onsdag 5. august 2015

Mursteinar med og uten strå



Brev  13.
………..
Kjære deg.

Hugsar du dei som laga murstein i Bibelsoga? Dei me lærde om i skulen den gongen me måtte kunna både bibelsoga og salmeversa utanboks? Ja, det var tider, du. Inga unnasluntring den gongen, nei.

Det var i landet som er ei gåve frå Nilen. Landet «Nil-sen» med andre ord. Slik var det heime og før i tida. Dei som reiste til Amerika heitte Sjursen, Olsen, Nilsen og kven veit kva. Berre i spesielle tilfelle Gjertrudsdatter eller noko slik. I dei tilfelle faren ikkje hadde etterlate seg anna spor enn barnet. På bokmål altså. I nynorsk vart det –son eller –dotter. Men det synest eg ikkje passar på landet berre 20 minutt i bil frå oss her. Nil-sen kling betre, synst du ikkje?

Er du ikkje enig, spelar det ingen rolle. Fedrane til dei som rår i landet her, hadde heller ingen ting dei skulle ha sagt. Først måtte dei laga ei viss mengde murstein for dagen, men då fekk dei tilkøyrt halmen. Du veit halmen har alltid vore eit problem for kornbøndene.  Nokre brende han og andre luta han for å lura kyrne til å tru han var tørrhøy. Men ingen av kornbøndene på Austlandet var så gløgge at dei kom på at halmen kunne produserast murstein av. Det gjorde derimot dei i Nilsenlandet.
Men då han Moses og broren klaga til faraoen, måtte folket laga like mykje murstein og i tillegg gå rundt på kornåkrane og samla halmen sjølve. Det var sjølvsagt berre lureri frå kornbøndene si side. Slik sparde dei både tid og pengar. Vestlandske småbrukarar, kornlause som dei er, hadde nok vorte taparar i det landsbruksoppgjeret og, hadde dei budd der nede.

Nok om det. Som me lærde på skulen: Han faraoen vart den store taparen og mursteinslagarane starta vandringa heimover. Dei var sikkert så leie at dei ikkje tok med seg ein einaste stein. Ikkje som souvernir ein gong!

Til minne om dette er det skrudd ei glasplate i veggen her attmed datamaskina mi. Arkitekten for «Det kvite huset i Negev», laga ho. Til minne om seg sjølv. Men sjølvsagt gøymde han seg bak dei stakkarane som laga murstein til faraoen. Høyr kva som står under det fine firmanamnet:  «Israelarane (-i bibelsoga vår stod «jødane» så vidt eg hugsar) laga murstein med strå då dei var trelar under farao. No, i eit fritt land, lagar me murstein med strå for eit godt miljø».  

Miljøvenlege folk altså. Men miljø meg her og miljø meg der. Byggmeisteren var innom her om dagen. Han ville vel sjå desse utlendingane som heldt seg innandørs. Kanskje han trudde me var nordiske troll som ikkje tålte at sola skein på oss. Naiv som eg er, måtte eg sjølvsagt seia at eg syntest mursteinslaginga deira var ein god ide. Sparde veden til å brenna mursteinen med samstundes som kornbøndene vart kvitt halmen sin. 

Men då fekk eg svar: I denne mursteinen fanst det ikkje halm. Ikkje eit einaste strå! Å nei då. Utviklinga har gått frå dei stakkarane som gjekk i varmen på kornåkrane i Egypt så bøndene skulle verta kvitt halmen sin. Steinane i dette huset er sandleire pressa til murstein med 40 tonns trykk. Utan eit einaste strå. Han serverte sanninga utan ein gong eit lite fikenblad tavla på veggen kunne gøyma skamma si med! 

Demonstrasjonveggen
Så lærde eg det. Nokre av dei som skulle passa huset før me kom, hadde sett at dei kvite veggene var flekkete etter fleire års bruk. Arbeidsvillige som dei var, kjøpte dei høgtrykkspylar og starta husvask. Men veggen vaks. Fekk mage, slik du og eg har fått for lenge sidan. Ein slik liten koseleg pute framme som veks seg stor og stygg etter som åra går, aktiviteten minkar og matlysten er den same.
Utviklinga vart sjølvsagt stogga før magen vart for stor. - Her har både eg og du noko å læra. – Men huset vart tunt att, nymåla og kvitt som snø. 

Bortsett frå demonstrasjons-veggen ved kjøkendøra. Der pusen sit og ventar kvar morgon. Den er upussa og gulgrå som før. Skulle hatt eit lag lakk eller olje, står det i instruksjonboka, utan at eg har vorte klokare. Teksten på boksane i skåpet er framleis hebraiske for meg. Penselen derimot smiler bustete og arbeidslysten. Det er ikkje eg i denne varmen, men det må du ikkje seia vidare  til dei som let oss bu her. Uten å betala husleige, og med gratis mat.

Eg held meg til Jerusalems-mursteinen. Har lese meg gjennom 152 sider med jødisk soge om Abraham som heldt på å ofra sonen sin på knausen der nord, og David som valde å gjera husklyngja til hovudstad. Så 18 sider med rein heidendom. Det var epoken då jødane miste all makt og romarane herja som ville i «Aelia Capitolina». Etterpå 27 sider om dei kristne – kven dei no var. Dei herja på same måten uansett. Så vart dei jaga av muhamedanarane i 630, samstundes som Muhamed vart herre i Mecca og skar hovudet av 700 jødiske menn. Kvinnene og borna var han snillare med. Dei vart berre slavar.
Uten eit strå, men med raud tråd...

Sjølv døydde Muhamed to år etter, 62 år gammal. Han hadde berre vore i Jesusalem ei natt. Han låg og sov ved sida av kona si. Kva for ei det var, står der ikkje. Men samstundes reiste han på ein hest med menneske-ansikt like til Jerusalem.  Der møtte han fedrane sine, Adam og Abraham, og brørne sine Moses, Josef og Jesus. Så klatra han opp stigen til himmelen, - frå Jerusalem altså, og var tilbake til senga si før morgonen rann.

Etterpå har mursteinen 45 sider med muslimsk styre i Jerusalem med eller mot både jødar og kristne. Etter som. Nett no føl eg krossfararane som Guds namn drap både jødar og muhamedanarar. Guds – eller i det minste Paven i Roma sine krossmerkte krigande vandalar.

Skal tru om Sigurd Jordsalfarar dukkar opp i mursteinen min? Han var ein helt for oss gutane der han reid inn i Konstantinopel og let ein hestesko av gull liggja att på gatesteinane. Etterpå reid han heile vegen tilbake til Noreg for å verta konge i Noreg og døy i Oslo i 1130. Tøff type. Han og.

Kva trur du? Er Sigurd Jordsalfarar med i mursteinen min, eller vart han forkasta i produksjonen? Ikkje godt å vita. Kanskje forfattaren fann helten vår ubrukande  i blandinga han pressa saman mellom permane? Som halm for dei moderne mursteinsfabrikantane. Meir om det når eg har lese meir.

Med beste helsing frå oss.

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar