tirsdag 4. august 2015

Tida går. Berre det hinsidige består



Brev 12.
……………
Kjære deg.

No er kona komen heim att. Heldigvis. Pulsen roa seg og blodtrykket seig til uant nivå. Eg må tilstå. Ein del menneske i verda er stoffavhengige, pilleavhengige, driv med politikk eller treng andre meir eller mindre unyttige aktivitetar for å trivast. Eg sakna halvdelen av meg sjølv. Letna mange kilo berre ho kom innom døra. Ikkje på badevekta altså, men likevel…

Damene hadde vore i Cesarea. Det heiter keisarsnitt på dokterspråket, men då med trykk på fremste a-en, den som har lurt seg inn mellom s-en og r-en. I bynamnet skal trykket vera på første e-en. På her-til-landsk skriv dei forresten Caesarea når dei skriv så me andre kan lesa. Begge namna skal uttalast med Æ til slutt. Cesaræ. Dei gamle latinarane, ja, nye og, mangla den avanserte skrivekunskapen med Æ, Ø og Å.

Slik trur dei Cesarea såg ut for lenge, lenge sidan. Men sjølvsagt uten tala turistkontoret har sett på så du kan finna fram

Hugsar du han Augustus, han som på liv og død skulle laga seg mann-tal? Og kong Herodes som drap alle gutane i Betlehem? Herodesen var ein despot for å seia det mildt, og i tillegg byggmeister. Ikkje var jødane glad i han, - det kan alle forstå, og ikkje var han glad i dei heller. Kanske nett derfor var det så viktig for han å  halda seg til venns med sjefen, Augustusen. Av den grunn bygde han to byar til hans ære i dette landet. Begge kalla opp att etter sjefen.

Vel, ikkje heilt same namnet då. Tenk om Oslo heitte Bergen samstundes som me hadde Bergen i Bergen. Korleis kunne me finna fram om me hadde ein E 16 med Bergen i begge endar?
Men Herodesen visste råd. Han bestemte at Cesarea var keisarnamnet på byen ved havet. Endestasjon for den romerske cruiseline. Hin byen, oppe i Samaria, fekk namnet Augustus.

Med Herodesen bygde, døydde Jesus. I Jerusalem og omland førde apostlande Ordet vidare. Ein tidlegare farisear kalla Paulus hadde reist land og strand og oppvigla både jødar og andre bra folk. Ja, det sa øvsteprestane som fekk fanga han då han kom til Jorsal. Jorsal var namnet som vikingane brukte på byen.  Prestane ville kvitta seg med heile Paulusen, men så var der ein liten gutunge som overhøyrde heile sulamitten. Han Paulus fekk vita det, komandanten fekk vita det og apostelen vart send som snøggpost til nettopp dette Cesarea der desse damene var i går.
Kanskje det var her Paulus vart førhøyrd?

Ja, Paulus var der ikkje no. Ikkje slik og forstå. Han vart førhøyrd av kong Agrippa og ekspedert vidare til sjefen  i Roma. Kong Agrippa og kona var på badeferie ved havet, vedda på kva hestar som tråva fortast på bana romarane hadde fått bygt og levde i sus og dus. Ein Festus var med og så dei festa sikkert mykje i tillegg. Men ingen av dei var der i går.

Men der, på ruinane av det desse berømte politikarane hadde bygdt opp, gjekk altså damene. Dei såg kvar Paulus hadde vorte forhøyrd, kvar hestane hadde sprunge og kvar fiffen hadde bada. Og så kjøpte dei kaffi og is. Trur eg. Men eg var ikkje med.

Ikkje mykje stygt å sjå i sjøen her nei
Nye-Caesarea ligg eit stykke vekke med jernbane, busstasjon og alle salgs moderne butikkar og andre oppfinningar. I Gamle-Caesaren fekk dei sjå introduksjonsfilm, kjøpa suvernir, spasera på historisk grunn og verta solbrende.

Nokre fiskarar stod ute på pynten og fiska. To jenter leike-surfa i småbylgjene. Berre ein stad kunne dei, turistane altså, gå ned til havet, høyra på bylgjene og studera steinane i havet. Vatnet var så klårt som i eit fjellvatn heime. Grisetang, sauetang, blåskjel eller kuong som heime, fanst ikkje. Ikkje rekved ein gong.

«Det er mykje stygt i sjøen», var eit herme der eg kom frå. Men då må ein vel på djupare vatn enn på bileta eg fekk sjå frå Cesarea og som kona mi så gjerne deler også med deg.
Du, vil du ned her for å fiska, så ta med ditt eige fiskeutstyr. Dei selde trover, slukar og alt anna tenkjeleg og utenkjeleg fiskeutstyr i ein sportsbutikk i Be’er Sheva. Eg kom meg ikkje til spørja korkje om prisen eller kvar eg kunne fiska i Negev, men begge deler skal vera slikt me vanlege jordbuar berre kan drøyma om.
Med beste helsing

Meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar