torsdag 30. juli 2015

Ein ubeden gjest



Brev 8
………………….

Kjære deg.

No har kattane fått maten sin og det er fred i huset. Klokka har vorte 10 på morgonen og streken på gradesstokken har  strekt seg mot 38. Ikkje eit vindpust.  Me kraup or dynene klokka 5, hadde vårt vanlege morgonrituale med varm mate-te frå Sør-Amerika, bibellesing og anddakt før klokka 7. Folk omkring her drog på arbeid. Elles var alt stilt. 

Sola dukkar vanlegvis opp or dynene  6 – halv 7. Først som ei blågrå strime, men så sterkare og sterkare til ho stor og gul klatrar over dynekanten og opp på himmelen. Hastig og lystig. Ikkje så treg  som heime, enten ho vil oppover himmelen eller nedover.

Morgondogga på frontruta lagar spor i sandstøvet
Hugsar du eg skreiv om havgula? På etter-middagen kjem vinden innover heilt til oss her. Gula gjer at temperaturen sig relativt fort når sola har trekt seg frå arenaen. Me merkar det ikkje, men noko sjøluft må vinden ha med seg. Tidleg om morgonen ligg det dogg over bilane og marka. Som manna i øydemarka, bokstaveleg tala. Du hugsar vel kva me lærde på skulen den gongen ungane skulle læra noko? Utanboks, meinar eg. Av og til er her skodde på morgonen, seier ein av dei fastbuande. Då er dogga ekstra kraftig. Men me har ikkje sett det endå.
 
Same personen sa det var viktig å ha katt, og me er sjølvsagt godtruande nok til å tru kva som helst. Kattane heldt huset reint for rotter, mus, små slangar og skorpionar. Sa ho. Og lyg ho, ja, så lyg … Du veit resten.

Men om det er sant, har eg grunn å tvila på. Den einslege mora med sine tre små, får kanskje så mykje mat at dei ikkje treng ekstra sikringskost.  Eg meinar mat som ville gjera livet sikrare for oss. Slangar og skorpionar og andre u-kosedyr. Det med skorpionar stemmer i alle fall ikkje. Me sat utanfor hovuddøra i går kveld. Kona med eit broderi i hendene slik ho plar gjera, og eg lata meg. Sola hadde gått til ro og stripa i vest gjekk frå gråblått til svart. Stjernene blinka over oss. Ein eller annan stad langt i nord blinka eit tårn raudt og lystig. 5 – 6 jetfly blinka ned til oss og. Dei hadde jaga som ville hestar rundt i luftrommet over oss og vore ein del av den tredagars militærøvinga sør og nord i landet. No var dei på veg heim til stallane sine.
 
Solnedgang over Negev.
Opp frå blomsterbeddet og med stø kurs mot inngangsdøra, kom eit uformeleg kryp tuslande. Me såg det begge, kona og eg. Eg trudde først det var ei bille, men ingen av oss hadde sett biller med krabbeklør. 

Militærflya der oppe skal vera spesialistar avskjeringsmanøvrar, er det sagt. Først når ingen ting hjelper, går dei til åtak. Men eg gjekk direkte i krigsmodus. Uten åtvaring eller noko «Kjære deg!» eller "Ver så snill!". Hundre kilo pluss på toppen av sandalen gjorde susen. Men sjølv om krypet såg ut til å vera flatt, sett ovanfrå, slo hissigproppen med giftbrodden lenge etter at eg var tilbake på stolen. Til slutt sparka eg han tilbake i blomsterbeddet.
 
Men kattane som skulle forsvara oss? Dei gav katten.

Med beste helsing frå ho som broderer og han som vaktar huset.



Me og Pusen, eller Pusen og me?



Brev 7
…….
Takk for brev. Kjekt du føl med oss på reisa sjølv om me ikkje reiser lenger. Er heilt i ro må eg vel seia. Skal passa hus og stella litt hage, og så laga frukost om ein turist eller to skulle finne på å stikka innom.  Men det er lite truleg på denne tida av året, seier kjentfolk. For varmt.

Huset her ligg både i enden av gata og enden av byen.
Du finn oss i «Det Hvite hus i Negev», omtalt i Dagen, 22.07.15.  Om du er forviten, altså. Du er velkomen innom òg om du er på desse kantar. Bladfyken som laga artikkelen, trefte leiaren i organisasjonen, men ho var reist då me kom. Dei som overtok etter henne, er og reiste, og me rår grunnen åleine. Som han sa, strilen som rodde seg ut på seiegrunnen. Men me slapp å slå med fiskestonga. Ikkje berre reiste dei frivillig, men også før me hadde forstått at dei ville opp att til det kalde og våte Nord. Det var nesten som me vart foreldrelause då dei for…

Fortalde eg ikkje om fuglane som var på makkjakt? Jau, eg lova deg visst at du kunne plukka makk om du ville prøva fiskelukka. Det skulle eg og gjerne gjort nett no. Fiska. Utanfor døra går nokre innfødde, men ikkje velfødde, og skrik  kvar morgon. Ei mor med tre små. Dei var visst fire, men ein er vekke, seiest det. På kvelden kjem ein nokså velfødd kar luskande, og dermed er vel familien samla.

Har du høyrt om kattepsykolog? Kattehjernekrympar? Ikkje det. Nei vel. Me lærde om det i førkvelds. Du skjønar hokatten, mor-katten med andre ord, er ein forunderleg gestalt som dei sa på Wergeland si tid. Ho og ungane sit ved kjøkendøra og remjar kvar morgon me kjem frå soverommet. Fir-stemt. Vil ha mat. 
 
I instruksjonsboka for huset står med reine ord: «Gjev ikkje kattane mat».  Men som ein hjelpeorganisasjon som er programmert for medkjensle og omsorg, korleis kan me lata vera å synast synd i ei stakkars einsleg mor med tre små og gråtande born med tunne magar og triste auge? Då me kom til huset, sa dei som var her: «Gjev kattane mat utanfor gjerdet». Men kva hjelper det når svolten er stor og jammeren sår? Krypa veit kvar kjøkkendøra er.
Ho ser fredeleg ut når tobeiningane er vekke. Men...
 
Men så var det psykologen. Kattepsykologen. Hin kvelden fekk me eit par trivelege damer innom. Ho eine har budd i Frankrike og har ein heil del meir livserfaring enn me. Praten kom inn på kattemora. Når me kjem ut med mat, - dette må du ikkje seia vidare til organisasjonen -, stryk ho seg oppetter leggene på oss medan ho mjauar, fresar, viser tenner og ser ut til å vilje kvessa klørne på oss. Om ein annan. Alt i same andedraget så og seia. Kan du forstå deg på slikt?  Ingen av oss som var her den kvelden, hadde korkje høyrt eller sett noko liknande.
 
Men ho frå Frankrike visste råd. Der er katte-, hunde- og andre dyre-psykologar. Både prismessig og klientellmessig. Kunne me fått katten til ein kattepsykolog til dømes i Paris eller Lyon, ville problemet verta løyst. Ein del sesjonar på psykologbenken i stille samtale om det djupaste og såraste i katte-sjelslivet, ville gjort under. På denne måten får franskmennene lukkelegare og meir veltilpassa kjæledyr, og sjølve større personleg velvære. 

Eg har sagt det med deg før: Han far sa alltid når det var noko som kunne få øyrene til å detta av: «Lyg dei, så lyg eg!».  Men korkje me eller organisasjonen har råd til å reisa til Paris så katten kan få den hjelpa han så sårt treng.

Problemet er altså uløyst endå, men det skal eg koma tilbake til. Temperatauren heldt seg på 39  til 40 om dagane. Celcius altså. Ute og på dagtid. Når varmen vert for sterk, forsvinn kattane for så å dukka opp på kvelden eller neste morgon. Kvar bidige dag. Reine fylgje-mjau-tongen med andre ord.
Vil du fylgja med dei og oss to gamlingane frå Sogn, reknar eg med fylgjetongen fortset i neste brev.

Med beste helsing frå oss to.
Meg.

PS. Spanderer du tur på oss til kattepsykologen i Paris, tek me gjerne imot. Me har ikkje sett korkje Eiffeltårnet eller Triumfbogen. Ikkje kjetta heller. DS.


onsdag 29. juli 2015

På reis inn i sandhavet............



Brev 6
………………….

"Springforbien" gjekk til Vangsnes før, men svikta oss. 
Men me ser både den og dei andre båtane når dei passerer neset vårt.

 
Det var ikkje Fjord1 me reiste med morgonen etter, men Citro1. Berre å hiva kuffertane om bord og kasta loss. Både sjåføren og kona er slekt å rekna og loste oss trygt både austover og sørover. 

Far hennar var ein av dei gamle kapteinane både på  Sognefjord og Vangsnesferja før han fekk ansvar for hurtigbåten til Bergen. Det var han som lokka Fylkesbåtane til å bruka indre leia til Bergen. Nokre tronge sund var der nok, men endå verre med alle steinbryggjene som vart vaska ned av dei militærbåtbylgjene. Svogeren min, han med traktoren hugsar du, er sinna på dei enno.  No må me vassa i flovatn for å løysa båtfestet frå pålen ytst på bryggja. Før kunne han gå tørrskodd ved normal flo. Seier han.
Eg forsvarar Fylkesbåtane og minnar om isen som smeltar, Napoli som sig i havet og Atlantis som er under havet for lenge sidan. Havet stig eller så er det landet som sig. Andre alternativ er det ikkje i min fantasi. Minst ein desimeter kvar tusenår med eller utan Fylkesbåtane si hjelp. (Kanskje derfor dei skifte namn til Fjord1?) Men «Springforbien» som gamletanta på tunet hjå oss kalla hurtigbåten, fekk flytebryggja å leggja til om nokon ville av eller på der på øya til svogeren min. For så vera sikre. Så kan dei leggja til uansett.

Cittro1en hadde ikkje problem med korkje bryggjer eller vatn. Landskapet stort sett gult, tørt og bylgjande. Her og der nokre tre i ei klynge, men elles berre tustar av eit eller anna slag. På første delen var det gardar med grøne marker og endelause rekkjer med drivhus, både runde tunellar som bringebærdyrkarane på Vangsnes har, men og kantete. Dei skin ikkje i sola som dei på Vangsnes. Er vel så gamle at dei ikkje treng å visa seg fram.

Godt og vel halvvegs køyrde me gjennom ein by som i Storeboka er kalla «Eids-brunnen».  Eit koseleg namn. Minner om Eidslandet, Eidsvoll og Eidsnes ved Knarvik. Og så har dei meir sol her. Turistreklamen lokkar med 360 dagar sol for året. Slå den du! Det greier nok ingen av våre Eids-bygder. 5 dagar med regn i gjennomsnitt i året! Det er vel om lag det Vestlandet har hatt kvar veke denne sommaren. Såg forresten på nettavisa at det vart varsla frost i Noreg midt i juli! Eg tenkte på jordbæra mine og dei første bringebæra som er plukkande. Neste dag kom dementien: Det hadde ikkje vore frost likevel. 
 
Øydemarksskip såg me mest på skilta.
Altså må bærbøndene finna seg noko anna å bæra seg for. Eg har mange gode forslag: Prisane er alltid eit godt alternativ. Bærprisane er for låge. Den seine sommaren eit anna alternativ. Avlingane er for små i år. (Dei vart betre i fjor). Sesongen vert for lang og plukkarane vil heim til Polen og Estland og Litauen før alle bæra er komne på Fruktlageret. (I fjor derimot …)  Kanskje du kan skøyta på med nokre gode grunnar til? Ja, om du vil, altså!

Her er dei stive. Prisane, altså. Me kjøpte 400 gram kvitost i dag. Han kosta nokre og 50 kroner. Bringebærsyltetøyet er tre gonger så dyrt som hjå Lærum. Dei andre prisane minst så høge som heime uansett om du sparar på Spar eller brukar pengane dine på «Litt ditt». Men om butikkane heime kan skilta med stort utval av grønsaker og frukt, er det mykje meir her. Både vanlege grønsaker og slikt me ikkje er vane med heime. Både «didlar» og dadlar sier eg når eg ikkje veit namnet.
Ikkje rart folk klagar. Vanleg løn er om rundt 120 kroner timen, 8-10 timars arbeidsdag og to veker ferie for året. Arbeidsveka er frå søndagsmorgonen til fredagen i 14-15-tida.  I tillegg kan dei få ein fridag kvar månad for å ta seg av private ting dei resten månaden ikkje får gjort.

På denne tida av døgeret ser du både Dagsrevyen og Kveldsrevyen. Avisene las du med du venta på middagen, kjenner eg deg rett. Her får me korkje Sogn Avis, Bergens Tidende eller Hovudstads Posten som viktigaste avisa her i landet heiter. Revyane på TV er på innfødd språk og høyrest  kaudervelske ut. Men heldigvis fungerer nettet. Verdens gang ikkje går oss forbi her nede i halv-øydemarka enten me les Bergens Tidende, Norge i dag eller Strilen. 

Skund deg og skriv nokre ord til meg om det som skjer der heime. Ikkje det som står i avisene. Noko nytt om deg og dine.

                                                              Beste helsingar frå kona og meg.