fredag 1. oktober 2021

 Kva er rettsvern?

Bibelen sine ord om å drepa gjorde at mange lands lovar vart endra etter som landa vart kristna. I Noreg gjaldt det ikkje minst drap av uynskte born, som ofte var jenter og born med diverse handicap. Dei vart sette ut i skogen for å døy. Ein heidensk praksis som vart forbode då kristendommen kom til landet.

Folkemord vart vanskeleg å få dømt i tidlegare tider då det ikkje fanst nokon internasjonal rettsinstans massemordarane kunne stillast fram for. I deira eige land kunne det skje med maktskifte, men ofte var folkemordarane då døde, eller hadde rømt. Uansett vert dei sett på som «umenneskje» av dei fleste i sitt eige heimland og i verda elles.


Det nye i det tjuande århundret var at Folkeforbundet og seinare FN laga ein domstol som kunne dra folkemordarar for retten, og då på eit høgare nivå enn det den enkelte staten kunne gjera. Eit døme for ikkje lenge sidan var frå borgarkrigen i Jugoslavia og folkemordet der.

Gud er den som gjev alt liv...


Men, så langt eg veit, har berre eitt av alle –cida (drapa), gått frå svart til kvitt, og frå  kriminell handling til noko fullt lovleg. I tillegg skjer det i vårt land med store offentlege kostnader både økonomisk og praktisk. Eg tenkjer då på det som før vart kalla fosterdrap, - feticid -  på latin. 


Den store forandringa kom i 1979 då kvinner fekk rett til sjølvbestemt abort, innanfor visse grenser. Desse grensene har vorte endra, og er delvis debatterte enno.


Det samfunnsvitenskaplige fakultetet på UIO laga i 2001 ein rapport om «Abortpolitikkens utfordringer». «Tabell 1. Milepæler i utformingen av norsk abortlovgivning- og politikk», fortel at i 1902 kunne mora få inntil tre års fengsel og legen inntil seks år for å ha utført ein abort. (Straffelova § 245) i


Tabellen og rapporten viser også utviklinga mot den komande lovendringa, men ikkje historikken bak sjølve lova. 


Eit mykje vidare historisk perspektiv gjev «Barnedrap og dølgsmålsfødsler i Norge 1860-1915», ei masteroppgåve i historie på Universitetet i Bergen frå 2015.ii  Ut frå dette kjem det klårt fram at det ufødde barnet hadde likegodt rettsvern som barnet som vart fødd normalt. Både feticid (fosterdrap) og infanticid (barnedrap) inngjekk i same lovparagrafen. I tillegg var både mora, faren og den som utførde aborten ansvarlege for det som hadde skjedd, alt etter den grad dei hadde eller ikkje hadde vore medaktørar i ugjerninga. 


Liknande lovgjeving har i tidlegare tider vore normale i store deler av verda, i alle fall i land det er naturleg å samanlikna landet vårt med.

Sjølvbestemt abort, rettsvern for kven?

Det mentale biletet av ordet «sjølvbestemt», er at det er kvinna som har rett å bestemme. Ho åleine. Det er ho som skal bestemma «over sin eigen kropp», får me stadig høyra. Lat det vera klårt: Dei aller fleste av oss, enten me er menn eller kvinner, meinar det er sjølvsagt at kvinnene skal bestemma over sin eigen kropp i normale situasjonar. Men er ein graviditet det?


Under spesielle tilhøve kan det vera nødvendig å sjå vekk frå den individuelle retten til å bestemma over sin eigen kropp. Eg hugsar ein kamerat som knekte foten (for rundt 60 år sidan). Han hylte då både me og dei frå dokterkontoret ville hjelpa han: «Ikkje rør meg! Lat meg liggja!» Men var det rett å lyda han? 


Han som ropte, hadde det forfærdeleg vondt der og då. Men nokon måtte ta ansvar, overhøyra ropa hans og få han til dokter og sjukehus. Etterpå var han glad for at nokon hadde hjelpt han. Sjølvsagt!

Gud skapte uteljelege variasjonar av liv på jorda
  

Det som tidlegare lovgjeving tok høgde for, og som eg meinar at vår noverande lov ikkje vil erkjenna, er at ei gravid kvinne ikkje lenger har ansvar berre for sin eigen kropp. Ho har også ansvar for eit nytt og spirande liv inni seg. Ved starten av ein gaviditet går kvinna over i ein ny rolle som mor og omsorgsperson - for fosteret og for barnet som i si tid skal verta fødd. Det er ein rolle kroppen til kvinnene har førebudd seg på lenge. Det ligg og i den mentale utviklinga ei jente normalt gjennomgår fram mot vaksen alder. 


I «gamle dagar», då eg vaks opp altså, leika jentene med dokker, tok seg av småsysken og var miniatyr-mammaer frå dei var ganske små. Me gutane dreiv med andre ting og var «tøfffe karar» med ei heilt anna tilnærming til vaksenlivet.


(No bør eg ikkje fortapa meg i minne frå tid langt tilbake, eller klaga over det som som skjer både når det gjeld kjønnsrollar og kjønnsoppfatning. Det får eg ta det ein annan gong.) Men inni meg ligg eit spørsmål «og gneg»: 


Kva har skjedd sidan ufødde barn som har vore sett på som ein velsignelse og i norsk lov fram til 1979 hatt definert rettsvern, no ser ut til ikkje å ha nokon juridisk eller menneskeleg verdi?


Mange står fram og argumenterer for fri abort nesten fram til fødselen. Kva har skjedd med politikken - og empatien?


For den som trur på Gud (Adonai), har Bibelen mykje å læra oss både om livet før fødselen og etterpå. «Dag 1» er ikkje fødselsdatoen min. Dag 1 – i Guds kalender – var rundt 270 dagar tidlegare.  


Men det og får eg kanskje koma tilbake til ein annan gong….

--------
 
i WWW.sv.uio.no : Rapport av 1999 om «Abortpolitikkens utfordringer», teke ned 31.07.21.
ii https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/1956/10024   teke ned 31.07.21. 

------------

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar