tirsdag 4. august 2015

Kva skal ein med termometer når det ikkje fortel sanninga midt på varmaste dagen?



Brev 9
……………….
Og mannen han gjekk seg i vedaskog,
Før den radude tråden gøymer seg!
Hei fara, i vedaskog.
Der sat det ei kråke i lunden og gol,
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Var det ikkje slik me lærde visa om den utruleg nyttige kråka?
Me går ikkje i vedaskog. Ikkje her nede i alle fall. Har ikkje bruk for ved heller med den varmen som dette landet er forsynt med. Termometeret, ekte «norsk», er derimot festa på eit trestykke. Furu, ser det ut til. Far hadde eit slikt på veggen heime på Natås. Eg har eitt i kjellaren (for å fylgja med så potetene ikkje har der korkje for varmt eller for kaldt), og så heng det eitt ved kjøkendøra her i huset. Det ville fungert flott både på Natås og på Vangsnes, men er eit sorgens kapittel her. Eg er både vonbroten og lei.

Dermed har eg noko å klaga for, veit du. Det er nyttig, det. Trist om eg skulle koma or vanen. Men tenk å laga noko så dumt! Treplata med alle strekane både oppom og nedom nullen, er heilt perfekte. Jordbærsafta eller kva det no er inni glasstaven, også. Dei som laga vedunderet sette på tre magebelte for å halda glasstonga der ho skulle vera. Ein god ide og heilt nødvendig både for at ho ikkje skulle verta knust, og for at rett temperatur skulle vera rett temperatur og ikkje meir eller mindre.

Nest er metallbeltet som helt glaskula på plass i holet i ryggen. Så er det eit tynt, kvitt eitt på minus femten grader, noko som sjølvsagt er heilt i orden her.  Men kvifor skulle dei setja det øvste bandet så eg ikkje kan sjå om det er 38,5 grader, 39 grader eller 39,5 grader Celcius? 

Dermed må eg rusa dags-temperaturen til «39 grader blank». Overkanten av festet er nett på 40. Der har eg ikkje sett raudstripa endå. Til no har ho gøymt seg alle dagane for ikkje å fortelja oss den nakne sanninga frå midt på føremiddagen til havgula kjem på ettermiddagen. No spelar det ikkje varmen noko rolle for potteplantane som held han med selskap. Dei får stå i skuggen og nyt livet slik som me andre når me slepp vera ute i solsteiken. I tillegg har Godlukts-slyngplanten, - «dufteranken» som butikkane heime kallar han, eige røyr. Dermed får han si tilmålt vassmengde i fastsett tid. Ikkje slik nokonlunde både i tid og vassmengde som dei får som er mitt og hageslangen sitt ansvar. 
Vatninga går berre på den største i midten. Dei andre er mitt og hageslangen sitt ansvar.

Tilbake til kråka. Ikkje ho i vedaskogen altså. Denne sat plutseleg på taket vårt og glante ned på oss i dag tidleg. Kona og eg sat bak huset og nytte at morgonen endå var sval. Me har den vanen å drikka søramerikansk mate-te på morgonen, også her nede. Ein del av morgonstellet, kan du seia. Før frukost og andakt og det andre som føl med, men etter at eg har skrapt skjegget av kjakane og vaska svevnen or augene.

Me sat der i fred og anten ingen fåre då brått eit «Kraaa» skar som ein kniv gjennom morgonlufta. Duene hadde kurra i morgongryet. Gråspurv og andre småfuglar hadde laga godlydar i dagninga, men alt hadde stilna av etter som sola steig. Einast ein variasjon av kvefs, eller «vøps» som me sa der eg såg dagslyset for første gong, hadde vimsa seg ut og inn or hekken me sat at attmed. Summande.  Me to godpratte slik gamle ektefolk skal gjera og budde oss så smått på i trekkja innomhus.

«Kraaa». Å seia at ho gol, vil vera å lyga. Me som ikkje hadde sett kråker her nede i Negev, - i byen med Jonas-haugen derimot var mange, skvatt til som om kvefsane hadde stukke oss. Eg svarde med nokre ramneskrik, slik eg stundom gjer for å terga kråkene på Vangsnes. Ho på taket skakka på hovudet, baksa litt med vengene, flaug så nokre gonger i ring rundt huset for sikkerheits skuld før ho tok kursen nordover. Utan ein lyd. Kanskje ho vart redd ho skulle enda opp som tunnesalta kjøt, vindauge eller med føtene som møkagreip. Kven veit kva songar ho hadde lært då ho var lita.

Kyrkjebåt har me i alle fall ikkje bruk for her nede. Ikkje andre heller. Då sabbaten gjekk inn i går kveld, hadde folk familiekveld eller var i synagogen. Nokre gjekk kveldstur. Andre brukte bil. Men denne morgonen, på sjølve sabbaten, var alt stilt. Ikkje bilar og ikkje folk korkje å sjå eller høyra.
Kanskje det var derfor det gråe og svarte vesenet på taket gjorde slikt inntrykk?

No må du ha det godt.

Helsing oss to her nede i varmen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar