onsdag 13. oktober 2021

Når er rette rett, og når er rett gale?

I boka «Folkemordenes svarte bok» utgjeve på Universitetsforlaget i 2008, er den polsk-jødiske juristen Raphael Lemkin (1900-1959) nemnt. Han lanserte uttrykket «genocid», eit ord som var nytt for meg. 

«Det er en sammensetning av det greske ordet genos (stamme,folk) og det latinske cidium (drap). Ordet genocid svarer altså til ord som tyrannicid, homicid, patricid» (s. 60, 2. avsnitt). 

Slik eg forstår Lemkin og FN, ekskluderer tankebiletet democid drap på individnivå. På Austfronten under andre verdenskrig var overgrepa på jødar og russiske soldatar (særleg dei med asiatiske trekk) umenneskelege, men «kongstanken» til Hitler var å renska ut alle ikkje-ariar som var der, og så skapa eit nytt og heil-arisk rike. Det democidet strekte dermed seg ut over både individ-nivå og gruppenivå, og hadde som mål den reine rasestaten med «Übermenschen». Sett på den bakgrunnen, gjekk det democidet vidare enn FN sin definisjon som byggjer på «å ødelegge helt, eller delvis, en nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøse gruppe som sådan» (Artikkel II). Spørsmålet om den enkelte gruppa av menneskje, var uvesentleg. Målet var generell fjerning av alle ikkje-ariarar, i alle fall så langt eg forstår det.

Samansette ord med – cid (= drap), var ikkje noko nytt. Lemkin grunngav namnet med ein parallell til andre ord som sluttar på –cid, til dømes homicid (når eit menneske drep eit anna) og patricid (når eit barn drep sin eigen far). Nærliggjande til dei to er matricid (når eit barn drep si eiga mor) og filicid (når foreldre drep sitt eige barn) og infanticid (barnedrap). I mi begrepsverd, var – cid alltid brukt på individnivå, og det var enkeltindivid som miste livet. Ordet democid sprengde for meg grenser og skapte eit vidare og generelt begrep som gjekk ut over individ- og gruppenivå. 

No for tida går ordet att i mange kjemiske brosjyrer: baktericid, fungicid, herbicid, insekticid og så vidare, men alltid knytt til tanken å ta livet av noko eller nokon. Tankebiletet dei skal overføra til kjøparar og brukarar, har, som democid, ideen om ei generell utrydding. Baktericiden til dømes siktar ikkje inn på den enkelte bakterien eller tuberkulosebasillane generelt, men er eit middel til å drepa alle bakterier. 

Var «The Survival of the fittest» bakgrunnsteppet for folkemorda? 

Herbert Spencer lanserte ideen i 1864 som uttrykk for naturleg seleksjon. Darwin overtok begrepet og brukte det seinare i utviklinga av sine «Principles of Biology». Tanken er at den best tilpassa, er den som skal overleva og føra slekta vidare. Individet sin eigenverdi er derfor underordna. Det er fellesskapet – rasen eller gruppa (begrepa som FN-konvensjonen brukar) som er vesentleg og verdifull. 

Eg har tidlegare vore inne på i blogginnlegg om rasetenkinga som rådde også i vårt land i starten på 1900-talet, og som resulterte i overgrep mot jødar, sinnsjuke, tatrar, og andre slik dei vart kalla den gongen, Tankegangen til nazistane var «Übermenschen» og «Untermenschen», herrefolk og slavefolk. Herrefolket var sjølvsagt «the fittest». Det ligg i ideen. Rasetenkinga gav «die Übermenschen» retten – også juridisk - til å ta livet av millionar av «die Untermenschen». Det vil seia etter å ha brukt dei (i tvangsarbeidsleirar m.m.) så lenge dei var nyttige på vegen mot herrefolket sitt «overordna mål»: rasens verdensherredømme. 

Denne tankegangen finn me ikkje berre i andre verdenskrig. Det er det triste bakteppet til «den kvite mann» sin oppførsel både under dei store oppdagingane og i koloniane ikkje minst. Me treng ikkje gå så langt tilbake i vårt eige land heller før me finn tankane i behandlinga av både samar og romfolk…. 

Forresten, det ligg «i oss» endå. For ikkje lenge sidan høyrde eg om eit prosjekt der dei «kopierte» ein norsk fabrikk til eit land langt vekke. Oppstarten og opplæringa var gjort med norske fagfolk. Men når lokale arbeidarar med tilsvarande utdanning skulle driva fabrikken, gjekk det dårleg. «Det vil ta generasjonar før dei kan greia det», vart det sagt. Problemet var måten å tenkja på og haldningane som arbeidarane viste. Det låg langt «under vårt nivå». Tilsvarande tankar har eg dessverre også høyrt i misjonssamanheng. (Sukk).

 Litt juss til slutt.
Liv er skapt for å leva.....

Byggebransjen arbeider etter absolutte krav
Litt juss til slutt.

Drap skal tradisjonelt verta straffa. På individnivå med nasjonale lover, og etter konvensjonen av 9. desember 1948 i FN på internasjonalt nivå.

Gulatingslova, den eldste på våre kantar, hadde reglar for korleis drap skulle dømmast. Det gjalt den som utførde drapet, men og at slekta kunne ileggjast bøter ved drap. Nyare norsk lov gjekk på individet, det vil seia den som utførde drapet, enten det var matricid, patricid, infanticid eller andre drap. Staten sitt ansvar var å laga lovane, og å straffa mordaren, men ikkje resten av slekta.

Det nye som FN-konvensjonen bestemmer, er at folkemord skal straffast ut frå internasjonal juridisk rett:

Artikkel IV: Personer som begår folkemord eller noen av de andre handlinger som er oppregnet i artikkel III skal straffes hva enten de er konstitusjonelt ansvarlige statsoverhoder, offentlige tjenestemenn eller privatpersoner».

Alt frå 1945 fanst det ein domstol for «mellomfolkelig rettspleie» i Haag. Den er i dag «FNs domstol og folkerettens eneste generelle internasjonale domstol».[i]

«Den internasjonale straffedomstolen (ICC) er en fast domstol som kan straffeforfølge enkeltindivider for krigsforbrytelser, forbrytelser mot menneskeheten og folkemord».[ii]

Så langt om dette no. Vonar å koma tilbake til desse spørsmåla, og då ut frå ein annan vinkel i ein seinare blogg: Bør ikkje etikken og jussen arbeida ut frå absolutte førebilete slik som til dømes meterstokken er i byggebransjen?

[i] no.m.wikipedia.org teke ned 31.07.21 

[ii] Domstolen i Haag + folkemord / www.google. com  teker ned 31.07.21

Det er ikkje tillate å bruka bilete eller anna frå bloggen min uten skriftleg løyve frå meg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar