onsdag 4. september 2019

«Kor dum går det an å bli?»

Eg måtte tenkja på denne fargerike fuglen frå den sørlege amasonas-regnskogen. Han var så god til å ta opp att ord og setningar berre det vart sagt mange nok gonger. Og i mitt papegøye-hovud har denne frasa dukka opp nokre gonger i det siste. (Vil du koma i rette stemninga med du les, må du høyra inni deg eit skrikande og håst papegøyeskrik: "Kor dum - (skrik-skrik) - går det an å bli?" )

Eg har hatt dette gamle hermet i tankane medan eg har lese og høyrt det som har vore skrive om brann i «Verda si lunge» - Amasonas - og andre stader på vår vesle jord. Kanskje er det fordi eg har levt nokre år i regnskogen i Sør-Amerika at eg finn det vanskeleg å godta alt media hausar opp att og opp att. Eller så er det fordi eg berre er ein gammal sur gubbe som sit her oppe i det kalde og våte nord og lengtar ned att? (Det får de som eventuelt skulle vera så uheldige å lesa dette, sjølve døma om).


Lat meg gå langt tilbake i tid.
Frå ei gammal paraguayisk lærebok


Europeiske oppdagarar under Columbus kom til Mellom-Amerika i 1492. Seinare reiser gjekk langs austkysten, og i 1519 såg dei for første gong ei elv dei kalla Rio de la Plata (Sølvelva). Båtane kunne segla opp den. Eit stykke frå havet grunnla dei ein by, Buenos Aires, men måtte forlata han på grunn av fiendtlege indianarar og matmangel.
Dei sigla så opp til det som er Rio Parana og Rio Paraguay i dag. Eit stykke oppe i Rio Paraguay fann dei i 1537 ei god hamn og grunnla byen Asuncion. Dette vart så utgangspunktet til spanjolane si vidare oppdaging av kontinentet «innafrå». (Buenos Aires vart grunnlagt på nytt frå Asunción i 1580).

Kvifor?


Geografisk utgjer elvane Parana og Paraguay eit skilje i klima og vegetasjon. På aust- og nordsida kjem tropisk regnskog frå Amasonas og går over i subtropisk regnskog lengst sør. På vestsida ligg pampasen og flate område som meir eller mindre ligg i regnskuggen frå Andesfjella. Indianarar som budde her lenge før europearane kom, hadde tilpassa seg naturen. Dei i regnskogen dyrka jorda. Viktigaste planteslaga var manjokk (= kasava) som tok frå eit halvt til eit år før han kunne haustast, og mais som trong 3 – 4 månader.  Slik hadde dei god tilgang på mat frå jorda ved sida av jakt, fiske og innsamling av plantar i skogane. Desse indianarane hadde bygt seg bra hus og hadde nokså stabile landsbyar nær elvane. Dei flytte åkrane sine rundt landsbyen etter som det trongst, men alltid i «gang-avstand».


Kva slags jordbruk dreiv desse urinnbyggjarane regnskogen?
Denne indianaren sår mais i svibruket sitt


Svaret er «svi-bruk». Dei hogg ned det dei greidde av jungelen, let det tørka og sette så eld på. Dermed fekk dei rydja seg små åkerlappar dei kunne bruka nokre år. Dei store stokkane som ikkje  brann opp første året, prøvde dei å brenna seinare. Oska i lag med tusenår-gamle planterestar, gav store avlingar. Eit problem var at i jorda låg store mengder frø som spirde i lag med maisen og manjokken straks dei fekk lys og voksterplass. Etter nokre år vart derfor åkeren forlaten og ein ny åker rudd og brent.

Slik dreiv også dei indianarane eg fekk lov å arbeida mellom rundt 1970. Båla og røyken var årvisse. Men indianarane sine åkrar var små og grodde fort att. Kvifor? Jau, for til svibruket høyrde hakka. Truleg brukte indianarane bein eller hardved til å hakka i jorda då spanjolane kom. Då kom jernet, og jern-hakka. Gras og små plantart vart hakka opp, og øvste jordlaget snudd.

Dette er eit svært miljøvennleg jordbruk. Dei «låner» jord av regnskogen nokre år, før dei gjev han tilbake. Eg har prøvt å gå gjennom slike åkrar eit par år etter at dei vart forlatne. Det var uråd. Tre på 5 – 6 meter saman med slyngplantar og anna, gjorde at eg måtte hogga meg veg. Nokre år til, og skogen var tilbake med alt det liv han frå urgamal tid har bore i seg.


«Den kvite mann» med sitt jern og sine kanoner, tok seg til rette (som han alltid har gjort).


Det var ofte krig mellom dei forskjellege stammane, - særleg mellom jorddyrkarar og nomadar på vestsida av elva. Indianarane brukte pil og boge, spyd og stokkar. No kom spanjolane med eldvåpen, - «lyn og tore». Dette gjorde at dei lett kunne leggja under seg jorddyrkarane   (guaraniane) som var avhengige av plantar som trong relativ lang tid før dei kunne haustast. Her fann oppdagarane det dei ville ha: mat og kvinner. Mennene mellom guaraniane hadde tradisjonelt drive krig, jakt og gjort berre visse ting i jordbruket. Det generelle tungarbeidet tilhøyrde kvinnene, i tillegg til å fø og fostra borna. Det vart sagt at det var mennene som hogg skogen, brende og planta. Men elles var resten  kvinnearbeid.

Og oppdagarane tok for seg. Det er skrive at dei rikaste kunne ha 30-40 kvinner eller meir. Den fattige berre 2-3. Gode år gav overflod. Men der var og uår som – som ein skriv, gjorde at «til og med spanjolane måtte arbeida». Dette produserte born, blandingsborn, som med tida fekk namnet «paraguayarar». Av mødrene lærde dei guarani. Av fedrane – i alle fall til ein viss grad, spansk. Resultatet var eit blandingsspråk, «jopara» som fritt omsett betyr «lapskaus». Etterkomarane deira brukar det endå.

Mellom dei mest avsidesliggjande flokkane i Amasonas-regnskogen, er hakke- og svi-bruk vanleg endå. 

Mekanisering endra bruken av regnskogen


Teknisk framgang og «pengemakt».....


Lat oss ta teknikken først. Då eg flytte til regnskogen, var det vanleg å høyra øksehogg.  Ganske snart kom motorsaga. Det det hadde teke dagar å hogga, tok ikkje timar ein gong. Sager med lange sverd og tenner som åt hardved så det spruta, endra rytmen. Verdfullt tømmer vart teke ut. Resten brent. Då eg kom, var vegen så dårleg at berre sedertre vart teke ut. Det flaut i elva og kunne fløtast til saga. Hardveden sokk.
Men det og vart det ordning på. Først kom traktorane, så bulldosarane. Dei verdifulle hardvedslaga saman med seder og verdfulle «lett-tre», vart frakta til sagbruk og vidare ut på verdsmarknaden. I tillegg skubba bulldosarane det som låg att av regnskogen, saman i lange tarmar av tre og plantar som vart brende når den tida på året kom. Svibruk hadde fått ei ny meining for ikkje å seia ein ny dimensjon.

Alle som vil forstå, må skjøna at det ikkje er indianarar som står bak dette. Heller ikkje dei fattige av blandingsfolket. Nei, det trengst kapital  både til jordkjøp og maskiner. Ofte har indianarane og dei fattige enten fått arbeid på dei store eigedomane, eller vorte nøydde til å flytta. Det kan vera at dei store jordeigarane har «kjøpt dei ut». Andre stader har sprøyting, mellom anna frå fly, gjort heimstaden deira uleveleg. Men også innføring av nye grasslag, til dømes elefantgras frå Afrika. Det spreier ser som lauseld. Den som ikkje har traktor og tilgang på sprøytemiddel (Roundup til dømes), må gjeva opp og flytta. Hakke og muskelkraft greier ikkje i halda det graset i sjakk. For mange vart framtida å flytta til ein eller annan by (i Brasil til favelaen) og leita etter arbeid der.


Kven står så bak desse som investerer store summar i regnskogen?

På den tida gras og skog skal brennast, legg røyken seg ut over enorme område 

Har du sete og sett ut over eit fjell-landskap ein solrik dag? Dei næraste toppane kjem tydeleg fram, men bakover i landskapet ligg rad etter rad med åsar og fjell. Dei bakraste ville du kanskje ikkje ha sett, hadde du ikkje visst dei var der. Slik fungerer verdens-økonomien. Dei «næraste toppane» i landskapet er dei som brenn skog for å laga nye åkrar til beiteland eller jordbruk. Det er dei media i dag skrik opp om, sjefane på G7-møtet kranglar om og alle miljøvernarar peikar på og ropar: «Fy».

Men kvifor investerer desse «kapitalistane» i Brasil og andre land i Amerika, Afrika og Asia i ned-brenning av skog? Kunne dei ikkje ha bygt fabrikkar, investert i gruver eller noko anna? Svaret er enkelt: Der er ein verdens-marknad som «ropar» etter varer, og framfor alt billege varer.

Nokre kloke folk rekna ein gong ut at for å laga den dongeribuksa eg har på i dag, har nokon dyrka mange, ja, mange mål med bomull. Bomull vart plukka av fattige arbeidarar som fekk ei luselønn for at eg (og du) skulle få buksene våre så billeg som råd. I tillegg hadde kanskje ein del av dei som produserte bomulla til buksa, døydt eller fått levra øydelagd. Kvifor? For at prisen me skulle betala, verta lågast råd. Då bomullskapselen heldt på å utvikla seg, kom ei lita bille for å eta gjennom skalet og inn hjarta av frukta. I så fall null bomull. Åkrane måtte sprøytast, gjerne av arbeidarar med enkle ryggsprøyter og med minimalt verneutstyr. Dei berga bomulla, men vart til tider som «forbruksvare» å rekna. Gule i skinnet og utan kraft til å arbeida.

I tillegg er denne gifta ei av dei mest populære når depresjonen grip folk. Eg hugsar ein ung indianar som hadde teke sin dose. Han angra etterpå og bad meg «Inge, hjelp meg! Eg vil leva!». Eg kunne be for og med han, og saman med medarbeidarane mine prøvde me å lindra dei siste timane han hadde. Alt anna stod utanfor menneskeleg makt.

Andre bønder produserer kjøt som og ser ut til å verta eit «Fy-produkt». Verda sitt beste biffkjøt vert produsert på denne jorda. Mange har den indiske rasen «sebu», men og andre rasar. Nokre reknar biffen i blandingsrasen «brangus» som toppen av kulinarisk nyting. Etterspurd på verdsmarknaden. Dei beste stykka vert teke hand om og selt verda over. (Og kven har vel ikkje ynskt seg ein saftig indrefilet på tallerken? Eller hermestisk kjøt til ein billeg penge på frukostbordet?) Bein, tarmar og anna som ikkje er ettertrakta hjå oss i den rike delen av verda, går til dei fattige i landet der kyrne vaks opp og vart feite på – ja nettopp, avsvidd regnskogs-land.

Her på uthogde regnskogvidder, vert produsert mat for folk og dyr som også me i Noreg treng....

Eller ta bananer og andre produkt som er «in» og vert sett opp som «tidsriktig» på bordet. Eller soyabønnene som me i Noreg «må» ha for at me skal kunna ha nok husdyr og få så stor mjølke-produksjon at det er – meir eller mindre – til å leva av.

Me er alle ein del av verds-samfunnet som er skuld i at regnskogen vert brend.
Men fordi me bur "langt bak i landskapet", slepp me unna medan dei "som står midt oppi det", må betala prisen.


Bakover i det økonomiske landskapet, bak dei som svir av skogen, kjem handelskammera, bankane, transportnæringane og så vidare. Rekkje etter rekkje. Til sist du og eg. Me er dei bakraste blånane som me ynskte at ingen såg. Me ynskjer å betala så lite som råd for varene me kjøper. Betalar me meir, fer pengane i lommene til ein eller annan «blåne» lenge før dei når indianaren og den fattige jordbrukaren i regnskogen. Ver du sikker. Minst får han som arbeider for jordeigaren og for deg og meg som vil ha varene billegast råd.

Midt oppe i alt sit G7-toppar og andre «VIP-ar» og snakkar ned dei som brenn skogen. Dei som prøver å overleva i ei verdens-ordning som desse toppane – og eg og du – ikkje berre har skapt, men også held oppe med vår livsstil, vår pengeplassering og våre innkjøpsvanar.

Den kvite mann kom til Sør-Amerika (og rundt i verda), tok seg til rette og vende alt til sin eigen fordel. Er det derfor me som er skuld i at regnskogane (og for den del taigaen) er i brann rundt om i verda? Er me «kapitalistane» som frå Marx og Engels tid har vorte rekna som opphavet til alt gale?
Kapitalistar er vel dei som flyg med private fly, ligg på dyre hotell, og møtest på store konferansar  for å løysa problema i verda?

Dei lovar å «berga regnskogen». Med godt samvit hakkar dei på presidenten i Brasil som er skuld i at «vår regnskogs-lunge» står i fare for å kollapsa. Vektige ord vert sagt under store og superdyre middagar og i palass der ingen ting av luksus er spart. Så må presidenten i Brasil heim og hakka på dei som sit under han. (Du kjenner vel eventyret om hanen som hakka høna attmed han. Ho hadde mest prestisje i hønseflokken. Så hakka ho neste. Slik gjekk det heile rangstigen ned til stakkaren nedst på vaglet. Ho hadde ingen å hakka. Ho kunne heller ikkje forsvara seg.) I regnskogseventyret er det den fattige jordarbeidaren, indianaren og eventuelt andre armingar som prøver å skapa ei framtid for seg og sine i «vår lunge».

Forfattaren forsvara dei fattige......

Kven treng regnskogen mest?


Ein gamal jøde i Jerusalem skreiv nokre tiår inn i vår tidsrekning: «Men de har vanvørdt den fattige. Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen?»
(Jakobs brev 2,6. Bibelselskapet sin nynorsk-Bibel av 1978).

Med «dykk» ser eg for meg dei som i dag skal dømmast for at dei har drive sin urgamle jordbrukstradisjon: svibruk. Ver du sikker: Det vert ikkje mange langt oppe på samfunns-stigen som vert dømde, og slett ikkje me som med våre pengar og vår handelsmoral har den eigentlege skulda. Du kan slappa heilt av, setja deg i godstolen og sjå regnskogen brenn…
Men kven er «dei rike» som «heldt folk nede» og «dreg dykk for domstolen»? ME...
Me er der alle, blåne etter blåne. Lengst bak og helst heilt usynlege: eg og du! Me er kapitalistar samanlikna med innbyggjarane og arbeidarane i regnskogen.


Våre handlingar styrer deira kvardag.


 Det er forbudt å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen utan skriftleg løyve frå Inge Bjørnevoll.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar