fredag 1. oktober 2021

Om å ta ansvar…

Evangelisten Johannes skriv om ei hending som har vore emne for mange preiker gjennom tidene. Det er soga om kvinna som vart teken i hor, Joh. 8, 2-11. Nokre «skriftlærde og farisearar» kom dragande med henne, og no ville dei sjå om ikkje Jesus og ville dømma henne frå livet.  

Gjennom Moses hadde Gud gjeve jødane lover om mellom anna utanom-ekteskapeleg samliv, til dømes 5. Mos. 22, 13 - 29. Mange oppfattar Loven (Toraen) som «hårde bud», men dei gav israelsfolket ein etisk og moralsk grunnmur som truleg ingen i samtida hadde maken til. 

Situasjonen kan tyda på at kvinna i Johannes 8. kapittel var gift, og var teken medan ho låg med ein annan mann. Berre sjå kva det står i 5. Mos. 22, 22.

Men forteljinga hjå Johannes stemmer ikkje med det loviske utgangspunktet. Etter loven skulle begge, både mannen og kvinna, stillast fram for dommen. Dei var saman om synda, og dei skulle begge stå ansvarlege.

Hjå Johannes er det berre kvinna som vart  dregen fram for å få sin dom. Mannen hadde tydelegvis fått lov å gå sin veg. Eller gjekk han opp i røyk? Ikkje veit eg, men for meg er det som heldt på å skje der og då, blodig urett. Mot kvinna og mot den Gud som gav loven (Toraen).

 Sjølv den minste knopp har liv og utvikling i seg...

I det heile gav Gud mange påbod om kvinner som ikkje stemde med tida då dei vart skrivne. I mange tilfelle er skilnaden stor endå. Framleis er det slik i den semittiske verda, og då reknar eg ikkje berre jødane, men alle Sems etterkomarar, at det er heilt andre lover og rettar for kvinner enn dei Toraen forkynner. Millionar på millionar kvinner i landa rundt Israel, står framleis på eit nivå der dei ikkje har «sjel», utan at eg forstår korleis det kan grunngjevast.

Men etter det Johannes skriv, skulle kvinna steinast. Mannen derimot kunne gøyma seg i kulissane medan ho stod juridisk sett «naken» og dømd på scena. Kva rettferd er det i slikt?

No gjev Jesus sjølv svaret: «Heller ikkje eg fordømmer deg. Gå bort, og synda ikkje meir!» Og det gjorde ho, får me tru. Ho forsvinn i alle fall ut av soga. Men, du verda for ein soloppgang ho opplevde på  ein nattsvart dag!

No spør du kanskje kva denne forteljinga har med dagenes abortlov å gjera? Kva parallell finst det mellom bibelsoga og kvinna «sin rett til å bestemma over sin eigen kropp» å gjera?

Fri eller ufri abort?

Loven om «fri abort» i vårt land er like urettferdig mot kvinna som vel må ta abort, som henne Johannes skreiv om. Det er urettferdig at berre kvinna skal ha ansvaret for det gryande livet ho ber inni seg, og for den eventuelle aborten eller feticidet ho vel. Etter loven er det kvinnene - og dei åleine - som har ansvaret, skulda og lidingane i den vanskelege perioden dei må gå gjennom om dei vel abort.

Mennene, for mann og kvinne må til for å laga eit barn, kan legalt sett stikka seg vekk utan både skuld og ansvar. Eller endå verre: Kanskje mannen elska og ynskte barnet, men vart «sparka ut» av samanhengen fordi dei som laga lovene ikkje var interesserte i kva ansvar, rettar eller plikter som føl med i det å laga eit barn. Det passa ikkje dei som fekk loven gjennom, å gjeva faren til barnet stemmerett i avgjerda. Det synest eg er urettferdig. Fedrene til borna som vert fråtekne liverts rett, er fråtekne retten til å bestemma over barnet som også ber deira gener, inkludert å velja om barnet skal få leva eller døy. Sett frå den synsvinkelen, ville det vera rett å snakka om u-fri-abort!

Like urettferdig er det at staten på lovgjevande og utøvande nivå fråskriv seg alt ansvar og legg heile ansvaret og all «skulda» på kvinnene. Tidlegare tider gav både det ufødde livet og mora, rettsvern. Då vart abortus provocatus, feticid, dømt og straffa, og det var staten sitt ansvar å sjå at slikt ikkje føregjekk.

Eg har høyrt kvinnesaksforkjemparar seia at «dei har sett kvinnene fri». Kanskje meinar dei at fridomen ligg i at faren til barnet er utan stemmerett og ansvar? Eller at staten fråseier seg ansvar for dei ufødde borna, og for alle fylgjer abortane har for både einskildindivid og for landet si framtid? Eg greier ikkje å forstå at ansvar, fysisk og psykisk liding og eventuelle seinverknader av aborten, kan sjåast på som ein gåvepakke til nokon.

No er det offentlege ansvarleg for tilrettelegging, økonomiske ressursar og sjukehusplassar til abortinngrepa. At denne ressursbruken går ut over andre sårt trengjande sektorar i norsk helsestell, kan heller ikkje væra mykje å ropa hurra for.

Eg ser altså ingen «fridom» i at kvinnene må bera ansvaret og skulda medan mennene og staten – vår såkalla «rettsstat» - kan gjera som Piltaus, - vaska hendene og seia: Me er utan skuld i at desse ufødde borna må døy, og at mange kvinner resten av livet slit med fysiske og psykiske seinverknader av inngrepet! Det får kvinnene svara for sjølve… ? (Fri parafrase over Mat. 27,24).

Når samfunt fråskriv seg ansvar og legg heile avgjerda på kvinnene, gjer dei då samstundes kvinna som tek denne avgjerda, til "syndebukk"?
?

 

Syndebukkar?

Jødane sin Bibel (vårt GT) har ein forunderleg lov knytt til den store soningsdagen (Jom Kippúr) på jødane sin kalendar. Då skulle dei velja seg ut ein bukk, - bokstavleg talt ein «syndebukk» (3. Mos. 16,21-22). Aron (øvstepresten) skulle leggja hendene på hovudet hans, bekjenna sine og folkets synder, og så skulle bukken «sleppast laus i øydemarka». Til mat for ville dyr, for å svelta i hel eller kva veit eg. Det seier Loven ingen ting om.

Men uansett korleis bukken opplevde «frigjeringa», så kunne folket i alle fall prisa seg lukkelege. Dei var «frie» syndene sine, og «bukken» fekk greia seg så godt han kunne så lenge han greidde.

I folkemordsamanheng er Stalin, Mao, Hitler, Chiang Kai-shek dei største syndebukkane verda over, men der er utallege andre. Kjende og ukjende, heilt ned i dei enklaste mellom-menneskjelege relasjonane.

Me menneskje leitar ofte etter «ein syndebukk» å leggja skulda vår på eller gøyme oss bak. 

Men er det rett å leggja alt ansvar for både barnet under utvikling og framtida for vår eksistens som samfunn, på einskildmenneske på denne måten?

Er du einig, eller er det berre eg som treng det?

 ---------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar