søndag 10. februar 2013

Fostervoldfamilien - og deira norsk-amerikanske røter


Rolf og Irene Fostervold og seinare sonen Bjarne Rolf og kona hans, Rosalba, er vidt kjende for arbeidet dei har utført for acheindianarar i Paraguay. Ute i verda seier folk dei er nordamerikanarar. Men, som etternamnet fortel, har dei røter i Noreg. For spesielt interesserte vil denne artikkelen prøva å gjeva eit bilete av kvar dei kjem frå, og korleis dei hamna i Søramerika..


Peder Fostervold. Grunnla ”Hauge Lutherske indremissionsforbund
for norske inmigrantar i USA og Canada. (Foto: R. Fostervold)
Namnet Fostervold kjem frå Osmarka på Nordmøre. 14. juli 1884 vart det der fødd ein gut som fekk namnet Peder. Han var den tiande i ein barneflokk på fjorten. Etter vanleg skulegang, gjekk han på Trondheims Kristelige Ungdomsskole, og etterpå eit år på Framnes Ungdomsskule i Hardanger. Han vart så med i Vestlandske Indremisjon. Dreiv med kristen littera­tur, og tok saman med broren Ole over bladet "Duens oljeblad" som m.a. godseigar P.N.Løberg i Trøndelag, hadde starta.


Men bladet gjekk konkurs og redaktørane sat att med stor skuld[i]. Då reiste dei til USA for å tena pengar for å gjera opp for seg. Det greidde dei, men vende aldri heim til Noreg. I 1920 starta dei "Hauge Lutherske Indremissionsforbund". Dei starta og bladet "Indremissionsvennen" med Peder Fostervold som reaktør. I ei bok Rolf Fostervold hadde, er Peder Fostervold og broren rekna mellom grunnleggjarane av lågkyrkjeleg luthersk arbeid i USA og Canada.


Peder og kona Olga framfor huset i Wilmar, USA.(C): R.Fostervold)
Då Peder og familien budde ei tid i Alberta, Canada, fekk dei ein gut dei kalla Rolf. Han og i alle fall to søstre[ii] vart med då mora, Olga, reiste tilbake til Noreg før andre verdenskrigen. Ho fann seg aldri til rette i USA. Dei hadde då ein farm i Wilmar, og faren stod stadig kontakt med indremisjonsvennane både i USA og Canada.

Rolf reiste tilbake til USA nett før krigen braut ut. Peder skulle til Noreg, men fekk kreft og døydde. Krigen delte familien, og dei møttest aldri meir. Mora døydde seinare i Noreg. To av døtrene gifte seg her.

Rolf gjekk inn i marinen. Under Stillehavskrigen tenestegjorde han på hangarskip og var med på dirige­ringa av flya opp og ned. Fleire av dei store slaga, var han med på. Så kom han tilbake frå krigen som så mange andre: Med alkohol- og nerveproblem. Vart redwoodhoggar i California, lagerarbeidar og målar. Men ingen arbeid heldt han ut i. Han erkjende at han var alkoholikar, men ingen greidde å hjelpa han. Heller ikkje AA.

Stykke Rolf skreiv om slitet i skogen. (Foto:I.Bjørnevoll)
Så, i Seattle, møtte han ein luthersk forkynnar som var kjend med familien, og denne førde han tilbake til Frelsaren. I alle desse åra hadde eit kall frå Gud lege og arbeidt i Rolf. No overgav han seg på nytt, sjølv om han ikkje var heilt edru. Det vart ikkje fridom med ein gong. Han hadde tilbakefall og hamna i fengsel på nytt. Men dei kristne vennene kjempa med hans, og til slutt vart alkoholdjevelen driven ut. Berre tobakken batt han endå.

Trettitre år hadde han tent den Vonde, fortalde han meg. No kom lengten etter å få gjera noko for Gud. I denne tida var "To New Tribes Mission" starta, og han fekk kontakt med dei. Søkte om opptak på seminaret deira, og kom inn! Der vart han fri frå tobakken, og der trefte han kona si: Irene, som er av svensk tysk slekt.

Då tida kom at dei skulle ut, vart det som misjonærar for ei lita babtistkyrkje i Minnesota. Første tenesteåra var i Bolivia der dei lærde språk. Rolf var med på første kontaktane med ein boliviansk stamme som lenge hadde lege i krig med oljearbeidarar i jungelen. Der lærde han å gå i skogane for å opparbeida venskapeleg kontakt med indianarar som elles ville verta utrydja. Begge borna deira, Lual og Bjarne Rolf, vart fødde i den tida. Så gjekk ferda til Paraguay og leiting etter dei to siste ”ville” indianarstammane der.

Dette livet resulterte i at misjonærane fekk forskjellege sjukdomar og slitasjar som fylgde dei resten av livet. Særleg Chagas[iii] gav Rolf store plager.

Frå tida acheane lærde å gå med klede. (C):R.Fostervold.
Sonen Bjarne Rolf er den som fører arbeidet vidare i dag. Søstra hans. Lual, er gift med ein tidlegare paraguaymisjonær og bur i USA. Bjarne er gift med ei paraguayisk lærarinne, Rosalba Lopez, og dei utfyller kvarandre godt i oppgåve som rettleiarar for flokken som dei har heimen sin hjå.
Acheane er no ei veksane folkegruppe. For ei rekkje år sidan snakka ein om nokre hundre indianarar. I 1993 passerte dei 1000.
Frå første tida det var misjonærar som arbeidde med ache, vart deler av Bibelen omsett til språket deira. Særleg ”To New Tribes Mission” og Ruth Summers m. fl. gjorde mykje. Men for å setja i gang ei systematisk omsetjing av Guds Ord, er det vanlege kravet at det skal vera 1000 menneskje som snakkar språket.

Etter at Fostervoldfamilien og andre hadde bedt både Gud og menneskje (som Wiclyffe Bibletranslators) om å få Guds Ord på acheane sitt språk, vart Letra Paraguay starta. Cristina og Victor Gomez med fleire driv denne organisasjonen og dette arbeidet. Cristina og Victor arbeider spesielt med Ache. I tillegg vert det arbeidt med språket Toba-Maskoy og Bibelen for døve.
----------
Sogn Bønn og Misjonssenter har støtta både denne omsetjinga og det å hjelpa unge achear til å få utdanning 
og fagleg kompetanse for å hjelpa folket sitt åndeleg så vel som praktisk. 
Meir om dette arbeidet kan du finna på  sognbonnogmisjonssenter.blogspot.com/
 --------------------------------------


Denne artikkelen skreiv eg for mange år sidan etter ein samtale  med Rolf Fostervold  i Paraguay.  Me var einige om at eg skulle skriva ein artikkel og senda til Romdsdalsposten.
Eg gjorde så, men  redaksjonen hadde ikkje interesse for stoffet. Når eg no legg det ut på bloggen, er det fordi dette også er ein del av norsk misjonssoge.
--------------------------------------------------------
Det er forbudt å laste ned, kopiere eller benytte bilder/filmklipp 
uten skriftlig løyve frå forfattaren, Inge Bjørnevoll.


[i] Så langt eg hugsar, sa Rolf Fostervold at dei skulda 400 kroner og reiste over for å få betala kreditorane sine.
[ii] Eine søstra Tordis, vart gift med Olav Sunnarvik og bur på eldresenteret i Eikefjorden ved Florø. Den andre søstra, Solveig, vart gift på Birkeland ved Sauda. Ho er død for ein del år sidan.
[iii] Bit frå insektet binchuca infiserer blodet og gjev ein smertefull og normalt dødeleg sjukdom. Rolf vart ”prøvekanin” for ein ny type medisin (frå USA) som ”ville drepa enten mikroorganismane eller han”, som han sa.   Han vart svært sjuk, men overlevde. Næraste medarbeidaren hans (frå Ytu ved Itakyry) døydde.

1 kommentar:

  1. Den andre søstera heitte ikkje Solveig men Astrid. Ho er mor mi. m
    Mvh. Bjarte Birkeland

    SvarSlett