onsdag 18. september 2019




Av  og til  vert ein så provosert at ein kan få lyst til å knyta kloa og ....
                                                                

Kvifor i alle ...... ?

Ein annan ting som forundrar meg, er alle kristne som ikkje forstår kvifor jødane har så vanskeleg for å ta mot evangeliet. «Me kjem til dei med ein kjærleiksfull Frelsar, men dei vil ikkje ta imot», seier dei. Kanskje dei ikkje brukar same orda som eg, men tanken og tonen er denne. Då dukkar "papegøyen" opp i meg og plaprar: «Kor dum går det an å bli?»

Det er ikkje mangel på intelligens. Mangel på kunnskap eller vilje til å ta kunnskapen inn over seg, trur eg.  Ikkje berre Bibel-kunnskap, men rå og brutal almennkunnskap om det som jødane har vorte utsette for av "kristne" og "den kristne kyrkja".

«Me kristne» har sett blodige spor etter oss i nærare to tusen år, og alle stader der «me» har teke makta. Indianarane i Sør-Amerika så vel som andre menneske «me» trefte på der «me» kom, vart undertrykte, mishandla og drepne. I gamle dagar velsigna av kongar og pavar, bispar og prestar, munkar og misjonærar. I dag berre av nokre me plasserer under overskrifta "Ekstremistar".


Men eg skal ikkje skriva om indianarar og Sør-Amerika i dag, endå papegøyane min høyrer til der. Nei, det gjeld jødar og mishandling av dei i Guds og Jesu namn eg vil skriva om. Utført av menneskje med kristen-namn nett slik som eg og fleirtalet av oss i Europa.

Mykje har vorte skrive om dette gjennom tidene, men det meste har vorte skrive i «Gløymeboka». Berre dei som leid under slike overgrep, hugsar det for all framtid. For dei gjeld ikkje fine ord eller «søte tonar». Dei har fått soga inn med morsmjølka. Erfaring av vald i vår "kristne og kjærleiksfulle Guds" namn, sit heilt inne i rygg-graden. Her er nokre døme.........

Kvar kjem frelsa vår frå?


«Frå jødane», sa Jesus. (Johannes 4,22). Han visste det. Omskoren etter loven 8 dagar gammal, oppvaksen i ein sterk jødisk tradisjon og med stor kunnskap i skriftene. (Lukas 2, 47). Dei siste tre åra av sitt liv levde han som «Rabbi» - lærar. Måten han underviste på, var i samsvar med jødisk tradisjon. Han svara gjerne spørsmål med spørsmål og fortalde likningar for å få folk til å tenkja og trekkja konklusjonar sjølve. (Døme: Matteus 22,15-22).

Etter han oppstod ei kyrkje som i starten var 100 % jødisk, men som litt etter litt fekk større og større innhald av ikkje-jødar. Seinare overtok ikkje-jødane makta og heiv jødane ut. Og ikkje berre det. Ein av grunnane til at me har så få originaltekstar, er at «kyrkja» eller "dei kristne" påbaud at alle jødiske skrifter skulle brennast, og at ingen hadde lov å lesa Guds Ord på hebraisk. (Sukk).

Det første store skiljet mellom jødedommen og ikkje-jødar som tok trua, kom med apostelmøtet i Jerusalem. (Apostelgjerningane 15). Då vart dei ikkje-jødiske truande fritekne for alle tradisjonelle lovbod bortsett «frå avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strupte, og blod».

Det var revolusjonerande. Det er ikkje vanskeleg å forstå at «nokre frå farisearflokken som hadde teke trua» (v.5) hadde problem med å godta det. Men Peter, som førde ordet og la fram konklusjonen, var heilt klår om målet med det heile: At Kristus – Jødane sin Messias – skulle reisa opp att «Davids falne hytte» gjennom det som no skjedde. (v.14-19). Det var altså Guds plan at ikkje-jødar (norske Biblar brukar det misvisande ordet «heidningar») skulle inkluderast mellom dei som trudde på Abrahams, Isaks og Jakobs Gud.

Kva gjekk gale? Jau, verdsleg makt vart kyrkjemakt.

Tilhøvet mellom herrefolket – romarane – og jødane var problematisk heilt frå starten. Jesus hadde ein læresvein som var «selot», det vil seia nasjonalist og romar-hatar. Selotane fekk i stand opprøret som la Jerusalem i grus i år 70. Seinare kom nye opprør. 150 år inn i vår tidsrekning, vart ein stor jødisk oppstand slegen ned og undertrykking av jødane institusjonalisert. Til dømes dødsstraff for å omskjera borna. I tillegg fekk landet nytt namn: «Jødeland» vart Palestina, oppattkalla etter jødane sin erke-fiendar: Filistarane.

Konstantin den store var hærførar i den delen av riket før han gjekk mot Rom og tok makta der. Han hadde sett eit kors på himmelen og høyrt ei røyst som sa at ved dette teiknet skulle han sigra. Det gjorde han og vart keisar i Roma i 312. Året etter vart toleranse-ediktet laga, og kristendommen gjekk frå å vera forfylgt, til å verta tolerert.



Rart, ikkje sant?
Neste steg var at kristendommen vart den einaste lovlege religionen. Alle andre vart forfylgde med sverd i hand. Ordet "heidning" (Goy/goyim) som opprinneleg betydde "ikkje-jødisk (truande)", vart til "ikkje-kristen". Dermed vart også jødane rekna for heidningar som "me kristne" skal omvenda til "vår kristne" tru.
Dei  romerske makthavarane hadde lenge forfylgt jødane. No stilte kyrkja sine leiarar i same rekkja. Dei som i ettertid er kalla «kyrkjefedrane», - heidra av både katolikkar og lutheranarar, var ikkje nådige.

Justin Martyren (100-165), Klement (150-215) og Origenes (184-254) av Alexandria, Eusebius (260-340) med fleire hadde hevda at «Gud var ferdig med jødane». Kyrkja hadde teke plassen. Romarbrevet vart tolka så «kjødet» var jødane. «Dei kristne» representerte «ånda». (Jamfør Romarbrevet kap 8,1-13). Og «kjødet» skulle undertrykkjast og drepast. (Uttrykket "kjødet" er frå Bibelselskapet sin bokmåls-Bibel omsett 1930. Nyare Biblar har skift ut "kjødet" med "naturen").

Kyrkjemøtet i Nikea i 325 vart styrt av den romerske keisaren og hadde som eitt av sine mål så skapa skilje mellom jødane og dei ikkje-jødiske «kristne». Dei jødekristne ville til dømes ikkje godta læra om at Gud var 3: Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Tredelinga låg for nær trua på mange gudar til at dei monoteistiske jødane kunne godta det. (jamfør. 5. Mosebok 6,4 og Markus 12,29). Jødekristne som ikkje ville bøya seg, vart forfylgde, pint i hel eller brende.

Neste generasjon av «kyrkjefedre», Jeronimus (347-420), Gregor av Nyssa (335-395) og Johannes Chrysostomus (349-407) kalla jødane «slangar, judasar, uforbederlege mordarar, besette av Djevelen», at «Gud har vendt jødane ryggen» og «Gud hatar jødane». Den siste laga eit skriv mot jødane som vert kalla «Det mest horrible og voldelege angrep på jødane av nokon kristen teolog». Han såg på dei som dyr, lite brukande til arbeid og best skikka "til å verta slakta". Dei var «Jesus-mordarar», alle jødane.

Keisar Justitian (ca. 482-565) samla alle lovene i staten i eitt lovverk. Der inngjekk «jødeloven». Den forbaud jødane å byggja synagogar, lesa Guds Ord på hebraisk, halda offentlege samlingar, feira påske på anna tid enn den kristne (det vil seie etter den jødiske kalendaren og ikkje den Julianske), og å vitna mot kristne i retten.

Nye tider, men inga betring for jødane.

Romarriket kom etter kvart til å missa si makt. Den katolske kyrkja derimot vaks seg sterkare og vart ståande. Ho vart territorial-kyrkja som rådde over land romarane ikkje hadde makta leggja under seg, eller oppdaga. Kyrkja delte seg og, men utan at det skapte endringar. Der  kyrkje-makthavarane sine representantar kom, måtte jødane svi.

Kyrillos, biskop av Alexandria (415), utviste jødane og gav alt dei åtte til den kristne mobben. I 632 vart det starta tvangsdåp av jødar. I 897 miste jødane retten til å ha eigedomar. (Dei måtte då livberga seg ved handel – som jøden i Wergelands dikt om julekvelden. Og sidan dei ikkje kunne investera i eigedomar, var utlån av pengar måten dei sikra rikdomen sin på). I det 10. århundre var det ein kristen skikk å slå ein jøde i ansiktet på langfredag og kasta stein på huset hans 1. påskedag. Og så vidare……

Antisemittismen («Der Judenhass») i kunsten. 
Sanninga om jødeforfylging er  filtrert vekk både
 i media, i lærebøkene og "vårt kristne" medvit. Einaste unnataket
eg veit om, er holokaust som var så veldig og så nært at det ikkje har
fått plass i vår "selektive glemsel" som psykologien kallar det". Og media?
Kven har lært dei det dei opp?
 


Eg nemnde «jødesvin» som «pynt» i gamle kyrkjer i førre innlegg. Eit anna, og truleg endå viktigare element, er pasjonsspela. Sjølve påske-evangeliet er fint og tankevekkjande. Men ein viktig del er å brenna Judas, svikaren. Høgdepunktet, i alle fall i Sør-Amerika, er å brenna ei dokke som heng i ein galge.

Slik eg opplevde det, utløyste «La quema de Judas» ei nesten ekstatisk stemning i folkemassen då elden fata og «Judas» litt etter litt vart til oske. Dokka var utstyrt med stor nase og andre «typiske jødiske trekk» som me kjennar att frå både Nazipropagandaen og elles. For meg, som ikkje-jøde og nokså ukjend med katolske tradisjonar den gongen, var dette ei lite god oppleving. Kva måtte det då vera for jødane i byen? (Om du vil vita meir om denne skikken, finn du det under «La quema de Judas». Youtube har mykje.)

Korsfararane som skulle frigjera Palestina (ex. «Jødeland»)?


Dei 8 korstoga mellom 1095 til 1300 gjekk hardt ut over jødane. Ein ting var at dei som reiste på korstog, vart fritekne frå å betala tilbake til jødar det dei måtte skulda. Det var det mange, både kongar og andre mektige i Europa, som gjorde. Det neste var at korsfararane på vegen til «det heilage landet», prøvde å rydja ut alle jødane dei fann. Som grunngjeving vart brukt mellom anna kyrkjefaderen Augustins si tolking av Romarbrevet 9, 22-23. Jødane var «vredens kar, som var dannet til undergang», i motsetning til dei kristne som var «miskunnhetens kar, som han (Gud) forut hadde beredt til herlighet».

På vegen sørover prøvde korsfararane frå nord til dømes å drepa alle jødar dei kunne i Rhinland. Liknande ting skjedde i dei andre korstoga. Og drepinga av jødane held fram i landet dei skulle fri frå «barbarane».  Alt i Guds namn.

Luther og jødane.
 
Luther vart fødd nett etter inkvisisjonen som hadde ført til enorme lidingar og drap av tusenvis av jødar ikkje minst i Spania. Det er sagt at som ung var Luther positiv overfor jødane, men som eldre og kyrkjeleiar var han minst like hard som leiarane i dei andre territoriale kyrkjene. I 1543 gav han ut «Über Die Juden Und Ihre Lügen» (= Om jødane og deira løgner). Han går då inn for ei «totalt nådelaus» linje overfor jødane: Brenna synagogane deira, øydeleggja husa deira, samla («konsentrera») dei på ein stad, konfiskera alt dei eig, brenna bøkene deira, forby dei å undervisa og å låna ut pengar, innføra tvangsarbeid for dei unge, og – dersom alt dette ikkje kan få dei til å venda om, så «vekk med dei».

Den som kjenner framgangsmåten overfor jødane i 2. verdskrigen i t.d. Polen, kjenner att oppskrifta. Eller som ein leiar for Holocaust-senteret i Israel sa: «Det er ingen tvil om at Luthers skrift vart teke til inntekt for nazistane si utrydjing av jødane under 2. verdskrig». (Eg var der og høyrde ho sa det).

2. verdskrig varde berre 5 år i vårt land.
Eg er fødd i siste krigsåret, men vaks opp med forteljingar om nazistiske overgrep, drap, tortur og vald. Derfor, når andre verdskrigen vert nemnt, kjenner eg at det er vondt og sårt. 
 
Er det løye at jødane etter snart 2000 år med hundsing, vald og drap
utført av kyrkja og "oss kristne",
ikkje vil å ta mot det me forkynner?

-----------


Vil du vita meir om mishandlinga av jødane gjennom (kyrkje-)soga, les «Anti-judaism. The Western tradition» av David Nirenberg, W.W.Norton & company, New York – London 2013.

------------
Her har eg brukt Bibelselskapet si bokmålsomsetjing frå 1930. Nyare omsetjingar har skift ut ordet "kjødet" med "naturen".                                                                                                                   Alle bileta her, har eg teke sjølv.

------------------------------------------------------------------------------

Det er forbode å bruka heile eller deler av dette innlegget utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.



onsdag 4. september 2019

Går det verkeleg an?


Eit anna tema som vekkjer tanken på det gamle ordtaket eg brukte i siste innlegg, er det som vert skrive eller sagt om jødane.

For ikkje lenge sidan brukte vår nasjonale «folkeopplysnings-kanal»   NRK,  «jødesvin» som underhaldning. (Dei gjekk seinare tilbake på det, og bad  «om orsaking».  Men til kven? Det greidde i alle fall ikkje eg å forstå. Dei berre brukte sopekosten og «feia for si eiga dør», men bad ikkje dei om tilgjeving som dei hadde såra.)

Dermed gjekk tankane mine til den vakre fuglen frå den sør-amerikanske regn-skogen. «Han snakkar», seier folk som høyrer på.

Men for å kunna «snakka» må ein vel også kjenna inn-haldet i orda ein brukar?

Ingen av dei raude, grøne eller blå papegøyane eg har sett, hadde noko ide om kva dei sa. Det var heller at dei, når dei sa det folk ville høyra, fekk mais eller ein skalk som premie. Om det passa inn.


«Ver-varsam-plakaten» kan gjelda også for papegøyar, uansett kor fine dei er.


Ei kjær dansk venninne av oss fekk ein flott fugl av mannen sin som var lastebilsjåfør.  Ho prøvde alt ho kunne, men papegøyen sa korkje «Che oro» eller «Eg vil ha mat» slik veloppdragne papegøyar der i landet skal gjera. Ikkje tale om.

Men ein dag gjekk nokre unge damer framom huset. Då viste det seg at papegøyen kunne både plystra og snakka. Han skreik så høgt han kunne og leksa or seg skammelege gloser om både det eine og det andre. Vertinna, flau og forarga, heiv eit teppe over buret. Papegøyen, som trudde det alt var natt, tagde sjølvsagt. Men det gjorde ikkje husmora: 

-   «Kvar har du kjøpt den papegøyen», var første spørsmålet ektemannen fekk då han kom heim.
-   «Eg kjøpte han av nokre mekanikarar i … (han nemnde ein stad langt vekke). Dei hadde kjøpt fuglen som liten av ein som budde i regnskogen. Ein uvanleg fin fugl. Dei sa det fanst ikkje ein papegøye i heile landet som kunne snakka som denne!».

Vår gode ven hadde gjort alt i beste meining for å gleda ho som sat heime. Men då ingen - korkje med godt eller vondt - greidde å av-læra papegøyen språket, gjekk det som det måtte gå. Han vart vekke ein dag. Sidan har ingen sett han.


Er «jødesvin» antisemittisk eller rasistisk?


Underhaldnings-sjefen i NRK nekta for det då han først fekk spørsmålet. «Hadde vi ment det, hadde vi naturligvis ikke publisert den», sa han om moro-innslaget. Men – etter mange protestar, snudde han – eller NRK-leiinga. «Dei tok til vitet», som me utover bygdane sa i gamle dagar. Den gongen me lærde på skulen «å elska nesten vår som oss sjølve» og respektera andre menneskje.

Grisane var forfedrane våre (vikingane) sin festmat her oppe i nord. Me skal heller ikkje mange generasjonar tilbake før «smør på flesk» vart rekna for ein godbit for ein svolten fiskar eller forfrosen skogsarbeidar. Det gav styrke til ein sliten og utkald kropp.

Men slik har det aldri vore for muslimar eller jødar. For dei er svinet – eller grisen om du vil – ureint både som husdyr og som mat. Ja, så ureint at å kombinera dei med grisen i noko som helst samanheng, er grovt nedsetjande. Så grovt at ein radikal muslim ville drepa deg for det, særleg om han høyrde til Boko Haram, Islamsk Jihad eller noko liknande. Andre, meir moderne og sekulære, ville bøya seg og teia slik jødane har gjort. Der er mykje bra folk mellom muslimane og.

 

«Jødesvin» er eit gammalt, svært nedsetjande ord.


Trass i at NRK gjorde som Pilatus og vaska nevane etter beste evne, er det ingen tvil om at uttrykket er både antisemittisk og rasistisk. Wilhelm Marr (1819-1904) skapte ordet «antisemittisme» for å bruka eit meir vitskapeleg uttrykk enn det opphavlege: «Judenhass» eller jødehat.

Som uttrykk for «judenhass», har kombinasjonen av gris og jøde lang tradisjon både i kristen (sukk) og politisk samanheng.  Lenge før Hitler og andre (inkludert norske «moromenn») tok uttrykket i bruk. Eg har derfor teke med denne illustrasjonen.

Skulle nokon vitja kyrkja  i Wittenberg, eller «Lutherstadt Wittenberg» som nokre seier, vil ein på veggen finna ein figur av ei purke oppe på veggen. Knelande under ligg ein mann og syg på pattane hennar. Dette er kunstnerisk «judenhass» som var mykje vanlegare enn mange, både katolikkar og lutheranarar av i dag, har ide om.   Slike «kunstverk» finst i dusinvis av kyrkjer rundt om i Europa.  «Jødesvin» i stein.

Men på det biletet eg har valt å ta med, er djevelen inkludert. Det samsvarar endå meir med læra til kyrkjefedrane og Luther.

Då eg i 2018 vitja slekt i Nord-Amerika, møtte eg ei dyktig dame med norsk-svenske røter. JoAnn Magnuson er namnet. Ho bur og underviser i Minnesota, USA, og er tilknytt «Jewish Christian Library Centers». Ein aktiv jøde- og Israelsven. Ho tek ofte kristne studentar og andre med til Polen eller Israel for at dei skal læra om jødar i notid og fortid. Biletet eg brukar i dette innlegget, er frå undervisningsmaterialet som ho gav meg lov å bruka.

(Dei andre bileta i desse to siste innlegga, har eg teke sjølv).

---------------------------
 
Det er heilt forbode å bruka heile eller deler
av dette innlegget utan skriftleg løyve frå
Inge Bjørnevoll.

«Kor dum går det an å bli?»

Eg måtte tenkja på denne fargerike fuglen frå den sørlege amasonas-regnskogen. Han var så god til å ta opp att ord og setningar berre det vart sagt mange nok gonger. Og i mitt papegøye-hovud har denne frasa dukka opp nokre gonger i det siste. (Vil du koma i rette stemninga med du les, må du høyra inni deg eit skrikande og håst papegøyeskrik: "Kor dum - (skrik-skrik) - går det an å bli?" )

Eg har hatt dette gamle hermet i tankane medan eg har lese og høyrt det som har vore skrive om brann i «Verda si lunge» - Amasonas - og andre stader på vår vesle jord. Kanskje er det fordi eg har levt nokre år i regnskogen i Sør-Amerika at eg finn det vanskeleg å godta alt media hausar opp att og opp att. Eller så er det fordi eg berre er ein gammal sur gubbe som sit her oppe i det kalde og våte nord og lengtar ned att? (Det får de som eventuelt skulle vera så uheldige å lesa dette, sjølve døma om).


Lat meg gå langt tilbake i tid.
Frå ei gammal paraguayisk lærebok


Europeiske oppdagarar under Columbus kom til Mellom-Amerika i 1492. Seinare reiser gjekk langs austkysten, og i 1519 såg dei for første gong ei elv dei kalla Rio de la Plata (Sølvelva). Båtane kunne segla opp den. Eit stykke frå havet grunnla dei ein by, Buenos Aires, men måtte forlata han på grunn av fiendtlege indianarar og matmangel.
Dei sigla så opp til det som er Rio Parana og Rio Paraguay i dag. Eit stykke oppe i Rio Paraguay fann dei i 1537 ei god hamn og grunnla byen Asuncion. Dette vart så utgangspunktet til spanjolane si vidare oppdaging av kontinentet «innafrå». (Buenos Aires vart grunnlagt på nytt frå Asunción i 1580).

Kvifor?


Geografisk utgjer elvane Parana og Paraguay eit skilje i klima og vegetasjon. På aust- og nordsida kjem tropisk regnskog frå Amasonas og går over i subtropisk regnskog lengst sør. På vestsida ligg pampasen og flate område som meir eller mindre ligg i regnskuggen frå Andesfjella. Indianarar som budde her lenge før europearane kom, hadde tilpassa seg naturen. Dei i regnskogen dyrka jorda. Viktigaste planteslaga var manjokk (= kasava) som tok frå eit halvt til eit år før han kunne haustast, og mais som trong 3 – 4 månader.  Slik hadde dei god tilgang på mat frå jorda ved sida av jakt, fiske og innsamling av plantar i skogane. Desse indianarane hadde bygt seg bra hus og hadde nokså stabile landsbyar nær elvane. Dei flytte åkrane sine rundt landsbyen etter som det trongst, men alltid i «gang-avstand».


Kva slags jordbruk dreiv desse urinnbyggjarane regnskogen?
Denne indianaren sår mais i svibruket sitt


Svaret er «svi-bruk». Dei hogg ned det dei greidde av jungelen, let det tørka og sette så eld på. Dermed fekk dei rydja seg små åkerlappar dei kunne bruka nokre år. Dei store stokkane som ikkje  brann opp første året, prøvde dei å brenna seinare. Oska i lag med tusenår-gamle planterestar, gav store avlingar. Eit problem var at i jorda låg store mengder frø som spirde i lag med maisen og manjokken straks dei fekk lys og voksterplass. Etter nokre år vart derfor åkeren forlaten og ein ny åker rudd og brent.

Slik dreiv også dei indianarane eg fekk lov å arbeida mellom rundt 1970. Båla og røyken var årvisse. Men indianarane sine åkrar var små og grodde fort att. Kvifor? Jau, for til svibruket høyrde hakka. Truleg brukte indianarane bein eller hardved til å hakka i jorda då spanjolane kom. Då kom jernet, og jern-hakka. Gras og små plantart vart hakka opp, og øvste jordlaget snudd.

Dette er eit svært miljøvennleg jordbruk. Dei «låner» jord av regnskogen nokre år, før dei gjev han tilbake. Eg har prøvt å gå gjennom slike åkrar eit par år etter at dei vart forlatne. Det var uråd. Tre på 5 – 6 meter saman med slyngplantar og anna, gjorde at eg måtte hogga meg veg. Nokre år til, og skogen var tilbake med alt det liv han frå urgamal tid har bore i seg.


«Den kvite mann» med sitt jern og sine kanoner, tok seg til rette (som han alltid har gjort).


Det var ofte krig mellom dei forskjellege stammane, - særleg mellom jorddyrkarar og nomadar på vestsida av elva. Indianarane brukte pil og boge, spyd og stokkar. No kom spanjolane med eldvåpen, - «lyn og tore». Dette gjorde at dei lett kunne leggja under seg jorddyrkarane   (guaraniane) som var avhengige av plantar som trong relativ lang tid før dei kunne haustast. Her fann oppdagarane det dei ville ha: mat og kvinner. Mennene mellom guaraniane hadde tradisjonelt drive krig, jakt og gjort berre visse ting i jordbruket. Det generelle tungarbeidet tilhøyrde kvinnene, i tillegg til å fø og fostra borna. Det vart sagt at det var mennene som hogg skogen, brende og planta. Men elles var resten  kvinnearbeid.

Og oppdagarane tok for seg. Det er skrive at dei rikaste kunne ha 30-40 kvinner eller meir. Den fattige berre 2-3. Gode år gav overflod. Men der var og uår som – som ein skriv, gjorde at «til og med spanjolane måtte arbeida». Dette produserte born, blandingsborn, som med tida fekk namnet «paraguayarar». Av mødrene lærde dei guarani. Av fedrane – i alle fall til ein viss grad, spansk. Resultatet var eit blandingsspråk, «jopara» som fritt omsett betyr «lapskaus». Etterkomarane deira brukar det endå.

Mellom dei mest avsidesliggjande flokkane i Amasonas-regnskogen, er hakke- og svi-bruk vanleg endå. 

Mekanisering endra bruken av regnskogen


Teknisk framgang og «pengemakt».....


Lat oss ta teknikken først. Då eg flytte til regnskogen, var det vanleg å høyra øksehogg.  Ganske snart kom motorsaga. Det det hadde teke dagar å hogga, tok ikkje timar ein gong. Sager med lange sverd og tenner som åt hardved så det spruta, endra rytmen. Verdfullt tømmer vart teke ut. Resten brent. Då eg kom, var vegen så dårleg at berre sedertre vart teke ut. Det flaut i elva og kunne fløtast til saga. Hardveden sokk.
Men det og vart det ordning på. Først kom traktorane, så bulldosarane. Dei verdifulle hardvedslaga saman med seder og verdfulle «lett-tre», vart frakta til sagbruk og vidare ut på verdsmarknaden. I tillegg skubba bulldosarane det som låg att av regnskogen, saman i lange tarmar av tre og plantar som vart brende når den tida på året kom. Svibruk hadde fått ei ny meining for ikkje å seia ein ny dimensjon.

Alle som vil forstå, må skjøna at det ikkje er indianarar som står bak dette. Heller ikkje dei fattige av blandingsfolket. Nei, det trengst kapital  både til jordkjøp og maskiner. Ofte har indianarane og dei fattige enten fått arbeid på dei store eigedomane, eller vorte nøydde til å flytta. Det kan vera at dei store jordeigarane har «kjøpt dei ut». Andre stader har sprøyting, mellom anna frå fly, gjort heimstaden deira uleveleg. Men også innføring av nye grasslag, til dømes elefantgras frå Afrika. Det spreier ser som lauseld. Den som ikkje har traktor og tilgang på sprøytemiddel (Roundup til dømes), må gjeva opp og flytta. Hakke og muskelkraft greier ikkje i halda det graset i sjakk. For mange vart framtida å flytta til ein eller annan by (i Brasil til favelaen) og leita etter arbeid der.


Kven står så bak desse som investerer store summar i regnskogen?

På den tida gras og skog skal brennast, legg røyken seg ut over enorme område 

Har du sete og sett ut over eit fjell-landskap ein solrik dag? Dei næraste toppane kjem tydeleg fram, men bakover i landskapet ligg rad etter rad med åsar og fjell. Dei bakraste ville du kanskje ikkje ha sett, hadde du ikkje visst dei var der. Slik fungerer verdens-økonomien. Dei «næraste toppane» i landskapet er dei som brenn skog for å laga nye åkrar til beiteland eller jordbruk. Det er dei media i dag skrik opp om, sjefane på G7-møtet kranglar om og alle miljøvernarar peikar på og ropar: «Fy».

Men kvifor investerer desse «kapitalistane» i Brasil og andre land i Amerika, Afrika og Asia i ned-brenning av skog? Kunne dei ikkje ha bygt fabrikkar, investert i gruver eller noko anna? Svaret er enkelt: Der er ein verdens-marknad som «ropar» etter varer, og framfor alt billege varer.

Nokre kloke folk rekna ein gong ut at for å laga den dongeribuksa eg har på i dag, har nokon dyrka mange, ja, mange mål med bomull. Bomull vart plukka av fattige arbeidarar som fekk ei luselønn for at eg (og du) skulle få buksene våre så billeg som råd. I tillegg hadde kanskje ein del av dei som produserte bomulla til buksa, døydt eller fått levra øydelagd. Kvifor? For at prisen me skulle betala, verta lågast råd. Då bomullskapselen heldt på å utvikla seg, kom ei lita bille for å eta gjennom skalet og inn hjarta av frukta. I så fall null bomull. Åkrane måtte sprøytast, gjerne av arbeidarar med enkle ryggsprøyter og med minimalt verneutstyr. Dei berga bomulla, men vart til tider som «forbruksvare» å rekna. Gule i skinnet og utan kraft til å arbeida.

I tillegg er denne gifta ei av dei mest populære når depresjonen grip folk. Eg hugsar ein ung indianar som hadde teke sin dose. Han angra etterpå og bad meg «Inge, hjelp meg! Eg vil leva!». Eg kunne be for og med han, og saman med medarbeidarane mine prøvde me å lindra dei siste timane han hadde. Alt anna stod utanfor menneskeleg makt.

Andre bønder produserer kjøt som og ser ut til å verta eit «Fy-produkt». Verda sitt beste biffkjøt vert produsert på denne jorda. Mange har den indiske rasen «sebu», men og andre rasar. Nokre reknar biffen i blandingsrasen «brangus» som toppen av kulinarisk nyting. Etterspurd på verdsmarknaden. Dei beste stykka vert teke hand om og selt verda over. (Og kven har vel ikkje ynskt seg ein saftig indrefilet på tallerken? Eller hermestisk kjøt til ein billeg penge på frukostbordet?) Bein, tarmar og anna som ikkje er ettertrakta hjå oss i den rike delen av verda, går til dei fattige i landet der kyrne vaks opp og vart feite på – ja nettopp, avsvidd regnskogs-land.

Her på uthogde regnskogvidder, vert produsert mat for folk og dyr som også me i Noreg treng....

Eller ta bananer og andre produkt som er «in» og vert sett opp som «tidsriktig» på bordet. Eller soyabønnene som me i Noreg «må» ha for at me skal kunna ha nok husdyr og få så stor mjølke-produksjon at det er – meir eller mindre – til å leva av.

Me er alle ein del av verds-samfunnet som er skuld i at regnskogen vert brend.
Men fordi me bur "langt bak i landskapet", slepp me unna medan dei "som står midt oppi det", må betala prisen.


Bakover i det økonomiske landskapet, bak dei som svir av skogen, kjem handelskammera, bankane, transportnæringane og så vidare. Rekkje etter rekkje. Til sist du og eg. Me er dei bakraste blånane som me ynskte at ingen såg. Me ynskjer å betala så lite som råd for varene me kjøper. Betalar me meir, fer pengane i lommene til ein eller annan «blåne» lenge før dei når indianaren og den fattige jordbrukaren i regnskogen. Ver du sikker. Minst får han som arbeider for jordeigaren og for deg og meg som vil ha varene billegast råd.

Midt oppe i alt sit G7-toppar og andre «VIP-ar» og snakkar ned dei som brenn skogen. Dei som prøver å overleva i ei verdens-ordning som desse toppane – og eg og du – ikkje berre har skapt, men også held oppe med vår livsstil, vår pengeplassering og våre innkjøpsvanar.

Den kvite mann kom til Sør-Amerika (og rundt i verda), tok seg til rette og vende alt til sin eigen fordel. Er det derfor me som er skuld i at regnskogane (og for den del taigaen) er i brann rundt om i verda? Er me «kapitalistane» som frå Marx og Engels tid har vorte rekna som opphavet til alt gale?
Kapitalistar er vel dei som flyg med private fly, ligg på dyre hotell, og møtest på store konferansar  for å løysa problema i verda?

Dei lovar å «berga regnskogen». Med godt samvit hakkar dei på presidenten i Brasil som er skuld i at «vår regnskogs-lunge» står i fare for å kollapsa. Vektige ord vert sagt under store og superdyre middagar og i palass der ingen ting av luksus er spart. Så må presidenten i Brasil heim og hakka på dei som sit under han. (Du kjenner vel eventyret om hanen som hakka høna attmed han. Ho hadde mest prestisje i hønseflokken. Så hakka ho neste. Slik gjekk det heile rangstigen ned til stakkaren nedst på vaglet. Ho hadde ingen å hakka. Ho kunne heller ikkje forsvara seg.) I regnskogseventyret er det den fattige jordarbeidaren, indianaren og eventuelt andre armingar som prøver å skapa ei framtid for seg og sine i «vår lunge».

Forfattaren forsvara dei fattige......

Kven treng regnskogen mest?


Ein gamal jøde i Jerusalem skreiv nokre tiår inn i vår tidsrekning: «Men de har vanvørdt den fattige. Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen?»
(Jakobs brev 2,6. Bibelselskapet sin nynorsk-Bibel av 1978).

Med «dykk» ser eg for meg dei som i dag skal dømmast for at dei har drive sin urgamle jordbrukstradisjon: svibruk. Ver du sikker: Det vert ikkje mange langt oppe på samfunns-stigen som vert dømde, og slett ikkje me som med våre pengar og vår handelsmoral har den eigentlege skulda. Du kan slappa heilt av, setja deg i godstolen og sjå regnskogen brenn…
Men kven er «dei rike» som «heldt folk nede» og «dreg dykk for domstolen»? ME...
Me er der alle, blåne etter blåne. Lengst bak og helst heilt usynlege: eg og du! Me er kapitalistar samanlikna med innbyggjarane og arbeidarane i regnskogen.


Våre handlingar styrer deira kvardag.


 Det er forbudt å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.