søndag 25. februar 2024

Den raude hesten spring fort…

Etter det andre «Kom!» i Johannes’ openberrings 6. kapittel, kan me lesa dette:  «Og ein annan hest, som var raud, drog ut. Han som sat på den vart det gjeve å ta freden bort frå jorda, så dei skulle slakta kvarandre. Og det vart gjeve han eit stort sverd.» (v.4)

Den første, kvite hesten var alt ute, og no tråva den raude hesten av stad. Ryttaren fekk makt til å ta freden bort frå jorda, slik at folk «slakta kvarandre». Våpenet til ryttaren var sverdet, det tradisjonelle symbolet på krig.

Skilt ved Jesu grav

På våre kantar er ordet «slakta» brukt om dyr. Om folk er verbet «å drepa». Dyra vert ikkje berre drepne, men sundskorne og oppdelte. Det var det som skjedde i Israel 07.10.23. Mange av dei døde kroppane var så mishandla at det var vanskeleg å finna delane så personane kunne identifiserast!

Men krig og drap er ikkje noko nytt. Set me det på spissen, var dei første menneska knapt «tørre bak øyrene» då Kain drap Abel. (i) Tipptipp-oldebarnet hans, Lamek, gjekk endå lenger. Han ville drepa ein mann for kvart sår han fekk, og ein gut for kvar skramme! (ii)

Kanskje ryttaren på den raude hesten gjev oss krig som er meir ekstrem? Egoisme (iii), nedvurdering av andre menneske og hemnlyst har vore til stades frå Adams tid. No, i «Endetida», får det vonde ein markant auke på jorda, ser det ut til.

Israel blomstrar!
Ein ny type krig

Gazakrigen er ein krig verda aldri har sett maken til. For første gong krigar soldatane i urbane strøk, og mot ein fiende som bevisst gøymer seg mellom  (og under) uskuldige menneske og sivile institusjonar som skular og sjukehus. Kanskje dette var det Gud viste Johannes?

Terror som «framhaldsforteljing»

USA, FN med fleire gjer alt dei kan for å setja ein stoppar for krigshandlingane. Det ynskjer eg og, men samstundes ser eg at når Israel har stogga tidlegare «opprenskingar», har det ført til at terroren held fram og auka. 

Første angrepet i Hamas-regi skal ha vore drapa på Tempelhøgda i 1990. Seinare har dei brukt «sjølvmordsangrep» under den første og den andre intifadaen. Frå 2006 auka konfrontasjonane, og i 2008-2009 kom den første Gaza-krigen. Internasjonalt press tvinga då Israel til å stogga krigen, og 17.01.09 gjekk Israel til einsidig våpenkvile. Ikkje Hamas. Dei lova ei veke… Dei heldt krigshandlingane i gang framleis......

I åra fram til 07.10.23 har det stadig vore terror, men det som skjedde den dagen i Sør-Israel, overgjekk alle tidlegare handlingar. Israels reaksjon og militære inngang i Gaza, er derfor tydeleg og bevisst: -Hamas eliminerast ein gong for alle.

«Fredmeklarane» (iv)
Skjermdump frå artikkelen i "Israel today" 21.02.24.

Hjå dei som i dag er valde representantar for folket i Israel, pluss Benny Gantz som no er med i regjeringa, er det motstand mot å stogga opprenskinga i Gaza, og å gjeva Hamas / PLO makt til å styra Gaza og Vestbredden etter krigen.

Kva meinar folket elles?

«Israel today» hadde ein artikkel 21.02.24 (v) om kva folk i Israel meinte om ein palestinsk stat. Det var «The Israel Democracy Institute» som gjorde spørjeundersøkinga.

71,5 % meinar at om Vesten (vi) vedtek ein palestinsk stat, vil terroren halda fram som til no, eller verta verre.

73% av israelske arabarar støttar tanken på ein palestinsk stat.

77 % av den politiske venstresida i Israel støttar tanken på ein palestinsk stat, sjølv etter 07.10.23

48 % av det politiske sentrum i Israel går mot at staten Palestina vert ein realitet.

78 % av høgresida i israelsk politikk, vil ikkje ha ein slik stat.

Totalt gjekk 63 % av dei spurde mot at staten «Palestina» skal sjå dagens lys.

Fleirtalet av både israelarar og israelske arabarar trudde at det aldri vil bli nokon palestinsk stat. 

63 % av jødane og 70 % av dei israelske arabarane meinte at sjansen for at dei palestinske styresmaktene skulle endra sin politikk, var omtrent 0.

For meg beviser dette at Biden, Bart Eide og dei andre «fredsaktivistane», er på villspor. Å tvinga gjennom ein Palestinsk stat mot Israel sin vilje, vil vera eit overgrep mot Israel på linje med 07.10.23!

Det vil vera å premiera terroristane for ugjerningane dei utførde!

-------------------------
(i) 1. Mos. 4,8.
(ii) 1. Mos.4,23.
(iii) «Egoisme» kan her står for mange «-ismar», til dømes «nasjonalisme», «kommunisme»  med fleire som til tider påverkar menneske så sterkt at dei ikkje har empati for andre.
(iv) Eg tenkjer på Bart Eide og den norske regjeringa, Biden og USA, FN, EU-parlamentet osv. Samstundes som dei arbeider for å spara liva til sivile ikkje-terroristar i Gaza, opnar dei for at Hamas skal halda fram med å drepa jødar. Dette har alle tidlegare «avtalar» bevist.
(v) Du kan lesa artikkelen sjølv på  https://www.israeltoday.co/read/'Palestine' would be a terror state, say most Israelis - Israel Today
(vi) Teksten brukar «The West» og meinar vel USA og vestlege land? 

(Når ikkje anna står skrive, er bileta mine).

........................

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 18. februar 2024

Lovfesta antisemittisme

Den komande, store festen på jødane sin kalendar, er Purim. I år startar han 23. mars på kvelden og varer eit døger. (i) Det er ein fest som ikkje er omtalt i Toraen, men som har sitt opphav i Esters bok og det som hende rundt 500 år f. Kr.

Boka er spennande, - poetisk og romantisk. Grunntemaet, slik eg les boka, er jødehat og jødane sin kamp for overleva. I dag vert «jødehat» kalla antisemittisme, anti-zionisme, anti-israelisme eller anti-eitt-eller-anna knytt til Israel og jødar.

Esters boka er delt i 10 kapittel, og den foreldrelause ungjenta Ester dukkar opp i 2. kapittel. Ho vart oppfostra av Mordekai, ein jøde som ved eit høve hadde varsla kongen om ei samansverjing, og dermed berga livet hans.

www.timesofisrael.com/Macron hosts memorial for Oct. 7

Kong Ahasverus fekk problem med dronninga Vasti, og rådgjevarane hans tilrådde han å finna seg ei ny dronning. Ester vart så dronning, men fortalde ingen at ho var jøde.

Eit klassisk døme på jødehat

Kongens fremste rådgjevar, Haman, var jødane sin bitre fiende (ii). Han hata særleg jøden Mordekai som nekta å bøya seg i støvet for han. Av den grunn fekk han kongen til å laga ein lov som sa at alle jødar skulle drepast: Unge og eldre, speborn og oldingar, - og det dei hadde av verdiar, skulle andre få overta. Med andre ord anti-semittisme i lovs form.(iii)

Hengja bjølla på katten?

Ei forteljing då eg var liten, var soga om musene som ville hengja bjølla på katten.(iv) Alle var einige om at det trongst. Spørsmålet var berre kven som hadde mot og styrke nok til å gjera det. Og det hadde ingen….

Både FN og regjeringane rundt om i verda (inkludert den norske) snakkar kor viktig det er å kjempa mot antisemittisme. Derimot, når det er snakk om det som skjedde 07.10.23 i Israel, vil dei knapt å ta ordet i sin munn. Derfor var det godt å lesa den franske presidenten Macron sine ord, refererte i Times of Israel. Han hadde mot og vilje til å seia det dei fleste er for feige - eller for «politiske riktige» - til å seia.

42 av dei som vart drepne den dagen, var franske jødar. I ein minneseremoni for desse, omtalte Macron 07.10.23 som «den største antisemittiske massakren i vårt århundre».(v)

Skjermdump frå JPost den dagen det vart publisert
Og ….?

Nokså kontakt vart han angripen av ein av FN sine representantar. FN sin spesialreportar for dei palestinske områda, Francesca Albanese, gjekk i strupen på Macron og sa: «Den største antisemittisme massakren i vårt århundre? … Dei drepne 7/10 vart ikkje drepne fordi dei var jødar, men som eit svar på Israel si under-trykking.» (vi)

Den franske utanriksministeren svara straks: «7.oktobermassakren er den største antisemittiske massakren i det 21. århundre. Å diskutera dette er ein feil. Ein freistnad på å forsvara dette i FN sitt namn, er ei skam».(vii)

Hamas er ikkje ei terroristar?

Det siste nye er at han som leier FN sitt hjelpeprogram, Martin Griffiths, seier til Sky News at han har forståing for det traumaet som Israel opplevde 07.10.23, men han meinar at Hamas driv politikk! Han seier: «Hamas er ikkje terroristar for oss, som du veit. Dei er ei politisk rørsle. Men, eg trur det er svært vanskeleg å skilja desse gruppene utan ei framforhandla løysing; det vil seia der deira mål vert tilgodesett». (viii) Etter det som står i deira «charter» (ix), er målet deira å utradera Israel, og det vil han «tilgodesjå»?

Israel har reagert med å nekta Albanese innreiseløyve til landet. For dei er hennar utsagn ei vidareføring av FN sin sterke antisemittiske og «anti-israelske» haldning. Korleis dei vil svara på Griffiths utsagn, står att å sjå.

‘Hamas is not a terrorist group,’ says UN Relief Chief Martin Griffiths - The Jerusalem Post (jpost.com)
 

Trur du ikkje at FN er antisemittisk?

Dersom du kan telja, finn du beviset sjølv. Leit fram talet på alle FN sine resolusjonar mot statar i verda. Om dei mot Israel vert stabla oppå einannan, vert det ei høgblokk. Tilsvarande resolusjonar mot Nord-Korea eller andre totalitære statar, vil knapt visa att ved sida av!

Vil andre enn Emmanuel Macron og franskmennene våga å hengja «bjølla på katten»?

I alle fall ikkje den regjeringa me har i landet no. Det trur no eg….

------------
(i) Dagen - eller døgeret i den jødiske kalendaren startar når dei første stjernene viser seg om kvelden, og varer til same tid neste dag. På vår kalendar vert Purim frå 23.03 om kvelden til 24.03.24.
(ii) Ester 8,18-10.
(iii) Noko liknande skjedde i Noreg i 1942 då Quislingregjeringa planla deportasjonen av norske jødar til Tyskland.
(iv) Ein kortversjon finn du på ndla.no:  Norsk (SFvg2) > Tekst i kontekst > Folkediktning > Da musene holdt møte.
(v) Mi omsetjing frå: «French President Emmanuel Macron ---- describes October 7 by Hamas in Israel as the «biggest antisemitic massacre of our century»….»
(vi) Frencesca Albanese skreiv på X : «The victims of 7/10 were not killed because of their Judaism but in response to Israel’s oppresseion».
(vii) Mi omsetjing av: «.. the October 7 massacre is the largest antisemitic massacre of the 21st century. Disputing it is an error. Seeming to justify it by including the namn of the United Nations is a disgrace».
(viii) Mi omsetjing av: «Hamas is not a terrorist group for us, as yoy know, it is a political movement. But, I think it is very difficult to dislodge these groups without a negotiated solution; which includes their aspirations».
(ix) Tilsvarar vår «Grunnlov». For meg er dette "charteret" ein lov på linje med det Haman's lov .


Merknad: På grunn av at informasjonen som vert spreidd her i landet er unøyaktig og til tider direkte feil, brukar eg mykje plass til kjelder som eg er inne på og som eg har meir tru på enn til dømes NRK. Eg rår alle som les bra engelsk, å gå inn på Jerusalem Post, Times of Israel , ILTV news, m.m. og få del i informasjon som dei fleste norske media ikkje tek inn.

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 11. februar 2024

 «Kva ser du?»

Fleire profetar i Bibelen fekk dette spørsmålet. (i) Gud brukte spørsmålet for at profetane skulle få det Han ville ha, i fokus. Det er også tanken med det eg skriv til deg i dag…

Optiske illusjonar

Eg veit ikkje kor gammal eg var då eg første gong såg eit svart-kvitt-bilete omtrent som illustrasjonen her. Me kalla det «vasefjes», for med me såg på det, forandra det seg. Ei stund var det ein vase. Ei stund var det to svarte ansikt framfor eit ope glas. Eg lærde å teikna både dei to ansikta framfor glaset og ein gammal, skjeggete, fleinskalla gubbe som vart til ein blid ungdom med mykje hår når eg snudde biletet opp ned. Det var alltid spennande å visa teikningane til nye folk og spørja: «Kva ser du?»

Sanninga er at auga registrerer det me ser og sender signala vidare innover til hjernen. Der vert signala tolka opp mot tidlegare inntrykk, og sidan me er skapte som logisk tenkjande individ, tolkar me synsinntrykket til det som gjev best meining.

Døme (kopiert) 07.02.24 frå  Optiske illusjoner - Bestemor Esthers Blogg
Det same skjer når eg på film ser ein bil som køyrer bortover ein veg. Eg ser bilen køyrer framover, men hjula går bakover! Mi forklaring på fenomenet er at hjula går fortare rundt enn bilen går framover. Dermed prøver hjernen min å «korrigera» augene. Han «tolkar» med andre ord synsinntrykket og endrar farten på hjula!

Mentale illusjonar

«Kva ser du?», kan også stillast i samband med mentale bilete.  «Vasefjeset» var svart-kvitt, og det er ofte slik me opplever all informasjon som møter oss for første gong. Men når me studerer temaet grundigare, oppdagar me nye detaljar, og svart-kvitt-biletet endrar seg. Dermed endar me ofte opp med ein heilt anna konklusjon enn den førsteinntrykket prøvde å gjeva oss. (Føl du oppskrifta i fotnote (ii),  då forstår du kva eg meinar.)  Lat meg ta nokre døme får media.

Valde styresmakter?

Om dei som har styrt både på Vestbredden og i Gaza, vert det sagt: «Dei er valde…». Dermed ser me for oss demokratisk frie val der alle «myndige» kan stemma, og at nyval skjer i samsvar med faste valperiodar. 

Men det er ikkje slik det fungerer der nede.(iii) Mahmoud Abbas vart vald som leiar for PLO i 2005 - for 4 år. Sidan har det ikkje vore val, og dei som har prøvt å få til val eller har opponert, har vorte trua til å teia, vorte fengsla eller berre enkelt og greit forsvunne.

Det same gjeld Hamas som fekk fleirtal i «Palestine Legislative Council» ved valet i 2007. I staden for å ha nye, lova val, har dei utvikla eit totalitært styre som fjerna seg endå lenger bort frå demokrati-prinsippa enn det Abbas gjorde. Leiar for den politiske fløyen i Hamas nektar stadig for at Hamas har utført terror mot sivile 07.10.23. «Me angrip berre soldatar og militære mål», seier han. Alle som vil vita det, veit dette er bevisst løgn. Det same gjeld terroren dei gjorde mot Israel i 2008-2009, 2012, 2014 og 2021.

Skjermdump av artikkel publisert av ICEJ, 19.08.2022.
Mahmoud Abbas, ved sida av å vera «politisk vald leiar», er også President av staten Palestina. Den tittelen fekk han og i 2009. Før det kunne han skilta med «Doktor», og vart sett på som den intellektuelle mellom palestinarane.

Tittelen kjem frå eit universitet i Russland. Doktoravhandlinga har tittelen: «The other side: The secret Relation Between Nazism and Zionism»». Han hevdar offentleg at Holokaust er løgn og bedrag, - oppfunne av jødane. 

Med ein slik bakgrunn, korleis kan demokratiske og godt informerte statar sjå på Abbas, FATAH og Hamas som verdige partnarar i ei framtidig fredsløysing for Midtausten? Spelar etikk ingen rolle i internasjonal politikk lenger?

Tillit kan berre byggjast når partane er ærlege og held det dei lovar

Det viktigaste elementet i ei tostatsløysing, må vera etisk. Det vil seia at alle partar snakkar sant og vil halda det dei lovar. Det er det dei skriv under på. 

Det gjer ikkje desse eg her har nemnt. Det er sanninga. Delingsplanen som vart laga då Israel vart oppretta, vart godteken av Israel, men ikkje av arabarane. Det same galt «Oslo-avtalen» der Israel ville innretta seg etter det som stod der, men ikkje motparten. Avtalen var dermed ikkje meir verdifull enn papiret han vart skriven på!

Skjermdump frå : https://www.jpost.com/opinion/article-785525
Til dømes lova palestinarane å endra sitt «Charter» så dei godtok Israels eksistens. Det har dei endå ikkje gjort.

I dagens «Jpost» (07.02) har kommentaristen Neville Teller ein artikkel om korleis tanken på ei tostastsløysing er motteken hjå arabarane rundt Israel. Og der er det tommelen ned godt som over alt. Forfattaren nemner det som har hendt, og skriv: 

«Realitetane viser ei heilt anna soge. Kvar einaste av alle Israel-Palestina-fredsforhandlingane gjennom åra – kvar einaste utan unnantak som har innehalde ei godkjenning av Israel, har falle i fisk. Tanken på ei tostatsløysing inneber at dei med vitande og vilje sluttar å nekta at Israel har rett til å eksistera».(iv)

Bønnebrev frå Israel

Kvar fredag vert det utsendt ein bønnebrev frå Jerusalem til forbedarar verda over (v). Eit av bønneemna som går att, er at Gud ikkje må tillata noko tostatsløysing.  Eller, om Gud tillet det, må han gjera arabarane (vi) like stae som han gjorde Farao, - slik at dei avviser heile ideen. (vii)

Som jødefolket vart ført ut av Egypt, skal Gud føra sitt folk (viii) ut av denne verda på liknande måte. Johannes’ openberring fortel oss det. Som Egypts hærar gjekk til grunne i Raudehavet, skal denne verda sine hærar gå til grunne på Harmageddon- eller Meggidosletta. (ix) Det er berre dagen og timen me ikkje veit noko om.

Kanskje «tostatsløysinga» er ein del av starten på slutten?

------------
(i) Sakarja 4,2; Amos 8,2 m. fl.
(ii) Svart-kvitt «vasefjes» finn du på  optiskeillusioner.blogspot.com  På no.newsner.com finn du eit liknande bilete av to gamle ansikt, men det biletet har meir detaljar og gjev ei rekkje tolkingar etter som auga går rundt i biletet. Berre prøv.
(iii) Demokratiske val slik me tenkjer oss det, finst berre i Israel.  Ingen andre land i Mistausten har noko liknande…
(iv) Mi omsetjing av : «The plain facts tell a quite different story. Every one of the numerous Israel-Palestinian peace negotiations over the years – each of which, as an obvious sine qua non, incorporated recognition of Israel – has fallen at the last hurdle. Embracing a two-state solution implies a voluntary end to the delegitimizing of Israel
(v) Frå  / til «Intercessors For Israel»  (IFI).
(vi) Palestinarane er også arabarar.
(vii) Jamfør 2. Mos. 4, 21. Framhald i  kapittel 7 – 10, og 1. Sam 6,6,
(viii) Det vil seia både jødar og ikkje-jødar som trur Guds Ord og lever etter det.
(ix) Opb. 16, 16-21.

---------------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne blogen uten skriftleg løyve frå meg.