lørdag 9. februar 2013

Acheindianarane i Nacunday


DEL 1

Innleiing: SBM har frå starten støtta arbeid mellom indianarar i Paraguay. Største delen av hjelpa har gått til omsetjing av Guds Ord til Ache-indianarane. For at lesarane av bloggen vår skal vita litt meir om acheane og forstå bakgrunnen for at me meinar denne hjelpa er viktig, inviterer eg alle med på ei reis til dei – i fortid og notid.

     Acheindianarane  i Nacunday


Ei solskinssoge som er ukjend her i Noreg, er soga om norskamerikanaren Fostervold og familien som satsa liv og krefter år etter år for å berga ei lita gruppe achear i Aust-Paraguay. I starten arbeidde Rolf og kona under ”To New Tribes Mission”. Fostervold fekk kontakt med ei lita og utrydjingstrua gruppe ved ei sideelv av Rio Parana. Han fekk dei til å flytta til Puerto Barra[i], der han hadde fått kjøpt litt jord. Misjonen hadde då hand om ei anna gruppe av stammen[ii], og ville samla alle i ein stor koloni for lettare å organisera arbeidet.


Acheane viser korleis dei forskjellege flokkane 
prøvde å drepa kvarandre med bogar og køller når dei
 møttest i skogen.
(Foto: Inge Bjørnevoll)
 
Rolf Fostervold sette seg i mot denne sentraliseringa. Stammen hadde i uminnelege tider levt i separate flokkar, og forskjellane kulturelt og språkleg var vesentlege. Når dei møttest, var det ofte i uvennskap, og drap var ikkje uvanleg.

Som misjonær, fekk Fostervold valet mellom å forlata misjonen, eller bøya seg for fleirtalet.[iii] Etter ei lang og vond natt, ringde han kontoret i hovudstaden og sa han nekta å vera med på dette opplegget. ”Eg hadde ikkje samvit til noko anna”, var hans  kommentar då me møttest att.

Dermed stod Fostervoldfamilien  åleine med ansvar for 29 achear. Ei lita babtistkyrkje i Minnesota, USA, forstod situasjonen og gjekk inn for å hjelpa. Etter kvart kom fleire misjonsvenner med, - ikkje minst frå dei norsk-amerikanske områda der oppe. I dag er Puerto Barra eit unikt eksempel på vellukka indianarmisjon, sjølv om utfordringane framleis er enorme både menneskeleg og økonomisk.

Ikkje berre gjorde Irene og Rolf Fostervold det einaste rette den gongen, men dei lukkast så godt at ein jesuittisk prest, Bartomeu Melia, kalla det "SUKSESSOGA OM KONTAKTEN MED PRIMITIVE STAMMAR I SØRAMERIKA".

Underskrivne vart kjend med Melia under antropologistudie i Asuncion. Ein dyktig fagmann, spesialist på guarani og på indianarane si soge i Paraguay etter oppdaginga av landet. Samstundes ein som heller kritiserte ikkje-katolske misjonar, enn rosa dei[iv]! Men for Fostervold hadde han stor respekt….

Puerto Barra ligg ikkje så langt frå grensa til Brasil. Litt lenger nord har Itaipu lagt ei mengde kvadratkilometer halvtropisk regnskog under vatn for å byggja verda sitt største kraftverk. Lenger
nede langs elva  satsa Fostervoldfamilien alt dei kunne for å skaffa skog der acheflokken kunne overleva saman med plantar, dyr, fugl, fisk og insekt livet deira var avhengig av.

Dette er i nærleiken der den kjende filmen "Mission" vart innspelt. Det er soga om jesuittprestane som laga sitt ”Paraquaria” for guarani-indianarane. Guaraniane var alt då jordbrukarar og relativt fastbuande medan acheane som var jegarar og samlarar stadig streifa  rundt om i skogane på leiting etter mat.


Oversiktsbilde av Puerto barra, frå Google

Fostervold har greidd å skaffa jord til desse acheane i området der dei før hadde halde seg. Det sentrale området deira var i nedbørsfeltet til elvane Nacunday – Ynaro og nedover mot Pirapo. Landsbyen deira ligg i dag der elvane Nakunday og Ynaro møtest, og dei kallar seg "Samfunnet av acheindianarar ved Nacunday".  Skogen skal ikkje hoggast utan dei må, for der samlar dei åmer og røter, eller går på jakt. Dei driv og moderne jordbruk for å skaffa mat til flokken som har stige til rundt 130 menneskje. Ser ein på dei eldste Goggle-Map-bileta, var her skog i alle retningar. I dag bur acheane midt i eit lappeteppe av jord, kjøpt opp ikkje minst av brasiguayarar.[v]  


På relativt få år har achefolket teke steget frå steinalderen til moderne tid. Dei går på jakt eller samlar åmer og plantar i jungelen som frå urgamle tider av. Men samstundes har mange førarkort og køyrer både bilar og traktorar, også av kvinnene. Det som vert selt frå åkeren, går til ein felles bankkonto der høvdingane kan ta ut pengar når det trengst. Det skjer ofte enten det gjeld sjukdom, mat og anna. Særleg er utgiftene ved sjukdom store då det finst lite statleg hjelp til vanleg behandling eller innlegging på sjukehus.


Acheane, den tida dei levde i skogane, hadde berre nokre få ting sjølve. Mennene hadde sine eigne våpen, kvinnene sine bærekorger m.m. Elles var alt, inkludert utbyte av jakt, felles. Acheane i  Puerto Barra har halde på denne sameige- ordninga[vi]


I dag har kvar familie i Puerto Barra sitt eige hus, og sin separate økonomi.  Dei lagar fuglar, fiskar, bogar m.m. som dei sel, går til den som laga tingen. Sameleis har mange sine eigne husdyr, -gjerne hundar, kattar eller ungar av dyr dei har fanga i skogen. Men jordbruket og fehaldet elles, er felles. Flokken i Puerto Barra vert styrt av 4 hovdingar, og  folket har rådsmøte når viktige ting skal avgjerast.


I lang tid har dei eldre vore  opptekne av at ein heil del av deira kultur er ukjend for dei som no veks opp. Dei prøver å ta vare på gammalt handverk og kunst. For å gjeva borna eit inntrykk av livet i skogen, flytte ein del av stammen ut i skogen og levde ei vekes tid ”slik som i gamle dagar”. Eksperimentet var så vellukka at dei straks starta planlegginga av ein nytt "jungel- og kulturkurs".


Kultur er uløyseleg knytt til miljø. Berre ved å bevara urskogen slik han var, vil dei kunna føra vidare sine kulturelle særdrag. Til dømes var acheane klatrarar og for i stor fart oppover stammane i jungelen. I trekrunene laga dei seg så plassar til å sova eller jakta frå, trygge for dei fleste farane som lurer i skogen. Einast jaguaren jakta på dei enten dei var oppe i trea eller gjekk på bakken.


Irene og Rolf Fostervold reiste tilbake til USA som pensjonistar og slo seg ned i Minnesota. Han er no død, og Irene bur att åleine. Sonen Bjarne Rolf Fostervold har fortsett arbeidet deira. Kona hans, Rosalba, er inspektør for skulane i dei 7 achekoloniane. Dette har skapt ein unik kontinuitet i assistansen frå misjonærane si side.


Bjarne Fostervold har budd og samarbeidt med acheane i alle åra sidan dei steig frå steinalderen til vår tid. Sidan Fostervoldfamilien fekk kontakten, har målet vore å ikkje verta avhengige av nokon. Heller ikkje misjonærane. Av denne, men også andre praktiske grunnar, har Bjarne med familien bygt seg hus i næraste  byen, Naranjal.


Så litt "facts" til slutt. Då denne flokken kom til Puerto Barra, var dei 29 personar med stort og smått.[vii] Dødsprosenten siste åra i skogen hadde vore 50 % i aldergruppa 0 - 5 år. Antropologar frå Harward laga oversyn over slektskap m.m. (demografisk oversyn), og svært mange var drepne av "beru" (achespråket sitt ord for ikkje-achear).  Det var også vanleg at paraguayarane fanga acheborn. Ein trur at hadde ikkje desse fått hjelp den gongen, ville dei ha vore siste generasjon som overlevde.


Irene Fostervold med Yamo Chachugi (FOTO:R.Foservold)
Etter dei fekk hjelp, har få born døydd. Ein gammal mann døydde i 1987, og skulen er oppattkalla etter han: Yamo Chachugi. Sjølv vart han gravlagd på tradisjonell vis, i fosterstilling, i skogkanten. Achear frå andre koloniar har kome til Puerto Barra gjennom ekteskap, medan andre har flytt ut. Med smått og stort tel flokken i dag ca. 120 personar, om lag 10 % av alle acheane i landet.


Meir om Fostervoldane og korleis dei fekk kontakt med acheane i 1976, skal eg fortelja  om seinare.

Inge Bjørnevoll, Februar 2013

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten skriftlig forhåndgodkjennelse frå forfattaren, Inge Bjørnevoll. 


[i] I 1975-76.
[ii] Den gruppa budde i kolonien Cerro Moroti. Der vart det gjort eit grunnleggjande arbeid med språket til acheane, særleg ved misjonær Ruth Summers som gjorde første utkastet til eit eige ache-skriftspråk. Dei laga og enkle lesehefte på ache.
[iii] Familien Fostervold kom dermed i klemme. Me møttest då dei var på veg heim frå det misjonærmøtet, og Rolf sukka og sa ”Eg veit ikkje kva eg skal gjera! Å prøva å flytta dei saman med dei andre i ein stor koloni utanfor deira eige område, vil gjera at dei rømer tilbake til skogen. Og då vil dei verta utrydja om ikkje lenge!”
[iv] Bartomeu Melia, fødd på Mallorca i 1932, har skrive ei lang rekkje bøker relaterte til språket guarani og antropologi. Han vart forfylgd under diktaturet. Budde fleire år i Brasil og kom tilbake då regimet fall i 1989.Flytte for nokre år sidan tilbake til Spania då helsa svikta.

[v] ”Brasiguayar” er namnet på ein jordbrukar frå Brasil, gjerne av germansk opphav, som har kjøpt jord og driv moderne jordbruk nett over grensa frå Brasil. Driv særleg med produksjon av soyabønner og korn.
[vi] I diktaturtida vart acheane si ordning med felleseige, sett på som "kommunistisk" og uynskt. Derfor har acheane i 6 koloniar, dvs. dei som kom ut før flokken i Puerto Barra, forlate denne delen av kulturen sin. Dei koloniane er mykje dårlegare stilte enn i Puerto Barra.
[vii] Dei i Puerto Barra var siste flokken av achear som kom ut or skogen. Tidlegare hadde mange vorte fanga og teke hand om av militære m.a. Seinare vart dei overlatne til katolske (frå Verbo Divino) og evangeliske misjonærar (frå To New Tribes Mission), men dei har ikkje fått den stabile assistansen som Fostervolds gav ”sine”. Utenom i Puerto Barra, er det i dag achear i Cerro Moroti, Ypetimi, Chupa Po’u, Arroyo Bandera, Kuentuvy og Kuentuvyve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar