lørdag 9. februar 2013

Søramerikatur hausten 2012 Del 1

Argentina

Ein god ven, misjonær Birger Sandli, ville ein tur til Nord-Argentina der han arbeidde for 30 år sidan. Eg fekk det føre meg at det var Guds vilje eg skulle slå lag, og ikkje lenge etter var me på flyet på skrå sørover kloden.  Opplegget var greitt: Om lag 2 veker i Argentina og like lenge i Paraguay.

Me landa i Paraguay, men reiste nokså snart over til Argentina. Birger skulle vera med på konferansen til dei kyrkjene som norsk pinsemisjon hadde starta.  Argentina vart eitt av dei første misjonslanda der norske pinsevenner hadde arbeid. Berger Johnsen frå Staubø var første norske pinsemisjonæren, men vart ikkje utsend frå Noreg i starten. Han hadde reist til USA i 1906 og vart seinare sendt som misjonær til Argentina av eit kanadisk misjonsselskap. Oddvar Nilsen skriv i boka ”Ut i all verden”  i avsnittet ”Misjonærer knyttet til Pinsevennenes Ytre Misjon i tiden 1910 – 1984”[1] at han kom til Argentina i 1906. I same boka s.31 står det at han kom til Argentina i 1910. Kva tid han gjekk over til å vera misjonær utsend frå norske pinsevenner, er uvisst, men han reknast som grunnleggjar av norske pinsevenners misjonsarbeid i det landet. 

Berger starta sitt misjonsarbeid i Entre Rios, mellom elvane Parana og Uruguay. Først i 1917 reiste han til Embarcacion, endestasjonen for jernbana nordmannen Degen hadde arbeidd med. Her arbeidde han og kona, Hedvig, f. Berg. Berger døydde  i Embarcacion i 1945 og er gravlang der. Kona fortsette i arbeidet så lenge ho levde.[2]
 


Ein argentinsk by grunnlagt av ein nordmann

Konferansen var i Ingeniero N. Juarez, ein by på jernbanelinja frå Formosa til Embarcacion. Den norske ingeniøren Jon Magnus Degen  (fødd i Oslo i 1890), arbeidde på jernbana og fekk mellom anna flytt sporet frå dei lågare og lett overfløymde områda ved elvane og dit sporet ligg i dag.
Han grunnla i 1930 ein by på ”Km 1563”,  som var avstanden til Buenos Aires. Byen vart seinare kalla opp att etter underdirektøren for jernbaneutbygginga, Ingeriero Guillermo Nicasio Juarez. Hovudgata derimot vart kalla opp att etter grunnleggjaren, og har framleis det namnet.. På den 150 meter lange og over 2,5 meter høge veggen på fotballstadion, er relieff som viser soga til byen. Der er bilete av Degen du ser til høgre.

Området vert rekna som ein halvørken mellom elvane Pilcomayo og Bermejo. Litt sør for den sørlege vendesirkelen  stakk han  21.juli  byen; - i alt 40 kvartal nord for jernbanelinja, og 8 på sørsida. 

Degen slo seg deretter ned i dette området og kjøpte jord ved grenseelva mot Paraguay, Pilcomayo. Der dreiv han jordbruk og feavl. Han døydde på sjukehuset i Juarez i 1976.  


Frantz Mangernes Aveny
Frå v A. Benitez, J. Pablo Vera, B. Muller, Frantz, A. Strømsrud, B. N. Nordheim
Den norske misjonæren Frantz Mangersnes frå Manger i Nordhordland, vart den andre nordmannen som  har fått gate i byen Juarez oppattkalla etter seg. Det er hovudgata i indianarleiren der han sjølv hadde huset sitt i mange år før han flytte inn i byen. Han kom hit i den tredje perioden sin i Søramerika. 

Frantz kom til Rio i Brasil i 1948, og arbeidde i det indre av Matto Grosso første perioden sin. Året etter kom Per A. Pedersen og kona til Brasil, og ei tid samarbeidde dei med Frantz i Matto Grosso med dei venta på å få visa til Argentina. Til høgre eit utklipp frå  pinsevennene sitt landsorgan, ”Korsets Seier”, frå 1952. Det vesle lokalet delte Frantz med eit teppe, slik at han hadde heimen sin på ei side av teppet , og møtesalen på andre, fortalde han.
I dag fortel statistikken til Asambleia de Deus do Brasil at i landet er  22 500 000 medlemmer! (Litt over 10 % av folketale!).  Kyrkja der Frantz og Per A. Pedersen arbeidde som nye misjonærar, tel i dag 15 000 medlemmer. Kven skulle tru det når ein ser på den enkle starten og dei store offer desse første misjonærane og nasjonale gjorde!

Neste periode hjelpte Frantz dei norske misjonærsøstrene i Paso Cadena, Paraguay, ei tid, og det var han som døypte dei første som overgav seg til Gud der. 

Per A. Pedersen[3] hadde då reist  til Argentina og gått inn i Berger Johnsen sitt arbeid i Embarcacion. Dei trong avløysar då dei skulle på noregsopphald. Dei bad Frantz om hjelp, og han sa ikkje ”Nei”!  Dermed kom han til sitt tredje misjonsland!

Forkynninga fekk best inngang mellom indianarane. Argentina, i motsetning til Paraguay,  har lite blanding mellom indianarar og europearar. Indianarane europearane møtte i det som no er Argentina, var jegarar og samlarar. Dei trong store område for å livnæra seg, og var svært mobile. Dermed greidde ikkje europearane å undertrykkja dei slik dei gjorde i Paraguay.. Europeiske etterkomarar fekk namnet ”criollos”, dvs. slike som ”vaks opp” i landet. Dei forskjellege indianske stammane fortsette sine tradisjonar, men vart meir og meir undertrykte av folket av europisk opphav.

Ein tobaindianar, Canuto Maraz, reiste sørover med jernbana og forkynte evangeliet til indianarane han møtte. Det var i 1955, og det oppstod små venneflokkar  langs ”Linja” som folk sa. 28 indianarar i Laguna Yema hadde motteke dåpen i Den heilage Ande, fortalde Frantz underskrivne ein gong. Mange av desse kunne ikkje lesa, så trongen for opplæring var stor. Dette låg på han som ei tung bør. 

I pinsevennene sitt landsorgan, ”Korsets Seier”, stod artikkelen til høgre i 1957. Frantz var då avløysar for Per A. Pedersen i byen Embarcacion i Provinsen Salta.

I notatboka si frå dette året nemner Frantz ofte ”chorotiane”. Han hadde faste møte med dåp og  nattverd hjå dei,  skriv han. 

Då Per A Pedersen kom tilbake, tok Frantz seg av indianarane ”nedover linja” (= jernbana). Canuto Maraz hadde reist tilbake til heimplassen sin nær grensa til Bolivia, så trongen for opplæring i Guds Ord var prekær. 

Frantz kom ut til sin 3. periode i 1961. Han hadde då med Anna Strømsrud. Han hadde lova foreldra hennar å fylgja henne heilt til Paso Cadena der ho starta si misjonsteneste i Paraguay. Etter det reiste han vidare tilbake til Embarcacion og indianarane i Nordargentina.
Frantz  flytte nedover til Juarez i starten på 1962, står det i  boka om byen skrive av Maria Irma Torres. Indianarane han budde og arbeidde mellom, var først og fremst matakkoar. I dag vert desse kalla med deira eigne namn: Wichi. I antropologien vert dei rekna som ”wichi sør” for å skilja dei frå den delen av stammen som bur i Bolivia. I tillegg var her Tobaindianarar, den stammen Canuto Maraz kom frå.


I 1962 var det alt ein anglikansk (engelsk) misjon i Juarez. Dei gjorde då ein avtale og delte provinsen Formosa etter jernbanelinja. Engelskmennene skulle arbeida på nordsida mot Pilcomayo, og den norske misjonen på sørsida mot Bermejo og vidare inn i provinsen Chaco på andre sida av elva.  Dermed fekk den norske misjonen mest wichiindianarar i sitt område, medan anglikanarane fekk forskjellege stammar på nordsida. Samarbeidet var godt og det hindra ikkje at misjonærane hjelpte kvarandre både med transport av sjuke og elles.

To jubileum: 100 år og 50 år

Då pinsevennene på Vestlandet samla seg og feira 100-årsdagen for Barratt sin fødel på Varaldsøy i Hardangerfjorden, hadde Frantz Mangersnes fått seg eit enkelt adobehus i ”Leiren”, matakkoane sitt område sør for byen Juarez. I dag har byen vakse rundt det, og  ”Leiren” har fått namnet  ”Den gamle bydelen”. Hovudgata her er Frantz Mangersnes Aveny.
5. november 2012 , på hundreårsdagen for Frantz Mangersnes sin fødsel, var  Birger Sandli og underskrivne der. Dette året var og det 50. året sidan Frantz flytte til Juarez.

Han vart buande i mange år mellom indianarane i adobehuset sitt. Han hadde lært seg mykje om sjukdomar og hadde ei tid – men mykje seinare - ein liten helsestasjon godkjent av  sjukehuset. Det vart og fortalt at ved eit høve hadde dokteren på sjukehuset stilt ein diagnose Frantz ikkje var enig i. Dei hadde ein diskusjon, og ingen ville gje seg. Seinare måtte dokteren erkjenna at Frantz hadde hatt rett!
Frantz Mangersnes (FOTO IBJ)
Gjennom alle dei år underskrivne har butt i Søramerika, har han berre treft to misjonærar som ikkje låste husa sine. Begge arbeidde mellom indianarar – ein i Argentina og ein i Paraguay. Dei sa ”Indianarane passar på tinga mine!” Og så hadde dei begge enkle medisinar som indianarane hadde lært å bruka og som dei kunne gå inn og henta når misjonæren var vekke!
Underskrivne vitja Frantz på 70-talet, og då hadde han fått opp eit hus med elektrisk lys og innlagt vatn inne i byen. Men huset ”hans” stod framleis ved sida av kyrkja i ”Leiren” som lagerplass for medisinar  eller til overnatting for dei som hadde kome inn til bibelstudiet frå utpostane. På biletet ser me han med nokre av deltakarane på samlinga. 

Nye misjonærar og nasjonalisering
Huset til Frantz i leiren er i dag lager og gjestehus(FOTO:IBJ)
Då Frantz hadde runda 70 år og helsa ikkje var så bra, kom Birger Sandli og familien og overtok arbeidet. Adobeveggane i det gamle huset til Frantz var i svært dårleg stand, så det vart rive. Men hans hus fått sementgolv, og over det bygde Birger eit nytt hus som indianarane disponerte som før. På konferansen i 2012 var der eitt lagerrom og eitt overnattingsrom. Og det var framleis ”Huset til Frantz”! Biletet er frå konferansen 2012, og du ser ”Huset til Frantz” i bakgrunnen. Ved sida av hadde indianarane laga eit tak  der dei kokte over open varme, og der folk samlast for å prata mellom møta.

Familien Sandli overtok ansvaret då Frantz reiste heim for godt, og hadde ansvaret frå 1978 til 1989. Birger fekk NORAD-støtte til ein husbyggingsprosjekt for indianarane. Då dei hadde heimeopphald, kom misjonær Ranveig Edvardsen (1987-1989).  Ho var der samtidig med Vidar Bullen (1988-1989) som var snekkar og stod for byggeprosjektet. Dei bygde  65 hus og ein liten skule for indianarane i ”Leiren”. Seinare kom paraguaymisjonærane Ingrid og Knut Stuksrud (1990-1991) og tok  hand om arbeidet til argentinaren Tito Rosotto vart innsett som forstandar. (1992-2003). 2. november 2003 vart matakkoindianaren Lorenzo Tanko innsett som forstandar, og det er han framleis.[4]

Då Frantz hadde flytt frå indianarleiren og inn i byen, fekk han nærare kontakt med folket av europisk opphav. Med tida starta han møte for desse inne i byen, noko indianarane ikkje var altfor glade for i starten. Då Birger overtok, var det ei lita kyrkje i byen. Dette lokalet har vorte ombygt fleire gonger, og har i dag både storsal og ei rekkje rom til overnatting m.m. ”Huset til Frantz” inne i byen er bustaden til forstandar Lopez i kyrkja i byen.


Frantz Mangersnes’ minnekyrkje

Då Frantz reiste heim, såg han det rettast å ikkje blanda seg inn i det som skjedde vidare ”der ute”. Han slo seg ned på Manger der han var frå og deltok i arbeidet heime så langt kreftene tillet. Han døydde 6. oktober 2001 på  Velferdsenteret i heimekommunen Radøy.
Frantz hadde aldri vore noko rik mann, og då han kom heim og fekk pensjon, var han forsiktig også med dei pengane. Då han døydde., var det derfor ein del pengar att som arvingane vedtok skulle verta ei minnekyrkje i indianarleiren i Juarez.


     
Bilete frå innviinga av minnekyrkje (ALLE FOTO:IBJ)
Tito Rosotto var då ansvarleg for arbeidet i Juarez, og saman med Birger Sandli vart planane gjennomført. Kyrkja stod ferdig i 2003, og brorsønene til Frantz, Oddmund og Åge Frantzen, kom ut for å representera familien ved innviinga. Saman med dei kom også to frå Myking, Ingolf Hodne og Martin Nævdal. Underskrevne og kona var tolkar og reiseleiarar frå dei landa i Asuncion,Paraguay, til dei reiste heim att.

Det vart ei stor samling der mykje folk var samla og mange fine ord vart sagt, både om Frantz og dei andre som hadde vore med og bygt opp arbeidet.  Også den gongen vart det kjøpt inn ei ku og slakta til festmiddagen[5]. Då Frantz fylte 70 år, kom han over til Paraguay og feira det i heimen vår (hjå Bjørnevoll i Caacupe). Elevar og lærarar frå Den norske skulen i Atyra kom  og song for han, saman med misjonærane i området. Nokon spurde kvifor han ikkje ville feira dagen sin saman med indianarane i Juarez? Svaret gav eit bilete av han: Indianarane ville feira det andre stader enn i sjølve byen og.  ”Eg hadde ikkje råd å betala for ei ku til kvar stad”. Han kunne ikkje gjera forskjell på indianarane i Juarez og dei på alle utpostane han hadde ansvar for….


Feltkonferansen 2012. Vitnemål om ei ny tid med solide røter i fortida
 
Misjonær Birger Sandli som overtok etter Frantz, var invitert til feltkonferansen 2012, - og han betalte for kua denne gongen! Arbeidet slik det har utvikla seg dei siste 30-40 åra, har fått mange og relativt store lokale kyrkjer mellom ”criolloane”[6]  Invitert hovudtalar var forstandaren i Labolaye lengst sør i provinsen Cordoba. Han hadde 1500 km å reisa! Det arbeidet var grunnlagt av Solfrid og Roar Eriksen som også var med til Juarez.

Alle tidlegare konferansar hadde misjonærar eller criollo-kyrkjene organisert. For første gong skulle ei indianarkyrkje stå for organisering og gjennomføringa. Alle dei lokale kyrkjene betalar inn litt kvart år til konferansen. Ein del hadde og gjeve forskjellege matvarer som kunne lagrast utan kjøling. I Juarez var det naturleg at criollokyrkja i byen hjelpte til i det praktiske opplegget, men elles var det forstandar Tanko og hans medarbeidarar som stod for alt. Då konferansen slutta av, hadde dei endå att tørrvarer, vart det sagt.

Samlingane for forstandarar og medarbeidarar var inne i ”Minnekyrkja” om dagen på grunn av varmen og den brennande sola. Eit termometer dei hadde i ”Leiren”, viste ein dag 50 grader C, medan han som hadde hotellet i byen der me budde desse dagane, sa det vart 45 grader.

FOTO:IBJ
Den ”åndelege” temperaturen var og høg. Eit sentralt emne på konferansen var sending av misjonærar, og ein forstandar frå Salta stod alt for tur til misjonsmarka som i dette tilfelle er Sør-Spania. Argentina har ein tverrkyrkjeleg misjonsorganisasjon, MAIN, og ein av deira misjonærar informerte. Han og kona var dokterar og var plasserte i Mosambique. Der var og unge i flokken i Juarez som kjempa med kall til misjonen. Lat oss be for desse!

Deler av den gamle kyrkja var riven, og ved sida av hadde dei laga platform som var sentrum på kveldane då me kunne ha møta ute på plassen. Mykje folk var samla. Det var ikkje stolar til alle, så dei sat eller stod rundt om både inne på kyrkjetomten og ute på gata. Birger Sandli og underskrivne prøvde å telja, og kom til at det vart mellom 200 og 300 menneske  på kveldsmøta. Eit kveld var det over 300!

FOTO:IBJ
Canuto Maraz som starta arbeidet, og Frantz som flytte hit for 50 år sidan, ville nok ikkje kjent seg att. Både gatene og plassen rundt kyrkja var opplyst. Sterke høgtalarar bar lyden utover i bydelen og kunne vera vel sterk for dei som stod nærast. Høgtalaranlegget vart styrt gjennom ein miksepult, og musikken før møta kom frå ei datamaskin! Ungdomane spelte til songane på elektronisk orgel frå Asia.  Mobiltelefonane sine brukte dei flittig, også til å ta bilete og video med. Ein eldre kar hadde eit videokamera som han gjekk rundt og filma både møte og anna.

Men ”kyrkjeklokka” som kalla til møte, var den same gamle: Eit stykke jernbaneskinne hengt opp i algarobotreet i kanten på plassen. Og musikken var den same. Det vart fortalt at Frantz hadde hatt med seg plater av ”Hermanos Alvarado”, nokre brør frå Mellomamerika som hadde mange fine kristne songar, og song dei på sin eigen karakteritiske måte. Plateproduksjonen deira var stor, og platene vart spelte over heile det evangeliske Søramerika for 50 – 30 år sidan. På resten av kontinentet har dei vel  for lenge sidan gjeve tapt for moderne og mykje meir bråkete musikk.. Men ikkje her. Både på konferansen og seinare på eir par utpostar me  fekk vitja, høyrde me dei same gamle tekstane og rytmane frå Alvarado-platene.

Forresten, - ikkje berre tekst og tonar. Trekkspelet var og eit minne etter Frantz. Det var utslite og sett vekk på eit lageret til misjonær Ranveig Eriksen, i den tida ho var her. Ho tok det til Formosa og fekk det ”spøta opp att”. Dermed kom det i bruk, og er det enno.  
FOTO:IBJ

Ein anna ting frå fortida som me møtte, var innstillinga i møta. Alle gruppene som stilte seg framfor å syngja, bad Gud velsigna songen deira og bruka han til si ære! Det var vanleg den gongen Alvorada-musikken vart spelt. Songen var ikkje ein prestasjon eller ”ein måte å visa seg fram på”. Det var gudsteneste i ordet si rette tyding. ”Soli Deo gloria”, som Bach skreiv. Indianarane praktiserte det framleis.

På avslutningssøndagen vart 16 indianarar døypte. Birger Sandli stod for dåpen. Han fortalde at han i dei åra han var her, hadde døypt fleir hundre av dei mellom 1 500 og 2 000 som har vorte døypte i dette området sidan arbeidet starta.

Underskrivne spurde etter minne frå Frantz si tid, og saman med Sandli og forstandar Tanko gjekk me rundt og snakka med  eldre om gamle dagar. Ein del opplysningar fekk eg, men dei fleste av dei som var med den gongen, er no vekke, eller har tapt seg så mykje at dei ikkje kunne fortelja noko. Yngre og friskare kreftar hadde overteke. Den nye tida viste seg ved at på turen – der eg ville ha bilete og informasjon som kunne byggja bru til fortida, kom ein ungdom med ”lap-toppen” sin og bad om å få ta bilete av oss!


 
Eit bilete til bøn

Eg veit ikkje om andre norske misjonar har brukt det same, men det var vanleg at misjonærane pinsevennene sende ut, laga kort av seg sjølve og selde når dei reiste rundt og samla inn pengar til utreise m.m. Det gav litt inntekt til ein ofte slunken kasse, men gjorde og at folk vart kjende med misjonærane, og hugsa på dei i bønene sine. Bileta vart ofte kalla ”bønnekort” og hadde gjerne namnet til misjonæren og ”Bed for meg” eller ”Bed for oss”. Misjonsvennane var flinke til det.

Då Frantz Mangersnes reiste ut i 1948, fekk han truleg og laga sitt bønnekort. På siste møtet kom ei eldre indianarkone bort til meg. Eg måtte koma ut, for ho hadde noko ho ville visa meg!  Ute på troppa tok ho fram eit gammalt og gulna bilete. ”Frantz Mangersnes. Søramerika”, stod det nedst. Er biletet frå første utreisa, skal tru?  Hadde det vore frå etter 1962, hadde det vel stått ”Frantz Mangersnes. Argentina”?

Bilete frå KS,1952
FOTO:IBJ
----------------------------------------------
Inge Bjørnevoll. Desember 2012
Fotnotar 

[1] ”Ut i all verden” av Oddvar Nielsen, Filadelfiaforlaget a/s,  Oslo, 1984, s.222.
[2] Norsk Misjonsleksikon, Nomi og Runa Forlag, Stavanger 1967,  har fine artiklar med meir data for den som er interessert. 
[3] På heimveg frå Argentina, fekk me vita at misjonær Per A. Pedersen  hadde gått heim til Gud 19.11.2012, over 90 år gammal.
[4] Opplysningar fått av Birger Sandli, oktober 2012.
[5] Det ser ut til å ha vore ein tradisjon ved festane, dette medat misjonæren spanderte ei ku når det var storsamlingar!
[6] Etterkomarar av europearar som er fødde og oppvaksne i Argentina.


Kontakt oss :
Mail:           sognbonnogmisjonssenter@yahoo.no


Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp uten 
skriftlig forhåndgodkjennelse frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.