søndag 25. desember 2022

 God jul!

Jødane feirar hanukka i denne tida.
Julekvelden er over. Snart har me lagt heile høgtida bak oss. Heldigvis, vil nokre seia. Andre hadde nok ynskt det varde lenger, både fridagane, familiesamlingane og all den gode maten. 

Men ikkje alle har like mykje å gle seg over, også i vårt land. Både einsemd og fattigdom finst her og. Lukkeleg er den som har fått gjeve nokon ein handsrekning, og lindra litt sorg og einsemd hjå ein medvandrar. 

Bak oss ligg år me korona og andre helseproblem. Krigen kom nær oss dette året, - med den prisauke og usikkerheit i energi- og matforsyning det har medført. Siste månadane har me og hatt unormalt mange gravferder. Kreft, men og kronisk sjuke som med korona ikkje greidde påkjenninga. Alt gjorde både jula og tanken på dagar som kjem, usikker og skremmande.

Viktigaste bodskapen i jule-evangeliet

Jula er tida då me høyrer at Gud sende englar. Dei kom i forskjellege ærend, men ein bodskap gjekk att hjå dei alle: «Vær ikkje redde!».

1: «Ver ikkje redd, Sakarias!» var helsinga presten Sakarias fekk i det store rommet der berre lyden av han eigne steg høyrdest. Brått stod ein attmed han og ei ukjend røyst gav ekko mellom veggane. (Luk 1,13). Bodskapen var at han skulle verta far til døyparen Johannes, bodberaren som skulle rydda veg for Jesus.

2. «Ver ikkje redd, Maria!» var helsinga Maria fekk då ho skulle verta mor til Jesus  (Luk 1,30). Ho vart kalla til å få eit barn utan å koma saman med den mannen ho hadde lova å dela livet med. I tillegg måtte

Jerusalems gamle murar vitnar om at 
Gud er trufast og vaker over sitt ord.

ho fortelja folk at Gud sjølv var far til barnet. Kven ville vel tru på det ho sa?

3. «Josef, Davids son. Ver ikkje  redd», var helsinga til Josef då han oppdaga at den jenta han var så glad i, den vakraste og beste i hans verd, venta barn med ein annan. Han vart kalla til å ta seg av dei to, syta for dei og gjeva dei tryggleik. (Mat. 1, 20).

4. «Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket.» (Luk 2:10). Dette var helsinga hyrdingane fekk der dei låg ved sauekveene og held vakt i den mørke natta. Dei fekk i oppgåve å finna barnet, sjå det som hadde hendt, og gjera den store gleda kjent. 

Eit nytt år ligg framfor oss

Om nokre dagar går me inn i 2023. Ingen veit kva utfordringar og oppgåver me skal få som enkeltpersonar og som samfunn. 2022 starta som året før med influensa, smittevern og alt det andre som la så sterke band på oss og landet vårt. Mykje tyder på at året me no går inn i, vert eit minst like vanskeleg år. Krig og naud i Ukraina, fåre for matmangel, aukande energiprisar verda over og mykje meir, gjer oss urolege. For oss og våre, og for den verda me lever i.

Viktigaste bibelverset i 2022
Rundt dei gamle murane spirar og gror det.


I «Dagen» (8/12-22) kunne me lesa at det bibelverset som var delt mest siste året, var Jesaja 41, 10: «Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand».

Det er «YouVersion», verda si største digitale bibelteneste, som opplyser dette. Verset var lasta ned meir enn 545 millionar gonger på forskjellege digitale medium.

Denne helsinga frå tida då jødane endå hadde sin eigen konge (ca.700 år f. Kr.), er like verdfull i dag. Ikkje fordi livssituasjonen er den same for oss som for dei. Snarare tvert i mot. For klaringa er mykje enklare: 

Gud er den same som då Jesaja levde, som då Jesus skulle verta fødd, og no. Han forandrar seg aldri, har all makt, og har opna ein veg til frelse og fred som jula skulle minna oss om. 

Dette er den beste ankerfeste våre urolege tankar kan ha. 

Godt nytt år 2023!

---------------------- 
Bibelsitata er frå Norsk Bibal, nynorsk utgåve.

-------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller anna frå denne bloiggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 18. desember 2022

 Jesu fødsel i Johannes’ openberring.

Lurar du på kva ordet «jul» betyr, så finn du fort ut at det ikkje har noko med Jesu å gjera. Ordet har norrønt opphav (jól), og var namnet på den heidenske midtvinterfesten. Det var deira måte å feira solsnu, då både naturen og folkelivet gjekk mot lysare dagar. 

Også vår julefeiring i dag ser ut til å bera meir bodskap om heidenske tradisjonar, enn den bodskapen i Guds Ord. Det som fyller butikkane, og det som dukkar opp i media og samfunnet elles, har sørgjeleg lite med julebodskapen å gjera. 

Då kristendommen kom til landet, hadde kloke hovud lagt Jesu fødsel til midtvintersfesten. Korkje Bibelen eller andre kjelder gjev grunnlag for å slå fast kva tid på året Jesus vart fødd. At han vart fødd i år 0, er feil. Herodes var konge då Jesus vart fødd, og kongen døydde i år 4 f. Kr. Altså vart Jesus fødd minst fire år før vår tidsrekning.

Mandeltreet er eit symbol på Israel
Med dette som bakgrunn, er det spennande at Johannes’ openberring set Jesu fødsel inn i eit langt og bibelsk tidsskjema.

Kvinna, eit viktig bibelsk symbol

Tidlegare har eg vore inne på at Gud symbolsk omtalar israelsfolket som kvinna han har valt seg ut, og som han trulova seg med. Det er naturleg her å ta med både utveljinga av Abraham (1. Mos. 12, 1 – 39), og pakta Gud og israelsfolket inngjekk på Sinai (2. Mos. kap. 19 og 20). Folket lova truskap til Han, og han lova å vera deira gud og velsigna dei.

Bibelen fortel korleis fleirtalet av israelsfolket sveik pakta og Gud, og korleis dei av den grunn vart drivne bort frå landet han hadde gjeve dei. Framleis lever fleirtalet av jødar i «diaspora», dvs. utanfor lovnadslandet. 

Guds frelse er knytt til kvinna

Det var Eva som høyrde på Djevelen og fekk også Adam til å synda (1.Mos.3,1-7). Men i oppgjeret med Gud etterpå (1. Mos. 3, 15) vart lovnaden om frelse knytt til kvinna si ætt: «Og eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans.» (1M 3:15).

Ordet for «ætt» her er eintal (dvs. dette gjeld berre ein etterkomar), noko som ikkje går fram i vårt norske språk. Men me ser det i pronomenet i setninga etter: «Han skal krasa…».

Kvinna i Guds plan: Maria.
Hanukka-menorahen vitnar om Guds under 

Hjå Jesaja les me: «Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møyi skal verta med barn, ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel». (Jes 7:14). 

Maria sjølv syntest alt var utruleg: «Korleis skal dette gå til; eg veit då ikkje av mann?» (Luk 1,34). Ei truloving i deira kultur då var like bindande som eit ekteskap, men utan seksuelt samliv før bryllaupet. Å plutseleg verta gravid i ein slik situasjon, var ei enorm belastning, både for henne og Josef som ho hadde lova truskap til. (Matt.1, 18-25). Likevel svara ho engelen: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt!» (Luk 1,38).  

Med dette er Maria oppfyllinga av det førebiletet Gud valde å bruka i sitt pakttilhøve med jødane: Ho var trufast (mot Josef), og ho var villig til å verta brukt av Gud til det føremålet han hadde valt henne ut til. Og føremålet vart sagt til Abraham: Gjennom jødane skulle Gud velsigning nå utover heile jorda.

Den historiske situasjonen Jesus vart fødd inn i

Jødane overlevde også
romarane sine overgrep.
Johannes’ openberring sitt 12. kapittel omtalar Jesu fødsel slik: «Eit stort teikn vart sett i himmelen: Ei kvinne, kledd med sola, og månen under føtene hennar, og på hovudet hennar ei krone av tolv stjerner. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 

3 Og eit anna teikn vart sett i himmelen – og sjå: Ein stor eldraud drake som hadde sju hovud og ti horn, og på hovuda sju kroner. 4 Med halen sin drog han med seg tredjeparten av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. 

Og han stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet hennar så snart ho hadde født. 5 Ho fødde ein son, eit gutebarn, som skal styra alle heidningfolka med jernstav. Og barnet hennar vart bortrykt til Gud og til hans trone.

Og kvinna rømde ut i øydemarka, der ho hadde ein stad som er gjord i stand til henne av Gud, for at dei skal syta for henne der i eitt tusen to hundre og seksti dagar." (Op 12:1-6).


Kvinna i denne teksten er det kvinnelege symbolet på jødefolket (som og Maria var ein del av) (2.Kong.19,21 og Jer.31,21). Sola, månen og stjernene var alle element i Josef sin draum (1. Mos. 37,9), og fører tanken tilbake til jødefolket si soge. 

Djevelen hadde gjort opprør mot Gud og vart kasta ned på jorda saman med dei englande som fylgde han, seier denne teksten. «Kongen av Tyrus» (sjå Esek. 28, 12-19) vert av mange oppfatta som eit anna namne på Satan eller Djevelen. No, under namnet Draken,  prøver han å «sluka barnet så snart ho hadde født» (Op.12,4). 

Då Jesus vart fødd, brukte djevelen det maktsjuke Herodes for å prøva å drepa barnet. (Matt. 2, 16). I tidlegare tider hadde han prøvt å hindra denne fødselen med den jødehatande Haman (Est. 3,8), og med Farao (2. Mos. 1,16). Då dette ikkje gjekk, brukte han Hitler, og i vår tid muslimske statar og organisasjonar som har som mål å ta livet av jødane. 

Gutebarnet må vera Jesus sjølv i og med at han «skal styra alle heidningfolka med jernstav». (v.5) Den messianske salmen 2,8-9 seier Jesus skal gjera dette, og i Opb.2,26-27 skal «den som sigrar» skal gjera dette i lag med han. Som Messias skal Jesus styra denne verda i tusen år med fred, men før det skal verda sine «heidningarii» verta knuste i den veldige krigen som skal koma (Op.19,11-19).

Jesus vart, som me veit, «bortrykt til Gud og til hans trone». Om det kan me lesa i Mark. 16,19; Luk. 24,51 og Ap. 1,9 m. fl.

Monumentet over sigeren ved Eilat

Etter at Jesus hadde fare opp til himmelen, overlevde «kvinna», det vil seia jødefolket, i «øydemarka». Mange hadde ikkje koma heim etter dei vart førde til Babylon, og dei fleste heimvende som overlevde krigane i Israel 66-73, og 135, rømde då.  «Øydemarka» er bilete på diasporaen, som jødane kallar dette. Først no siste hundreåret har jødane for alvor teke til å venda tilbake. Israel «vart fødd på nytt» i 1948. Då først fekk dei eit heimland å venda tilbake til.

Til slutt har Johannes teke med talet på dagar i tre og eit halvt år, ein tidsperiode som er knytt til Antikrist og prøvingstida som skal koma før krigen der heidningane skal knusast med jernstav. Det er då Djevelen, Antikrist og den falske profeten gjer eit siste forsøk på å utrydda jødane. 

Vona, både for jødefolket og for oss som trur på Jesus Messias, er dette:

«Han (Jesus) sa til dei: Det er ikkje dykkar sak å vita tider eller timar som Faderen har fastsett i si eiga makt.» (Apg 1:7).

Ut frå alt dette ser me at i Johannes’ Openberring kapittel 12 vert Jesu fødsel sett i eit tidsperspektiv som inkluderer både fortid og framtid. Det viser oss den åndelege krigen der Satan gjer alt han kan for at Guds plan for oss menneskje skal lukkast, og sluttar med det store slaget som innleier tusenårsriket. No sit Jesus hjå Gud i himmelen. Han sende oss denne helsinga: 

«Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er». (Op  22, 12).

---------------

i  Andre Biblar brukar «Jomfru» for «møy». Begge orda betyr ei kvinne som ikkje har hatt seksuell omgang med nokon.

ii Ordet «heidning» er misvisande, for det betyr «ein som ikkje er som oss». Opphavleg frå tysk ein frå «heia». Ordet har nedsetjande betydning slik ordet «stril» vart brukt i tidlegare tider.

----------------- 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 11. desember 2022

Om å vera vaktmann

Sjåaren såg etter båtar på fjorden
Å vera vaktmann har vore ei viktig oppgåve gjennom tidene. På ein av dei gamle kongsgardane her i nærleiken, vert haugen oppfor husa kalla «Sjurhaugen». Dei gamle seier namnet kjem frå vikingtida og betyr «Sjåarhaugen». Der oppe sat ein sjåar eller vaktmann.
 

Du treng ikkje lura på kvifor. Han der oppe såg på kva som rørde seg på fjorden, og såg særleg etter langskip og eventuelle fiendar. Lenger inne i området heiter det «Herland». Det var der resten av hæren heldt til. Kongen hadde sikkert berre ein utvald flokk rundt seg, dyktige krigarar og vaktmenn med godt syn.

I seinare tider hadde byane vaktmenn dei kalla «vektarar». Dei skulle verna mot kriminalitet og «ildebrand». I tillegg kunne folk spørja han kor langt det leid på natta. Alt var viktig, for byen me kallar for «Bydn», har hatt mange storbrannar. Til og med Petter Dass i nord høyrde om det og skreiv at «Bydn» måtte henta «de strile som ere vante med økse og bile». Slik er det sitert. Skrivemåten er eg ikkje sikker på.

No var ikkje vaktmenn noko spesielt for vårt land. Profeten som vert mest sitert både i nytestamentet og i jula, skreiv om slike vaktmenn. Godt kjent er det tjueførste kapitelet der han skriv: «For så sa Herren til meg: «Set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda! 7 Ser han eit tog med hestespann, eit tog med esel, eit tog med kamelar, då skal han lytta, lytta og lytta!» 8 Og vaktmannen ropa: «Herre, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt.» (Jes 21:6-8).

Vaktmannen rundt 700 år f. K. hadde same oppgåve som vikingen på «Sjurhaugen» rundt 1000 år e. K. Han hadde og  same oppgåve som vaktaren i «Bydn» vår, berre høyr her: «Nokon ropar til meg frå Se'ir: «Vektar, kor langt på natt, vektar, kor langt på natt?» 12Vektaren svarar: «Det kjem ein morgon, men òg ei natt. Vil de spørja, så spør! Kom att ein annan gong!»» (Jes 21:11b-12).

Det kjem ein morgon, men og ei natt...
Kor langt på natt?

Spørsmålet var ikkje kva klokka var, men kor langt der leid på natta. Dette biletet har gjennom uminnelege tider vorte brukt i kristen forkynning om kvar me er i høve til endetida og dagen når Jesus kjem tilbake for å henta sine i skyene. Jesus sjølv snakka med læresveinane om det og sa: «Som når lynet går ut frå aust og lyser like til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem». (Matt 24:27). Når Jesus kjem tilbake med same fart som lynet, må dei som vil vera med, ha ordna alt på førehand. Resten vert verande att.


Læresveinane såg fram mot Messiasriket og lurde på når det skulle koma. Men Jesus sa: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.» (Apg 1:7). Gud åleine veit dagen når dette skal skje. Han åleine gjev ordren som set ting i gang. Men i Bibelen har Gud gjeve oss indikatorar for at me skal vita når tida (les: «morgonen») nærmar seg, og han ber oss om å gjeva akt på dei.

Om å kjenna tida

Bibelen gjev altså ikkje dato og klokkeslett for når ting skal skje, men klåre indikatorar fortel oss at endetidsteikna alt er synlege. I tidlegare tider kalla forkynnarane desse indikatorane for «Teikn i tida». Det er slike eg har skrive om i blogginnlegga mine siste månadane. Dei viser at me har gått inn i sluttfasen på denne jorda. 

 Tida me lever i mørknar, men snart gryr ein evig morgon
Den viktigaste indikatoren er jødane og Israel. Jeremias skriv så fint om dette i kapittel 31, 3 -14, eit avsnitt eg rår alle til å lesa. Her vil eg berre ta med det 6. verset som teiknar eit profetisk bilete av Israel der heimkomne jødar dyrkar landet og tilber sin Gud: «Ja, det kjem ein dag då vaktmenn skal ropa på Efraim-fjellet: Kom, lat oss dra opp til Sion, til Herren vår Gud!» (Jer 31:6).

Her møter me vaktmannen i det moderne Israel, landet «som vart fødd på ein dag» etter profetens ord. Leiaren for «Intercessors for Israel» (IFI) i Jerusalem, skriv i eit av bønnebreva at ordet for «vaktmann», notzrim, er same ordet som i moderne hebraisk vert brukt på dei som trur på Jesus Messias. 

Den trua deler eg og, endå eg ikkje er jøde, men stril. Den Jesus som er min frelsar, er jødane sin Messias. Kanskje kan eg og - med Guds hjelp – kan vera ein notzrim (vaktmann) for dei eg kjem i kontakt med?

------------------------ 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.
 

søndag 4. desember 2022

 Dyret Antikrist

I Johannes’ openberring kapittel 13  les me om «Dyret». Det er klårt at det her er snakk om eit menneskje som «Draken» – det er djevelen, har gjeve stor makt. (13,4), og som folk på jorda tilber.

Skildringa liknar på det me møtte i kap. 6,2. Då var det ryttaren på den første, kvite hesten som det «vart gjeve ein sigerskrans». Samanhengen der fortel ikkje kven det var som gav han sigerskransen.

Bilag til Illustrert Vitenskap nr. 13/99
Då Jesus vart freista, lova djevelen han «alle rika i verda og deira herlegdom» om Jesus ville tilbe han. Jesus avviste det med eit sitat frå sin «Bibel» (5. Mosebok): «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.» (Matt 4:10). 

Det ser derfor ut til at Anti-Krist bøygde seg der Kristus stod fast, og fekk derfor verdensherredømet i endetida!

Kva med talet 666?

Kapittel 13 hjå Johannes sluttar med: «Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.» (Op 13:18).

I mange språk har bokstavar talverdi slik som me kjenner det frå latin. I bibelsk kontekst har me tal som har underforstått meiningsinnhald. Her er nokre døme:

1 er talet for Gud: «Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin». (5Mos 6:4).

3 står og for Gud når han viser seg i tre former, dei vi til vanleg kallar Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Han er og tre gonger heilag. (Jmfr. Jes. 6,3).

7 er eit heilagt tal og står for det perfekte.

6 er talet for det naturlege mennesket, eller mennesket som materielt vesen. Det er det evolusjonistane ser på som eit velutvikla dyr, det som med sin hjernekapasitet og sosiale relasjonar står over alle andre dyr. 

Når mennesket kjem til tru og lever i samfunn med Gud (6 + 1), vert det 7. Då vert mennesket gjort heilagt i Gud, ikkje i eiga kraft. (Rom 8,1). 

Faksimile frå s. 21 i bilaget til Illustrert Vitenskap
Gjennom tidene har mange lansert utrekningar og kome fram til kven dei trur 666 står for. Mange ikkje-katolikkar har peika på paven, andre har kome med forskjellege forslag gjennom til dels finurlege utrekningar. 

Personleg trur eg svaret er mykje enkelare: 3 er talet for ein (1) Gud som Bibelen presenterer i tre former: Faderen, Sonen og Den heilage ande (i). Når mennesket 6 kan forklarast som ei tre-dobling av seg sjølv, 666, kan det bety at han set seg sjølv på Guds plass. Det samsvarar med den rådande hypotesen i filosofien, humanismen, evolusjonismen og sosialismen:  Gud er død og ikkje-eksisterande. «Dyret» har dermed teke plassen til den guden dei trur dei har avsett.

Kva skjedde i syndefallet?

Medan folk flest ser ut til å fokusera på frukta Eva og Adam var ulydige og åt, ligg truleg sjølve grunnsynda på eit heilt anna nivå. Dette er det som står skrive:

«Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2 Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» 4 Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» 6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.» (1Mos 3:1-6).(ii)

Hovudelementa i freistinga var at Djevelen sådde tvil om verdien av Guds Ord, og så opna han på glytt ei dør der dei kunne «bli som Gud…». Frukta på treet var tiltrekkjande, utan tvil, men det var kanskje endå meir «tillokkande sidan det kunne gje innsikt», og dei kunne «verta Gud lik».

Ser du parallellen? I ei verda der «Gud er død», vert etikk det som tener «meg om mine», enten det er slekt eller meiningsfeller. I eit viss periode, seier Bibelen, får desse kreftene (les: –ismane) fritt spelerom, heilt til Kristus, ryttaren på den andre kvite hesten, kjem ridande og reinskar ut all løgn og bedrag. 

Faksimile frå s. 35 i bilaget til Illustrert Viternskap

Då får verda sitt «tusenårsrike» der løva og lammet beitar i lag, og barnet leikar ved hola til hoggormen utan å verta biten. Då er Antikrist og den falske profet vekke, og Satan er bunden og kan ikkje føra nokon vill.

Avrunding

Siste tida har eg skrive om endetida og ting som kan peika mot det Bibelen fortel om ting som kjem. Mykje verkar uforståeleg. Ingen har fasiten. Me må berre seia med Ivar Aasen (iii)

                Nei, vesle vitet strekk ikkje til,
                Ei tru må stydja oppunder.
                Ei tru som trøyste og styrkja vil
                I mørke stormande stunder.
                Eg vonar den visdomen hjelper med,
                Som med slik ei tru kunne semjast best.

Men om me ikkje forstår alt, så er det nyttig å lata tankane arbeida. Bloggen min, «Misjonsreise i tid og rom», er uttrykk for at eg er «på reise». Trass utdanning og studium for å ta eksamenar eller berre for personleg utvikling og nytte, så er eg evig student. Eller «læregut» som eg seier når folk spør. Det er der eg høyrer heime. 

Har eg i tillegg fått eventuelle lesarar til å tenkja, er det bonus både for meg og dei. Ein gammal mann her i bygda seier det slik: «Det er godt eg vart gammal nedanfrå!» Han er klår i hovudet, men greier knapt gå. Han har innsett at når toppetasjen svikar, er det lite nyte i at føtene er spreke!

Hjernegymnastikk skal hjelpa mot både gløymsle og det som verre er. Seiest det…

---------------

(i) Den demoniske makta står og fram i tre former i endetida: «Dyret», Draken og den falske profeten.(ii) Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.(iii) Siste verset i «Vit og tru», publisert i diktsamlinga «Symra», 1863. (Ivar Aasen 1813 -1896).

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

-