Til ettertanke: Vakker og nyttig, - men pass deg!


 



Kalenderen fortel oss at det er vår. Naturen og, sjølv om ettervinteren har hange lenge i og telen ikkje har gått or jorda. Under ekstra lys inne og med rundt 20 graders veksttemperatur, har mange av oss frøplantar som skal gleda oss og andre i dei lyse sommarmånadane.
For april er ein månad med store skifte. Sol og regn. Varme soldagar og kalde morgonar der islag endå kan lura deg på veg til arbeid. Vakkert, men trur me no at vinteren er over, lurar me oss sjølve…
For denne månaden har eg valt ein nytteplante frå Paraguay. Indianarane kalla han ”caraguata”. Plantar av same familien får du kjøpa i blomsterforretningane her i Noreg. Du kjenner dei på stive, grøne blad som inni i sentrum av planten skin raudt og friskt mot deg.
Caraguata (Bromelia Balansae Mez). (C)IBJ
Karaguataen  i dei subtropiske regnskogane som strekkjer seg inn frå Atlanterhavet i Brasil, kan få lange blad. Over meteren. Fine så sjå på, men ei plage når ein skal gå i skogen. Langs heile bladkanten ligg ei rekkje med piggar liknande klørne katten set ut når han er på jakt eller i farleg lune. Kvasse klør som bit gjennom klede og skinn. Ein plante med kombinasjon av det vakre og ubehagelege.
Denne slektningen til annanasplanten var av dei nyttigaste for Guarani-indianarane. Under det seige blad-skalet ligg nokre av dei beste og sterkaste fibrane i skogen. Fibrar til all slags flettverk. Ikkje minst sterke og varige hengekøyer.
Victoria i arbeid heime ved huset sitt.(C) IBJ.
Her skal du bli kjent med Victoria. Ei bestemor med tusen ting å hengja fingrane i. Ho skulle laga meg ei hengekøye av det gamle slaget. Først gjekk ho i skogen og hogg av plantane i jordskorpa. Samla dei opp og gjekk heim i tunet der ho med ein kvass kniv skar av alle ”katteklørne”. Så løyste ho blad for blad frå stilken midt i, og delte dei opp i lange strimlar. I morteren, - eit av dei viktigaste reiskapane i ei indianarkvinne sitt kjøken,  knuste ho blada for å skilja fibrane frå det me kanskje kan kalla ”fruktkjøtet”.
Så ein god omgang med vask i bekken, og dei grøne fibrane vert hengd opp som buntar av tråd til tørk.  I sola og vinden vert fibrane brune og utviklar ei sterk og god lukt som kjennest godt både når flettearbeidet tek til, og når ein tek hengekøya i bruk.
I starten er det best å ha eit teppe under seg når ein skal sova. Fibrane er stive og irriterer til ”senga er innkøyrt”, - tilpassa kropp og vekt. Eg har sove mange gonger slik når eg var vore på reis. Lettvindt å ta med og friskare enn ei vanleg seng på varmaste tida av året.  Sikkert sunnare og.
Dette visste indianarane frå Orinoco i nord til Rio de la Plata i sør frå urgammal tid. Eg lærde det seinare.


Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren


 -----------------------------------------------------------------------------------------------------------

 Er han ikkje fin, denne helsinga frå hagen i Paraguay?

Dei vanlegaste orkideane i Paraguay, ”apekattane sine bananar[i]  som indianarane sa,  kunne dekka stammane på kjempetrea metervis oppover. Dei hadde blomster som gule stjerner og lyste opp den gongen  me køyrde mil etter mil gjennom kjempestore skogar innover til Paso Cadena.

Av og til hang orkideane som avrivne flak eller låg slengde utover krattet nedunder. Det var då apekattane hadde vore og forsynt seg.  Då hang plantane i lause lufta og prøvde å finna feste på nytt i borken på treet. Gjekk ikkje det, tørka dei  til tørre, daude tustar.

I tida vår i Paraguay har eg plukka inn mange orkidear og hjelpt dei til å finna feste i tre i hagen. Der sende dei røter utover borken,  grodde fast og var berga.  Med sol og regn og næring frå treet, blomstra dei - livsfriske og fargerike.

Ein orkidé lever og blomstrar berre når han heng fast.  Om han har aldri så mykje sol og regn, har han inga framtid. Han må hanga fast i storm og i stilla. Han er skapt til å vera trygg under bladverket i skogen, trygg fordi treet han heng fast på, er stort og sterkt.

Salme 91, salmen som er og kalla ”Misjonærane sitt pass”, gjev eit bilete på tryggleiken eit menneske kan oppnå i samfunnet med Gud.  Salmediktaren startar med eit bilete som passar på orkideen i skogen (vers 1 og 2), og så går han vidare og nemner fuglefangaren si snare, pil som flyg om dagen, pest og sott og krig.

Men i sluttsatsen kjem han tilbake til det som for meg er som ”orkideen”. I vers 14 kjem grunngjevinga for all Guds hjelp og vern.  I eldre Biblar stod me orda: ”for han heng fast ved meg”. Slik stod det i første og andre Bibelen[ii] eg hadde etter eg overgav meg til Gud. I nyare omsetjingar heiter det: ”for han heldt seg til”[iii], og det er mykje svakare.

Livbelte bergar liv!  ”Men kvifor skal eg bruka bilbelte? Eg held meg fast!” seier du kanskje.  Men om du kolliderer, er dine krefter altfor dårlege.  Front mot front smell du i dashbord og frontrute så kanskje både kne, nakke og rygg vert knekt.  Har du derimot på deg bilbeltet, heng du fast,  og sjansen for at du overlever er mange, mange gonger større. Panseret og karroseriet  vernar deg betre enn det dine krefter og musklar kan.  

Forfattaren av Salme 91 hadde ikkje bilbelte, men han hadde eit poeng. Berre sjå etter sjølv!

Mars 2013.
Inge Bjørnevoll.


[i] På Ava Guaranidialekten i Paso Cadena heitte dei ”ka’i pakova”:  Ka’i er apekatt. Pakova er banan, og når substantiva slik kjem etter einannan, vert det ei genitivsform der det første ”eig” det andre:  Bananane til apekatten, eller apekatten sine bananar.
[ii] Reviderte omsetjingar frå 1930 (bokmål) og 1938 (nynorsk).
[iii] Nynorsk 1978-omsetjinga.

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren
-----------------------------------------------------------------------------------

ER DET SANT??

Valmue frå  Samaria
Ei rosa i Saron er eg” , står det i Høgsongen 2,1. Namnet er vel kjent i kristen tradisjon. Men det ordet namnet kjem frå, chabazeleth,  tyder ein løkplante og ikkje ei slik rose som me har i hagen.  Truleg meinte forfattaren ein plante  som denne valmuen frå Silo i Gallilea. Han opna dei blodraude krunblada sine mot oss der han stod mellom steinar og gras. I etterlengta regn.
                Den som brukte dette biletet om seg sjølv, brura, er det bibelske biletet på alle som er frelste ved det blodet Jesus let renna på Golgata. Ho lengta etter brudgommen som dei frelste skal lengta etter å møta Jesus. Han kjem når planen hans er fullført.
                Erling Strøm, mangeårig forstandar i Filadelfia, Oslo, skreiv ”Misjonen – Guds hjertesak[1]”. Der tek han med litt frå ei bok av S.D. Gordon. Det er etter at Jesus er komen tilbake til himmelen, og så

 ”går Herren en dag nedover de gylne gater i staden, arm i arm med Gabriel og fordypet i alvorlig samtale.
-          Du døde for den hele verden der nede, Herre,” sier Gabriel.
-          Ja”.
-          Du må ha lidt meget”. 
Han ser med alvorlige øyne inn i det opphøyde åsyn med dets uforgjengelige merker. Atter lyder ”Ja” med denne vidunderlige stemme, så stille, så full av dypeste følelse.                  
       - Vet de det alle sammen?
-       Å nei, det er bare noen få i Palestina som vet det”.
-        Men hva er da din hensikt, Herre? Hva har du gjort for å si den verden du døde for at du er død for dem? Hvilken plan har du lagt?
-          Nå vel”, således tenker han seg Herren svare, ”jeg har bedt Peter, Johannes, den lille Andreas og flere andre om å gjøre det til deres livsoppgave å si det til andre igjen, disse atter til andre og så fremdeles, inntil det siste mennesket i den ytterste krets har hørt budskapet og følt seg gjennombevet av dets kraft”. 

Gabriel kjenner oss her nede, han har mer enn en gang vært i berøring med jorden, han vet hva stoff vi er. Hans svar faller nokså nølende og forbeholdent, som om han mener det kan ha sin vanskelighet med å utføre denne plan.
-          Ja, - men – hvis da Peter svikter! Sett at Johannes etter en tids forløp ikke taler til andre om det! Hvis nå deres etterkommere og deres etterkommere igjen, helt opp til begynnelsen av tyvende århundre, får det så travelt med andre ting – hvorav noen kan være nødvendige og andre sitt ikke nødvendige – at de ikke forteller det.  – Hva så?

Gabriels øyne blir store og alvorlige – han tenker på lidelsen, og han tenker på hva det skal bli av de menneskene som ikke er blitt talt til. 
-          Hva da? 

Den vidunderlige stemmen gir det svar: 
-          Gabriel, jeg har ikke lagt noen annen plan, - jeg regner med dem”.

Februar 2013.
Inge Bjørnevoll.

[1] Filadelfiaforlaget, Oslo 1946. (Sitatet er frå side 20-21 Utheving gjort av E.Strøm).

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren
_______________________________________________________




 Godt Nytt År 2013
Foto: IBJ
Godt år 2013! 

      

Jula og nyåret 2012-2013 var kona og eg i Guadalajara, ein liten by på høgsletta nær Madrid. Eit område med kaldt klima  vinters dag. 1. januar gjekk me tur sør for byen. Landskapet var tørt og brunt. Frå sommaren som var, stod tørre stenglar som vitna om livet som hadde vore. 
Men så, midt i alt det tørre og brune, stod ein einsleg liten blomst i sola.  Den einaste så langt auga rakk. 

Ei blomsterfluge som og hadde overlevt frosten, sat steinstill inni han. Ikkje ein gong då eg tok biletet du ser her, rørde ho på seg. Ho hadde funne eit lyspunkt, - eit livsteikn.
Tanken min gjekk til Lukas 24.5: ”Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?”  For det var det blomsterfluga og eg hadde funne: Liv mellom alt det døde. Slik dei sørjande venene til Jesus opplevde den påskedagen for vel 2000 år sidan.

TV her i Spania spurde folk på gata kva dei tenkte om 2013. Statsministeren hadde lova folket eit hardt år sidan landet framleis brukar om lag 5 % meir pengar enn landet tener.
Likevel var det ikkje det mange var opptekne med. Nei, det var 13-talet. Å seia 2013 var å spå vondt for framtida. Betre med 2012+1 eller 2014-1….

Men 2013 trur eg vil verta eit herleg år, eit spanande og velsigna år! Kvifor? For eg har den levande mellom dei døde. Og som blomsterfluga på blomsten, har eg ingen planar om å flytta meg! 

I Han som er sjølva LIVET, Jesus frå Nasaret, har me alle, eit rikt og spanande år framfor oss. Også i arbeidet for SBM…..

Januar 2013.    
Inge Bjørnevoll..


Kontakt oss :
Mail:           sognbonnogmisjonssenter@yahoo.no
Post:           Sogn Bønn og Misjonssenter,  v/Bjørnevoll, 6894 VANGSNES

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndsgodkjennelse frå forfattaren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar