der mais og soyabønner stod nesten klare for skurtreskjarane. Her og der beita kyr, stort sett svart angus med nokre raude hereford innimellom. Eit par gonger beitande sauer og hestar.
Av og til varselskilt om kryssande hjortedyr. I eit område varsel om kryssande hestekøyretøy. Me såg ein hest med kjerre i typisk amish-stil. Dei har ein koloni der.
Vegane var fine, men som elles delvis av sement, noko som gjev ein stadig “dunk, dunk” når hjula passerer sprekkene. Heile tida. Trøyttande for oss som ikkje var vande med ulyden.
Medan me køyrde sørover, snakka me om eine dottera til Sandy og ei venninne som skulle springa dobbel maraton den laurdagen. Ei dotter er brannmann, og den andre arbeider i KFUM/KFUK. Begge spring maraton. Målet deira var 90 kilometer på 6 timar. Dei enda på 5 timar og 15 minutt, noko som vart rekna for godt gjort i 32 C-graders varme.

Vesterheim har eit heilt kvartal med museum, opplæringssenter m.m.
I Decorah ligg Vesterheim Norwegian-American Museum. Eit verkeleg kultursentrum for dei 4 600 000 norskavstamma som bur i USA - 1,5 % av folketalet reknar dei har norske aner. Vesterheim er det største museet noko innvandrargruppe har i USA. Over heile byen såg me norske flagg.
Rebecca underviser i treskurd.
Museet har eit heilt kvartal, og alt handlar om innvandrarane si soge og norsk kultur. Dei me møtte, var meir norske og mykje meir kulturbevisste enn oss i gamlelandet som aper etter alt som er nytt og luktar av engelsk og er “in” for tida.
Rebecca, Inger-Johanne sin 9-menning, tok imot oss. Guiden vår, Sharon, også slekt, fortalte om museet og arbeidet deira. Sjølv for oss som har budd 25-30 år utanlands og veit at nordmenn i utlandet er mykje meir kulturbevisste enn heime, var vitjinga overraskande. Heilt utruleg!
Rebecca har verkstad heime i huset sitt og.
Ved sida av historiske utstillingar og norsk tradisjonskunst, driv dei kurs i smiing (jern og sølv), brodering, strikking og bunadssaum, treskjering, firgurskjering (nissar og drakehovud), rosemåling og mykje meir. Rebecca, som var vår vert desse dagane, er lærar og underviser i trearbeid. Unge og eldre kjem hit på kurs for å læra norsk kulturhandtverk. Opplegget for 2018 inneheld til saman 50 kurs!
Rebecca har eit par ekstra soverom i huset sitt og dei leigar ho ut til folk som gjestar museet. Dei romma fekk me ha gratis dei dagane me var der. På rommet ved sida av soverommet vårt, var verkstaden. Lyst, fint og velutstyrt. Ved arbeidsbenken der sola kom inn, låg verktøyet. Eit utal ulike jern til alt frå karveskurd, figurar og utskjeringar i rosemålings-stil, til kubbestolar og mykje anna.
Neste dag var det tur til “The Wangsnes Farms”, eit stykke utanfor byen. Der er i alt 4 Wangsnes-farmar ikkje langt frå kvarandre. På farmen me stogga, var husfolket på arbeid. Eigarane av farmen ved sida av, bur i byen, men driv mais og søyabønne-produksjon som folk elles i Midtvesten. På den farmen står første tømmerhuset slekta bygde.

I dette huset budde 14 menneske ein gong. No kan geitene, som heldt reint rundt huset, gå under tak i uver.
Mange meiner huset burde fått sin plass på museet, men andre meiner at det er i for dårleg stand. Her var det altså vangsnesingane budde då dei flytte or jordgamma. På det meste budde 14 menneske på omlag 5 x 6 meter golvflate og med sovehems i eine enden. Tømmeret dei brukte, viser mangelen på skog. Smått og krokete stokkar der dei med tida hadde prøvt å tetta sprekkene med sement.
Det vert fortalt at mange prøvde å halda på norsk språk så lenge som råd, i alle fall seg i mellom. Andre derimot gjekk fort over til engelsk og tok etter amerikanarane. Ein av dei, ein lærar som brukte etternamnet Berdal, skreiv soga om starten deira i Amerika. Med utgangspunkt i den, skreiv så Rølvåg soga om innvandarane, “Giants in the Earth: A saga of the prerie”. I alle fall nokre av “nordlendingane” han skriv om, var altså utflytte Vangsnesingar!
Dei var jordbrukarar, dei som kom over. Ein spesialiserte seg på hesteoppdrett. Det vert fortalt at han hadde selt ein flokk hestar oppe i nord. På veg heim stogga han på ein marknad i ein liten by. Der såg han ein som stal, og melde frå. Men fyren hadde vener, og dei ville ta han. Dermed såg han ikkje anna råd enn å hoppa på hesten sin og røma. Etter det vart det sagt: “A Wangsnessman on a Wangsness horse, - nobody can catch him!”
Ein annan slektning hadde farmen sin eit stykke frå desse to farmane. Også den farmen hadde vore i slekta over hundre år. Dei hadde alle Morgan-hestar, etterkomarar av hesten til General Morgan frå krigen mot Sørstatane. Det er den hesterasen som det skal vera mest av i USA i dag. Eigarane hadde no gått over til produksjon av mais og soyabønner og økologisk høy for sal, ved sida av hønseri med 16 000 høner. Hønene fekk økologisk for og produserte høg-omega-egg. Alle amerikanarane me kom i kontakt med, var hyper opptekne med økologi og helsekost.
Eg hadde vorte forkjølt og held meg heime ein ettermiddag. Dei andre vart med Sandy og vitja forskjellege stader der det var slektningar. Dei vitja Diane som hadde ei gamal rosemåla kista Vangsnesfolka hadde hatt med seg over til Amerika i 1856. Der var og mansjettknappar, dukar og sengeteppe som hadde følgt slekta i alle desse åra.


Rebecca viser slektningar rundt i huset sitt etter matøkta.


Laurdag ettermiddag hadde Rebecca bede inn til «Potluck». På ekte amerikansk vis hadde alle med mat. Der var rjomegraut, lefser, kjøtkaker, kylling, salat og mykje anna godt. Gunn Randi og Inger-Johanne hadde laga ostekake som vart vel motteken. Dei fekk ikkje tak i alle ingrediensane, men brukte kokosmjølk-krem. Med fullt av blåbær og jordbær på toppen vart resultatet godt.

Norma og Sandy pratar slekt.
Ein av kubbestolane ho hadde rosemåla.
På veggen hadde Rebecca hengt opp oversikt over to av dei store slektsgreinane som viste korleis slekta var gått vidare frå dei som kom til Amerika. Sist dei hadde slektstreff, var dei 350 stykker.
Måleri ho har vunne premiar for.
Inger-Johanne og Sandy vitja Norma Wangsness. Ho er i slekt med Evelyn Hjortland heime på Vangsnes. Me kjende henne frå brev me hadde omsett så Evelyn kunne få med alle detaljar i det ho skreiv. Norma er ei lita og aktiv dame på 89 år. Ho målar bilete med norske motiv, rosemålar kister, stolar og anna. Mannen hennar var fotograf, men døydde for fleire år sidan. Ho har førsteprisar i fargelegging av svart-kvitt fotografi og i rosemåling.
16 slektningar var samla laurdag ettermiddag hjå Rebecca. Dei fleste var og på gudstenesta i Calmar Lutheran Church neste dag. Det er ei tradisjonell luthersk kyrkje. Dei ville ha norsk song som ein del av gudstenesta. Eg (Inge) song til preludium, ved ofringa og til postludium. Songane hadde dei fått omsett og skrive inn i programmet. Den siste songen, “Herligste navn som er uttalt på jord”, var vekselsong der kyrkjelyden song delen med “Jesus, Jesus”.
Kyrkjekaffien etterpå vart prega av slekts-treff den og. Mange norsk- og skandinavisk-avstamma ville helsa på og prata. Fleire sa: “Tenk om far og mor hadde fått høyra songen din. Dei var så glade i norske songar.”
USA sin nasjonalfugl.
Turen tilbake til Minneapolis køyrde me “The Missisippi Road” med stogg ved Pepinsjøen, den største i vassdraget. Med me sat og åt, såg me ein fugleflokk litt utanfor. I den var noko eg først trudde var ein stor svartbak. Gråmåsar og fiske-ender slost om noko nede i vatnet, men denne fuglen heldt seg vekke. Litt etter kom fuglen og sette seg på ei grein som hang ut over sjøen. Då hine fuglane var vekke, flaug ho tilbake og plukka opp noko frå vatnet. Med det i klørne, sette ho seg i treet att for å nyta maten i fred. Slik fekk me sjå USA sin nasjonalfugl, fiskeørna, på nært  hald.
Tilbake i heimen til Sandy, var JoAnn og dottera gjester til neste dags frukost. JoAnn er 84 år, men underviser endå ved universitetet. Dei fleste av pensjonistane me møtte, dreiv med eit eller anna inntektsgjevande arbeid langt etter norsk pensjonsalder. Dei såg ut til å ha eit meir meiningsfullt liv enn mange av oss eldre heime.

Det var og ein del museumsbesøk for å læra meir om landet.
JoAnn er av norsk-svensk ætt og spesialist på jødisk soge. Ho har leidd over 100 studieturar til Israel og også svært mange til Polen der nazist-leirane naturleg nok har stått i fokus.
Både Sandy og me er opptekne med jødane og jødisk soge. No ville ho at me skulle verta kjende med ein av spesialistane dei har i denne delen av USA. Både under denne frukosten og ein dag eg (Inge) seinare fekk med JoAnn, fekk me mykje informasjon og kopi av undervisningsmateriell ho brukar.
I soga til universitetet i Minneapolis er Charles Freemont Dight, den gongen leiar for studiet av menneskelege gener. Han skreiv “fan-brev” til Hitler då han kom til makta i 1939. Dight gjekk inn for mellom anna tvangs-sterilisering av dei mentalt svake og andre som samfunnet stempla “uynskte” individ.  
Ideen skulle koma frå boka til Sir Francis Galton i England (syskenbarnet til Charles Darwin). Han såg for seg eit samfunn der dei gjennom bevisst genetisk utval hadde fått fram eit meir intelligent og friskare folk. Om han tenkte på den ariske rasen “sin fortreffelighet”, veit eg ikkje. Men det var hjå dyrkarane av «der Übermensch» ideen fall i god jord. Dermed vart det skapt klinikkar for produksjon av den “forbetra” og reine rasen. Den næraste i vårt område, var på Stalheim på Voss, som me veit.
Ein god ven sa ein gong det var snakk om slekt: “Er det snakk om bra folk, kan slektskapet gå nokså langt. Er det motsett, er syskenborn langt nok”. Dei me møtte, var slekt frå 5-menningar til i alle fall 7-, 8- og 9-menningar. Det var trivelege folk som me kjende me hadde mykje til felles med. Me hadde like interesser, - ikkje minst kristentrua. Dei som reiste over, hadde teke med seg sin religion. Der borte hadde dei vore aktive i sine kristne samanhengar. Dei hadde gjort sitt både økonomisk og praktisk for både kyrkjebygging og drift av kyrkjer og gravplassar. Praktisk talt alle var lutheranarar, noko me ikkje er. Likevel kjende me at me høyrde saman i Han som er einaste vegen til frelse, enten me bur her til lands eller på andre sida av havet.
Mange sa: Når kjem de att? De kan få bu hjå oss…..
------------
Merknad:
Evelyn Hjortland, Vangsnes, som er nemnt i dette stykket, gjekk bort i november 2018.
Me vitja henne i oktober, fekk visa bilete og overlevera helsingane. Det gledde henne mykje.
-------------
  
------------------- 

Del II

Myking-slekt





Dei me skulle vitja, rekna slekta si frå «Hedlo» på Myking og frå Natås. I motsetning til Vangsnes-folka, valde dei å halda på patronymikon-ordninga. Det vart derfor ikkje nokon Natås-farmar, men Torkildsons.
 
Anders Olsen Sæverås, f. 1779, gifte seg med Anna Olsdotter Myking. Dei budde der Øyvind Fredriksen seinare skulle driva butikk. Sonen deira, Torkild Anderson (1808-1860), gifte seg med Åse Monsdotter Ytre Eide (1800-1843) frå Ostereidet. Dei brukte då gardsnamnet Mykinghellen, og dreiv butikken. Dei fekk i alle fall fem born. Tre døydde same året dei var fødde. Anna (1833-1863) vart gift med Sjur Rasmussen Nord-Kvinge. Anders, den einaste guten som levde opp, overtok gard på Natås.
Åse døydde tidleg, og Torkild gifte seg opp att med Olina Ivarsdotter Fammestad (1817-1860). Dei fekk seks born i lag. Av desse reiste fire til Amerika. Ivar og Johannes i 1870. Eli og Anna i 1873. Ein son, Ole, arbeidde på saga på Fammestad og drukna der. Den eldste, Åse (1845-1875) gifte seg med Ole Olsen Øvretveit. 
Rundt 1850 kjøpte Torkild Anderson Mykinghellen bruk nr. 4 på Natås, og tok då gardsnamnet Natås. Garden vart seinare skøytt på sonen, Anders Torkildson Natås, (1836-1861). Han var først gift med Barbro Larsdotter Refsdal, f. 1837. Han gifte seg opp att med Marta Olsdotter Hundvin, f. 1841. Til saman hadde Anders Torkildson 7 born.
 
Natåsgarden.
Bertin, min bestefar, budde i det kvite huset nedst til høgre, på bruk 4. Bak løa er grensa til bruk 6 som broren Torkel fekk. Han bygde seg kombinert løe og flor med bustad oppå floren. Dermed fekk dei golv-varme i stova (huset lengst bak i biletet). Dei andre husa er bygde av seinare eigarar. (Biletet er av eit eldre flyfoto).
Dei som reiste til Amerika, var altså alle frå andre ekteskapet til Torkild Anderson Mykinghellen / Natås, og hadde morfolket sitt på Fammestad. Endå finst det brev frå dei som reiste over havet for å finna ei ny framtid der. I brev kan me lesa at dei ville at Torkild, barnebarnet til den gamle Torkild Anderson og son til halvbroren, Bertin Anderson, skulle koma til Amerika. Truleg hadde han lyst til å fara, for då bestefaren gav frå seg garden, delte han bruk nr. 4 på to av sønene: Bertin Anderson (min bestefar) fekk halvdelen av garden med husa, og minste broren, Torkild Anderson, fekk bureising oppom «Brotet». Seinare kalla Bruk 6. Visstnok gjort for å sikra at Torkild ikkje reiste. Dei «norske» etterkomarane til Anders Torkildson Natås, vart buande  på Natås, Sævrås, Sundsbø og Lygra.
 
Brevkontakten vart sjeldnare og sjeldnare, for så å stogga heilt. Men ein gong rundt 1970 tok nokre av slektningane der borte kontakt med slekta i Noreg. Seinare vitja dei Noreg eit par gonger. Drivkrafta bak vitjinga var Lyla Thompson. Ho slekta frå Johannes Torkildson Mykinghellen / Natås som emigrerte i 1870, og er tanta til Linda som no skulle vera vår los og vert.
 
Siste skotet på slektstreet der borte, ei lita jente som vart oppattkalla etter oldemora Lyla, kom til verda same dagen Linda henta oss i Minneapolis. Me hadde då vore ei veke saman med kona mi si slekt frå Vangsnes. Me hadde vore på besøk der den slekta hadde slege seg ned, nord i Iowa. Der  vitja vi Vesterheim Norwegian-American Museum, det største innvandrarmuseet i USA. Fleire av dei tilsette der høyrer til kona mi si slekt.
 
I alt 4 600 000 amerikanarar reknar seg for norskavstamma, 1,5% av folket i landet. Bortimot 1000 av desse er slektningar til oss som no reiste over....
 
Me la tvillingbyane Minneapolis-St. Paul med sine tusen innsjøar og endå fleire tre, bak oss. Derfrå bar det ut over den flate prærien. Mais og soyabønner stod brune og klare til tresking så langt auga rakk. Vel 90 haustlege fahrenheit-, over 30 «norske» celsiusgrader ute. Først feit svartjord, seinare brun aurjord som vitna om istid, også her. Kompasset i speilet viste West og North-West det meste av tida me køyrde mot Brookings i Sør-Dakota. Landskapet flatt og bylgjande med innsjøar her og der.

Her har slektningar vorte gravlagde.
Dei kalla seg altså Torkildson, slektningane våre som tok land på prærien i Sør-Dakota. Dei hadde truleg teke den nordre ruta innover i Amerika, og kome over dei store sjøane før dei slo seg ned i landet til Dakota-, Nakota- eller Lakota-indianarane. Undergrupper av den store Souix-stammen.
 
Den norske namneloven med overgang frå patronymikon til gardsnamn, kom ikkje her heime før 50 år etter slektningane våre reiste. Ingen brukte derfor gardsnamna Mykinghellen eller Natås, men farsnamnet som etternamn. Det vart slektsnamn der slik mange her heime og brukte når dei ikkje budde på ein gard då lova kom litt etter 1910.
 
Me tok inn på eit hotell i Brookings som ligg i området der Natåsfolket slo seg ned. Dei som ville møta oss, var inviterte til ein farm ein god times køyring lenger vest.
 
På vegen køyrde me innom ein liten by, De Smit, der Linda, husverten vår, hadde vakse opp. Tvert over vegen der låg kyrkja som far til Laura Ingalls Wilder, forfattaren til «Det vesle huset på Prærien», hadde vore med og bygd. Huset slekta vår hadde hatt, var no kjøpt av kyrkja og brukt til søndagsskule og anna.

Den opphavlege Natås-farmen vart seld for nokre år sidan. Siste eigaren, Martin, var ugift og selde då han kom opp i åra. Han fekk godt betalt og sat att med mykje pengar. Men han var lei av å laga mat og gjera husarbeid og kjøpte seg plass på ein av dei dyre, private alders-heimane. Då han døydde, var alle pengane oppbrukte. Men, som slektningane sa: «Han hadde ingen direkte arvingar, og det var hans pengar. Han gjorde som han ville.»
 
Om kvelden var me inviterte på slektstreff på ein annan «Natås-farm», hjå Abrahamsons. Farmen ligg i eit område med vekslande innsjøar og jordbruksland. Alle slektningane (fire- og femmenningar) som kunne koma,  inkludert eit ektepar frå Chicago, var samla for å møta oss. Dei frå Chicago hadde køyrt i 8 timar. Han pensjonert luthersk prest, og ho slektsgranskaren i familien.
 
The Abrahamson Farm var på vel 90 000 mål, men den var liten samanlikna med grannen sin som var på over det doble, sa eigaren. Gamlehuset var rive for nokre år sidan. Det nye var stort og fint.
Med damene laga middag, tok eigaren oss i bilen og køyrde oss rundt. Han hadde hundre svarte anguskyr som gjekk ute heile året, men kunne gå under tak om vinteren vart for hard. Rundballane var mange og enorme. Han hadde berre eit sjølvoppløysande band rundt så dei heldt forma. Plast, slik me ser brukt i Noreg, var sløsing både med materiale og pengar, meinte han. Rett nok vart ein større del av foret øydelagt på den måten amerikanarane gjer det, men dei hadde så mykje fòr at det spelar ingen rolle.
 
Slekningane som kom til Abrahamsons farm for å møta oss.
Mais og soyabønner var hovudproduksjonen ved sida av kjøt. Maisen brukte han delvis til eigne dyr, men elles vart alt selt. Då bestefaren overtok, var det ein innsjø på farmen. Bestefaren hadde spadd veit gjennom haugane og laga innsjøen om til åker, noko som ikkje er lov lenger. For nokre år sidan måtte grøfta takast opp att og svære dreneringsrøyr av plast lagde ned. Med maskiner sjølvsagt.
Soga om huset på prærien, er frå dette området. Ei lærarinne tok tak i forteljinga til  Laura Ingalls Wilder og gjorde staden verdskjend. Der «Det vesle huset på prærien» hadde vore, er det i dag bygd museum. Her er leirskule der born og unge kan få oppleva livet nybyggjarane levde den gongen. Å arbeida ute på marka eller sitja under stjernene og prata medan natta legg seg, er ei spesiell oppleving for mange unge i dag, fortalde dei.
Foto av reklamen for leirskulen og museet som vert driven der "Det vesle huset på prærien" låg. Foto ibj.
1930-åra var tørre og harde år for dei i Midtvesten. I tillegg til tørken kom vind som flytte jord og sand og bles det inn over farmane. Det dekte åkrane som snøen om vinteren og øydela det som var av avlingar. Årsaka var at det vesle som hadde vore av skog då dei kom, var hogge. Staten sette då i gang eit skogplantingsprogram, og farmarane fekk betaling for å planta striper av skog utover eigedomane sine. I dag er det store tre i 50-60 meters belte som lettar vinden over åkrane og gjev livd.
Tidlegare var utleige av jakt ei vanleg inntekt på farmen. Folk kom frå Illinois og andre statar og gjekk på jakt nokre dagar eller veker kvart år. Den gongen var maisen planta med større avstand, og hjortedyra laga seg vegar og gøymestader i dei enorme åkrane. Jegarane sat på vakt der dyra kom ut. I dag vert maisen maskin-planta så tett at dyra ikkje kan gå mellom plantane. Dermed må hjortedyra halda seg der det vart planta skog. Me såg kvithalehjort, nokre koller som likna norsk hjort og ein stor, kvit kronhjort som likna den me kjende frå Sør-Amerika. Av jaktvilt elles var det forskjellege gåseartar og andefuglar me såg. Mykje fasan skulle det vera i området og.
 

Turen gjekk og til «Kyrkja på åsen», den dei fleste av slektningane våre rekna som si. Dei hadde vore med på å byggja ho. No var ikkje gamlekyrkja i bruk lenger. Dei hadde ei større og finare meir sentralt. Men gravplassen vart halde i hevd, og der låg slektningar i rekkje og rad.

Martin, siste eigaren av eldste Natås-farmen
Middagen på Abrahamson-farmen baud på heimealen angus, kalkun, kjøtpudding og elles eit utval av maten dei forskjellege hadde teke med til festen, eitt Thanksgiving måltid. Og så vart det prata, spurt og fortalt, og ikkje minst lett mykje.
 
Noko som imponerte oss, vart den sterke religiøse interessa dei hadde. Alle var aktive i sine respektive (lutherske) kyrkjer, og interessa for det norske kristenlivet stor. Ikkje minst Hans Nielsen Hauge og det han hadde gjort, vart sett på som noko stort og viktig. Det vart dermed seint før me var tilbake til hotellet.
Triveleg prat på kjøkenet med Linda, mora, systera og ektemannen hennar.
Neste dag var me til «brunsj» hjå søstera til Linda, Laurel, som bur i Brookings. Dei har ei hytte ved ein innsjø lenger nord der dei budde mykje av året. Planen var at me skulle vera med dei dit. Men så hadde dei fått problem. Mannen hennar var reist på arbeid. Ho var på veg til bilen då ho gleid og knekte foten. Ho greidde å krypa og få kontakt med ein granne. Vart køyrd til dokter, og sendt vidare til eit sjukehus. Avstandane er store og det gjekk mykje tid. Foten var svart før dei kom fram, og det tok ei veke før dei kunne operera og få beina på plass. No sat ho i rullestol, men vona at med fysioterapi skulle ho koma seg på beina att. Mannen var etter alderen pensjonist, men hadde snekkarverkstad på ein farm i nærleiken. Han laga tilpassingar til kjøken-innreiingar og liknande for eit firma, slik at innreiingane vart «skreddarsydde» til rommet dei skulle inn i.
 
I dette landet der alle er avhengige av  private pensjonsordningar, er det vanleg å vera i arbeid til langt over 70. Kanskje ei betre ordning enn vår der me er utgått på dato når me når ein viss alder. Uansett helse og arbeidslyst.
 
Slik ynskte dei oss velkommen.(Foto ibj).
Laurel er lærar og driv med måling. Ho hadde undervist til ho knekte foten. Far hennar hadde brukt fritida til treskjering. Både hans og hennar arbeid pynta opp i heimen saman med arva «norske» ting. Til middag var det «ståande kylling», det vil seia ovns-steikt kylling festa på eit stativ og med ein boks med vatn eller vatn og olje inni. Kjøtet vart dermed mykje saftigare enn me har prøvt før.
 
Mor til søstrene, Vera, var komen for å treffa oss. Me køyrde henne heim etterpå. Då ho og mannen var eldre, selde dei huset og kjøpte seg to leilegheiter i eit bustadkompleks for eldre. Så lenge han levde, brukte dei den eine til daglegstove og kjøken, og hi til soveromsdel. No var han død, og dei hadde selt ei slik at ho berre hadde ei leilegheit med to soverom att. Lettstelt og triveleg. Kjekt å treffe heile familien.
Same dagen vitja me South Dakota Art Museum og såg målaren Harvey Dunn sine vakre bilete. Han måla frå første verdskrigen der han var med, men seinare helst frå prærien. Prærien var hans «hage», sa han. Ein periode var han granne til Natåsfolket og måla livet slik det då var. Men, som ein av slektningane sa: «Dei heime likte ikkje at me gjekk dit, for der vart det drukke brennevin». Eg kjende att tankegangen frå min eigen oppvekst....

Me vitja og South Dakota Agricultural Heritage Museum, med jordbruksutstyr, verstasjon og mykje meir. Spanande og informerande. Mange av personane hadde norske eller skandinaviske namn. Den meste kjende for oss var Norman Ernest Borlaug. Han vart presentert som ein av dei som hadde gjort mest for å auka matproduksjonen i verda, og derfor fekk Nobelprisen. Utflytt sogning med slekt på Vangsnes.
 
På ynskjelista då me planla turen, var Sioux Falls og informasjon om indianarane som rådde her før slektningane våre og dei andre tok landet. Sioux River fossa vakker og flaumstor nedover dei rustraude knausane, men eit skikkeleg indianarmuseum var ikkje å oppdriva i området me køyrde gjennom. Boka «Bury my heart at
Wounded Knee» og andre fortel om det som hende her. Korkje på internett eller i samtale med folk, fann me minnesmerke eller anna som fortalde om dei som var her først. Heller ikkje noko minne om nedslaktinga av indianarar som området er kjent for.
Flaumstor Souix-river over raude kvartsitt-berg.
Heller ikkje i Minneapolis-St. Paul fann me eit «skikkeleg» indianarmuseum med oversikt over dei opprinnelege innbyggjarane på kontinentet. Tre stader fann me litt, men då knytt til Lakota-stammen og deira kunstnarar. Den stammen fekk livet forandra då hesten vart innført av spanjolane rundt 1500. I dag kallar dei seg «Hestefolket». Mykje av kunsten deira er knytt til det dyret, enten som todimensjonale eller tredimensjonale kunstverk. Mia (Minneapolis Institute of Art) hadde store samlingar frå kulturar i Asia og Afrika, men minimalt frå dei opphavlege kulturane i deira eige land. Så lite at det kan vera nærliggjande å spørja om soga til urfolket i USA er noko dei helst vil sopa under teppet og gløyma.
 
Siste søndagen var me med Linda i hennar kyrkje, "Fødselskyrkja". Linda hadde flytta frå ei eldre og tradisjonell luthersk kyrkje i sentrum til ei ung og moderne luthersk kyrkje nær heimen hennar. Topp lokale, fin musikk og alle vart me hjarteleg og grundig ynskte velkomen. Slagordet på visittkortet: «Meir enn berre ei kyrkje», fortalde om kva dei ville vera i bydelen. For oss var det rart då presten sa at «No skal me be til Gud, anten det er til HAN eller HO.»

Fint opplegg for borna med presentasjon om kyrkja sine innleigde geiter. Dei beita på framsida av kyrkja og skulle minna oss om å ta vare på miljøet. Den åndelege bodskapen var knytt til Josef som vart seld til vandrande handelsmenn og vidareselt til egyptaren Potifar. «Gjev aldri opp, men kjemp mot alt som er gale og nedbrytande. Det er det viktigaste i denne forteljinga», sa presten.
 
Siste dagane vart me viste rundt i Minneapolis-området. Me var i 22. etasje på First Nation’s Bank sitt bygg. Linda er pensjonist, men hadde arbeidt siste åra som resepsjonsdame hjå 3M. No fekk me gå rundt og å sjå ut over byen og Mississippi, samt gå gjennom forskjellige «skywalks» mellom høgblokkene.
Romantisk tur på Still-Water litt nord for Minneapolis.
 
Det vart og ein tur til Stillwater og middag ombord på hjulbåt på elva. Musikk av dixiland-orkester. Romantisk og med utsikt over eit vakker elvelandskap. Med dette hadde me vore i fire statar: Minnesota, Iowa, Sør-Dakota og Wisconsin.
 
I bagasjen heim var ein stein frå Sioux Falls, bøker om Israel og gåver til dei som var heime. I tillegg sende slektningane våre der borte masse helsingar til kjend og ukjend slekt på «Strile-landet». Hermed gjort kjent. 
 
Los og vert, Linda, minna sterkt om Liv, syskenbarnet mitt som i si tid var lærar i Lindås. Dei var firmenningar. Begge ordla seg og lo på same måten. Me var ukjende for kvarandre då me møttest, men hadde ei fantastisk tid saman.

Inger-Johanne og Linda, vert og guide på vitjinga til Natås-slekta.
Før me skulle reisa, fortalde ho: Nokre vener hadde fått vita at ho skulle møta og ta seg av slektningar frå Noreg. Dei skulle bu i huset hennar, og ho skulle losa dei rundt i Amerika ei vekes tid.
- Kjenner du dei?
- Nei, eg har aldri møtt dei, var svaret.
- Kva om dei er problematiske og vanskelege å ha med å gjera? Kva gjer du då?
Dei meinte opplegget var reine risikosporten. Ho visst ikkje kva ho skulle seia.
 
At ho fortalde oss dette på veg til flyplassen, tok me som teikn på at me ikkje hadde vore så hakkande galne likevel. Og så avtalte me at ho skulle koma over til oss.
 
Om ikkje så lenge.....
 
 
-----------------
Copyrighten til alle fotoa har eigar av bloggen

Faksimilane er foto av bladet til Aase Haugen Senior Services, 
frå South Dakota Arts Museum og
for Museet knytt til "Det vesle huset på Prærien".

--------------------
 

 Det er forbode å kopiera eller bruka bilete eller noko

av frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

------------------------