søndag 18. desember 2022

 Jesu fødsel i Johannes’ openberring.

Lurar du på kva ordet «jul» betyr, så finn du fort ut at det ikkje har noko med Jesu å gjera. Ordet har norrønt opphav (jól), og var namnet på den heidenske midtvinterfesten. Det var deira måte å feira solsnu, då både naturen og folkelivet gjekk mot lysare dagar. 

Også vår julefeiring i dag ser ut til å bera meir bodskap om heidenske tradisjonar, enn den bodskapen i Guds Ord. Det som fyller butikkane, og det som dukkar opp i media og samfunnet elles, har sørgjeleg lite med julebodskapen å gjera. 

Då kristendommen kom til landet, hadde kloke hovud lagt Jesu fødsel til midtvintersfesten. Korkje Bibelen eller andre kjelder gjev grunnlag for å slå fast kva tid på året Jesus vart fødd. At han vart fødd i år 0, er feil. Herodes var konge då Jesus vart fødd, og kongen døydde i år 4 f. Kr. Altså vart Jesus fødd minst fire år før vår tidsrekning.

Mandeltreet er eit symbol på Israel
Med dette som bakgrunn, er det spennande at Johannes’ openberring set Jesu fødsel inn i eit langt og bibelsk tidsskjema.

Kvinna, eit viktig bibelsk symbol

Tidlegare har eg vore inne på at Gud symbolsk omtalar israelsfolket som kvinna han har valt seg ut, og som han trulova seg med. Det er naturleg her å ta med både utveljinga av Abraham (1. Mos. 12, 1 – 39), og pakta Gud og israelsfolket inngjekk på Sinai (2. Mos. kap. 19 og 20). Folket lova truskap til Han, og han lova å vera deira gud og velsigna dei.

Bibelen fortel korleis fleirtalet av israelsfolket sveik pakta og Gud, og korleis dei av den grunn vart drivne bort frå landet han hadde gjeve dei. Framleis lever fleirtalet av jødar i «diaspora», dvs. utanfor lovnadslandet. 

Guds frelse er knytt til kvinna

Det var Eva som høyrde på Djevelen og fekk også Adam til å synda (1.Mos.3,1-7). Men i oppgjeret med Gud etterpå (1. Mos. 3, 15) vart lovnaden om frelse knytt til kvinna si ætt: «Og eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans.» (1M 3:15).

Ordet for «ætt» her er eintal (dvs. dette gjeld berre ein etterkomar), noko som ikkje går fram i vårt norske språk. Men me ser det i pronomenet i setninga etter: «Han skal krasa…».

Kvinna i Guds plan: Maria.
Hanukka-menorahen vitnar om Guds under 

Hjå Jesaja les me: «Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møyi skal verta med barn, ho skal føda ein son og gje han namnet Immanuel». (Jes 7:14). 

Maria sjølv syntest alt var utruleg: «Korleis skal dette gå til; eg veit då ikkje av mann?» (Luk 1,34). Ei truloving i deira kultur då var like bindande som eit ekteskap, men utan seksuelt samliv før bryllaupet. Å plutseleg verta gravid i ein slik situasjon, var ei enorm belastning, både for henne og Josef som ho hadde lova truskap til. (Matt.1, 18-25). Likevel svara ho engelen: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt!» (Luk 1,38).  

Med dette er Maria oppfyllinga av det førebiletet Gud valde å bruka i sitt pakttilhøve med jødane: Ho var trufast (mot Josef), og ho var villig til å verta brukt av Gud til det føremålet han hadde valt henne ut til. Og føremålet vart sagt til Abraham: Gjennom jødane skulle Gud velsigning nå utover heile jorda.

Den historiske situasjonen Jesus vart fødd inn i

Jødane overlevde også
romarane sine overgrep.
Johannes’ openberring sitt 12. kapittel omtalar Jesu fødsel slik: «Eit stort teikn vart sett i himmelen: Ei kvinne, kledd med sola, og månen under føtene hennar, og på hovudet hennar ei krone av tolv stjerner. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier. 

3 Og eit anna teikn vart sett i himmelen – og sjå: Ein stor eldraud drake som hadde sju hovud og ti horn, og på hovuda sju kroner. 4 Med halen sin drog han med seg tredjeparten av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. 

Og han stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet hennar så snart ho hadde født. 5 Ho fødde ein son, eit gutebarn, som skal styra alle heidningfolka med jernstav. Og barnet hennar vart bortrykt til Gud og til hans trone.

Og kvinna rømde ut i øydemarka, der ho hadde ein stad som er gjord i stand til henne av Gud, for at dei skal syta for henne der i eitt tusen to hundre og seksti dagar." (Op 12:1-6).


Kvinna i denne teksten er det kvinnelege symbolet på jødefolket (som og Maria var ein del av) (2.Kong.19,21 og Jer.31,21). Sola, månen og stjernene var alle element i Josef sin draum (1. Mos. 37,9), og fører tanken tilbake til jødefolket si soge. 

Djevelen hadde gjort opprør mot Gud og vart kasta ned på jorda saman med dei englande som fylgde han, seier denne teksten. «Kongen av Tyrus» (sjå Esek. 28, 12-19) vert av mange oppfatta som eit anna namne på Satan eller Djevelen. No, under namnet Draken,  prøver han å «sluka barnet så snart ho hadde født» (Op.12,4). 

Då Jesus vart fødd, brukte djevelen det maktsjuke Herodes for å prøva å drepa barnet. (Matt. 2, 16). I tidlegare tider hadde han prøvt å hindra denne fødselen med den jødehatande Haman (Est. 3,8), og med Farao (2. Mos. 1,16). Då dette ikkje gjekk, brukte han Hitler, og i vår tid muslimske statar og organisasjonar som har som mål å ta livet av jødane. 

Gutebarnet må vera Jesus sjølv i og med at han «skal styra alle heidningfolka med jernstav». (v.5) Den messianske salmen 2,8-9 seier Jesus skal gjera dette, og i Opb.2,26-27 skal «den som sigrar» skal gjera dette i lag med han. Som Messias skal Jesus styra denne verda i tusen år med fred, men før det skal verda sine «heidningarii» verta knuste i den veldige krigen som skal koma (Op.19,11-19).

Jesus vart, som me veit, «bortrykt til Gud og til hans trone». Om det kan me lesa i Mark. 16,19; Luk. 24,51 og Ap. 1,9 m. fl.

Monumentet over sigeren ved Eilat

Etter at Jesus hadde fare opp til himmelen, overlevde «kvinna», det vil seia jødefolket, i «øydemarka». Mange hadde ikkje koma heim etter dei vart førde til Babylon, og dei fleste heimvende som overlevde krigane i Israel 66-73, og 135, rømde då.  «Øydemarka» er bilete på diasporaen, som jødane kallar dette. Først no siste hundreåret har jødane for alvor teke til å venda tilbake. Israel «vart fødd på nytt» i 1948. Då først fekk dei eit heimland å venda tilbake til.

Til slutt har Johannes teke med talet på dagar i tre og eit halvt år, ein tidsperiode som er knytt til Antikrist og prøvingstida som skal koma før krigen der heidningane skal knusast med jernstav. Det er då Djevelen, Antikrist og den falske profeten gjer eit siste forsøk på å utrydda jødane. 

Vona, både for jødefolket og for oss som trur på Jesus Messias, er dette:

«Han (Jesus) sa til dei: Det er ikkje dykkar sak å vita tider eller timar som Faderen har fastsett i si eiga makt.» (Apg 1:7).

Ut frå alt dette ser me at i Johannes’ Openberring kapittel 12 vert Jesu fødsel sett i eit tidsperspektiv som inkluderer både fortid og framtid. Det viser oss den åndelege krigen der Satan gjer alt han kan for at Guds plan for oss menneskje skal lukkast, og sluttar med det store slaget som innleier tusenårsriket. No sit Jesus hjå Gud i himmelen. Han sende oss denne helsinga: 

«Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er». (Op  22, 12).

---------------

i  Andre Biblar brukar «Jomfru» for «møy». Begge orda betyr ei kvinne som ikkje har hatt seksuell omgang med nokon.

ii Ordet «heidning» er misvisande, for det betyr «ein som ikkje er som oss». Opphavleg frå tysk ein frå «heia». Ordet har nedsetjande betydning slik ordet «stril» vart brukt i tidlegare tider.

----------------- 

Det er forbode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar