lørdag 9. februar 2013

Acheindianarane i Nacunday

Del 2


 I Puerto Barra-indianarane:  Frå steinalderen til vår tid

Året var 1976. I Paraguay var det to stammar - eller deler av stammar- som levde i skogen: MOROINDIANARANE[i] OG GUYAKIINDIANARANE[ii]. Begge var rekna for farlege og krigerske. Stundom overfall dei folk som ferdast i skogane, men endå oftare vart dei overfalne av andre. 

Indianarane på si side var redde dei kvite sine eldvåpen. Det var ikkje uvanleg at små flokkar indianarar vart overfalne, dei vaksne drepne og borna røva. Ofte vart dei selde til arbeidarar for dei som hadde mykje jord. Ein kalla dei ikkje ”slavar”, men  situasjonen deira var den same. Ein gut kunne t.d. verta seld for ein gris eller ei kvige, osv. Største salet av achear skal ha vore i Caazapa-området for rundt 100 år sidan, då omkring 40 stykke vart bydt fram til sal, vart det fortalt.

Oppmåling av området for acheane. (C):R.Fostervold
Frå 60-talet og utover kom dei fleste acheane ut or skogen. Alt som hadde med indianarar å gjera, i Paraguay låg under forsvarsministeriet, og ein underoffiser fekk ansvar for acheane. [iii]. Flokkane i skogen vart dermed mindre. Folk som arbeidde med indianar[iv], innsåg at det som føregjekk, var i ein katastrofe. Mange døydde av den kvite manns sjukdomar.[v]

Rolf Fostervold, nordamerikansk misjonær utsend frå "To New Tribes Mission", fekk i oppdrag av misjonen å skapa kontakt med dei av acheane som endå var att i skogane. Han hadde vore  i Bolivia og seinare i Chaco, Paraguay.  Så reiste han til Aust-Paraguay for å leita etter ein liten flokk achear  folk sa levde i skogen der.

På denne tida kjøpte store selskap og mange mindre jordbrukarar frå Brasil, opp jord i Paraguay. Skogen vart hoggen med stadig større fart. Dei frittlevande indianarane vart trengde saman på mindre og mindre skogsområde. Dei fekk dermed mindre område å livberga seg på, samstundes som kyr, hestar og ande husdyr, vart å finna i deira tradisjonelle jaktområde. Drap på husdyra, førde så til  organisert jakt på ”dei ville”.

Rolf Fostervold saman med paraguayiske medarbeidarar og sonen Bjarne, gjekk i skogane og leitte etter acheane i fleire år. Dei la ut gåver når dei fann achespor. Gåvene vart stundom borte, men ingen kunne vita sikkert kven som hadde teke dei.[vi] Lett var det ikkje.

Så i 1976 fekk dei 6 sikre kontaktar med indianarane i nedslagsfeltet til elva Nacunday. Nokre grannar kom og sa dei hadde treft spor etter indianarar 12 km frå huset til Fostervolds. Rolf og medarbeidarane fylgde desse spora i ein og ein halv dag.

Først rømde indianarane så fort dei kunne, men seinare sette dei ned farten. Dei måtte samla seg mat. På kvelden andre dagen kom eit stort uver. Dette hindra lydane å breia seg i skogen. Brått oppdaga misjonærane ei kvinne som stod og samla blad av ei palme. Ho skulle laga leskur mot uveret.

Å læra hakkebruk, var eit langt steg. (C):R.Fostervold.
Kona skreik til då ho såg dei, men Fostervold hadde ein vaksen acheindianar som medarbeidar og ven Lorenzo.  [vii] . Han snakka til kvinna. Endå dei høyrde til to greiner av stammen, forstod dei kvarandre og kvinna roa seg. Ho tok dei så med seg inn i leiren. Der var to gamle kvinner og ei underernært mor med eit like underernært barn. Barnet hadde mist synet. Dei fekk vita at kvinna var enkje og ikkje hadde nokon mann å hjelpa seg. I alt var dei 8 indianarar i lag. Mennene var ute og leitte etter mat. Bogane og pilane hadde dei sett att i leiren.

Rolf og medarbeidarane laga seg leirplass 50 m frå acheleiren. Der sov dei. Neste morgon var berre dei to gamle og kvinna med barnet att. Hine hadde rømt.

Det var surt og kaldt, og misjonærane hadde heller ikkje mat att. Dei avtalte å møtast att om 4 dagar før Rolf og medarbeidarane gjekk heim. Då dei kom tilbake, var der ingen i leiren. Indianarane hadde trekt til ein annan del av skogen.

Rolf og medarbeidarane fylgde så spora ei og ei halv veke gjennom jungelen. Til slutt, etter tre dagar med tungt regn, fann dei indianarane ved ei myr der dei leita etter røter. Dei oppdaga dei omlag 1000 meter borte. Bjarne oppdaga samstundes at det kom folk etter dei, og dei valde å springa mot leirplassen for å unngå å verta angripne bakfrå.

På leirplassen var 15 menneske. To menn og resten kvinner og born. Nokre rømde, men Lorenzo roa dei og fekk dei tilbake. Dei samtalte til det vart kveld. Misjonærane gjekk eit stykke tilbake for å laga  leirplass så indianarane fekk fred å snakka saman. Seinare fekk dei vita at indianarane hadde brukt natta til å diskutera om dei skulle drepa dei kvite eller ikkje. Men då dei trudde dei ikkje kunne drepa alle uten å verta drepne sjølve, rømde alle uten dei gamle kvinnene.

Rolf og medarbeidarane delte maten sin med achekvinnene. Det var berre litt makaroni att av provianten, og den delte dei. Kvinnene hadde etterpå fortalt korleis "dei kokte og åt små kvite makkar". Det var "makkar hadde dei aldri hadde sett før"!

P.g.a. vaksinering, døydde ingen. (C):R.Fostervold.
Etter dette kom kaldetida og det vart stogg i leitinga. Tanken var at indianarane skulle få tid til å diskutera det som hadde hendt, og det som hadde vorte fortalt dei. Rolf reiste til USA og hadde som mål å få kjøpa ein båt til å reisa langs elvane med. Då han kom att, hadde han pengar til båt og påhengsmotor.

Rolf og medarbeidarane reiste  30 - 35 km nedover elva og fann straks spor etter indianarane. Ved 14-tida kom dei fram til leiren og vart mottekne uten at indianarane viste teikn til å vera redde. Den underernærde mora og barnet var no borte. Hine viste tillit. Dei mottok gåver og diskuterte. Rolf forklarde og innbaud indianarane til å møta dei neste dag nede ved elva.

Lorenzo fortalde om båten og motoren, og alle var spente på om indianarane kom. Det ville krevja dobbelt mot, først oppsøkja dei kvite, og så nærma seg ein båt med brølande motor.

Men neste dag møtte 20 indianarar på avtalt plass. For ei glede! Etter 5 år hadde arbeidet bore frukt! Og indianarane viste at dei var vener. Dei helsa på sin måte: med å omfamna og stryka kvarandre på ryggen. Dei undersøkte så misjonærane: tennene, øyra, håret og tinga dei hadde med. Dei fortalde også at dei kjende staden misjonærane budde! Fostervold inviterte acheane  til å bu på jorda han hadde kjøpt. Der skulle ingen forfylgja dei.

Møtet slutta med ein ny avtale: Dei skulle møtast om tre dagar, litt lenger oppe langs elva. Seinare avtalte dei fleire møte medan indianarane jakta og samla mat på veg oppover mot Puerto Barra. I denne tida delte acheflokken seg. Nokre var redde, medan andre såg venskapet som ein måte å overleva på.

Etter 6 slike møte var indianarane berre 5 km frå Puerto Barra. Misjonærane innbaud dei å senda nokon til å sjå på staden der dei skulle få bu. Indianarane valde ut ein mann, Mirogi, til denne reisa[viii]. Han gjekk med til bilen som no vart brukt, og vart med. Han var livredd, både for ”huset som gjekk og bråka”, for hundane som dei kvite hadde, og mykje anna. Men han hadde samstundes mot nok til å vera med, sjå seg om og vudera det han såg.

Etter synfaringa køyrde dei Mirongi tilbake. Han fortalde dei andre om manjokk-åkeren dei skulle få, og maten han hadde fått. Misjonærane reiste heim for å lata acheane diskutera i ro og fred.

Neste dag, omlag 9.30, høyrde dei  i Puerto Barra rop frå andre sida av elva. Der kom 20 indianarar med smått og stort. Dei laga seg leirplass i skogen nær misjonærbustaden og vart buande slik i halvannan månad. Etter det drog dei til skogs att og fann resten av flokken sin. Så kom dei tilbake for å slå seg ned for godt, 29 personar i alt.

Hovdingen hadde hue av kvinnehår. (C):R.Fostervold.
Rolf gjorde ting slik han meinte var best. Han let acheane få gå fritt. Han tvinga dei ikkje til å gå med klede, men skjerma dei for folk utanfrå. Klede vart acheane opplært til å bruka når dei skulle treffa utanforståande. Matstellet fekk dei ordna som dei var vande, og dei fekk ta etter nye matvanar når dei hadde lyst. Dette sparde dei både for ein brå overgang til den nye livsforma, og frå  kultursjokk. Jern kjende dei til[ix], men hadde ikkje. Nokre hadde funne flasker av glas etter tømmerhoggarar, og hadde fletta dei inn i korger til å ha honning i.

Rolf såg  ikkje som eit hovudføremål  å forkynna evangeliet og kanskje sjå "20% gå til himmelen og 80% til helvete", som han sa.  Målet var å gjeva dei ei framtid som stamme og kultur. Så fekk dei sjølve gjera alle val, også dei åndelege, når den tid kom at dei vart naturleg for dei.

Ved å stengja området for folk utanfrå,  minka dei smittefåren frå "den kvite manns sjukdomar". Etter ei tid fekk dei dokter, sjukepleiarar m. fl. inn og vaksinerte. Takka være dette, vart ingen sjuke av meslingar og andre sjukdomar som hadde drepe så mange av acheane andre stader.

Dødsprosenten for born ( 0-5 år) hadde vore på 50 % i den siste tida i skogane. Alle som var drepne, sjuke av underernæring m.m., indikerer at dette hadde vorte siste generasjon om dei ikkje hadde fått hjelp. I ettertid har mange, både antropologar og andre, gjeve Fostervold-familien ros for måten dei leidde arbeidet på.

I 1987 døydde den første av ache-indianarane, Yamo Chachugi. Han døydde av alderdom. Skulen i kolonien er i dag oppattkalla etter han. Han vart gravlagd på tradisjonell vis, i fosterposisjon, i skogkanten ved landsbyen.

I dag er Rolf Fostervold død. Han heldt på å døy av "mal de chaga", men fekk så ein ny medisin som "enten ville drepa smådyra som skaper sjukdomen, eller han sjølv". Eg hugsar han sat på verandaen vår med hovudet i hendene og sa: ”Eg har så lyst  å få sjå Noreg att før eg døyr!”. Det fekk han ikkje, men han er ein av dei få me kjenner som ikkje har døytt av sjukdomen. Næraste medarbeidaren hans gjennom mange år, overlevde ikkje.  Kona, Irene, bur i USA.

Bjarne saman med familien fører arbeidet vidare.

------------------------------------

Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp 
uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.

[i] Dette var det vanlege namnet før. I dag brukar me namnet dei brukar på seg sjølve, ”ayoreo” (= folk / menneskje).
[ii] Dette var det vanlege namnet før. No  brukar me namnet dei brukar på seg sjølve, ”Ache” (= folk / menneskje).
[iii] Han heitte Manuel de Jesus Pereira. Han var eigentleg ikkje militær, men vart utnemnd til underoffiser i samband med denne stillinga.
[iv] T.d. Leon Cadogan.
[v] Melia, Miraglia og Muntzel skriv om dette i boka ”La agonia de los ache-guyaki”, Universidad Catolica ”Nuestra Senora de la Asuncion”, Asuncion, Paraguay, 1973. Det resulterte i at Stroesserregimet utviste dei.
[vi] Ein som vart kristen i vårt (”norske”) misjonsarbeid Paso Cadena, fortalde at han som ufrelst hadde følgt etter misjonærane og teke gåvene dei la ut. ”Og når me la att eitt eller anna, var misjonærane så glade. Dei trudde acheane hadde gjort det”.
[vii] Denne hadde i si tid vorte fanga og selt til ein storbonde. Fostervold hadde ”lånt” han i byte for ei ny hagle kaliber 12.
[viii] Seinare viste det seg at han ikkje hadde familie. Dermed ville tapet bli minst for flokken om dei kvite drap han eller gjorde han til slave!
[ix] Dei hadde sett at tømmerhoggarane i skogen hadde øksar og andre ting av jern.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar