søndag 26. februar 2023

 «Famous old and fake news» 

I Sør-Amerika finne me «fake news» til og med på kartet. Men då må me lenger sør enn Hitler sitt søramerikanske «ørnereir».

Noreg hadde lagt middelalderen bak seg, folketalet hadde auka og folk bygde opp att aude gardar og grender etter Svartedauden. Lenger ute i verda kjempa forskjellege statar om makta i «Vest-India», det me i dag kallar Amerika.

Spor i snø fortel mykje, men...?
Første jordomseglinga

Magellan starta reisa den 20. september 1519, kryssa Atlanteren der vind og straum låg best til rette for ei sjøreise vestover, og bøygde så sørover. Spanske-kongen hadde gjeve han fem skip, eit mannskap på 280 mann, og mat for to år. Med pampas-kysten bak seg, kom dei inn i utreint farvatn og kryssa seg gjennom vanskelege sund som dei gav namnet Magellanstredet. Til Stillehavet kom dei i november 1520.

Rikdom, pluss å omvenda folk til kristendommen, var drivkrafta for den spanske oppdagings og erobrings-politikken. Dette resulterte i krig med dei innfødde der dei dukka opp, og Magellan vart drepen på Molukkane 27. april 1520 i lag med mange av mannskapet.

Reisa enda med eitt skip, «Victoria», som nådde Spania 6. september 1522, lasta med mellom anna krydder som var «Aust-India» sitt ettertrakta «gull».

Sjølvsagt måtte ein slik reise gjeva store oppslag i alt som fanst av «media». Første jordomseglinga var unnagjort, og  det var bevist at jorda var rund! Turen vart kalla «Den største oppdaginga i verda»! 

«Big news»

Ein av dei ting som oppdagarane kunne fortelja om, var at lengst sør i «Vest-India» budde menneske som var mellom fire og fem meter høge! Sjøfolka hadde sett så enorme spor i snøen at desse indianarane måtte vera mykje høgare enn vanlege menneske. Ein dag hadde dei til og med fått kontakt med ein mann som hoppa og dansa inne på stranda. Han var så høg at spanjolane berre nådde han til livet, og han var i tillegg kraftig bygd!

«News-en» stogga ikkje med det. I 1579 skreiv den engelske oppdagaren Francis Fletcher at dei såg «patagoniarar» som var sju og ein halv fot høge, dvs. om lag 2,3 meter. Ein annan sjøfarar, engelskmannen Anthony Knivet, sa han rundt 1590 hadde funne lik av folk der nede som var 12 fot lange. Det vert over 3,6 meter. 

Folka som sette desse enorme spora, fekk dermed namnet «los patagones», - «storfotingane». Om namnet kjem frå portugisisk, spansk eller italiensk, er usikkert. Det som derimot er sikkert, er at denne gamle løgna gav namn på eit råde på over ein million kvadratkilometer, rundt fire gonger flatevidda til vårt land her nord, Noreg.

Korleis kunne slike «fake news» oppstå?

Så langt vi veit, er indianarane langs Magellanstredet utdøydde. Men før det skjedde, vart det godt dokumentert at dei storføtte «patagoniarane» berre hadde eksistert i fantasien. 

Som normalt, «ser du», hadde «augnevitna» sett noko fantastisk. Dei hadde utan tvil sett enorme fotavtrykk i snøen langs land. Logikken tilsa at menneske med så store føter, måtte vera minst tre - fire meter høge.

Ei «moderne» forklaring er at indianarane batt skinn rundt føtene. Skulle dei vassa i snø, var det vel ikkje urimeleg at dei la mange lag? Eller at dei, som indianarane nord i Nord-Amerika, hadde oppdaga prinsippet for truger?

Indianarane eg har jobba mellom, batt treplater under føtene «i gamle dagar». Det sprade føtene når dei gjekk i piggete vegetasjon  eller over spisse steinar. I mi tid brukte dei mønsterbana på gamle bildekk, kutta opp i passelege firkantar. I staden for reimar brukte dei oppklipte bilslangar. Dermed sat «skoa» fast, og dei trong ikkje vera redde for kva dei trakka på. Fotavtrykka dei sette, fortalde lite om atorleiken på personen som hadde gått der.

Kva kan denne soga læra oss?

Først og fremst at «fake news» har ei kjerne av sanning. Oppdagarane hadde sett enorme fotspor. Det kan ingen dra i tvil. 

Dernest ser me at denne kjerna av sanning sette i gang ein prosess med å finna den logiske forklaringa på det dei hadde sett. Praten gjekk, og med tida vart det «bevist» kor enormt høge folket der sør var!

Det tredje er at denne løgna sette seg så fast at «heimlandet til patagoniarane», Patagonia, kom på kartet og vil stå der for all framtid.

Korleis vart mistaket avslørt?

Etter kvart fekk europearane meir og kontinuerleg kontakt med folk i Patagonia, og dei var av normal storleik. I tillegg fann arkeologane aldri «patagoniarbein» i utgravingane sine! Klimaet så langt sør gjer at arkeologane finn mykje betre bevarte ting frå fortida der enn i den tropiske og subtropiske regnskogen eg har vore i. 

I tillegg har arkeologane funne spor etter menneskje der nede om lag samtidig med dei første i Nord-Amerika. Det slær beina under ein annan teori som sikkert og er «fake news»: At dei første menneska i Amerika kom inn over Beringstredet mellom Alaska og Sibir. Seinare flytte dei sørover etter som dei vart fleire og oppdaga nye område, - heilt til dei kom til Patagonia! Det høyrdest  rett ut, sa folk då teorien vart lansert av ein mann i eit museum.

Men fylte dei opp områda og vandra frå Alaska til Patagonia på nokre få tusen år? Det er heilt usannsynleg, spør du meg. Men med den kunnskapen dei hadde då teorien vart lansert, var tanken logisk sett riktig.

Då er det vel på tide å retta opp feilane?

---
(Om du vil lesa meir om dette, finn du mykje god informasjon på nettet. Det er det eg har gjort for å fylla ut det eg ikkje hadde innabords frå før...)
-------------------------- 

Det ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar