søndag 5. februar 2023

 Er eg ein «internaut»?

Hin dagen eg «surfa» på nettet og las paraguayiske aviser, - du veit eg reknar Paraguay som mitt andre heimland, - då møtte eg eit nytt ord: «internauta». Trass over 25 år med spansk som arbeidsspråk, var ordet heilt ukjent. 

På nettet finn eg at ordet er italiensk for «internett-brukar». Slik og på spansk. Tanken gjekk vidare til «astronaut» som kjem frå amerikansk. «Kosmonaut» kjem frå russisk, seier framandordboka. Ho har elles eit endå meir ukjent ord for meg: «Akvanaut», - ein som studerer ting langt nede i havet.

No brukar eg artikkelen «ein» i overskrifta. Den siste delen av ordet, «naut», er velkjend på norsk, men då med «eit» framfor enten det er snakk om kveg, eller berre ein alminneleg tosk (utan «r» sjølvsagt).  Wiktionary forklarar det slik: 

Naut n (Bokmål/Riksmål/nynorsk) 

1. fe, først og fremst storfe som ku, men også fjørfe som høns.

2. (nedsettende) person med sterkt begrensede mentale evner. (i)

I mitt språkområde vert ikkje «høns» rekna som naut. «Eit naut», enten det er hankjønn eller hokjønn, treng ikkje ha «sterkt begrensede mentale evner». Sjølv eit skulelys kan vera «eit naut», men då i kategorien «tosk». Det har med oppførselen å gjera, uavhengig av mental bagasje. Ein som har drukke, kan oppføra seg «nautete» og vera «eit naut». Edru kan han eller ho vera verdens mest intelligente og trivelege person. «Ser’u», som han sa det, grannen heime.

Mykje «nautete» på Web-en
"Det er så gale at eg kunne gråta blod",
som ein sa det....

I innlegget mitt sist, skreiv eg om «virus», det vil seia uynskt reklame og liknande som dukkar opp både i norske og utanlandske forum. Ein annan Web-sjukdom me vert utsette for er: «Fake news».

Dette er og eit relativt nytt begrep for ein eldring som meg. Dette kom stadig i koronatida og då vinkla opp mot folk som ikkje ville ta vaksine. Vaksinane var utvikla med ny teknologi og derfor farleg, meinte einkvan. I tillegg var det snakk om hemmelege organisasjonar som vil ta verdens-herredømme, eller at det dei sprøytte inn i oss, skulle gjera oss til noko liknande zombiar. Det var liksom ikkje grenser for kva «fake-newsen» inneheld av «facts» og perspektiv.

Rett og gale

Å skilja mellom rett og gale, er ein av viktigaste tinga me lærer som born. Som han sa det, ein mann i ei gravferd nyleg: Den 93 år gamle kona dei bar til grava den dagen, hadde vore søndagsskulelærar der på øya heile livet. «Alle menneskje skulle få gå på søndagsskulen,» sa han. (Der ute gjekk alle borna på søndagsskulen). «Om ikkje dei reknar seg som kristne, har dei med ei ballast som hjelper dei heile livet!» Og då meinte han at ho lærde ungane…

Sant og usant

Eit av emna eg har leitt opp i det siste, er dette: 

«Hva er «fake news»? 

«Fake news» kan være tilsynelatende ufarlige løgner. Men i ytterste konsekvens kan de ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til dannelsen av voldelige bevegelser». (ii)

Eit anna innlegg, frå Danmark, er dette:  

«Fake news – hvad er det, og hvorfor er det et problem?

Fake news er løgnagtige eller vildledende historier, der spredes på sociale medier og andre onlineplatforme. Ofte bliver fake news brugt til, at skabe forvirring eller skade et bestemt emne eller en person.

Fake news er et problem, fordi det kan være svært at skelne mellem fakta og fiction. Dette kan føre til, at folk tror på usande historier, og det kan have negative konsekvenser for dem eller for samfundet.»

Dansken går vidare og lærer lesaren både korleis han / ho skal kjenna att «fake news», finna ut kvar dei kjem frå, og korleis ein skal hindra at dei vert spreidde. Nyttig informasjon, spør du meg.

Men, - kva med «Fake old news?»

Problemet med  løgn og bevisst feilinformasjon er korkje nytt eller berre å finna på sosiale medium og online. Dei eksisterte frå «Adams tid», fortel Bibelen.

Ein eller anna har sagt det slikt: «Om ei løgn vert fortalt tusen gonger, så vert ho ikkje sann for det». Repetisjon kan aldri erstatta den etiske kvaliteten eller «sannhetsgehalten» i stoffet. Faren med den stadige løgna, er at folk tek til å tru at det dei høyrer er sant. Endå verre vert det når løgna vert «Sanninga med stor – S". Men det er løgn likevel, uansett kor ofte ho vert repetert eller kor mange som seier det same.

Dette «viruset» gjer oss immune mot all annan informasjon, uansett kor sann og rett han måtte vera. «Fake old news» (eller «Fake olds») skaper  «skylappar» (iii), slik dei brukte på hestane i gamle dagar for å hindra at dei såg noko anna enn det køyrekaren ville.

Kanskje «Fake old news» vert temaet i neste blogginnlegget mitt….

------------ 

(i) https://no.wiktionary.org/wiki/naut (Teke ned 18.01.23).

(ii) https://skolerom.no/undervisning/hva-er-fake-news/ (Begge teke ned 18.01.23).

(iii) skylapper – Store norske leksikon (snl.no) (Skjermdump teke ned 19.01.23).

---------------


Det er ikkje lov å bruka noko av blokken min uten å ha skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar