fredag 1. oktober 2021

Blodspor gjennom historia

 I bloggen av 25. januar 2021 brukte eg eit sitat frå «Mein Kampf» av Hitler, henta frå boka «Folkemordenes svarte bok», red. Bernt Hagtvedt og utgjeve på Universitetsforlaget i 2008. Mellom forfattarane i boka er Bjørn Westlie som skreiv «Fars krig» (sjå blogg av 21. januar i 2020), og Bjarte Bruland som var med og skreiv «Mot-boka» til «Hva visste Hjemmefronten» av Marte Michelet. 

«Folkemordenes svarte bok» er ein murstein som krev tid til både å lesa og fordøya. 

 «Kapittel 3: Folkemord» av Nils Johan Lavik går inn på medisinske og psykologiske aspekt. Nytt for meg var uttrykket «Democid» som er «forsettlige drap på en ubevæpnet person av regjeringsagenter som handler i deres autoritative kapasitet og i henhold til regjeringens politikk og overkommando». (Rudolph Rummels definisjon, teke frå nettet https://no.qaz.wiki/wiki/Democide -Teke ned 21.02.21.

Under democid plasserer Rummel desse (s.68): 

    Genocid: folkemord etter definisjonen i FN-konvensjonen. 

    Politicid: drap av befolkningsgruppe av politiske årsaker. 

    Massemord/massakre: udiskriminert drap av en hvilken som helst gruppe av personer. 

    Terror: dødskvadroner, forvisninger, utrenskninger. 

Han skriv: «Man bør merke seg at begrepet democid ikke omfatter militære og sivile dødsfall direkte knyttet til krigshandlinger mellom stater eller borgerkriger.» (Understrekinga er gjort her). 

Dette er eit kriterium som er svært vanskeleg å forstå ut frå ting som hende i 2. verdenskrig. Eg tenkjer på Tyskland (inkludert dei norske frivillige SS-soldatane) sin innsats under framrykkinga på Austfronten. Ein sentral del av krigføringa var å samla den jødiske sivile befolkninga i landsby etter landsby, og regelrett slakta dei ned. At det var folkemord, trur eg få vil vera usamde i, men skal det ikkje reknast som democid fordi det var ein del av krigføringa mellom Tyskland og Russland? 

Som døme på democid, står dette (s. 69)

    Sovjetunionen under Stalin: 42,6 millionar. 

    Kommunistkina under Mao: 37,8 millionar. 

    Nazityskland under Hitler: 20,9 millionar. 

    Nasjonalist-Kina under Chiang Kai-shek: 10,2 millionar. 

Desse tala fortel ingen ting om kor stor del av den enkelte, uynskte folkegruppa som vart utsletta. Holocaustsenteret i Jerusalem (Yad Vashem) sin statistikk seier til dømes at av Polen sine 3.3 millionar jødar, vart 3 millionar utrydda under Hitler. Dermed vert folkemordet relatert til gruppa «jødar», endå meir skremmande Folkemord har vore ein del av menneskja si soge gjennom alle tider. Det har forekome på alle kontinent og i bortimot alle tider. Ikkje minst me euro-amerikanarar har mykje blod på samvitet. Tenk på massakrane som dei store oppdagingane førde med seg både i Amerika og andre delar av verda, koloniseringa og seinare det tjuande århundre sine krigar og overgrep. 

Rummels reknar at 167 millionar menneskje er drepne ved democid frå 1900 til 1987, informasjon forfattaren koblar mot undertittelen: «Mennesket – den viktigste årsak til død og lidelse». (s. 71). 

Kapittel 20: Det norske holocaust 

Dette kapittelet av Bjarte Bruland gjev mykje informasjon om «Forsøket på å tilintetgjøre de norske jødene». (s. 425). Her står om mykje frå utfyllinga av skjemaa og registreringa jødane måtte gjennomgå, til konfiskeringa av jødisk eigedom. 

 I underkapittelet «Krigsoppgjøret og jødene» kan ein lesa om korleis norske politimenn slapp unna ansvaret fordi «de opplevde sin medvirkning som tids-begrenset, underordnet og ubetydelig» (s. 435), og som det vart kommentert: «Forbrytelsene mot jødene fikk altså ingen «egenvekt» i landsvikoppgjøret» (s. 436). 

Trist og å lesa underkapittelet «Konsekvensen av deportasjonen for den jødiske befolkningen i Norge» (s. 438ff). Til dømes vart jødar som budde i Noreg, men ikkje hadde norsk statsborgarskap før krigen, nekta av den norske stat å venda tilbake til heimane sine. 

Underkapittelet «Etterkrigstidens tolkninger – det selektive minnet» (s. 440 ff) stemmer med det som har føregått siste åra, til dømes rundt «Hva visste hjemmefronten», «Motboka», og innslag i media og elles. 

Ei side med oppgjeret etter krigen som eg aldri hadde fått særleg informasjon om, er «Kapittel 23. Oppgjøret med kontorbødlene. Historien om erstatningsoppgjøret til norske jødiske medborgere». (s.469 ff av Bjørn Westlie). 

«Kontorbødlene» er namnet Westlie gjev alle dei kjende og ukjende byråkratar som var med på å organisera - ikkje berre gripa jødane i landet, men og å ta hand om alt det dei hadde av verdiar. I denne prosessen inngår både «listeførerne» og «likvidatørene» som Westlie kallar dei (s.472ff). Alt ned til blomstervasar og golvmatter vart registrert og seinare «fordelt» eller selt til tyske og norske interessentar. 

Etter å ha lese Bernt Hagtveit sitt kapittel «Den farlige renhetslengselen» (s.21ff), er ikkje spørsmål om nye folkemord vil skje, men når det vil skje. Like viktig er spørsmålet om me vil våga skinnet og protestera når me ser det skje… 

 Hagtveit skriv: 

    Det nazistiske Tysklands nitid planlagte kollektive mord på jødene og sigøynerne – godt hjulpet av vitenskapelig planleggingsrasjonalitet og moderne registreringsmetoder (f.eks. IBM-kort) – kan med andre ord betraktes som utslag av den vestlige sivilisasjons tekniske og politiske struktur, drevet ut i det ekstreme. Slik ser Bauman på holocaust som en pålitelig prøve på moderne samfunns skjulte potensialer.

Med en beslektet formulering av en teolog, Richard L. Rubenstein, som foregrep Baumans folkemordforståelse med mer enn et tiår, må jødeutryddelsens betraktes som et: … uttrykk for noen av de mest betydningsfulle politiske, moralske, religiøse og demografiske tendenser i det 20. århundres vestlige sivilisasjon. 

… Holocaust er et vitne om sivilisasjonens fremgang inntil det punkt hvor massakrer i masseskala ikke lenger er en forbrytelse og statens suverene makt så uinnskrenket at millioner av mennesker blir fratatt sine rettigheter og dømt til å bli del av de levende dødes verden. (s.34). (Kursiv innsett gjort av meg).

Grusomt og umenneskeleg, spør du meg…. 

-------------------- 

Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar