fredag 15. oktober 2021

Kisten-sosialistisk abortmotstand

For mange år sidan, då endå militærdiktatura rådde i Sør-Amerika, vart eg invitert til ei samling kristne leiarar hadde. Dei såg fram mot tida etter at diktatorane var vekke. Eg var i tvil, men då eg vart utfordra til å snakka om Kristeleg folkeparti, vart eg med. Eg snakka kor viktig det er at levande kristne står fram og er aktive både i lokal- og nasjonal politikk. Det verka som tankane tende.

Han som inviterte meg, omkom kort tid etterpå. Han kom køyrande på ei hovudgate med motorsykkelen sin, men vart køyrt ned av ein militær som brått kom inn frå ei sidegate. Etter eit døger på sjukehus, var han død, og eg misste kontakten med gruppa.

Alt liv er skapt for å leva

Då eg seinare studerte anvendt antropologi i Paraguay saman med prestar, nonner og andre arbeidarar i katolske misjonar mellom indianarane, oppdaga eg at politikk var mange opptekne av. Frigjeringsteologi. Nokre førelesingar på fakultetet var rein sosialistisk propaganda.

Etter eg kom heim til Noreg, har eg hatt kontakt med nokre som er aktive på den sosialistiske sida i politikken i Søramerika. Som truande katolikkar er dei motstandarar av abort. Dei klagar over at dei internasjonale sosialistiske organisasjonane legg press på dei for å skifta abortsyn. Ein presidentkandidat har skifta standpunkt, og hevdar fri abort er nødvendig for å hindra at jorda vert overbefolka! Argumentasjonen er ikkje «kvinna sin rett til å bestemma over sin eigen kropp», men at fosterdrap er nødvendig for at me ikkje skal verta for mange menneskje på denne kloden!

Abort på politiske premissar

Abort på dette grunnlaget, er kjend også her heime. Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved UiO har lagt ut ein artikkel under tittelen «Abortpolitikkens utfordringer»[i]. Der står mellom anna:

Å definere abort enten som fosterdrap eller som en praktisk måte å regulere antallet barneføds­ler på, resulterer i ulike drøftinger. I denne artikke­len skal vi ikke drøfte 1900-tallets befolkningspoli­tikk, familieplanlegging eller endring i synet på seksualitet spesielt, men vi vil identifisere og karak­terisere konflikter for å trekke linjer i abortpoli­tikken.[ii]

Ein annan stad står det:

Uønskede svangerskap kan betraktes som uønskede på samfunnsmessig eller kollektivt nivå. Det kan enten være av befolkningspolitiske grunner, som i Kina eller andre land som anser befolkningsvekst som et stort problem. Forebygging av uønskede svangerskap kan videre få form av statlig kontroll med hvem som bør føde barn, og når. Sterilisering av psykisk utviklings­hemmede og andre var tidligere et slikt tiltak. Om tvangssterilisering ikke lenger skjer, mener mange det er ønskelig at kvinner som ikke kan ta seg av barn, for eksempel psykisk utviklings­hemmede eller rusmisbrukere, ikke får barn. I slike tilfeller er det heller for samfunnet enn for kvinnen svangerskapet er uønsket.[iii]

At Kina med fleire har brukt abort som våpen mot overbefolkning, har me visst lenge, men demografisk motivering for abortloven har ikkje vore eit argument her til lands så langt eg veit. Derimot vart diskutert (og delvis praktisert) ut frå rasemessige kriteria og for å hindra at jødar, urbefolkning, sinnslidande og kriminelle skulle få spreia sine «negative gener». Særleg i starten av det tjuande århundret var dette god politikk. I den samanheng er siste setninga i avsnittet, rett: Då var det  ikkje kvinna sin vilje og hennar ynskje som vart lagt vekt på, men dei styrande sin politikk og plan. Med den bakgrunnen er argumentet om kvinna sin rett til å bestemme sjølv, ein rein parodi. Kvinnene vert manipulerte, lokka eller tvinga til å gjera det som er politisk korrekt!

Noko anna som og kjem fram i artikkelen frå UiO, er at det var arbeiderpartiet og venstresida som har kjempa fram endringa av fosterdrapsloven. «Reaksjonene var sterkest i de kirkelige miljøene. Et lovforslag frå blant andre Kjell Bondevik (KrF) ble satt fram i Odelstinget i 1957. Det ville opprettholde bestemmelsene frå paragraf 245, med skjerpet straff ved gjentakelse».[iv]

Og for å føra livet vidare


Dette stemmer med det som skjer politisk for og mot fri abort i Sør-Amerika, men der finst også anti-abort-sosialistar. Det har  eg ikkje høyrt om her heime.

Ein artikkel på internett har denne informasjonen: Verdens helseorganisasjon (WHO) beregner (2017) at det på verdensbasis gjøres omtrent 56 millioner provoserte aborter årlig.[v] Ein annan stad finn me frå 2015-2019 rekna WHO med 78,3 millionar abortar for året.[vi] Det forundrar at det kan vera så stor skilnad på dei oppgjevna tala.

Lat oss velja eit tal midt mellom dei to, og seia at 67 millionar foster vert drepne i verda kvart år. Seier me at 67 millionar foster har vorte teke livet årleg i dei siste  30 av dei åra, (Noreg har hatt fri abort i over 40 år), utgjer det over 2 milliardar!

Fortida sine "folkemord" er for bagatellar å rekna mot vår tids abortpolitikk

«Folkemordenes svarte bok» som eg har sitert før (s.69), fortel om dei største massemorda i soga. Stalin får skulda for 46 200 000 drap, Mao 37 800 000, Hitler 20 900 000 og Chiang Kai-shek 10 200 000. Dei er dei «største» på den statistikken. Samanlikna med aborttala frå vår tid,verkar deira overgrep små. Sjølv Stalin, med 31 år i leiinga for det sovjettiske statsapparatet, drap grovt rekna berre 2/3 så mange som vert drepne ved abort på eitt år!

(Spør du om dette kan vera rett, så spør du slik eg har spurt meg sjølv mange gonger. Så ver snill og rekna etter og korriger meg om eg har rekna feil!)

Det Stalin, Mao, Hitler og andre despotar er kjende for, er definert som folkemord  av FN og menneskerettsdomstolen i Haag. Dei store dødstala abortstatistikken viser, er derimot ikkje definert som folkemord fordi det ikkje er snakk om ei «nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe». Dei som vert aborterte vekk, får ikkje lov å koma så langt at dei kan ordnast etter nasjonalitet, rase, etnisitet eller religion.

Dei er «berre» små, totalt hjelpelause foster. Trass i alle likskapstrekk når det gjeld alder og livssituasjon, fell dei utanfor dei fastsette kriteria.

Men eg kan ikkje begripa at drap på så mange, ikkje er folkemord. Det strir mot mitt tankebilete av ordet. Eg kan ikkje tenkja meg noko meir ulogisk!

Skulda for dei største folkemorda i verdssoga, vert lagt på politiske leiarar som Stalin, Mao, Hitler og Chiang Kai-shek. Dommen over desse overgriparane kom først med full tyngde i ettertid fordi det som hende då først vart skikkeleg kjent.

Tenk berre på holocaust. Det gjekk rykte tidleg på 1940-talet, men både regjeringa i England og norske motstandsfolk har i alle år gøymt seg bak «Me visste ikkje…». Sanninga i heile si gru, kom fram først etter krigen.

Korleis vil framtida dømma vår samtids abortar?

Dommen i ettertid var knusande over Stalin, Hitler og dei andre. Men Stalin har «Den raude arme» å dela skulda med. Hitler har sine jublande tilhengjarar, SS-troppar og mange av landa sine mest intelligente å dela skulda med. Ein av dei var Quisling, eit «geni» med det beste artiumsvitnemålet i Noreg til dess!

Men kven skal framtida «dra til doms» for alle abortane i vår tid?

Slik opplegget er, er det kvinnene. Dei åleine. Når dei brukar «sin fridom og sin rett» til å få fjerna fosteret, har dei ingen å dela ansvaret med. Ingen mann og medansvareleg for barnet som er laga. Ikkje noko statsapparat som er pliktig å skapa gode livsvilkår for alle sine innbyggjarar, fødde som ufødde. Til og med den støtta er teke frå kvinnene med loven i hand.

Uendelege i variasjon, og fulle av liv...

Dersom framtida kjem til å dømma vår samtid for loven om «fri abort», er det berre ein juridisk person å leggja skulda på: kvinna.

Er det rart at eg ser for meg kvinna i evangeliet til Johannes?  Ho som stod der så einsam mellom alle som var ferdige til å steina henne?

Måtte vår tids kvinner også høyra orda frå Jesus: «Heller ikkje eg fordømmer deg. Gå bort og synd ikkje meir!»

Dei orda treng me enten me er menn eller kvinner, abortmotstandarar eller abortforkjemparar.

Det er einaste som kan frelsa oss……….



[i] https://www.sv.uio.no/mutr/publikasjoner/rapporter/rapp2001/Rapport35.htm    Teke ned 02.08.21

[ii] Frå kapittel 2: «Linjer i norsk abortlovgivning og abortpolitikk (1)», 5. avsnitt.

[iii] Samme, Kapittel 5, undertittel: «Abortspørsmålets kontroverser og forebyggingens tvetydighet», 9 avsnitt.

[iv] Frå samme kjelde, men med undertittel «Mot en abortlov», 3. avsnitt.

[v] https://sml.snl.no/abort  (Teke ned 02.08.21)

[vi] https://www.who.int/news-room/fact-sheets/detail/preventing-unsafe-abortion

 --------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller teksst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg...

Om å saga av greina ein sit på 

 Eg hugsar at me som born såg teikninga av ein som sat på greina han heldt på å saga av. Me lo av han, for han saga mellom seg sjølv og stammen. Me såg for oss korleis den dumme mannen ramla ned og slo seg. Ha, ha, ha! 

Men er det ikkje det me heldt på så gjera som nasjon? Du som føl med bloggen min, - eg har sagt før at du gjer det på eige ansvar - veit at jødar og Israel opptek meg. Så kvifor ikkje ta med eit jødisk ordtak? Vel, eg har berre høyrt ein seia det, så «lyg han, lyg eg». (Der var det far min sa når han refererte til noko han ikkje var heilt sikker på). Men ordtaket er slik: Den som drep eit menneske, drep ei heil slekt.

 Denne tenkemåten flytter fokus forbi individ-nivå til eit slekts- og nasjonsnivå. Og kvifor skulle me ikkje gjera det i abortus provocatus-samanheng?    

Eit av vår tids største problem, er einsemd.
      

I koronaåret har me vorte informerte om talet på sjuke, korleis smitten breier seg i samfunnet og R-tal som går opp eller ned. Smitte på 1, vil seia at det er berre ein som vert smitta av kvar sjuk. Då kan helsetoppane senka skuldrane. Men stig talet mykje, høyrest det ut til at dei nesten får panikk! Kvifor? Jau, etter som dette talet aukar, stig talet på nye sjuke drastisk. Dersom kvar nye sjuke smittar fem, og coronaen breidde seg i tilsvarande over heile landet, var neste «runde» 25, neste 125, neste 250, neste 500 og så vidare til sjukehusa var fulle og helsetenesta «knelar». Det er forresten eit nytt begrep om land med ukontrollert smitte, ingen ledige sjukesenger og heller ikkje nok oksygen. Helsestellet braut saman, har det stått i media. Det «knelte»! 

 Kan noko liknande skje i eit land om det vert fødd for få born?

 Brukar me same reknemåten på folketalsvekst, er ikkje den grafiske kurven ulik. Med koronaen kan den eine vera opphav til ein heil epidemi. Seksuelt må det to til for å laga barn, men dei to kan vera opphav til ei stor slekt. I min foreldregenerasjon var det ikkje uvanleg med 10 born eller meir. Eg har høyrt om ein mann på ei øy vestom Bergen som hadde over 24. Med to koner, riktig nok. «Og endå skulle han vera kristeleg», la ho til ho som fortalde det… 

Får ein mann og ei kvinne berre 2 born, er folketalesveksten 0, sidan folketalet ved foreldra sin bortgang, ikkje har auka. Berre ein fødd for kvar som døyr. Men fekk dei to fire born, ville talet dobla seg. Dei ville skapa ein folketalsauke på 100%! Slik ville talet gå opp i kvar generasjon om barnetalet pr. ektepar var det same. 

No veit me at realiteten er anleis. Ikkje alle kan eller vil få born, nokre born døyr under oppveksten og så vidare. Likevel gjev eit slikt tankeeksperiment eit bilete av korleis ting fungerer. 

 Teoretiserer me på same måten over talet på abortar, får me ein graf med negativt forteikn. Tenkjer me oss at begge foreldra kom frå abortstatistikken, og etterkomarane deira i generasjon etter generasjon fekk like mange born, får me ein graf som viser den slekta dei aborterte fostera kunne vore opphav til. Dersom i tillegg berre den eine personen kom frå abortstatistikken og den andre kom «utanfrå», ville stigninga vore mykje brattare om me berre fokuserer på den som ikkje fekk lov å leva. Han eller ho ville ha etterlata seg 4. Det utgjer ein folketalsauke 300 %. 

Også blomster trivst best i lag...
Offentleg statistikk (1) over svangerskapsavbrot frå 1979 til 2020 syner eit gjennomsnitt på 14 000 abortar i alle desse åra, noko som rundt rekna 600 000 vert individ. Seier me at halvparten av desse var jenter og halvparten gutar, og dei fekk born tilsvarande ekteparet i eksemplet, ville dei etter ein generasjon (25 år) teoretisk utgjera 600 000 : 2 x 2 = 600 000, og etter hundre år frå starten utgjera 2 400 000 menneskje! Kom berre ein av foreldra frå abortstatistikken og me valde berre å fokusera på dei det eine fosteret kunne vora opphav til, ville talet vore 5 400 000! Om du ikkje trur meg, kan du kontrollera sjølv. 

No er dette berre eit tanke-eksperiment. Rein teori, men nyttig. Det forklarar delvis grunnen til at skular vert lagt ned over heile landet, at fleire og fleire hus ut over bygdane vert «sommarhus» eller berre står og rotnar ned, og at norske skipsverft, fabrikkar og landbruk går i stå om «me» ikkje får importera nok arbeidskraft. 

Me kan ikkje berre skulda på aborttalet for nedgangen av både fagarbeidarar og barnehage- og skuleborn. Kor mange born som hadde vorte fødde totalt om moderne prevensjon, fri abort osv. ikkje hadde eksistert, veit ingen. Men at abortloven er ein reell og medverkande faktor i både nedlegging av skular, minkande folketal i kommunane og eldebølgja, er etter mi meining heilt logisk. 

«Norske nordmenn i Noreg», som ein lektor på lærarskulen kalla oss, er ein utdøyande rase. Tenk på det når du går rundt i nærmiljøet ditt om dagane. Kor stor prosent av dei du ser, er unge eller mindreårige, og kor mange såkalla «eldre»? Eg har gjort det der eg har vore. Det store fleirtalet høyrer til «eldrebylgja», eller er der om kort tid. Og «eldrebylgja» er her fordi vår generasjonen fekk mindre born enn dei før oss, generasjone etter oss endå færre, og så vidare i ein vond spiral. 

Eit koronaår ligg bak oss. Det har vist at talet på norske arbeidarar er under det landet treng for å overleva. Me er heilt avhengige av import av folk. Det er OK, spør du meg. Om me er aldri så norske både av ætt og kultur, er me ikkje det plukk meir verdifulle enn andre menneske. Heller ikkje meir verdifulle enn alle dei borna som ikkje får lov å verta fødde. 

Men den dagen me ikkje kan importera arbeidskraft, eller importera maten som eit levande og godt jordbruk skulle ha sikra landet vårt i krisetider, er Noreg ille ute. Koronakrisa har vist oss kor skjørt verdssamfunnet er. I ein global krisesituasjon der handel og transport går i stå, vil oljefondet sin verdi og nytte stupa. Om me har pengane, men ikkje kan kjøpa maten me treng, og heller ikkje får selja dei varene me greier å produsera utan importert arbeidskraft, kva hjelper det? Tala er fine å sjå på, men pengane kan ikkje etast eller brukast i staden for medisinar som me ikkje kan produsera sjølve.

Stokkendene søkjer saman når vinterkulda set inn
 

Grafar og prognosar er ikkje reelt liv

Styresmaktene, bankane og arbeidsgjevarane fortel oss ofte korleis dei «trur» framtida vil verta «etter koronaen». Det vert vist til studier og grafar om handel og reiser og arbeidskraft der data vert prosjiserte fram i tid. Når det gjeld abortstatistikk og framtidsprospekt, har eg aldri høyrt at nokon nemna dei negative verknadane i folketal og i landet si evne til å møta framtidige utfordringar.

Statsministeren gom nertt gjekk av, klaga over at det vert fødd for lite born her i landet. Mange har kome på bana med råd om korleis dette skal kunna gjerast betre, men ingen har nemnt den negative effekten fri abort har for landet. Derimot ser det ut som om mange, og først og fremst dei yngre, vil gjera loven endå meir liberal og situasjonen endå verre. Kvar er logikken? 

Eit anna område der eg meinar at styresmaktene fråskriv seg ansvar, er for dei som har etterverknader etter abortane. Ikkje alle reagerer likt, det veit me, men at mange har problem etter å ha teke abort, synest å vera klårt. Naturleg nok gjeld dette først og fremst kvinner, men og menn opplever det vondt at barnet dei var med å laga, og som dei ynskte skulle få sjå leva opp, vart teke av dage utan at dei fekk ha eit ord med i laget. 

Me menneskje reagerer forskjelleg. Nokre har det verst første tida etter ei slik hending og andre seinare, kan det sjå ut som. Eg har lese om kvinner som seier at dei ber på sorg og anger. Dei har eit sår inni seg som dei reknar med å ha livet ut. 

Kvifor vert det forska så lite på skadeverknadane etter fri abort i landet vårt, både dei relaterte til folketalsutviklinga i landet, og dei relaterte til fysiske og psykiske etterverknader hjå kvinner som har gjennomgått inngrepet? På same måten som det vert forska på alle andre slags problem og lidingar, kvifor skulle dette området vera så neglisjert? 

Er livskvaliteten til dei som slit med etterverknader uvesentleg for autoritetane, eller er dei redde for at forsking på dette skulle syna kor feilslegen politikken er? 

[1] https://www.ssb.no/  under svangerskapsavbrudd, teke ned i august 2021.

-------------------------- 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.