onsdag 29. juni 2022

 

Om å verta gammal……

Det første eg merka det på, var «håtten» som me seier på Strilelandet. Å «håtta» er evna til å ta vare på inntrykk og opplevingar gjennom livet. Den ser ut til å verta mindre med åra.

Ikkje berre det at eg gløymer. Det har eg gjort heile livet. Det nye er no at eg gløymer meir, særleg det som er nærast i tid. Eller som ein sa det: «Eg gløymer det som hende for fem minutt sidan, men det som hende for lenge sidan, hugsar eg som om det nett hende».

Å hugsa tal har eg hatt problem med før. I alle fall slik står det for meg no. Og namn. Kva heiter «den» og «den»? Sjølv namn på menneskje som eg kjenner inderleg godt, er vanskelege å finna i farten. Og å orientera meg på nye stader. Den medfødde GPS-en fungerer dåregare. Dei grove trekka sit der, men detaljane?

Kona mi, som døydde i fjor vår, var mykje flinkare enn meg både med namn, tal og orientering i geografien. Det vil seia, når eg finn rette «filen» ein eller annan stad inne i hovudet, kan eg koma med dei mest utrulege rekker av detaljar og namn. Problemet er å få filen opp på «skrivebordet», dobbelklikka og få informasjonen til å lysa på «skjermen». For å seia det slik.

At eg ikkje kunne spørja kona lenger: «Du, kva var…? Korleis…?», kjennest inderleg usikkert. Berre å tilstå!

«Ikke alle dager er like», lærde me å syngja då me var små. Slik er det framleis. Slik var det også i «Korona-tida», den som nokre seier ligg bak oss. Me har gjennomlevt nokre år der uvissa låg som ei mare over både sjuke og friske, blide og sure, optimistar og pessimistar, internasjonalt, nasjonalt, lokalt og individuelt.

Me vart plaga av reglar og reguleringar, pålegg, innlegg og utlegg, handvask og rumpesprit (som dei sa i gamledagar), munnbind og avstandsmeter. Bortimot to år gjekk me der, plaga og usikre på kva som ville skje oss enten me hadde vore på butikken eller andre stader utom dørstokken.

Men «Nu går alt så meget bedre», sa Kåre Willoch på 80-talet. Ein treng vel ikkje vera høgrepolitikar for å ha lyst til å tru det. Men er det sant?

«Det kjem an på auga som ser», seier nokre. Det gjeld både kva ein «vil sjå» og kva ein «vel vekk» for å sleppa å sjå det. For me – eg i alle fall, er selektiv blind: Eg ser - og ser etter - det som interesserer meg og mine. Den store mengda av data og informasjon om alt som skjer i verda, fjernt og nær, ville drukna oss om ikkje me hadde evna til å «sila» ut det som er matnyttig.


Det er mykje rart i sjøen, seier folk, men finst det bardekvalar her? 

Kjenner du bardekvalen? Han er så stor i kjeften at han siler tonnevis med sjøvatn mellom bardane kvar einaste dag. Alt kjem inn, og det meste går ut att der det kom ifrå. Men att mellom bardane ligg småkreps, plankton og krill som vert slusa «innabords» og gjer at dette største dyret i verda i dag, kan leva. Og leva godt, får me tru. Det skulle berre mangla, så travelt han må ha det med silinga si. Det andre godet han har, er at han ikkje kan missa tennene!

Å missa tennene er ei anna sida av det å leva lenge. «Gammal og tannlaus» vart brukt om folk i gamle dagar. Men det var før tannlegane fann på byggja bruer, skrua tenner fast i kjakebeinet og elles ordna opp i andre problem inni der. Men det skal eg ikkje skriva no. Det får eg tyggja på til ein annan gong.

Men om eg – og kanskje du – både gløymer og er dess-orienterte til tider, så kan me ha eit godt  liv på same måten som bardekvalen: Sila straumen av inntrykk og informasjon, ta vare på det viktigaste, og elles vera takksame for livet…

I koronatida, enten TV hadde servert pressekonferansar med politikarar og helsetoppar på regjeringshald, leiande lokalpolitikarar eller representantar for næringslivet, er det nokre tankar som har kverna rundt i meg. 

Er det slik hinduar og buddhistar opplever sine mantra? Eller ligg det nærare definisjonen på ein «tvangstanke»?  Veit du det?

Du skal få vita meir om dette neste gong...