søndag 26. november 2023

 Løgnens regime (2)

Det kvite er det engelske mandatområdet
Eg brukte denne tittelen i bloggen 05.11.23. Kva i dagens situasjon kan forsvara ein slik tittel? Her er nokre av dei døma på det eg tenkjer på.

«Ein jødisk nasjonalheim»

I fredsoppgjeret etter 1. verdskrig i 1920, gav San Remokonferansen Palestinamandatet til Storbritannia. Mandatet bygde på Balfourdeklarasjonen. Det hadde grenser til det franske mandatet Syria, Irak, Saudi Arabia og Egypt.

Ser me litt lenger bakover, så var det ei bønnevekking i Storbritannia i siste halvdel av 1800-talet. Dei kristne bad då for jødane og at dei måtte få koma tilbake til det landet Gud hadde gjeve dei. Landet dei bad for, hadde grensene nedskrivne i Det gamle testamentet (GT). 

Samstundes som Gud vakte desse tankane i dei bibel-truande i Storbritannia, reiste Gud opp Herzl og den sionistiske rørsla mellom jødane. Dette er interessant fordi det ikkje ser ut til at desse to rørslene hadde noko anna felles enn at dei var ein del av Guds plan.

Ut frå orda i GT vart det laga kart, og det var det den britiske utanriksmininsteren Arthur Balfour viste til i eit brev til den engelske sionistleiaren Lord Rothschild i 1917. Sjølve brevet nemner ikkje grenser, men at «Hans Majestets regjering ser positivt på at det vert etablert i Palestina ein nasjonal heim for det jødiske folk».(i)

Slik delte engelskmennene landet

Men regjeringa sveik jødane

Det er ingen tvil om at Balfour og dei kristne forbedarane i Storbritannia med uttrykket «nasjonalheim» meinte ein framtidig jødisk stat. Det var det Rothschild og sionistane og arbeidde for, og det var det Balfour og regjeringa i London lova.

Men regjeringa valde seinare å dela området Balfour hadde vist til. Dei gav arabiske stammar 77 prosent av landet som var omtalt i GT. Bakgrunnen for dette sviket skal ha vore engelskmennene si takksemt til arabiske klanar som hjelpte dei i krigen mot det ottomanske riket. Leiaren for ein slik klan vart innsett til å leia det Transjordanske riket i 1946. Landet har seinare fått namnet Jordan, og er eit kongedøme bygd på eit hashenittisk dynasti med bakgrunn i beduinstammar som snakkar arabisk.
Logisk sett er det derfor i Jordan dei arabarane som budde i dei andre 23 prosenta, skulle ha sitt heimland, - om dei ikkje ville leva vidare i den jødiske nasjonalheimen, - Israel.

FN førde sviket vidare

FN overtok San Ramokonferansen sine vedtak og er juridisk sett bunden av dei. Men FN førde sviket mot jødane lenger enn det London hadde gjort. Dei vedtok i 1947 å dela dei siste 23 prosenta i ein jødisk og ein arabisk stat. Då ville jødane få 10 prosent av det området Gud – og den engelske regjeringa ved  Balfour – hadde lova dei!

Skjermdump frå  https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/c/cd/Balfour_portrait_and_declaration.JPG
Opprettelsen av staten Israel – Store norske leksikon (snl.no)
 5. Iyar 5708

Denne datoen, tilsvarande 14. mai 1948 på vår kalendar.  Dåerklærte David Ben Gurion og trettiseks leiande jødar staten Israel som fødd på nytt. Dei skreiv:

«ERETS-ISRAEL was the birthplace of the Jewish people. Here their spiritual religious and political identity was shaped. Here they first attained to statehood, created cultural values of national and universal significanse and gave the world the eternal Book of Books» (ii)

Dette skjedde samtidig med at engelskmennene trekte seg tilbake frå landet. Same dagen gjekk arabarane til krig mot jødane og den nye staten. Det var ein krig som arabarane tapte, men som lever vidare gjennom vald og terror mot jødane. Nett no er Hamas i fokus, men dei er berre ein av organisasjonane og statane som offentleg og bevisst arbeider for å utsletta Israel frå kartet!
«Kan me ikkje få alt, så la oss få det litt etter litt

Dette er orda til ein av arabarane som arbeider for ei «To-stats-løysing». Bak dette ligg ynsket om å drepa alle jødar, «kasta dei på havet», eller og ideen å erstatta Israel med «ein arabisk stat der alle kan bu, enten dei er jødar eller arabarar». Berre ikkje ein jødisk stat, - «ein jødisk nasjonalheim»!
Nokre ord frå ein klårsynt mann…

Eg har no lyst å ta fram ein skribent i norsk presse som var klår og bibeltru i spørsmålet om Israel. Det er Arthur Berg som var redaktør i «Dagen» frå 1955 til 1985, men som var ein markant leiar i kristen-Noreg mykje lenger enn det.

Moderne turistkart viser spekkhoggarane sine bit...
 «Spekkhuggeri mot Israel»

Dette er tittelen på den redaksjonelle kommentaren den 7. mai 1979. Helst ville eg teke med heile stykket, men her er starten:

«Freden i Midt-Østen er langt fra trygget. Men anstrengelsene for å trygge den går videre. Og det er særlig Egypt og Amerika som arbeider for å skape en pålitelig fred. Verdensopinionen nøyer seg med å applaudere freds-stifterene. 

Men det man gjør nå, er ikkje å stabilisere freden. Snarere fortjener det betegnelsen spekkhoggeri mot den lille ennå levende og fremdeles levedyktige staten Israel. Nå er det imidlertid ikke stort igjen av spekk på ministaten Israel. Kanskje det er derfor man hugger mot Israels hjerte, mot Jerusalem.
Denne situasjonen gjør det klart at hvis ikke Israels mange venner i verden nå kommer Israel til hjelp, da er det ikkje livets, men dødens fred man arbeider for. Og det er ikkje rettferdighetens rett man kjemper for, men våpnenes og pengenes makt!

Nå forrådes Israel!» (iii)

Etter vel 40 år er realiteten den same. Dette beviser at det som står i Bibelen er sant,  - slik forkynnaren skreiv det for fleire tusen år sidan: 

 «Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola. Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer». (Fork 1,9 og 11)

Ein av grunnpilarane i eit løgnregime er at ingen hugsar eller vil hugsa det som har hendt før. Den neste grunnpilaren er å omskriva soga slik at ho passar inn i løgna... 

---------------------
(i) Originaltekst:  «His Majesty’s Government view with favour the establishment in Palestina of a national home for the jewish people».
(ii) The Declaration of the Establishment of the State of Israel | Ministry of Foreign Affairs (www.gov.il)
(iii) Frå «Med Israel i kamp for fred» av Arthur Berg, Lunde Forlag, Oslo 1979, s- 217. (Eg vil koma tilbake med meir om / frå denne boka seinare).

Bibelsitatet er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.
------------- 

Det er forbode å bode å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.


søndag 19. november 2023

Gaza

I gamle dagar vart dette området langt sør i Jødeland kalla «Filistarland». Under romersk styre høyrde det til provinsen «Palestina». Då det ottomanske riket gjekk under, oppstod eit engelsk mandatområde som også vart kalla «Palestina». (i)

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, overtok Egypt området. Fleire flyktningleirar vart då grunnlagde der, og frå 1950-åra fekk UNRWA arbeidet med desse (ii).

Under seksdagarskrigen i 1967 tok Israel området. Frodig jødisk jordbruk oppstod då der det før var øydemark. Store mengder grønsaker vart produsert  i Gaza og sendt til Israel og Europa.

Skjermdump frå https://snl.no/Oslo-avtalen
«Osloavtalen», - ei ulukke

Eigentleg er det to «Osloavtalar», men den som vart underskriven i 1993, er den som normalt går under namnet «Osloavtalen». Dokumentet «Prinsipperklæring om midlertidige selvstyre-ordninger» skulle liggja til grunn for ei ny framtid for Midtausten, vart det sagt. Bak låg løgna «Land for fred!». Sanninga var og er «Land for terror og drap». 

I Israel fekk arbeidarpartiet sin leiar, den tidlegare generalen Ariel Sharon, makta i 2001. I  2004 fekk han nasjonal-forsamlinga (Knesset) med på å tvinga gjennom full israelsk tilbaketrekking frå Gaza, og dei jødiske jordbrukarane vart drivne ut med makt. (iii) 

Hamas overtok makta i Gaza i 2006. Dei har i «grunnloven» sin at dei skal drepa alle jødar og utsletta staten Israel, noko dei framleis arbeider for. Som «skjold» for våpenlager, inngangar til underjordiske tunellar, produksjonslokale for rakettar og utskytingsrampar, har dei brukt mellom anna skular. Dette er skular FN-organisasjonen UNRWA arbeider for og i. Korleis kan det ha seg at desse ikkje har registrert kva terroristane dreiv med? Såg dei det ikkje, eller ville dei ikkje sjå det?

Det same gjeld fleire av sjukehusa på Gazastripa. Under det største sjukehuset ligg hovudsenteret til Hamas, seier Israel. (iv) Personar frå Gaza som har vorte intervjua på ILTV, fortel at Hamas også brukar ambulansar til transport av våpena og folka sine!

Dette er sjukehus der «Leger utan grenser» arbeider. Dei skrik til himmels om Israels krigsbrotsverk og at «pasientar døyr» på grunn av mangel på straum og drivstoff. Spørsmålet mitt er korleis det kan ha seg at desse legane, på lik linje med lærarane i UNRWA, ikkje har greidd å oppdaga kva terroristane dreiv med ved, i og under institusjonane dei arbeider i? 

Eller godtek desse legane alt Hamas driv med? Betyr «utan grenser» utan etiske grenser?

Faksimile frå "Dagen" 02.11.23
Tunellane - «Hamas sin styrke»

Det finst tunellar under grensa til Egypt for smugling og illegal inn- og utvandring. Der er også tunellar inn i Israel (som vart brukte 07.10.) Gaza-stripa er 41 kilometer lang og frå 6 til 12 kilometer brei. Hamas har eit nett av underjordiske tunellar som skal liggja 30 til 80 meter under bakken, og utgjera til saman fleire hundre kilometer!  Eit slikt nettverk treng elektrisk energi til lys, ventilasjon og toalett. Tunellane har opphaldsrom, lager (for mellom anna drivstoff og våpen), samt inn og utgangar. Gislar som er frigjevne, fortel at dei vart førde gjennom tunellar der dei delvis gjekk i vatn.. Altså finst lekkasjar, enten av vatn i grunnen eller frå kloakkar og vassleidningar over.

Talet på «Hamas-soldatar» er usikkert, og kalkylane varierer frå 10-15 000 til over 50 000. Lat oss seia talet er 30 000. Nokre tusen er alt drepne, og mange av dei som er att, skal gøyma seg i tunellane. Dei treng kontinuerleg store mengder luft, vatn, mat, toalett og plass til å kvila eller sova, i tillegg til rom for planlegging og kommunikasjon mellom avdelingane. Om Israel får stogga all energi, mat og vatn til tunellane, vil terroristane etter ei tid verta tvinga opp og ut. 

Tilførsla av luft, vatn og elektrisitet er truleg gøymt i eller bygd saman med sjukehus og liknande institusjonar. Der har terroristane born, pasientar og andre sivile som skjold. Og «Leger utan grenser», UNRWA-personale og andre ropar om hjelp for å hindra Israel i å nå ugjerningsmennene som gøymer seg mellom dei eller under dei!

«Nazi-terrorisme».

I Israel vert terrorangrepet 07.10 samanlikna med nazismens overgrep mot jødar under andre verdskrig. Uttrykket får meg til å tenkja på Auschwitz - Birkenau. Tyskarane si  «Endlösnung» skaut fart då han som hadde ansvar for avlusing på klede, fekk lov til å prøva cyanid-gass på jødar og andre. «Oppfinninga» skapte gasskammera som «tok unna» fleire tusen menneske kvar dag.

Tunellane - Hamas sin akilleshæl

Faksimile frå "Norge i dag", 03.11.23.
Internasjonale media ser føre seg at israelske soldatar må trengja inn i tunellane og kjempa mot både terroristar og innlagde feller eller «Booby traps», ser eg. Men ved å stengja all ventilasjon, vatn og elektrisitet til tunellane, vil terroristane døy på grunn at koldioksidet frå deira eigen pust, om ikkje mangel på vatn, mat og eit kollapsa kloakksystem tvingar dei ut.

Denne tida på året har Israel og Gaza det Bibelen kallar «Tidleg-regn». Med alle dei sundskotne tunellane, er inntrenging av vatn og ein reell fare. Storregn som omskaper tørre elvefar til livsfarlege fossar, førekjem også i Gaza. Det vil tvinga terroristane ut, eller drukna dei.

Kvar er Gud i denne krigen?

Mange har etter 07.10. sagt og tenkt: Korleis kunne Gud tillata noko slikt? Han har då sjølv sagt at jødane skal flytta heim til Israel (v), og at han skal ta seg av fiendane deira. Han seier til dømes:  «Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, attergjeld frå Gud. Han kjem sjølv og frelser dykk.» (Jes 35,4.)

Jeremias tek endå sterkare i: «Sion seier: «Herren har forlate meg, Herren har gløymt meg.» 15  Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg. 16  Sjå, eg har teikna deg i hendene mine, murane dine er alltid framfor meg. 17  Dei som skal byggja deg, kjem springande, dei som la deg i ruinar og grus, dreg bort frå deg.» (Jes 49:14-17).

Israels Gud (Adonai Elohei-Tzva'ot) er allmektig. Han grip inn - i si tid...

---------

(i) Det er dette namnet arabarane som i dag bur på «Vestbredden» og i Gaza, har «adoptert». Dei utgjer ikkje ei eiga folkegruppe eller stamme, slik som jødane. Jødane hadde og identifikasjonspapir og pass som sa dei var «palestinarar» fram til staten Israel vart fødd i 1948.
(ii) Ut frå dette seier ein av leiarane i Hamas sin politiske fløy at det er FN og ikkje Hamas som har ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Gaza, og at FN må syta for at dei får det dei treng av mat, medisinar m.m.
(iii) Dei fordrivne israelske bøndene vart lova hjelp og ny start andre stader i landet, men seier at den hjelpa såg dei aldri noko til. Mange seier og at Gud straffa Ariel Sharon for det han gjorde. Han fekk hjerneslag i 2006 og vert liggjande i koma fram til sin død i 2014. (Dette utsagnet får stå for deira rekning som opplevde å verta drivne frå Gaza den gongen).
(iv) Det sjukehuset vart  bygt av Israel då dei styrde området!
(v) På hebraisk «aliyah».

Bibelsitata er frå Norsk Bibel, nynorsk utgåve.

--------

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå meg.


 

søndag 12. november 2023

«Norge tar av seg silkehanskene»

Dette var overskrifta i TV2 nyheiter på internett den 28.10.23.  Journalisten, A.S.R., skriv vidare: «Utenriksminister Bart Eide balanserer på en knivsegg i sine uttalelser: - Vi er veldig tydelige med vår venn Israel om at det de gjør nå går veldig, veldig langt i forhold til hva som er lov, sa han til TV 2 fredag.

Detal frå lysestaken framfor Knesset
Bare noen timer senere tar Norge et tydelig standpunkt, som eneste land i Norden, i krigen mellom Hamas i Israel.»

Standpunktet ho siktar til, er at Noreg stemde med fleirtalet i FN (i) for at Israel måtte stoppa krigen mot Hamas. Resolusjonen er einsidig og nemner ikkje terroristane sine ugjerningar. Noko betre bevis på at terroristane sin propaganda vert akseptert i FN-systemet, kan eg vanskeleg tenkja meg.

Dermed viste utanriksministeren vår at han plasserer landet vårt i den delen av verda som gjer det dei kan for å motarbeida Israel og jødane. Talet på resolusjonar FN har vedteke mot det einaste demokratiet i Midtausten, samanlikna med resolusjonar mot land som Russland og Iran, er himmelropande. Dei er alle vedtekne av dei Noreg no ynskjer å spela på lag med!

Gjennom slike avstemmingar viser både FN og Noreg sitt sanne ansikt, trass at utanriks-ministeren snakkar om «vår venn Israel». TV 2 skriv «venn» med skrå skrift. Kva journalisten meinte med kursiven, kan ikkje eg svara på. Eg ville gjort det same - for eg oppfattar det som beisk ironi.

Kan det å stemma slik terroristane vil, sikra Noreg «gul ledertrøye»?

TV 2 har i sin artikkel eit utsegn frå professor  H.H.W (i UiO / PRIO). Ho meiner Noreg med denne avstemminga «tar på seg ledertrøya i fremtidiges fredsforhandlinger». Slik eg forstår det, er det ho som sa at no tek Noreg av seg silkehanskane!

Ein forskar frå NUPI, K.S., seier at « - Norge viser forståelse for det palestinske og arabiske synet om at lidelsene for sivilbefolkningen på Gazastripen nå har blitt så store at det er på tide med en våpenhvile».

Det er dette biletet Hamas i alle år har lukkast med i sin sivile-som-skjold-taktikk. Det er Hamas og deira støttespelarar som ber heile skulda for det blodbadet om no skjer. Hamas sette det heile i gang, truleg fordi dei leit på at "fredselskarar" som dei eg siterer i starten på dette innlegget, ville tvinga Israel til å ikkje ta hemn.

Det er synd i alle som lir, både dei på den såkalla Vestbredden og i Gaza. Nett derfor er det viktig å få eliminert Hamas som brukar sivile til å gøyma seg bak, og som «flyktningar» verdssamfunnet må fø! På denne måten har terroristane fått inn enorme summar gjennom mange, mange år.

Detalj frå lysestaken framfor Knesset
Israels ambassadør i FN viste eit anna bilete av situasjonen. Han kallar resolusjonen som Noreg støtta, for eit forsvar for «Nazi-terroristar». Og «naziterroristane» han snakkar om, er dei som 7. oktober gjekk inn i Israel for å drepa, terrorisera og pina så mange jødar som mogeleg!

Om å «ta av seg silkehanskane»

Silkehanskar er «in» for tida, ser eg på internett. Eit utal av forretningar tilbyr slikehanskar i alle slags storleikar  og fargar. Helst svart og kvitt. I tillegg vert det «å ta på» eller «ta av» silkehanskane brukt mykje i media, både om politisk og anna.

«Effektiv pedagogikk for storbyskolen» går eit steg lenger. Dei ynskjer å bruka «jernhånd med silkehansker». Kombinasjonen gjer at dei slepp bryet både å ta av eller på silkehanskane heile tida. Men om storbyskulen vert betre å leva i heretter, står att å sjå.

Når det gjeld vedtaket Bart Eide stemde for. Det er i alle fall ingen tvil at det ville bere skapa meir terror , fleire drap og meir liding, for jødane som Hamas har som mål, men like mykje for dei stakkarane som vert brukte som skjold av terroristane.

Guds plan er alltid den beste

Gud har gjort det han kunne for at me menneskje skulle ha det best mogeleg. Først ved skaparverket han sette menneska inn i, og som han gav dei råderett over.(ii)

Så kom syndefallet, og Gud la straks til rette ein frelsens veg ved at ein av Eva sine etterkomarar skulle knusa djevelen sitt hovud. (iii) Dei som trudde og lydde det Gud sa, vart frelste den gongen som no. Og Guds ynskje er framleis at alle menneskje skal verta frelste. (iv)

Når Gud tek av seg «silkehanskane»
Detalj frå lysestaken framfor Knesset

Gjennom heile mennesket si soge, har det valt å gå andre vegar enn Guds. Noa hadde forkynt for dei rundt seg i 120 år (v), men dei ville ikkje høyra på han.  Noa fekk berre sjå familien sin verta frelst.

Byane Sodoma og Gomorra gjekk til grunne fordi «Klageropet over Sodoma og Gomorra er sanneleg sterkt, og synda deira er sanneleg utan måte» (1.Mos 18,20). Her er det heile byar som vert straffa, og Lot (vi) fekk berre med seg nokre av sine.

Etter Israel si stordomstid og landet vart delt, kjem ulydnaden tydeleg til syne. Folket sine val og Guds dom over dei ulydige, står klårt skildra. Landet delte seg i to statar, Nordriket med Samaria som hovudstad, og Sørriket med Jerusalem som hovudstad. Begge må gå til grunne. Gud hadde på mange måtar talt til begge landa gjennom ei rekkje profetar, men folket valde trass dette å gå sine eigne vegar. (vii) Og straffa kom som profetane hadde sagt. Denne gongen på stats-nivå.

Det som står att i dag, er Guds straff på globalt nivå, og som både det gamle og det nye testamentet talar om. Og nett fordi dette er noko Bibelen seier skal koma – me veit ikkje når, er det viktig at me kjenner Det gamle testamentet. Frå skapinga og fram til Malakias, har Guds ord gjeve oss konkrete og levande døme på kva som skjer både når menneskje søkjer Gud og går hans vegar, og kva som skjer når dei går sine eigne vegar.

Slik eg ser det, har me «anskuelsesundervisninga» (viii) i GT for at me skal vakna og sjå kva me – og heile verda – har i vente.

Individuelt er valet vårt som på Noas tid, men nasjonalt ligg avgjerda hjå dei som me vel til å leia landet politisk, religiøst og kulturelt. Regjeringa og utanriksministeren er dei sentrale i denne situasjonen i dag.

............. 

(i) 119 land stemde for, Danmark, Sveige, Finland og Tyskland avstod frå å stemma, og Austerrike, Tsjekkia, Ungarn og USA stemde mot.

(ii) 1. Mos.1,27-31.

(iii) 1. Mos.3,15.

(iv) 1.Tim. 2,3-4. 

(v) 1. Pet. 3,20-22.

(vi) 2. Pet.2,7.

(vii) I vår tid heiter dette «humanisme».

(viii) Det var stikkordet den gongen eg gjekk på lærarskulen!

.................... 

Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

 

søndag 5. november 2023


Løgnens regime

Løgn har vore ein del av menneskelivet heilt frå skapinga. Det same har viljen til å tvila på det som er sant.

«Har Gud verkeleg sagt at…..?» sa ormen i Edens hage. (1. Mos 3;1)  Eva forklarte at Gud hadde sagt at var dei ulydige, skulle dei døy, men ormen var straks på plass med si «forklaring» (v. 4-5).
Dermed var syndefallet ein realitet i verda sitt vakraste eventyr, - Skaparverket. Døden sin brutale realitet fekk innpass den gongen. No ligg han og ventar på oss alle. Einaste måten å sleppa unna han, er å få vera med når Jesus kjem for å henta sine. Då, like fort som lynet fer over himmelen, kjem Jesus og tek med seg alle dei som lever og ventar på han. (i)

Dei som får vera med, får sjå siste kapittel av verdssoga i himmelsk synsvinkel. Alle andre må vera med på det som kjem i den epoken Bibelen er kalla «Den store trengsla». (ii) Han seier at endetida skal verta verre enn alt verda har opplevt tidlegare.


Der åtselet er vil gribbane samlast!  (Matt.24,28)

Krigen i Midtausten, eit endetidsteikn?

Det spørsmålet har mange i tankane, men eg kan ikkje finna noko klårt teikn på det. Derimot er det lett å sjå at dei teikna som Bibelen gjev, finst rundt oss både i Noreg og elles. Eit av teikna er at folk trur løgna framfor sanninga (iii). Far til desse løgnene (iv), er den same som førte Eva og Adam vill i Edens hage.

Så langt er krigen mellom Israel og Hamas berre eit tydeleg bevis på at tidene er slik Bibelen seier dei skal vera i endetida (v). Eit tydeleg teikn er alle media som spreier Hamas sin informasjon og snakkar stygt om Israel.  

Biden har gått ut og sagt at Israel har ansvar for dei sivile i Gaza. Men Hamas vann valet i Gaza den gongen for lenge sidan då det var val. Er det ikkje deira ansvar å verna dei sivile dei er leiarar for? 

Israel har sendt ut flygeblad og på alle måtar bedt folk rømma områda deira soldatar må gå inn i for å få slutt på terroren. Dei har gjort alt dei kunne for å få folk til å flytta vekk frå Hamas sine utskytings-rampar og gøymestader. Israelsvennlege media har vist bilete av store lastebilar som Hamas brukar for å hindra at folk frå Nord-Gaza skulle røma sørover. Det har og vore rapportert om at Hamas skaut på dei sivile som trass sperringane prøvde å koma til tryggare område sør på Gazastripa.

Kan Israel vinna på slagmarka, men tapa krigen? 

Svaret er utan tvil «Ja!», takka være den løgnpropagandaen som media og politikarar verda over er deltakarar i! Dette stemmer med det biletet som Bibelen teiknar for oss. Verda skal verta meir og meir negative og fiendske mot Israel og mot Gud, inntil Gud sjølv grip inn i det store slaget på Meggidosletta (vi)

Kva er «militære mål»?

Dette er truleg det viktigaste spørsmålet i denne krigen sidan Hamas brukar folket sitt som skjold. Dei utnyttar kynisk sivile, samstundes som sivile sine lidingar er ettertrakta «mat» for NRK og andre venstrevridde media.
Dette skjer trass i at alle som vil vita det, veit korleis sjukehus, skular og andre institusjonar vert brukte som gøymestader for ugjerningsmennene. Samstundes vert terroristane sine blodige skildringar velvillig spreidd jorda rundt…

Som bylgjer på havet spreier løgnene seg i verda...
Propagandaen seier at Israel ikkje tillet import av drivstoff til Gaza, noko som går ut over dei sjuke, seiest det. Men satelittbilete viser tolv tankar med drivstoff ikkje langt frå grensa til Egypt, og i tillegg har det vore sagt at Hamas har underjordiske lager for å sikra at dei har drivstoff til terroren sin (vii). Kalkylar seier at det går frå ein halv til ein million liter på desse lagra, men at Hamas nektar å gjeva noko av det til «sivile institusjonar».

Ja, det er vondt

Det er å gråta over det som skjer, og tusenvis av jødar og arabarar gret over sine døde, sine bortførte, sine mishandla og torturerte. Kven vil overleva dagen i dag? Kva så med  morgondagen og framtida?

«Kva er sanning?»                                                                         

Den romerske perfekten i provinsen Judea, Pilatus, sa dei orda før Jesus vart dømd til å døy på krossen. (viii) Spørsmålet er like aktuelt i dag. Eg trur det mange i dag og som spør slik Pilatus var den gongen. Men dei – som Pilatus, veit sanninga om dei vil bøya seg for henne.

Sanninga som gjer fri! (ix)

Israel har mange gonger vorte stogga av protestane til dei som har trudd på Hamas sin løgnpropaganda, derfor trur eg at tida er komen då terrororganisasjonen Hamas må knekkjast for godt. Alt som har vorte gjort og sagt om «land for fred» og «politiske løysingar» har vore – og er framleis rein løgnpropaganda. Å tru noko anna, er å nekta å innsjå realitetane.

Det er kjent at Hamas sitt hovudkvarter ligg under Gaza sitt største sjukehus. Derifrå spreier det underjordiske tunnell-nettverket seg heilt inn i Israel. I mange år har skular, moskear og andre offentlege bygg vore både lagerplass for rakettar og våpen. Det har vore skote rakettar inn i Israel frå slike institusjonar, trass i at Hamas og deira medspelarar, inkludert FN, omtalar desse institusjonane som «sivile mål».

Sjølv når det mørknar i verda, skin Guds lys
«Militære mål» i Gaza er ikkje militærleirar, kasernar eller «frontlinjer» og anna som er normale mål i ein krig. «Militære mål» i denne krigen er dei sivile institusjonane som Hamas gøymer seg i, og alle dei sivile – skuldige og uskuldige – som Hamas gøymer seg  bak.

Vert det fred i Midtausten om Israel greier å utsletta Hamas?

Ikkje ut frå Bibelen. Nye løgnregime vil oppstå. Krigane vil halda fram til det endelege og store slaget som markerer enden på den sataniske trioen, Draken og dei to dyra. Det skjer ved at Gud grip inn personleg og direkte. (Sjå Opb. kap. 13 og utover). Først då vil verda oppleva fred, - med Jerusalem som hovudstad og Davids etterkomar, Jesus Yeshua, som evig konge. Derfor har både jødane og me ikkje-jødiske truande noko godt å sjå fram mot. 

Sjølv i ei tid som denne…
 

--------- 

Bibelsitata frå Norsk Bibel, nynorsk omsetjing.
(i) Tess. 4,14 ff.
(ii) Opb.7,13-14. Jmfr.de Matt.14,21-22;  Dan.12,1ff; Mrk.13,19.
(iii) 2. Tess. 2;11.
(iv) Joh.8,44.
(v) 2. Tim 3,1 ff.
(vi) Opb. 19,11-21.
(vii) Deira «charter» (tilsv. «grunnlov») siser klårt at deira mål er å drepa alle jødar og få Israel til å forsvinna av kartet. Klårare bevis på jødehat kan vel ikkje finnast på denne jorda?
(viii) Joh.18,38.
(ix) Joh. 8, 32.
------------------------- 


 Det er forbode å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.