torsdag 30. juli 2015

Ein ubeden gjest



Brev 8
………………….

Kjære deg.

No har kattane fått maten sin og det er fred i huset. Klokka har vorte 10 på morgonen og streken på gradesstokken har  strekt seg mot 38. Ikkje eit vindpust.  Me kraup or dynene klokka 5, hadde vårt vanlege morgonrituale med varm mate-te frå Sør-Amerika, bibellesing og anddakt før klokka 7. Folk omkring her drog på arbeid. Elles var alt stilt. 

Sola dukkar vanlegvis opp or dynene  6 – halv 7. Først som ei blågrå strime, men så sterkare og sterkare til ho stor og gul klatrar over dynekanten og opp på himmelen. Hastig og lystig. Ikkje så treg  som heime, enten ho vil oppover himmelen eller nedover.

Morgondogga på frontruta lagar spor i sandstøvet
Hugsar du eg skreiv om havgula? På etter-middagen kjem vinden innover heilt til oss her. Gula gjer at temperaturen sig relativt fort når sola har trekt seg frå arenaen. Me merkar det ikkje, men noko sjøluft må vinden ha med seg. Tidleg om morgonen ligg det dogg over bilane og marka. Som manna i øydemarka, bokstaveleg tala. Du hugsar vel kva me lærde på skulen den gongen ungane skulle læra noko? Utanboks, meinar eg. Av og til er her skodde på morgonen, seier ein av dei fastbuande. Då er dogga ekstra kraftig. Men me har ikkje sett det endå.
 
Same personen sa det var viktig å ha katt, og me er sjølvsagt godtruande nok til å tru kva som helst. Kattane heldt huset reint for rotter, mus, små slangar og skorpionar. Sa ho. Og lyg ho, ja, så lyg … Du veit resten.

Men om det er sant, har eg grunn å tvila på. Den einslege mora med sine tre små, får kanskje så mykje mat at dei ikkje treng ekstra sikringskost.  Eg meinar mat som ville gjera livet sikrare for oss. Slangar og skorpionar og andre u-kosedyr. Det med skorpionar stemmer i alle fall ikkje. Me sat utanfor hovuddøra i går kveld. Kona med eit broderi i hendene slik ho plar gjera, og eg lata meg. Sola hadde gått til ro og stripa i vest gjekk frå gråblått til svart. Stjernene blinka over oss. Ein eller annan stad langt i nord blinka eit tårn raudt og lystig. 5 – 6 jetfly blinka ned til oss og. Dei hadde jaga som ville hestar rundt i luftrommet over oss og vore ein del av den tredagars militærøvinga sør og nord i landet. No var dei på veg heim til stallane sine.
 
Solnedgang over Negev.
Opp frå blomsterbeddet og med stø kurs mot inngangsdøra, kom eit uformeleg kryp tuslande. Me såg det begge, kona og eg. Eg trudde først det var ei bille, men ingen av oss hadde sett biller med krabbeklør. 

Militærflya der oppe skal vera spesialistar avskjeringsmanøvrar, er det sagt. Først når ingen ting hjelper, går dei til åtak. Men eg gjekk direkte i krigsmodus. Uten åtvaring eller noko «Kjære deg!» eller "Ver så snill!". Hundre kilo pluss på toppen av sandalen gjorde susen. Men sjølv om krypet såg ut til å vera flatt, sett ovanfrå, slo hissigproppen med giftbrodden lenge etter at eg var tilbake på stolen. Til slutt sparka eg han tilbake i blomsterbeddet.
 
Men kattane som skulle forsvara oss? Dei gav katten.

Med beste helsing frå ho som broderer og han som vaktar huset.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar