mandag 25. februar 2013

Var acheane tyskaren Mayntzhusen levde i lag med, forfedrene til dei som er i Puerrto Barra i dag?


Biletet på minneplata i Capitan Meza. (C):IBJ
Friedrich Christian Mayntzhusen vart fødd i Hamburg i 1873. Familien var rik, og han studerte både agronomi, filosofi og økonomi før han i 1896 sette kursen mot Sør-Amerika. Første åra budde han i Entre Rios, den delen av Argentina som ligg aust for elva Parana.

I 1904, eit par år etter at Martens hadde rømt landet på grunn av ”byllepesten”, fekk Mayntzhusen farsarven sin og kjøpte jord i Paraguay. Martens hogg i skogane nord for Pirapo. Elva var viktigaste ferdselsåra den gongen, og elveosane vart brukte som hamner. Frå desse hamnene gjekk det så vegar innover i landet, og langs vegen sette dei namn etter kor mange kilometer staden låg frå elva. Slik ville ”Pirapo 1” liggja 1 kilometer frå hamna, ”Pirapo 2” 2 kilometer, osv.

Mayntzhusen reiste til den andre elveosen nord for, eller ovanfor Pirapo, til elva Yaguarazapa. Staden hadde etter 1888 vore kalla ”Puerto Candelon”. Her grunnla han ”Colonia Mayntzhusen”. Den totale eigedomen vart kalla “Tabay” og var på 43.682 hektar.[i] ”Tabay” er namnet på ein landsby som ligg 10-15 norske mil frå elva! Frå 1907 skaut salet av jorda fart. Dei feste nybyggjarane var tyskarar.

Det som gjer at eg inkluderer soga om Mayntzhusen her, er hans heilt spesielle relasjon til acheane i skogen sin. Den nye kolonien var stort sett skog. Når Martens skriv at dei gjekk nordover frå Pirapo til Monday, gjekk han gjennom den skogen Mayntzhusen kjøpte få år etterpå. Truleg stod treet acheen leita etter honning i, også i hans skog.

Men Mayntzhusen hadde ei heilt anna innstilling til acheane enn folk flest. Han fekk venskapeleg kontakt med dei, og ein heil del slo seg ned som meir eller mindre fastbuande hjå han. Gjennom dei 10 første åra bygde han opp tillit og skaffa seg meir kunnskap om den sørlege flokken av achear enn nokon europear nokon gong har gjort.
Minneplata over Emma Byvagi, kona til Mayntzhusen. (C):IBJ

Så kom 1.verdskrig. Mayntzhusen var reserveoffiser i den tyske hæren. Han reiste derfor heim til Tyskland og gjekk inn i militæret[ii]. Før han reiste gav han ein ven fullmakt til å ta vare på eigedomen og alt det andre han eigde. Kva og korleis ting hende, er uklart. Eine forklaringa er at denne venen sveik Mayntzhusen, og då han kom tilbake i 1919[iii], var alt tapt. Den andre forklaringa er at venen døydde og
deretter gjekk verdiane tapt.  


Av acheane som hadde budd hjå Mayntzhusen, reiste ein del over til Argentina som landarbeidarar, fekk me fortalt. Andre hadde vendt tilbake til skogen. Berre ei lita gruppe kom tilbake til han. Sjølv gifte Mayntzhusen seg med ei achekvinne og fekk ei jente, Sylvia[iv] Om dette var før eller etter 1.verdenskrig, veit eg ikkje. Kva tid achekona til Mayntzhusen døydde, veit eg heller ikkje. På minneplata Sylvia fekk sett opp, står ikkje årstal. Acheane i Puerto Barra ser på Sylvia og mora som ein del av folket sitt.

Uansett, - deltakinga i krigen hadde gjort Mayntshusen til ein fattig mann. Ei tid styrde han ein annan koloni, og elles dreiv han tømmerhogst slik Martensbrørne hadde gjort. Ikkje berre jorda vart røva frå han. Då området vart eigen kommune, vart også namnet Mayntzhusen vekke. Styresmaktene skifte ut namnet med namnet til ein kaptein i den paraguayiske hæren, Julio Zacarias Meza. Derfor heiter det Capitan Meza i dag. 
Denne utsikta var det Mayntzhusen hadde siste leveåra. Foto; IBJ. 
I 1947 vende så Mayntzhusen tilbake der han ein gong hadde vore stor jordeigar. Han fekk seg ei lita hytte nokre hundre meter oppover ved elva Yaguarazapa. Eit bambuskratt var det einaste som viste kvar huset hadde stått då Bjarne Fostervold, acheane og eg var der i 2007[v]. Frå huset hadde han sett ned på elva som rann fordi. I skogkanten stod nokre appelsintre att. Apene hadde hatt fest på appelsinene der, kunne me sjå.

Då Mayntshusen døydde 8. april 1949, hadde han berre ei seng, eit bord, ein stol, bøkene og papira sine og nokre personlege småting, fortalde han som viste oss staden.

Mayntzhusen skreiv rundt 1910 ei bok om acheane og språket deira på tysk. Eit manuskript sende han til eit museum i Bern. Det vart visst nok utgjeve lenge etter hans død. Han hadde ei uferdig bok liggjande i 1949. Det meste av tinga han samla inn, vart gjeve til historisk museum i Misiones, Argentina. Der og er utgjeve noko av det han skreiv. Papir og ein del anna etter faren overleverte Sylvia til Ronaldo Eno Dietze Junghans, ein senatsmedlem frå Capitan Meza. Han skreiv boka ”Vida y obra de Friedrich Christian Mayntzhusen, 1873-1949, fundador de Capitán Meza”.[vi]

Acheane i Puerto Barra har ein del kulturelle drag andre acheane ikkje har. Språket er nokså forskjelleg, og dei kjende til ting som for andre achear var ukjende[vii]
Biletet frå Forfattarsamlinga i Merco Sur, 2011
I 2011 var det ein samling av forfattarar i Merco Sur[viii] i Encarnacion, og historikaren Karina Dohmann (frå Misiones, Argentina) snakka om Mayntzhusen[ix]. Biletet som vart publisert i samband med dette, har eg teke med her.

Desse indianarane ser ikkje ut som achear, men som chaco-indianarar, og kanskje med god grunn. Ei kjelde eg ikkje har meir opplysningar om no[x], fortalde fylgjande soge:

”Under eit opprør av ein stamme i Chaco, rømde ein del menn nedover elva med båt for å sleppa unna straff. Desse reiste oppover elva Parana, fekk kontakt med achear og slo seg ned mellom dei i skogen. Dei tok seg achekvinner og fekk barn med dei. Desse mennene lærde acheane ting dei ikkje visst om tidlegare: t.d. bruk av lanse, litt jordbruk og å laga ting av leir”. Martens skriv at acheane hadde ”krukker av leir”. Dei som han teikna i boka si, ser ut for meg å vera laga på tradisjonell måte, men utan fletta handtak. Det ser ut som ein ser bambusflettinga i botn, slik som på den eg fekk i Puerto Barra på slutten av 70-talet.

Krukkene Martens teikna i boka si.
Eg spurde acheane i Puerto Barra om desse 3 tinga:

            1: Lanse.    Den var kjend av fleire, og ein av dei sa han kunne laga ein til meg. Men kvar kunnskapen kom frå,     visste han ikkje.
            2: Å planta mais.   Då dei kom ut or skogen, var det snakk om nokre som kjende til planting av mais, men dei praktiserte det ikkje.
            3: Å laga krukker av leir.   Det vart fortalt at det hadde vore folk som kunne laga leirkrukker, men ingen som då levde, kunne det. Derimot lagar dei no krukker på tradisjonell vis, dvs. fletta av tunne bambusfibrar og smurde inn med ei blanding av oske og bivoks. Desse kan ikkje knusast, og får dei harde slag, kan dei lett reparerast.

Sjølv om dette kan tyda på at soga er sann, kan forklaringa vera ei heilt anna. Til dømes har ein del achear har vore fanga og levd lengre eller kortare tid utanfor skogen, før dei greidde å røma. Kva kunnskap hadde dei med seg tilbake til folket sitt? Og kva sat att av kunnskap i flokken Mayntzhusen samla rundt seg før han reiste i krigen?


Inge Bjørnevoll.



[i] 11 av kommunane i Noreg er mindre! For nokre år sidan, under all uroa med såkalla ”jordlause” som gjekk inn på store eigedomar og tok seg til rette, kom spørsmålet med Mayntzhusen si jord opp. I avisene i Paraguay vart det skrive at INDERT (staten sitt avdeling som har med jord, skøyte m.m. å gjera), skulle gjera ei opp måling av jorda Mayntzhusen hadde kjøpt. I denne samanheng vart det skrive om 106 000 hektar, og også 162.000 hektar! Dotra, Sylvia, vart omtalt som ”einearving” i denne samanheng. Dette siste frå http://www.ugp.org.py/index.php?option=com_content&view=article&id=168:estan-detras-de-las-tierras&catid=6:comunicados2&Itemid=13 (22.02.2013). Dei tala eg brukar i teksten er frå lokalkjende folk i Capitan Meza, så dei er nok dei rette.
[ii] Der er kjelder som sa han melde seg som frivillig. Personleg informasjon frå folk i Capitan Meza, er at han som reserveoffiser var nøydd til det.
[iii] Andre seier at han kom tilbake i 1920.
ivDette skal ha vore hans andre ekteskap, er det sagt. Opplysningar om det første ekteskapet og eventuelle born, har eg ikkje informasjon om. Mayntzhusenslekta er stor både i Tyskland og Danmark, og i Capitan Meza fortalde dei at fleire gonger hadde der vore slektningar frå Europa på vitjing hjå Sylvia.
[iv] Dette skal ha vore hans andre ekteskap, er det sagt. Opplysningar om det første ekteskapet og eventuelle born, har eg ikkje informasjon om. Mayntzhusenslekta er stor både i Tyskland og Danmark, og i Capitan Meza fortalde dei at fleire gonger hadde der vore slektningar frå Europa på vitjing hjå Sylvia.
[v] Då ei gruppe achear frå Puerto Barra vitja henne i juni 2007 saman med Bjarne Fostervold og underskrivne, hadde ho hus på skråninga ned mot Rio Parana. Ho hadde vore sjuk og var nett då hjå nokre vener i kommunesenteret Capitan Meza som har vokse fram på hovudvegen mellom Encarnacion og Ciudad del Este. Kona og eg ville vitja henne i Oktober 2010, men då stod huset tomt. På grunn av all uroa om jorda til faren, var ho redd og hadde flytt, - først til byen Ayolas, og deretter til Pilar i Ñeembucu. Så langt grannane visste var helsa dårleg, men ho var i live.
[vi] Boka kom ut i 2007 i Paraguay.
[vi] I denne søramerikanske organisasjonen var dei Argentina, Brasil og Paraguay med. No er dei fleire land.
Meir informasjon i http://www.territoriodigital.com/nota2.aspx?c=2157358265359167 22.02.2013.
X Då eg slutta som misjonær i Paraguay i 2009, overlet eg antropologibøkene mine m.m. til Det Evangeliske Universitetet i Asuncion. Eg tenkte då at antropologi og tilknyting til indianarane skulle verta ein periode eg la bak meg då eg vart pensjonist, men så enkelt var det ikkje! Om permane med notatar endå eksiseter, veit eg ikkje. No skriv eg etter munnlege overleveringar slik eg har dei i minnet. Namn på ein del personar og ein del referansar, kan eg av denne grunn ikkje oppgjeva.
Xi Dei andre gruppene er: ) Ache Gatu, 2) Ache Pura, 3) Ache Ua. (Denne siste flokken er det som nokre kjelder refererer til som kanibalar).


                           Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp
                                   uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
 

søndag 10. februar 2013

Fostervoldfamilien - og deira norsk-amerikanske røter


Rolf og Irene Fostervold og seinare sonen Bjarne Rolf og kona hans, Rosalba, er vidt kjende for arbeidet dei har utført for acheindianarar i Paraguay. Ute i verda seier folk dei er nordamerikanarar. Men, som etternamnet fortel, har dei røter i Noreg. For spesielt interesserte vil denne artikkelen prøva å gjeva eit bilete av kvar dei kjem frå, og korleis dei hamna i Søramerika..


Peder Fostervold. Grunnla ”Hauge Lutherske indremissionsforbund
for norske inmigrantar i USA og Canada. (Foto: R. Fostervold)
Namnet Fostervold kjem frå Osmarka på Nordmøre. 14. juli 1884 vart det der fødd ein gut som fekk namnet Peder. Han var den tiande i ein barneflokk på fjorten. Etter vanleg skulegang, gjekk han på Trondheims Kristelige Ungdomsskole, og etterpå eit år på Framnes Ungdomsskule i Hardanger. Han vart så med i Vestlandske Indremisjon. Dreiv med kristen littera­tur, og tok saman med broren Ole over bladet "Duens oljeblad" som m.a. godseigar P.N.Løberg i Trøndelag, hadde starta.


Men bladet gjekk konkurs og redaktørane sat att med stor skuld[i]. Då reiste dei til USA for å tena pengar for å gjera opp for seg. Det greidde dei, men vende aldri heim til Noreg. I 1920 starta dei "Hauge Lutherske Indremissionsforbund". Dei starta og bladet "Indremissionsvennen" med Peder Fostervold som reaktør. I ei bok Rolf Fostervold hadde, er Peder Fostervold og broren rekna mellom grunnleggjarane av lågkyrkjeleg luthersk arbeid i USA og Canada.


Peder og kona Olga framfor huset i Wilmar, USA.(C): R.Fostervold)
Då Peder og familien budde ei tid i Alberta, Canada, fekk dei ein gut dei kalla Rolf. Han og i alle fall to søstre[ii] vart med då mora, Olga, reiste tilbake til Noreg før andre verdenskrigen. Ho fann seg aldri til rette i USA. Dei hadde då ein farm i Wilmar, og faren stod stadig kontakt med indremisjonsvennane både i USA og Canada.

Rolf reiste tilbake til USA nett før krigen braut ut. Peder skulle til Noreg, men fekk kreft og døydde. Krigen delte familien, og dei møttest aldri meir. Mora døydde seinare i Noreg. To av døtrene gifte seg her.

Rolf gjekk inn i marinen. Under Stillehavskrigen tenestegjorde han på hangarskip og var med på dirige­ringa av flya opp og ned. Fleire av dei store slaga, var han med på. Så kom han tilbake frå krigen som så mange andre: Med alkohol- og nerveproblem. Vart redwoodhoggar i California, lagerarbeidar og målar. Men ingen arbeid heldt han ut i. Han erkjende at han var alkoholikar, men ingen greidde å hjelpa han. Heller ikkje AA.

Stykke Rolf skreiv om slitet i skogen. (Foto:I.Bjørnevoll)
Så, i Seattle, møtte han ein luthersk forkynnar som var kjend med familien, og denne førde han tilbake til Frelsaren. I alle desse åra hadde eit kall frå Gud lege og arbeidt i Rolf. No overgav han seg på nytt, sjølv om han ikkje var heilt edru. Det vart ikkje fridom med ein gong. Han hadde tilbakefall og hamna i fengsel på nytt. Men dei kristne vennene kjempa med hans, og til slutt vart alkoholdjevelen driven ut. Berre tobakken batt han endå.

Trettitre år hadde han tent den Vonde, fortalde han meg. No kom lengten etter å få gjera noko for Gud. I denne tida var "To New Tribes Mission" starta, og han fekk kontakt med dei. Søkte om opptak på seminaret deira, og kom inn! Der vart han fri frå tobakken, og der trefte han kona si: Irene, som er av svensk tysk slekt.

Då tida kom at dei skulle ut, vart det som misjonærar for ei lita babtistkyrkje i Minnesota. Første tenesteåra var i Bolivia der dei lærde språk. Rolf var med på første kontaktane med ein boliviansk stamme som lenge hadde lege i krig med oljearbeidarar i jungelen. Der lærde han å gå i skogane for å opparbeida venskapeleg kontakt med indianarar som elles ville verta utrydja. Begge borna deira, Lual og Bjarne Rolf, vart fødde i den tida. Så gjekk ferda til Paraguay og leiting etter dei to siste ”ville” indianarstammane der.

Dette livet resulterte i at misjonærane fekk forskjellege sjukdomar og slitasjar som fylgde dei resten av livet. Særleg Chagas[iii] gav Rolf store plager.

Frå tida acheane lærde å gå med klede. (C):R.Fostervold.
Sonen Bjarne Rolf er den som fører arbeidet vidare i dag. Søstra hans. Lual, er gift med ein tidlegare paraguaymisjonær og bur i USA. Bjarne er gift med ei paraguayisk lærarinne, Rosalba Lopez, og dei utfyller kvarandre godt i oppgåve som rettleiarar for flokken som dei har heimen sin hjå.
Acheane er no ei veksane folkegruppe. For ei rekkje år sidan snakka ein om nokre hundre indianarar. I 1993 passerte dei 1000.
Frå første tida det var misjonærar som arbeidde med ache, vart deler av Bibelen omsett til språket deira. Særleg ”To New Tribes Mission” og Ruth Summers m. fl. gjorde mykje. Men for å setja i gang ei systematisk omsetjing av Guds Ord, er det vanlege kravet at det skal vera 1000 menneskje som snakkar språket.

Etter at Fostervoldfamilien og andre hadde bedt både Gud og menneskje (som Wiclyffe Bibletranslators) om å få Guds Ord på acheane sitt språk, vart Letra Paraguay starta. Cristina og Victor Gomez med fleire driv denne organisasjonen og dette arbeidet. Cristina og Victor arbeider spesielt med Ache. I tillegg vert det arbeidt med språket Toba-Maskoy og Bibelen for døve.
----------
Sogn Bønn og Misjonssenter har støtta både denne omsetjinga og det å hjelpa unge achear til å få utdanning 
og fagleg kompetanse for å hjelpa folket sitt åndeleg så vel som praktisk. 
Meir om dette arbeidet kan du finna på  sognbonnogmisjonssenter.blogspot.com/
 --------------------------------------


Denne artikkelen skreiv eg for mange år sidan etter ein samtale  med Rolf Fostervold  i Paraguay.  Me var einige om at eg skulle skriva ein artikkel og senda til Romdsdalsposten.
Eg gjorde så, men  redaksjonen hadde ikkje interesse for stoffet. Når eg no legg det ut på bloggen, er det fordi dette også er ein del av norsk misjonssoge.
--------------------------------------------------------
Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp 
uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.


[i] Så langt eg hugsar, sa Rolf Fostervold at dei skulda 400 kroner og reiste over for å få betala kreditorane sine.
[ii] Eine søstra Tordis, vart gift med Olav Sunnarvik og bur på eldresenteret i Eikefjorden ved Florø. Den andre søstra, Solveig, vart gift på Birkeland ved Sauda. Ho er død for ein del år sidan.
[iii] Bit frå insektet binchuca infiserer blodet og gjev ein smertefull og normalt dødeleg sjukdom. Rolf vart ”prøvekanin” for ein ny type medisin (frå USA) som ”ville drepa enten mikroorganismane eller han”, som han sa.   Han vart svært sjuk, men overlevde. Næraste medarbeidaren hans (frå Ytu ved Itakyry) døydde.