søndag 21. april 2024


Fototurist i Lala-land (1)
 Jørgen hattemakar og kong Salomo

Ordtaket «Det er forskjell på Jørgen hattemakar og kong Salomo» vart brukt heime då eg var liten. Det vart sagt at Ludvig Holberg skreiv dette i ein av sine tekstar. 

Alf Prøysen gjorde ordtaket levande med sine 5 enkle og målande vers i visa om Jørgen som svarva hattar og saug «på tørre skorper og kæille det for mat» medan Salomo nytte «sitt måltid med vin og fylte fat». 

Dei levde ikkje i same verda dei to, endå «både je og Salomo kom nakne til vår jord»!  Refrenget: «Sola skinn’ på deg (i), Så skuggen fell på meg (ii), Men graset er grønt for æille,» understrekar endå klårare kor urettferdig verda eigentleg er.

Alf Prøysen, som skildra arbeidsfolka sine kår enten det var i jordbruket eller industrien, fekk skilnaden – og uretten – utruleg godt fram gjennom enkle ord og folkelege tonar. For han levde kong Salomo i «Lala-land». Men Jørgen hattemakar var frå den verda Prøysen hadde vakse opp i og kjende seg som ein del av.

Egoisme versus antisemittisme?

Denne veka har tankane mine vore opptekne med skilnaden på Anders Behring Breiviks terrorangrep 22.07.11 og Hamas sitt terrorangrep 07.10.23. 

Fototurist i Lala-land (2)
Desse to datoane som har brent seg inn i soga, synest å visa at verdien av eit menneskeliv varierer etter kven det er terroren går ut over. (iii) I Noreg var det nokre av «våre landsmenn» som vart drepne og eller måtte lida. Det gjekk hardt inn på oss alle. Og det skjedde «nær oss».

Israel og Gaza er langt vekke, og medan både regjeringar og marsjerande aksjonistar heile tida er opptekne med talet på drepne «sivile» palestinarar, er det stilt om jødane som vart drepne og eller mishandla, og dei som framleis – om dei lever, har vore i terroristane sine hender i over eit halvt år! Dei «stakkars palestinarane» ser ut til å få 90 % av sympatien. Jødiske tapte liv og liding vert nesten ikkje nemnt korkje i media eller i politiske fora.

Me, som opplevde terrorangrepet 22.07.11 her heime, hugsar skildringane som fylte media og gjorde oss både skremde og triste. Mitt inntrykk er at ingen i dette landet hadde tenkt seg at noko slikt kunne skje. Heller ikkje trur eg det fanst eit einaste normalt menneskje i Noreg som ikkje delte sorga over desse fine ungdomane som miste livet og / eller var skadde for alltid mentalt og fysisk. I det miljøet eg høyrer til, deltok alle i sorga over det som hende, uansett alder og politisk orientering.

Seinare kom alt styret om minnesmerket og skriving som etterlet seg eit inntrykk av at hendinga skulle utnyttast maksimalt politisk. På nytt og på nytt fekk me «hamra inn» at Behring Breivik var ein høgreorientert terrorist, og kor grufullt han hadde fare åt.

Statistisk samanlikning

Gatebilete frå Jerusalem.
Fredag 22. juli 2011 gjekk Anders Behring Breivik til angrep på regjeringskvartalet og på Utøya. Han drap 77 personar og skadde kanskje nokre hundre andre fysisk og psykisk. 

Tysdag 10. oktober 2023 gjekk Hamas og Islamsk Jihad til angrep i Sør-Israel. Då vart rundt 1200 israelarar (iv) drepne, og over 200 vart tekne som fangar og førde til Gaza til ein ukjend skjebne. Talet på menneske som vart skadde fysisk og mentalt, har ingen fullt oversyn over, men det er utan tvil snakk om mange tusen.

Forskjelleg verdisetjing?

Medan nordmenn – sosialistiske og ikkje-sosialistiske samla seg i sorg og la ned «eit hav av blomster» til minne om dei døde etter 22. juli-terroren, sa vår noverande Arbeidarparti-Senterpartiregjering «NEI!» til at kongen skulle få uttrykkja si medkjensle med Israel og jødane som opplevde terroren 07.10.23. Dei venta dessutan i lengste laget med å fordømma terroren.  Då det endeleg kom, brukte dei så forsiktige ord som dei kunne uten å missa ansikt! 

Behring Breivik sine ugjerningar vart klassifiserte som «høreside-terror». Han personleg (og eit ukjent tal av likesinna) meinte derimot at kursen landet vårt hadde valt, var så feil at det kunne forsvara bruk av terror.

Hamas og Islamsk Jihad vert rekna til venstresida politisk, noko også støtta frå forskjellege lands regjeringar indikerer. Desse regjeringane gjer alt dei kan for å få stoppa Israels strid for å eliminera terroristane. Den manglande kritikken over misgjerningane og valdtektene 07.10.23, og bortimot null kritikk for at dei tok gislar med seg tilbake til Gaza, viser dette.

I Noreg har to utanriksministrar og statsministeren stilt seg på «palestinarane» (v) si side og arbeider for å «lønna» drapsmennene med eit eige land (i Israel) som skal heita «Palestina».

Kva om me gav Anders Behring Breivik og hans meiningsfeller same støtta som dei vil gjeva palestinarane?

Då burde han først sleppast fri og få erstatning for mishandlinga han seier han har fått av norsk politi og fengselsvesen. Deretter burde regjeringa starta eit prosjekt for at han og hans norske og / eller utanlandske meiningsfeller skulle få eit sjølvstyrt «Breivik-land». Dei burde då få økonomisk støtte til mellom anna eit skulesystem med lærebøker som glorifiserer vald og drap av slike dei ikkje likar. Sett ut frå det som hende 22.07.11, vil målet for terroren truleg verta personar på den politiske venstresida.

Kanskje eit slikt «Breivik-land» kunne plasserast ved vakre Tyrifjorden?
----------
Uff, no har eg visst hamna i «Lala-land», eg og!  Då er det på tide å gjeva seg….

-------------------------- 

(i) Det er nok kong Salomo han meinar...
(ii) Og dette er vel Jørgen Hattemakar?
(iii) Det same er realiteten i abortdebatten. Fosteret er eit like ekte og verdfullt menneske før den til dømes 12. veka, enn etter. Før den lovfesta datoen, er fosteret no «fritt vilt». Først når det er født, får det «verdi» som menneske og vert verna av norsk lov.
(iv) Tala er usikre, mellom anna fordi ein del menneske var så mishandla eller sundsprengde, at det var vanskeleg å vita kven det var. Så langt eg veit vert det framleis arbeidt med dette. I tillegg fortalde ILTV i går kveld at dei som driv med forhandlingar om fangeutveksling, er usikre på om Hamas endå har 40 levande gislar til ei eventuell utveksling! Fleirtalet er truleg døde av mishandling, manglande mat og medisinar (som Røde Kors nekta å ta imot til dei kronisk sjuke).
(v) Gallupen fortel at 3 av 4 «palestinarar» rosar terroristane og det dei gjorde 07.10.23.

Merknad: Bileta er mine eigne. Dei to første er frå eit engelsk slott.

Det er ikkje lov å brukja tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar