søndag 26. februar 2023

 «Famous old and fake news» 

I Sør-Amerika finne me «fake news» til og med på kartet. Men då må me lenger sør enn Hitler sitt søramerikanske «ørnereir».

Noreg hadde lagt middelalderen bak seg, folketalet hadde auka og folk bygde opp att aude gardar og grender etter Svartedauden. Lenger ute i verda kjempa forskjellege statar om makta i «Vest-India», det me i dag kallar Amerika.

Spor i snø fortel mykje, men...?
Første jordomseglinga

Magellan starta reisa den 20. september 1519, kryssa Atlanteren der vind og straum låg best til rette for ei sjøreise vestover, og bøygde så sørover. Spanske-kongen hadde gjeve han fem skip, eit mannskap på 280 mann, og mat for to år. Med pampas-kysten bak seg, kom dei inn i utreint farvatn og kryssa seg gjennom vanskelege sund som dei gav namnet Magellanstredet. Til Stillehavet kom dei i november 1520.

Rikdom, pluss å omvenda folk til kristendommen, var drivkrafta for den spanske oppdagings og erobrings-politikken. Dette resulterte i krig med dei innfødde der dei dukka opp, og Magellan vart drepen på Molukkane 27. april 1520 i lag med mange av mannskapet.

Reisa enda med eitt skip, «Victoria», som nådde Spania 6. september 1522, lasta med mellom anna krydder som var «Aust-India» sitt ettertrakta «gull».

Sjølvsagt måtte ein slik reise gjeva store oppslag i alt som fanst av «media». Første jordomseglinga var unnagjort, og  det var bevist at jorda var rund! Turen vart kalla «Den største oppdaginga i verda»! 

«Big news»

Ein av dei ting som oppdagarane kunne fortelja om, var at lengst sør i «Vest-India» budde menneske som var mellom fire og fem meter høge! Sjøfolka hadde sett så enorme spor i snøen at desse indianarane måtte vera mykje høgare enn vanlege menneske. Ein dag hadde dei til og med fått kontakt med ein mann som hoppa og dansa inne på stranda. Han var så høg at spanjolane berre nådde han til livet, og han var i tillegg kraftig bygd!

«News-en» stogga ikkje med det. I 1579 skreiv den engelske oppdagaren Francis Fletcher at dei såg «patagoniarar» som var sju og ein halv fot høge, dvs. om lag 2,3 meter. Ein annan sjøfarar, engelskmannen Anthony Knivet, sa han rundt 1590 hadde funne lik av folk der nede som var 12 fot lange. Det vert over 3,6 meter. 

Folka som sette desse enorme spora, fekk dermed namnet «los patagones», - «storfotingane». Om namnet kjem frå portugisisk, spansk eller italiensk, er usikkert. Det som derimot er sikkert, er at denne gamle løgna gav namn på eit råde på over ein million kvadratkilometer, rundt fire gonger flatevidda til vårt land her nord, Noreg.

Korleis kunne slike «fake news» oppstå?

Så langt vi veit, er indianarane langs Magellanstredet utdøydde. Men før det skjedde, vart det godt dokumentert at dei storføtte «patagoniarane» berre hadde eksistert i fantasien. 

Som normalt, «ser du», hadde «augnevitna» sett noko fantastisk. Dei hadde utan tvil sett enorme fotavtrykk i snøen langs land. Logikken tilsa at menneske med så store føter, måtte vera minst tre - fire meter høge.

Ei «moderne» forklaring er at indianarane batt skinn rundt føtene. Skulle dei vassa i snø, var det vel ikkje urimeleg at dei la mange lag? Eller at dei, som indianarane nord i Nord-Amerika, hadde oppdaga prinsippet for truger?

Indianarane eg har jobba mellom, batt treplater under føtene «i gamle dagar». Det sprade føtene når dei gjekk i piggete vegetasjon  eller over spisse steinar. I mi tid brukte dei mønsterbana på gamle bildekk, kutta opp i passelege firkantar. I staden for reimar brukte dei oppklipte bilslangar. Dermed sat «skoa» fast, og dei trong ikkje vera redde for kva dei trakka på. Fotavtrykka dei sette, fortalde lite om atorleiken på personen som hadde gått der.

Kva kan denne soga læra oss?

Først og fremst at «fake news» har ei kjerne av sanning. Oppdagarane hadde sett enorme fotspor. Det kan ingen dra i tvil. 

Dernest ser me at denne kjerna av sanning sette i gang ein prosess med å finna den logiske forklaringa på det dei hadde sett. Praten gjekk, og med tida vart det «bevist» kor enormt høge folket der sør var!

Det tredje er at denne løgna sette seg så fast at «heimlandet til patagoniarane», Patagonia, kom på kartet og vil stå der for all framtid.

Korleis vart mistaket avslørt?

Etter kvart fekk europearane meir og kontinuerleg kontakt med folk i Patagonia, og dei var av normal storleik. I tillegg fann arkeologane aldri «patagoniarbein» i utgravingane sine! Klimaet så langt sør gjer at arkeologane finn mykje betre bevarte ting frå fortida der enn i den tropiske og subtropiske regnskogen eg har vore i. 

I tillegg har arkeologane funne spor etter menneskje der nede om lag samtidig med dei første i Nord-Amerika. Det slær beina under ein annan teori som sikkert og er «fake news»: At dei første menneska i Amerika kom inn over Beringstredet mellom Alaska og Sibir. Seinare flytte dei sørover etter som dei vart fleire og oppdaga nye område, - heilt til dei kom til Patagonia! Det høyrdest  rett ut, sa folk då teorien vart lansert av ein mann i eit museum.

Men fylte dei opp områda og vandra frå Alaska til Patagonia på nokre få tusen år? Det er heilt usannsynleg, spør du meg. Men med den kunnskapen dei hadde då teorien vart lansert, var tanken logisk sett riktig.

Då er det vel på tide å retta opp feilane?

---
(Om du vil lesa meir om dette, finn du mykje god informasjon på nettet. Det er det eg har gjort for å fylla ut det eg ikkje hadde innabords frå før...)
-------------------------- 

Det ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 19. februar 2023

 Good old news

Eg vart fødd i det siste krigsåret. Det tidlegaste eg hugsar er etterkrigstida. Rasjoneringskorta til dømes, dei som avgjorde kva me kunne kjøpa på butikken. Og så praten. Det vart snakka om ting som hadde hendt, om motstand mot tyskarane, og om folk som støtta dei. Mange var «einøygde» og såg berre det tyskarane og NS ville. Andre var «grønkledde» og støtta tyskarane meir aktivt. 

Litle-Matrestølen der far og dei eldste syskena mine hadde vore om sumrane, fanst ikkje meir. Den hadde tyskarane brent då dei fann ut at setra vart brukte av motstandsflokken Bjørn West i Masfjordfjella.

Men kanskje det viktigaste temaet var at «Hitler er død!», og «Landet er fritt!» Dette gjekk att i talar og i undervisninga på skulen der me og trena til 17. mai. Då gjekk me i tog og høyrde varme talar om landet og fridomen.

«Fake good news»?

At Hitler var død, var største "news-en" på heile 1900-talet! Folk jubla og song, lo og gret då dette vart kjend og landet fritt, vart me fortalt. Hitler hadde teke livet sitt i bunkeren sin i Berlin, og verda kunne pusta letta ut! Trudde me den gongen. Det var kunnskapen eg vaks opp med, og trudde fullt og fast på.

Ny verdsdel og ny kunnskap
Skjermdump frå Wikipedia


 Eg kom til Sør-Amerika i 1970.     Første tida gjekk til studium av språket, og til å verta kjend med land og folk. 

Kor lenge det gjekk før eg fekk høyra om Hitler og om nazistar i landet, hugsar eg ikkje. Men gjennom dei vel 25 åra landet var vår arbeidsplass, vart det klart at Hitlers død i bunkersen i Berlin, var «fake news». Han levde i Sør-Amerika saman med ein stor del av toppleiarane frå Det tredje riket. 

Me kom til Paraguay i Stroessner-tida. Etter nokre år gjekk eg opp til eksamen for å verta godkjend som lærar i språket guarani. Eg «rodde meg gjennom», lærde mykje om land og folk, og fekk papir som første skandinav med tittelen «Profesor de lengua guarani». 

Me var oppstilte på podiet i teateret i  Asuncion med høgrehanda løfta i «Heil Hitler-stil» då presidenten kom inn. Nonna frå Spania som var beste eleven, heldt tale. Deretter rektor på institusjonen, og så fekk me diploma våre. Med dokumentet i handa gjekk me så fram og tok presidenten i handa. Han gratulerte oss med fullført eksamen! På førehand var me instruerte om å sjå presidenten rett inn i augene når han gratulerte oss. Det var slik han likte det!

«Hunting Hitler»
Skjermdump frå "Hunting Hitler" - Wikipedia

Eldste sonen min ville eg skulle sjå denne amerikanske tv-serien i lag med han, for då han vaks opp der ute, var det ofte snakk om Hitler.

Me brukte to dagar på å sjå serien frå ende til annan. Mykje av det dei kom fram til, kjende eg frå før. Også at CIA og amerikansk toppleiing kjende til både «ørnereiret» i Argentina, og at han reiste rundt i fleire av landa der det var fingerte militær-demokrati.

Gjennom guaranistudiet vart eg kjend med dei som lurde Domingo Peron om bord i ein paraguayisk båt på havna i Buenos Aires. Dei berga livet hans og fekk han til Paraguay i 1955. Eg har og gått langs gjerdet i «Colonia Independencia» der det første nazistiske partiet utanfor Tyskland vart stifta. Det var då eg skulle finna ei tysk dame som hadde hjelpt misjonen mellom indianarane første tida. Men som i «Hunting Hitler», kom eg berre til porten og stolpane med piggtråden. Ho eg ville treffa, «var ikkje heime», og det var usikkert om ho kom att.

Kor lenge skal «Fake news» verta halde for «Sanninga» (med stor «S»)?

Bilete frå "Hunting Hitler" Bing vodeo
Eg er ikkje i tvil. Hitler levde i Paraguay saman med mange av dei som leidde og arbeidde for både jødeutrydjinga og alt det andre. Eg har ete mange gode middagar på restauranten der det vart fortalt at Mengele og andre nazistar samla seg på festkveldar. Mengele skulle ha ein ladd revolver på kvar side av tallerken, vart det fortalt. Ingen skulle ta han levande eller uten kamp! At Mengele drukna i Brasil, trur eg heller ikkje. Det var sikkert fingert for å få avslutta leitinga etter han.

Då Wiesenthal kom til Paraguay og ville leita etter gamle nazistar, vart han  utvist, og israelarane fekk 48 timar til å avvikla ambassaden sin på. Slikt skjer ikkje utan grunn.

Radio Ñanduti, starta i Asuncion i 1962 av jøden Humberto Rubin, var ein radio eg høyrde ein del på. Eg hugsar ein gong det var snakk om påstandane om at «Hitler er død». Hallodama som og var jøde, vart sinna og sa alt dette var løgn.  Best hugsar eg ho sa: «Og dei trur at me ikkje veit at Eva Braun budde her i Trinidad!» (i)

Truleg, om dei fann kvar Eva Braun vart gravlagd, ville dei og finna restane av Adolf Hitler!

Men er verda moden og modig nok til å erkjenna sanninga? Eller arbeider nokon for at slike «Fake old news» skal leva evig?                       

I så fall, kven?

----------------

(i) Barrio Trinidad er ein bydel ikkje langt frå dyrehagen i Asuncion.

-------------- 

Det er ikkje lov å bruka noko frå bloggen min tuen skriftleg løyve frå meg.

søndag 12. februar 2023

Informasjon om jødane, - verdsrekord i «fake news»?

Lysestaken, symbolet framfor
Knesset i Jerusalem.
Eg har i ein del tidlegare innlegg vore inne på løgner som er spreidde om jødane gjennom historia. Nokre er lette å kjenna att på si antisemittiske vinkling, til dømes propagandaen før andre verdskrig både i Noreg og Tyskland.

For oss som les vår Bibel, kjenner me att denne haldninga frå Esters bok og andre stader i Bibelen. Farao som ville at alle guteborna skulle drepast, Herodes som rende ut uskuldig blod for då hindra at den nyfødde «kongen til jødane» skulle få veksa opp. Og så vidare.

Framleis har me heile spekteret av antisemittisme, inkludert dei som ynskjer å løysa «jødeproblemet» etter same oppskrift som Hitler. I den klassen finn me Iran, Hamas og fleire terrororganisasjonar. Ein mildare variant er dei som og kontinuerleg spreier «fake news» om jødar og Israel verda over. 

Ein ikkje liten del av skattepengane våre går til PLO. Dei har sagt klårt at dei ikkje er interesserte i noko to-statsløysing i framtida. Dei vil ha heile landet og brukar alle midlar, inkludert FN, til å øydeleggja for Israel. 

Norske media og andre snakkar om leiinga i PLO som «demokratisk» og representativt for «det palestinske folket», endå begge deler er rein løgn. Den «demokratisk valde» leiaren, Mahmoud Abbas, vart vald for fire år, men har sete no som president omkring 18 år utan at folket har fått seia si meining i ein demokratisk valprosess.

Namnet «Det palestinsk folk» er vidareforedling av begrepet romarane i si tid innførde for å marginalisera jødane i landet. Engelskmennene førde det vidare og rekna både jødar og dei forskjellege gruppene av arabarar i området, for «palestinarar». Golda Meir brukte sjølv det engelske passet og viste svart på kvitt at ho var «palestinar»!

MIFF og kampen for sann informasjon om jødane

 Vegskilt i Negev.
Jødane må "svelja kamelar"
skal dei godta alt som vert
skrive og sagt om dei!
Organisasjonen «Med Israel for Fred» (MIFF) er stadig ute og kontrollerer informasjon om Israel både i media og andre kanalar. Mellom anna gjer dei skulebok-analysar. I 2021 analyserte dei Cappelen Damm sitt israelstoff for tiandeklassingar. Her er det dei sjølve skriv om saka på internett:

«I november 2021 publiserte MIFF en omfattende analyse av Israel-stoffet for tiendeklassinger i «Skolen», en online læringsplattform fra Cappelen Damm. Vi påpekte en enorm overfokusering på konflikten sammen med systematiske utelatelser av israelske perspektiver. I tillegg påpekte vi over 20 avsnitt og setninger med direkte feil.

I januar 2022 opplyste Cappelen Damm at de har «gjort justeringer» i undervisningsmaterialet, men MIFFs nye gjennomgang viste at det aller meste forble uforandret. Det var noen få endringer til det bedre, noen få endringer som skapte nye feil og noen endringer til det verre.» (i)

MIFF ville få dette prøvt for retten som brot på «Lov om opplæring». Oslo tingrett avviste dette og ila MIFF å betala Cappelen Damm sine saksomkostningar på 161.460 kroner.

Det MIFF påpeika, var at «Israelske perspektiver blir systematisk utelatt av Skolen», og at mange
av opplysningane var direkte feil. Dette var altså ikkje så viktig at Oslo Tingrett tok seg bryet med å sortera sanning og løgn. 

Som gammal lærar er det skremmande at usanne opplysningar og einsidig fokusering på nasjonale og internasjonale problem, dermed får eit «fritt fram» av norsk rettsvesen.

No har Cappelen Damm ein mykje større pengesekk enn MIFF, og hadde dette skjedd i Paraguay, hadde folk automatisk sagt seg: «Tru kor mykje dei betalte for å få dette vedtaket?». Eg trur endå retten her til lands ligg på eit anna nivå, men….

Ein annan tanke eg slit med, er: Er denne dommen ein indirekte freistnad på å få MIFF til å teia om feil- og skeiv-informasjon om jødar og Israel?  

«Fake news» om jødar og Israel har stor utbreiing i norske media, særleg på sosialistisk side. LO føl same linja. Me ser det i 1.mai-toga deira.

Slik eg ser det, slær Oslo Tingrett  med dette vedtaket fast at «skylapp-fjernarar» er uynskte i vårt land!  

Du kan gå konkurs av å prøva. 

Støtt MIFF!

-----------

(i) MIFF forsøkte å fjerne feil fra skolebok - ble dømt til å betale forlagets høye saksomkostninger - Med Israel for fred (MIFF) (Teke ned 20.01.23)

---------------

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

søndag 5. februar 2023

 Er eg ein «internaut»?

Hin dagen eg «surfa» på nettet og las paraguayiske aviser, - du veit eg reknar Paraguay som mitt andre heimland, - då møtte eg eit nytt ord: «internauta». Trass over 25 år med spansk som arbeidsspråk, var ordet heilt ukjent. 

På nettet finn eg at ordet er italiensk for «internett-brukar». Slik og på spansk. Tanken gjekk vidare til «astronaut» som kjem frå amerikansk. «Kosmonaut» kjem frå russisk, seier framandordboka. Ho har elles eit endå meir ukjent ord for meg: «Akvanaut», - ein som studerer ting langt nede i havet.

No brukar eg artikkelen «ein» i overskrifta. Den siste delen av ordet, «naut», er velkjend på norsk, men då med «eit» framfor enten det er snakk om kveg, eller berre ein alminneleg tosk (utan «r» sjølvsagt).  Wiktionary forklarar det slik: 

Naut n (Bokmål/Riksmål/nynorsk) 

1. fe, først og fremst storfe som ku, men også fjørfe som høns.

2. (nedsettende) person med sterkt begrensede mentale evner. (i)

I mitt språkområde vert ikkje «høns» rekna som naut. «Eit naut», enten det er hankjønn eller hokjønn, treng ikkje ha «sterkt begrensede mentale evner». Sjølv eit skulelys kan vera «eit naut», men då i kategorien «tosk». Det har med oppførselen å gjera, uavhengig av mental bagasje. Ein som har drukke, kan oppføra seg «nautete» og vera «eit naut». Edru kan han eller ho vera verdens mest intelligente og trivelege person. «Ser’u», som han sa det, grannen heime.

Mykje «nautete» på Web-en
"Det er så gale at eg kunne gråta blod",
som ein sa det....

I innlegget mitt sist, skreiv eg om «virus», det vil seia uynskt reklame og liknande som dukkar opp både i norske og utanlandske forum. Ein annan Web-sjukdom me vert utsette for er: «Fake news».

Dette er og eit relativt nytt begrep for ein eldring som meg. Dette kom stadig i koronatida og då vinkla opp mot folk som ikkje ville ta vaksine. Vaksinane var utvikla med ny teknologi og derfor farleg, meinte einkvan. I tillegg var det snakk om hemmelege organisasjonar som vil ta verdens-herredømme, eller at det dei sprøytte inn i oss, skulle gjera oss til noko liknande zombiar. Det var liksom ikkje grenser for kva «fake-newsen» inneheld av «facts» og perspektiv.

Rett og gale

Å skilja mellom rett og gale, er ein av viktigaste tinga me lærer som born. Som han sa det, ein mann i ei gravferd nyleg: Den 93 år gamle kona dei bar til grava den dagen, hadde vore søndagsskulelærar der på øya heile livet. «Alle menneskje skulle få gå på søndagsskulen,» sa han. (Der ute gjekk alle borna på søndagsskulen). «Om ikkje dei reknar seg som kristne, har dei med ei ballast som hjelper dei heile livet!» Og då meinte han at ho lærde ungane…

Sant og usant

Eit av emna eg har leitt opp i det siste, er dette: 

«Hva er «fake news»? 

«Fake news» kan være tilsynelatende ufarlige løgner. Men i ytterste konsekvens kan de ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til dannelsen av voldelige bevegelser». (ii)

Eit anna innlegg, frå Danmark, er dette:  

«Fake news – hvad er det, og hvorfor er det et problem?

Fake news er løgnagtige eller vildledende historier, der spredes på sociale medier og andre onlineplatforme. Ofte bliver fake news brugt til, at skabe forvirring eller skade et bestemt emne eller en person.

Fake news er et problem, fordi det kan være svært at skelne mellem fakta og fiction. Dette kan føre til, at folk tror på usande historier, og det kan have negative konsekvenser for dem eller for samfundet.»

Dansken går vidare og lærer lesaren både korleis han / ho skal kjenna att «fake news», finna ut kvar dei kjem frå, og korleis ein skal hindra at dei vert spreidde. Nyttig informasjon, spør du meg.

Men, - kva med «Fake old news?»

Problemet med  løgn og bevisst feilinformasjon er korkje nytt eller berre å finna på sosiale medium og online. Dei eksisterte frå «Adams tid», fortel Bibelen.

Ein eller anna har sagt det slikt: «Om ei løgn vert fortalt tusen gonger, så vert ho ikkje sann for det». Repetisjon kan aldri erstatta den etiske kvaliteten eller «sannhetsgehalten» i stoffet. Faren med den stadige løgna, er at folk tek til å tru at det dei høyrer er sant. Endå verre vert det når løgna vert «Sanninga med stor – S". Men det er løgn likevel, uansett kor ofte ho vert repetert eller kor mange som seier det same.

Dette «viruset» gjer oss immune mot all annan informasjon, uansett kor sann og rett han måtte vera. «Fake old news» (eller «Fake olds») skaper  «skylappar» (iii), slik dei brukte på hestane i gamle dagar for å hindra at dei såg noko anna enn det køyrekaren ville.

Kanskje «Fake old news» vert temaet i neste blogginnlegget mitt….

------------ 

(i) https://no.wiktionary.org/wiki/naut (Teke ned 18.01.23).

(ii) https://skolerom.no/undervisning/hva-er-fake-news/ (Begge teke ned 18.01.23).

(iii) skylapper – Store norske leksikon (snl.no) (Skjermdump teke ned 19.01.23).

---------------


Det er ikkje lov å bruka noko av blokken min uten å ha skriftleg løyve frå meg.