fredag 28. januar 2022

 Du skal elska nesten din som deg sjølv…i)

I det siste blogginnlegget var eg innom skilnaden på «oss» og «dei». På Utøya vart terroristar som hadde drepe mange eller skadd menneske for livet, teke imot av norske politikarar. Ja, meir enn det: Dei fekk ta del i opplæringa av norsk sosialistiske ungdomar, dei som desse to partia (Arbeidarpartiet og Rødt) ynskte som framtidige leiarar i landet. Ein del av dei sit no i sentrale posisjonar under den noverande regjeringa vår.


Då terroråtaket kom her til i Oslo og på Utøya i 2011, vart terroristen dømd «nord og ned», både juridisk og menneskeleg. Så langt at ein endå til vil ta frå han den retten Stortinget og lova har gjeve han til å søkja om å verta slept fri etter sona minstetid. Med andre ord: Dei arbeider for at han ikkje ein gong skal ha den retten andre norske forbrytarar har fått!

Kvifor?

Svaret er greitt: Han brukar dette høvet til å få blest om seg sjølv og det han står for, og det burde han ikkje få høve til! Det kan media fortelja. Det er farleg at han får omtale i media og kan bruka rettssaka til å leggja fram sitt politiske syn.


Men kva med Taliban-terroristane som regjeringa har sendet privat luksusfly ned for å henta til landet vårt? Kvifor gjev den norske regjeringa desse bandittar super-PR framfor auga på heile verda? Kvifor skal dei behandlast som kongar når ein norsk terrorist ikkje ein gong skal få behalda retten til å søkja om å sleppa ut etter sona minstetid? Sju millionar kroner er budsjettet den norske regjeringa har sett av til terroristane frå Taliban; - til privat jetfly, mat og opphald på luksushotell. Kven veit kva sluttsummen på denne «festen» vert, både økonomisk og politisk.


Som Sylvi Listhaug sa det: «For verden ser det ut som Norge nå er de første som legitimerer terror ved å være vertskap for dette møtet, og det under falskt dekke av å snakke om den humanitære situasjonen. Dette er både flaut, pinlig og negativt!»ii)

Faksimile av stykker i "Dagbladet" 24.01.22 s. 8 og 9.
«Eg og mine» og «dei og deira»

Som hendingar både Utøya-terroren og elles har vist, gjer venstresida i norsk politikk ein stor skilnad på terror som går ut over «våre», og det som går ut over «dei», til dømes jødar. Dei norske ungdomane og hine som opplevde terroren, - og det er til å gråta over anten ein høyrer til høgresida eller venstresida i politikken, kan ein lure på om må dei norske terroroffera er meir verd enn jødar og andre som opplever dei same ugjerningane. Inkludert dei i Afghanistan som ikkje deler Taliban sitt politiske og religiøse syn.


Dagbladet på side 8 i nummeret eg nett har sitert, fortel om journalisten Carsten Thomassen som desse terroristane drap i januar 2008. Dermed får eit av offera deira ansikt:  Han var ein av «våre». Norsk, og for dei i Dagbladet: ein medarbeidar, ven og medmenneske.


På den sida i bladet eg har sitert frå, er bilete som viser dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre som skriv under minneprotokollen på flyplassen i Kabul. Har han eller dei andre som deltok med terroristane på Utøya, skrive under nokon minneprotokoll over ofra som gjestane deira har drepe før dei kom til makta i Kabul? 


Kva med alle dei menneskja som har lidd og vil li under terroren til dei som regjeringa i desse dagar har gjort stas på? Er det lagt ut noko minneprotokoll for dei på Soria Moria på Voksenkollen? Eg tenkjer på drepne eller skadde jødar, kristne eller berre menneske av anna politisk og religiøst syn enn det Taliban står for. Kvar vart det av dei i dette biletet?


Dagbladet kan og fortelja at «Sirajaddin Haqqani, Talibans fungerende innenriksminister, er etterlyst av FBI for terrorangrepet på Serena Hotel i Kablul i januar 2008, og det er utlovet en dusør på 10 millioner for opplysninger som fører til pågripelse». (Sitat frå side 8 der det og er bilete av journalisten som omkom). At bror til denne ettersøkte mordaren er med i delegasjonen som har på denne måten får prestisje og ære frå den norske regjeringa, ser ikkje ut til å bekymra dei som styrer landet vårt. 


Og hugs: Dette gjer regjeringa alt dette på det norske folks vegne. For "deg" og "meg" med andre ord.

Trur du det er berre Sylvi Listhaug og eg som synest dette ikkje er rett? iii)

-------------
i) Matt. 22,39b. Bibelen utg. nyn.1995, frå Norsk Bibel as
ii) "Dagbladet", 24.01.2022, s.9.
iii) Langt oppe i 70-åra og har eg aldri stemt noko anna enn KrF, og skulle gjerne sett at Sylvi Listhaug gjorde det same!

 ---------------

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

 Kor mykje er eit menneske verdt?

Siste blogginnlegga mine har vore om visse politiske parti her i landet som ser ut til å ha ein eigen verdiskala for «sine», og ein annan for « dei andre». Med «dei andre» tenkjer eg på jødar som var offera terroristane som vitja Utøya, hadde som mål å drepa og øydeleggja.


I dette innlegget vil eg koma inn på undertrykte og forfylgde kristne. Jødar og kristne er to greiner på same treet. Forskjellege, men veks på same rota.


Dagsavisa «Dagen» 20.01.22 hadde på side 16 og 17 ei oversikt over land der kristne vert utsette for forfylging. Informasjonen bladet gjev, byggjer på «Opne dører» sin informasjon om kristne rundt om i verda. Overskrifta på artikkelen er skremmande, særleg sidan Taliban har vore æresgjester på eit av dei mest prestisjefulle hotella landet vårt har, og Taliban har reist med innleigd super-jetfly fram og tilbake. Overskrifta er:

Øvste delen av sida eg har henta opplysnings frå.
«Afghanistan er verdens farligste land for kristne»

Underoverskrifta: «FORFØLGELSE: - Vi vet at mange kristne ble drept på kort tid da Taliban grep makten i Afghanistan, sier Åpne Dører-leder».


Landet som har vore «Nummer 1» tidlegare, Nord-Korea, var komen ned på andreplass. Afghanistan er verst. Eg siterer:


«-Kristne menn ble tatt til fange, torturert og forsøkt presset til å gi informasjon om andre kristne. Så ble de drept, sier Morten Askeland, generalsekretær i Åpne Dører.
Informasjonen kommer fra organisasjonens afghanske kilder. Noen av dem har flyktet. Andre er framdeles i landet.
»


Og lenger nede i artikkelen: «De aller fleste afghanske kristne er konvertitter. I islam regnes de som frafalne. Dette er forbundet med stor skam og regnes som en kriminell handling. Selv mens det var vestlig nærvær i Afgahnistan, var det dødsstraff for å bli en kristen. Etter Talibans stormangrep i august i fjor, er det ifølge Åpne Dører blitt enda mye verre ----
På generelt grunnlag kan de si at kristne må regne med å bli drept, hvis troen deres blir oppdaget.
- Dette gjelder særlig menn, sier Askeland. Kristne kvinner har mindre sjanse for å bli drept, men desto større sjanse for å bli tatt som krigsbytta og solgt til prostitusjon»
.i)

Dette er altså bakgrunnen til den norske regjeringa sine spesialinviterte gjester.

Så langt eg har lese og høyrt om forhandlingane på «Soria Moria», må tilhøva til dei kristne i Afghanistan vore eit «ikkje-tema». Terroristane har arbeidd for å få meir pengar, og for å verta anerkjende ute i den store verda. Den norske regjeringa med utanriksministeren i spissen har flagga jenter og kvinner sin rett til utdanning og liknande. Temaet om overgrep mot kristne og jødar, var fråværande i dialogen med Taliban. Men artikkelen eg har sitert frå, skriv (s.17):

Israel, einase demokratier i området, kan berre skimtast som ei lys stipe ved Middelhavet..  



 

«Talibans seier i Afghanistan kan ha fått konsekvenser langt ut over landets grenser, viser rapporten. «Kabuls fall har nøret opp under en følelse av uovervinnelighet blant jihadist-grupper over hele verden. …. Åpne Dører advarer mot «talibanisering». De har registrert en økning av islamsk vold i land som Nigeria, Mali, Den sentral-afrikanske republikk og Burkina Faso.»

 
Noreg har fast plass i Sikkerheitsrådet i FN. Korleis kan me arbeida for mellommenneskeleg likskap, mot folkemord og for trusfridom når terror mot jødar og kristne ser ut til å vera så uinteressant?

Det forundrar meg og at Senterpartiet er med på dette. Sjølv er eg oppvaksen på landsbygda og kjenner solide og trauste menneskje som stemte for denne regjeringa.

Som dei, kjenner eg og grunnregelen for alt jordbruk: Det du sår, skal du hausta. 

Det gjeld også i politikken.

-----------------
i) Alle desse sitat er, som faksimilen, frå side 16 i avisa.

------------- 

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

 Difor, alt det de vil at menneska skal gjera mot dykk, skal de og gjera mot dei i)


Ei av bøkene som gjennom åra har enda opp i bokhylla mi, er «Den rødgrønne terrorøya» av Ivar Fjeld, Kolofon Forlag, 2013. Boka er lita og lett, men forfattaren dokumenterer eit felt i norsk politisk historie, og i verda, som er det stikk motsette: Tungt, sårt og leitt.

Slik ser framsida på boka ut.

Soga til Utøya fekk me nett på nært hald att då terroristen søkte om å få sleppa ut or fengselet, ein rett han har etter norsk lov. Rettssaka fekk mykje merksemd, og det vekte mange vonde kjensler, ikkje minst hjå dei som miste sine kjære i ugjerninga, og dei mange ungdomane som framleis slit med fysiske og psykiske skader. Mange tårer har vorte felte på grunn av det som hende. Sorga og såret 22. juli 2011 kjenner sikkert dei fleste i landet vårt på, endå år har gått. Det bør me takka Gud for, for empati er medisinen mot slike ugjerningar, enten det er i vårt land, eller ute i verda. I alle fall slik eg ser det.


Rettssaka om Bering Breivik, eller Fjotolf Hansen, skulle sleppa ut or fengselet eller ikkje, var knapt ferdig før me les at ein del politikarar vil endra denne delen av straffeloven. Målet er å ta frå han den retten han, som alle med tilsvarande dommar har fått av Stortinget. Kvifor? Fordi han bruka denne retten til å få merksemd og koma til orde. Den retten vil dei ta frå han!


Men kva med våre  relasjonar til terroristar? Det er det «Den rødgrønne terrorøya» handlar om. For dei som vart ynskte velkommen på Utøya både av partiet Rødt og Det norske Arbeidarparti, var terroristar på linje med Bering Breivik, - eller mykje verre. Men der vart terroristane ynskte velkomne og brukt til «opplæring» for venstreradikal ungdom! Dei var velkomne, omfamna og hylla av Støre, Stoltenberg, Raymond Johansen og alle dei andre. Også Anniken Huitfelt står fram som terroristvenen som kjempa mot jødane og Israel, og for terroristane.

Og slik er bakside-omtalen.

Journalistikkens første regel at det nære er det viktigast for lesarane. Det nære i tid og avstand, geografisk som kulturelt, er det som fangar lesarane si interesse. Me har nett sett det: Terroristen frå 22. juli 2011 har fått enorm spalteplass, for det galt «oss», landet «vårt», ungdomane «våre», og så vidare. På lik linje med alt som har vore skrive og sagt om det grufulle hendinga. 


Det skulle berre mangla. Men, og her er eit stort MEN: Er dei norske ungdomane som vart drepne eller skadde for livet, meir verd enn til dømes jødane desse terroristane leiarane i Rødt og Arbeidarpartiet hegna om og æra, drap eller øydela for livet?

Den som har lese bloggen min ei tid, veit at eg er oppteken av jødar og jødisk soge, ikkje minst det vonde som hende her i Noreg under andre verdskrig. Ei tid vart det snakka ope om ei klassi-fisering av menneskje, også i vårt land før tyskarane og krigen kom.


Eit samfunn der menneske av forskjellege rasar ikkje har same verdi, kan ikkje kallast eit demokrati eller ein rettsstat.  All politikk blir berre «spel for galleriet» som før eller seinare får «etterspel». 


Terroristorganisasjonane som vart ynskte velkomne på Utøya, arbeidde – og arbeider framleis - for å få bort einaste demokratiet i Midtausten, Israel, og kallar dei heltar dei som drep og eller skadar jødar.
Lat oss be om landet vårt vert spart frå vald og terror, slik me ber for fred for Israel og andre statar og område der terror og krig er ein del av kvardagen. 


Lat oss og be for offera, - for dei er norske Utøyaungdomane, og jødar, arabarar og andre som også er offer for slike grufulle hendingar.

----------------------
i) Den gyldne regel, Matt. 7, 12a. Bibelen utg. nyn.1995, frå Norsk Bibel as.
---------------

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg

torsdag 27. januar 2022

 

Gjev historiebøkene eit rett bilete av krigen?

Etter boka eg har nemnt i dei siste bloggane, vart eg freista til også å lesa Synne Corells bok «Krigens ettertid. Okkupasjonshistorien i norske historiebøker». Forfattaren tek føre seg tre sentrale verk frå måten 2. verdskrig vart presentert i etterkrigslitteraturen.

Framsida på boka
      «Norges krig» frå Gyldendal. Kom ut med tre bind frå 1947 til 1950.
      «Norge i krig» frå Aschehoug. Kom med 8 bind frå 1948 til 1987.
      «Norsk krigsleksikon 1940-45» frå Cappelen. Kom ut i 1995.

Synne skriv om bøkene at dei er «redigert av faghistorikere, forfattet av et fellesskap av faghistorikere og andre forfattere, og de retter seg mot same målgruppe, et bredt norsk publikum». (Frå «Innledning», s. 9-10). Bøkene kom ut på dei tre viktigaste forlaga i Noreg, så valet bør vera representativt for norsk historieskriving på den tida. Corell tek derimot ikkje føre seg bøkene som vart brukte i skuleverket, noko eg som gammal lærar gjerne skulle ha sett eit studium over.

Corell tek opp ei rekkje emne knytt til denne perioden av landet vårt si soge. Her er stoff om krigsfangane frå Aust-Europa som var importerte til Noreg. Dei vart mishandla og utnytta så lenge «herrefolket» såg seg nytte i dei. Gjennom arbeidet til krigs-fangane fekk Noreg utført ein heil del  viktig arbeid under den tyske okkupasjonsmakta. Eg tenkjer då på både vegbygging, industrianlegg og liknande som samfunnet vårt hadde stor nytte av i etterkrigstida. (Dette og er ein del av norsk soge har vorte neglisjert eller sterkt underkommunisert etter krigen. I alle fall så langt eg greier sjå det, for dei var likeverdige menneske med oss «norske nordmenn», slik jødane var – og er – det).

Jødane finn eg omtalt først og fremst i tre deler av boka til Corell: «De som ble tatt» (s. 81-88), «Jødene», (s.149-158), og «Fangenskap; et hierarki av lidelse» (s.197-206).

Og baksida..
«De som ble tatt», frå «Norges krig».

Denne delen er skrive av Haakon Holmboe, og om overskrifta og teksten skriv Corell: «Gjennom den passive verbkonstruksjonen blir overskriftens subjekt ofrene for en handlende kraft (den eller de som tok) som dermed er til stede gjennom sitt nærvær.»  

På side 82-83 er det teke med eit avsnitt frå Norges krig, bind III, s. 473-474, som startar slik: «Ingen enkelt gruppe av befolkningen ble så hardt rammet som jødene.»  Teksten nemner jødane som «offergruppe», seier Corell, og fortset: «Det eneste stedet der et subjekt tilnærmelsesvis identifiseres er i påpekningen av at Quislings partifeller dro nytte av de beslaglagte jødiske formuene. NS er likevel ikke identifisert som utøveren av over-grepene. At tyskerne okkuperte Norge, fungerer som en tidsangivelse for når den jødiske befolkningsgruppens problemer begynte, samtidig som den underliggende sammenhengen dermed blir at jødenes skjebne var tyskernes verk».

Eit anna sitat som vert teke til analyse, er frå same del, s. 488 der det står om tilhøve norske fangar levde under i Tyskland, og Holmboe har fokusert på at norske offiserar hadde det betre enn andre fangar:

«Som sterkeste kontrast til dem fikk jødene en behandling som heldigvis ikke ble vanlig for andre nordmenn. Som før fortalt ble de likvidert med få unntak nær, sendt til gasskamrene i Auschwitz etter kortere opphold i andre leirer. Selv en så rystende tragedie som denne blir likevel bare en detalj i den avgrunn av brutalitet og råskap som tyskerne viste i sine fengsler».

Corell har i analysen sin teke inn nokre forteljingar om korleis jødane vart mishandla då dei med hjelp av tyske soldatar og norske politifolk vart lasta inn i «Donau». (s.85). Her jamfører ho «detaljen» med eit sitat frå Sachnowitz si oppleving:   i)

«De ble knubbet og sparket og slått. De tryglet og bad om å få slippe å gå om bord, for de visste hva det betydde. Deportasjon. De kastet seg ned på bryggen, rev seg i håret og skrek om nåde for seg og sine, men det var ingen bønn. Jernskodde støvler og gummikøller traff dem i hode og mave. Mødre med spebarn på armen, gravide kvinner, skubbet og slått. Klær revnet eller ble slitt i stykker så undertøy og nakenhet syntes. Småbarn ble slengt overende».

Eit helvete for jødane, men ein «bagatell» i norsk historie?

«Jødene, frå «Norge i krig».
Denne delen er skrive av Berit Nøkleby som startar med å skriva at rasehatet i NS-propagandaen «virker temmelig importert, det passer betre på mellomeuropeiske forhold og er mest lånte fjær. Men rasehovmodet står på norske føtter».

Om dette skriv Corell: «Nøklebys tekst bygger på motsetningsfolholdet mellom det norske og det unorske. Organismemetaforen i teksten har «lånte fjær» og «norske føtter».  

Det vert for langt å gå inn på denne og andre interessante analysar, men på nytt ser det ut til å vera eit inntrykk av at ein vil gøyma seg bak «tyskarane» som hata jødane, og forsvara dei «norske» som ikkje hata, men berre var «hovmodige»…..

Det er freistande å ta med mykje meir frå boka, ikkje minst frå «Norsk krigsleksikon 1940-1945», men eg skal stansa med desse: Berit Nøkleby skriv om tysklandsfangane, og tek jødane med i ein setning: «Aller verst gikk det med de omkring 750 jødene som ble deponert. Bare 32 av jødene frå Norge overlevde». (Norsk krigsleksikon s. 329).  Leksikonet nemner jødane fleire stader. 

Ein illustrasjon som seier meir enn mange ord...


Eg har valt å ta med ein faksimile frå leksikonet som illustrasjon i denne bloggen. Den har Corell teke med i si bok, og skriv mellom anna:

"I tekstens gjennomgang av de ulike politiaksjonene mot jødene (inndraging av radioapparater, stempling med rød «J» i alle pass, utfylling av spørreskjemaet «Jøder i Norge») blir ikke lagt sjul på det norske politiets deltakelse i disse handlingene. Teksten nevner eksplisitt at arrestasjonene av de mannlige jødene ble utført av «statspolitiet og grupper av ordinært politi og lensmenn». Denne delaktigheten, og årsaken til den, diskuteres inngående. På mange måter respresenterer denne teksten et klart brudd med de tidligere verkers framstilling av arrestasjonen og deportasjonen av de norske jødene».

«Norsk krigsleksikon 1940-45» kom ut 50 år etter at krigen var slutt. Kan det vera grunnen til at biletet no er meir nyansert, og ansvaret for det som skjedde fordelt på ein meir truverdig måte? 

-----------------


i) «Det angår deg», Den norske bokklubben,1978, s. 16. 

---------------------- 

 Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

tirsdag 18. januar 2022

 Eileen Bjørnson

Det 16. kapitelet i boka startar slik:

Dette fortel baksidereklamen om boka...
I mai 1942 henvendte 74 år gamle Erling Bjørnson seg til justisminister Sverre Riisnæs. Han ville diskutere spørsmålet om brorens enke, som ikke hadde «blods-draapen av slektsrett», virkelig hadde rett på en andel av arven etter hans far: dikteren og forfatteren Bjørnstjerne Bjørnson, som døde i 1910. 

Bror til Erling, skodespelaren og teater-sjefen Bjørn Bjørnson, var død ein månad tidlegare, og no sat enkja hans, den jødiske skodespelaren Eileen Cohn Bjørnson, med rett til ein del av inntektene av Bjørnsons forfattarskap.
Sverre Riisnæs svara mellom anna slik:


Du vil se at jødinnen Eileen Cohn som enke har juridisk rett til en del av hva Bjørnstjerne Bjørnsons åndsverker utbringer. For min del synes jeg at det anstendigvis ikke går an at en jødinne profiterer av vår store nasjonale og germanske dikterhøvdings verk.


33 års ekteskap med Bjørn Bjørnson og så mange år som ein del av ein av dei mest kjende familiane i Noreg, sparde heller ikkje henne for den forfylginga både einskilde personar og statsapparatet sette i gang. For Erling Bjørnson og familien vart målet å sikra at verdiane vart verande i familien si eige, noko dei til ein viss grad greidde.

 

Eileen rømde til Sverige der ho døydde i 1944. Kista vart i 1946 ført tilbake til Noreg og sett ned på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Men før ho reiste hadde ho, innkalla på eit møte hjå justisministeren i august 1942, «erklært … seg ‘villig til å gi avkall på sin andel av inntektene’ etter verkene til hennes for lengst avdøde svigerfar». (s. 189).


Den 26. oktober 1942 vart den endelege loven der jødane vart fråtekne alle normale juridiske og menneskelege rettar vedteken. Denne loven startar slik (s. 231):


§ 1. Formue av enhver art som tilhører jøde som er norsk statsborger, eller jøde uten statsborgerrett som oppholder seg her i landet, inndras til fordel for statskassen. Det samme gjelder formue tilhørende jødenes ektefelle og barn.


Dermed hadde ikkje berre jødane sjølve noko å leva av, men og ikkje-jødiske ektefeller og deira born. Hivde ut av hus og heim, i mange tilfelle med mann og far i fengsel, var både den psykiske og den fysiske nauda enorm. 


Dei skal ha all ære dei som stod med jødane i denne tida og hjelpte med både husrom og mat. Ein del som Eileen Bjørnson fekk og hjelp til å rømma landet. Men dette var berre preludiet til det som skulle koma…
--------------
Det er vanskeleg å vera ferdig med ei bok som denne. Eg skal derfor berre ta med eit punkt til. Etter at Donau og Gotenland med god hjelp av norsk politi og embetsverk hadde ført dei fleste av jødane i Noreg til tortur og død i Tyskland, held «jødejakta» fram her til lands. Kapittel 41, «Bastardspørsmålet» s.  413-444 handlar om dette.
 

s.414-415 fortel om ei ung jente som slapp meldeplikt ved å lata seg sterilisera, noko som skulle gjerast som «en frivillig beslutning frå hennes verge». To jødiske menn som var gifte med ariske kvinner, hadde og vorte steriliserte, alt for å unngå raseforurensing….


Det var først og fremst heil- og halvjødar som vart tekne. Dei som var berre kvart jøde, slapp. I tillegg var det mange som kunne ha ein familiebakgrunn eller ytre kjennemerke (som brunt hår og brune auge), som var vanskelege å klassifisera.


Det vart vedteke at «registreringen av jøder i Norge utelukkende skulle foregå gjennom Innenriksdepartementet». Her var folkeregistera naturleg nok ei viktig kjelde til informasjon, i tillegg til offentlege og private «informantar» over heile landet. 


At stoff som dette er ein del av soga til landet vårt, kan ingen nekta på. At stoffet og vart underkommunisert eller tagt i hel i etterkrigstida, må me vel og vera einige om. Det er derfor all grunn til å takka dei som tek arbeidet med å dokumentera det som føregjekk, og som me som vaks opp i skuggen av krigen, aldri fekk vita noko om.


Samstundes, i alle fall i mitt hovud ligg ein vond tanke og arbeider:


Kan dette skje på nytt i Noreg? 

----------------------------------- 

 Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

«Historien om holocaust i Norge og jakten på jødenes eiendom» 

Eg fekk høyra om denne boka då ho kom ut, og det lokale biblioteket var så snilt at dei kjøpte inn eit eksemplar. Vonar dei ikkje er leie på meg, for eg måtte forlengja lånetida to gonger! Det er noko eg sjeldan gjer… 

Synne Corell har gjeve lesarane sine ei imponerande bok. Her er mykje informasjon som tr
eng å «fordøyast», og det var vanskeleg å gjera seg ferdig med stoffet i ei handvending. 

Eg trur om meg sjølv at eg er ein nokon lunde «gjennomsnitts nordmann». Fødd i siste krigsåret vaks eg opp i ei tid då informasjon om det som hadde hendt, var ein del av kvardagen. Og – det og trur eg er typisk for dei fleste av mine landsmenn, der var ingen jødar av kjøt og blod i vår omgangskrins. «Jødane» lærde me om i Bibelsoga, i andaktane både på skulen og elles, og i soge og geografi. 

Min «Jesus» var den lyshåra mannen på biletet over senga, han som drog lammet opp av bergkløfta nær avgrunnen, eller – på eit anna bilete – han som vakta barnet der «vannet var dypt og bunnen glatt». Den første «ekte jøden» møtte eg i Sør-Amerika 25 år gammal, etter at me hadde kome til Paraguay ! 

Med ein slik bakgrunn tek det tid å fordøya opplysningar som den boka Corell la i handa mi. Hadde eg ikkje hatt ein heil del informasjon på førehand, hadde eg truleg sagt at «dette kan ikkje vera sant!» 

Eg tenkjer på lovendringar som vart gjort for å merka og «likvidera» det jødiske nærværet i landet. Her er stemplinga av jødane sine papir med «J», registreringa av jødane, kva dei åtte og kven dei var, og så innføringa av «jødeparagrafen». Det gjekk forunderleg nok ganske smertefritt føre seg på alle nivå, på regjeringsnivå, i offentleg administrasjon og ned til «vanlege nordmenn» som var «informantar», og seinare klare til fordela det jødane etterlet seg. 

Det er denne sida av likvidasjonen denne boka handlar om. Den andre sida, den fysiske likvidasjonen av alle heil-jødar og halv-jødar, ligg likevel som eit mørkt bakteppe, side etter side…. 

No kunne mange skulda på «tyskarane» og ei lite gruppe «stygge nordmenn», dei eg i oppvoksteren fekk læra var «einøygde» eller «grønkledde». Som sikkert dei fleste i landet, hadde mi slekt og folk på begge sider. Og – dette skal vera det vanlegaste synspunktet for oss som er slektningar til tidlegare nazistar: «Våre» var av «dei snille» som «ikkje gjorde så mykje gale». Dei andre var mykje verre! 

Kapittel 10 (side 112 og utover) fortel Corell at «NS-ministrene begynte å virkeliggjøre sin andel av den ‘felleseuropeiske jødelovgivningen’ forsommeren 1941». Vestlendingen Sverre Riisnæs, jurist, statsadvokat og seinare justisminister, sa det slik:

Bilet er frå jødisk fest før krigen øydela alt
 «Nasjonalsosialistens frihets- og æresfølelse bunner i bevisstheten om at han får leve – får ha sin plass – i et folkefellesskap der alle hører sammen. Der det felles blod, den felles jord og det felles ansvar binder alle uløselig sammen». I det heile fylgde norske styresmakter den tyske førebiletet: Ingen jøde kunne eiga jord, dei vart nekta å ha visse yrke med meir, til alt vart teke frå dei. Og dei som ikkje hadde klart å rømma, vart til slutt samla som «kveg» av trufaste politimenn for eksport til dødsleirane på kontinentet. Alt dette utan at fleirtalet av dei som deltok frå «norsk» side vart straffa for det dei gjorde. 

Ein annan jurist og politikar frå same fylket, Arnvid Vassbotn, samarbeidde med Riisnæs for å få det norske folket til å innsjå at opphevinga av «jødeparagrafen» hadde vore eit misstak, og at Wergeland hadde vorte «lurt». 

Begge desse lovendringane gjekk glatt gjennom. Ein kunne sitja att med inntrykket av at det berre var nokre få i krinsen rundt Quisling om det ikkje var for opplysningar som dette: 

«Fylkesmennene henvendte seg til sorenskriverne i distriktene og byskriverne i byene. Noen steder i landet – i forstadskommunen Aker rundt Oslo, på Toten, på Voss, på Fosen i Trøndelag, i Vesterålen og i Malangen i Troms – sendte sorenskriverne forespørselen videre til de lokale lensmennene». (s. 118). 

Det var nok unnatak, men hovedinntrykket er at det meste av det norske statsapparatet heilt ned på lokalt plan, stilte lydige og pliktoppfyllande opp «på dugnaden» for å «rensa» landet for jødar! 

Alan Paton skreiv i si tid boka: «Gråt mitt elskede land»i) Med eg las «Likvidasjonen», har eg hatt noko av same kjenslene som då eg las «Gråt mitt elskede land». 

Me har sanneleg mykje å gråta over, både me og dei i Sør-Afrika…. 

---------------

i) Gyldendal forlag, Oslo, 1986.

------------------- 

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

mandag 17. januar 2022

Takk og ære til NRK for godt program om Tibor og Vera

Me som er opptekne med Israel og jødar i fortid og notid, er ofte kritiske til NRK sitt arbeid. Som vårt land si fremste kjelde til informasjon og nyheiter, er det vondt sitja med kjensla av at her er den politiske og negative vinklinga viktigare enn å gjeva dei reine og reelle fakta.

Eit nokså typisk døme: Det vert slege stort opp når Israel har skote rakettar eller bomba på Gaza
stripa, og om eventuelle døde eller skadde folk og bygningar som er resultat av angrepet. Seinare i innslaget kjem grunnen: Angrepet var eit svar på rakettar frå Gaza mot Israel. 

Denne journalistikkforma med over-fokusering på «alt det gale jødane gjer», og under-fokusering av det som er opphavet til åtaket, er typisk i norske media. Kvifor ikkje seia som sant er at Gaza starta med å angripa, og at hadde dei ynskt å leva i fred, ville Israel aldri kasta bort økonomiske og militære ressursar på ein så meiningslaus måte som dette?

Biletet utanpå på boka.

Det var derfor gledeleg no rundt årsskiftet 2021-2022 at dei hadde eit innslag om borna eg skreiv om den 23. desember 2021, Tibor og Vera.

Innlegget den kvelden viste Vågsetra skule og dei fire «snublesteinane» attmed skulen. Snublesteinane er der til minne om dei to borna og to andre jødar som nazistane tok livet av i Auschwitz.

Det me fekk, var som eit samandrag av det Sverre Kragset skreiv om i boka eg viste til i det tidlegare innlegget.  Inkludert at Tibor ynskte at juletreet skulle få stå til han og søstra var heime att i prestegarden! Han trudde ikkje dei skulle vera så lenge vekke…

Lite visste han – og dei rundt han, om den djevelske «løysinga» Hitler og hans likemenn hadde utvikla med hjelp av dei beste tekniske hjelpemidla Tyskland og samtida rådde over.  

Hermed takk til NRK for dette fine innslaget, og bøn om å få fleire positive innslag både om jødane her til lands og elles i verda. 

torsdag 13. januar 2022

Satire og hån «up to date”

For ein gamling som meg, så er det stadig noko nytt å læra, og på nytt er det Dagen som er “læraren» min. Høyr berre her:


Jødiske Eliana (26) har forsket på antisemittiske “memer”.

Faksimile frå artikkelen i Dagen.


Den yngre generasjon I huset drog på smilebandet og gav meg ein leksjon om «memer». Seinare leita en på internett og fann at noko norsk omsetjing av ordet, ikkje finst. Endå. På engelsk derimot vert det sagt at dette er «unit of cultural information».(i)

 
Og så opna ei ny verd seg for meg etter kvar som eg «reid på bylgjene» - surfa. Vel, eg har sett dungevis at slike bilete og snuttar før, men aldri tenkt over at dette fenomenet hadde eit eige namn, eller effekt memane kunne ha på meg og andre.


Eliana Hercz derimot har teke føre seg anitsemittiske memer og laga ei masateroppgåve om emnet. Dagen sin artikkel s. 10-11 i utgåva for 17.12.21  informerte om arbeidet hennar, og samstundes kom eg på skulebenken for nokre timar. Heimekontor med internett og innput frå «ungdomen» lærde meg noko nytt. Det eg til no hadde oppfatta som uskuldige vitseteikningar (- då ser de kor uvitande er har vore), kan vera blodig og illmeint alvor. 


Masteroppgåva  byggjer på intervju Hercz har gjort med ei rekkje menneskje for å kartleggja deira reaksjonar på antisemittiske memer. «Målet med oppgaven var å vise hvor enkelt humor unnslipper vårt kritiske filter.  Memes kan ufarliggjøre skadelig innhold, slår Hercz fast», skriv Dagen.


Og ho fann at informatene spontant kunne humre eller trekke på smilebåndet av noen av memene før reaksjonene over det antisemittiske innholdet slo inn. Ut frå det ho fann, meinar ho at memene «påvirker mennesker i større grad enn de er klar over».


I stykket finst det ein referanse til Institutt for Samfunnsforskning som i 2019 laga ein rapport om antisemittisme på Internett og i sosiale media. Dei fann fem grupper i samfunnet der antisemittisme er meir utbreidd enn elles: i «ytre høyre, ytre venstre, konspirasjonsmiljøer, muslimske miljøer og kristne miljøer» (ii)

«Det er jo bare en spøk»

Denne underoverskrifta viser til orsakinga mange kjem med når dei opplever vitsar og liknande som er for grove eller upassande. Hercz meinar det er for lite snakk i samfunnet om at «alt er lov i humorens ånd».
Ho er ikkje åleine om å etterlysa ein debatt om kva som bør vera lovleg humor i landet vårt. Både satiren og memene kan bryta ned både respekt og empati for og med det eller dei som er «anleis». Og, som eg var inne på i førre blogg, endrar samfunnet sin måte å tenkja og handla ut frå. Det heile er spørsmål om kva samfunn me ynskjer i framtida, eit med empati og respekt for medmenneskje, eller eit der det er fritt fram å såra og drepa gleda og livsmotet til andre berre «eg og dei som tenkjer slik eg gjer», meinar det?
Burde ikkje hundreåret som ligg bak oss, ha lært oss at me er på ville vegar?

(i) Frå same artikkelen.                                                                                                                                  (ii) Dette sitatet  m. fl. er frå s. 11 i artikkelen. Andre er frå side 10.


--------------- 

Det er ikkje lov å kopiera noko frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

Er religiøs satire "berre moro", eller ligg det noko heilt anna bak ord og mimikk?

I føregåande blogg tok eg for meg religiøs satire som er vinkla opp mot kristendommen. Som alle veit, har norsk lov gjort det fritt fram for hån og spott mot alt det som er så inderleg kjært for mange av oss. Teoretisk skulle det vera slik overfor andre religionar og, men enten det er redsel for represaliar eller anna som gjer det, så er det først og fremst kristendommen og dei som trur på Gud, som må lida.


Eit viktig spørsmål er kvar grensa går mellom religiøs satire, og til dømes politisk satire, eller kvar grensa går mellom satire og mobbing. Personleg kan eg ikkje sjå at det finst noko grense, - ikkje teoretisk ein gong. Og kven skal setja denne grensa? Dei som før vart kalla «nidingar» og har moro av mobbing, eller dei det går ut over? Nynorskordboka (i) seier at ein «niding» er ein «kjeltring» eller «skarv», og «nid» er «hån, ærekrenking, skam»

Det essensielle spørsmålet er om det er «nidingane» og deira meiningsfeller setja grensa, eller er det dei som niden, satiren eller hånet går ut over? 

 Kven skal setja grensa for å sikra at "moro" ikkje er rein mobbing?

Personleg vil eg føretrekkja at det er dei går ut over, som skulle ha det avgjerande ordet, tilsvarande prinsippet er for «nulltoleranse» av mobbing i skulen. 

Faksimile av framsida på ei fransk utgåve av "Zions vises protokoller".



Regjeringa har sett i gang program mot mobbing i skuleverket, og kommunar har vorte dømde for ikkje å ha gjort sitt for å verna born og unge mot ugjerningane. Men i samfunnet elles ser det ut til å vera fritt fram for både religiøs og politisk mobbing både i sosiale og andre medium. 


Den som tek tid til å lesa blogginnlegga eg har skrive tidlegare, har sett bilete frå nazipropaganda i Tyskland, «Zions vises protokoller», og ein plakat frå stigmati-seringsprogrammet tyskarane utvikla før krigen. Alt kynisk brukt for å øydeleggja livet til jødane og bana veg for det som kom seinare i det nazityske maktapparatet.


Eg har og vore inne på den utviklinga vårt land hadde fram mot andre verdskrig, og antisemittismen som blomstra opp for fullt før og under krigen. Og sjølv om mange som rekna seg som «ekte nordmenn» hadde glede av det og dyrka denne forma for «kunst», vil vel dei fleste i dag seia at denne propagandaen var skiten, umenneskeleg og kriminell. Nidingsverk, spør du meg.


Eit eksempel henta eg frå boka «Likvidasjonen» som eg introduserte for ei tid tilbake. Ein viktig representant for denne «kunstforma», var «Fritt Folk», NS si tysk-støtta avis, trykt i mellom 20 og 30 000 eksemplar og utdelt gratis. Forfattaren Axel Krogh skreiv om engelskmennene at dei hadde «skeiet ut og gjort skam på sitt eget blod ved å blande det med jødenes». I tillegg hadde dei overteke Noreg sine gullreservar som «avanse» for krigen, - «jødenes krig»,  stod der. (ii)


«Tor bonde» skreiv: «Vi har lenge. Alt for lenge, tålt disse fremmede, dette internasjonale jødepakk, deres agenten og organisasjoner, blant oss. Det er på tide vi feier dem på dør».(iii)
No er vel dei fleste av oss i dag enige om at på dette nivået ikkje kan kallast satire, med en vond og destruktiv politisk propaganda. Men når gjekk «satiren», hånen og spotten mot jødane over frå å vera uskuldig moro til blodig alvor? 


Me veit resultatet: rundt 6 000 000 jødar vart drepne i eit regelrett folkemord. Men starten var ein nokså «uskuldig» sideeffekt av dyrkinga av den reine rasen i ei tid då også Det norske arbeidarparti tilbaud kurs om rasereinleik, og støtta tanken på å ala fram reinrasa ariarar omtrent på same måten som norsk jordbruk har kryssa fram NRK-kyr!


Doktorgraden til Dennis Meyhoff Brinks slær fast at religionssatiren er ein vesentleg grunn til kristendommen sin stilling i det moderne samfunnet. Denne satireforma har forma folk sitt syn på tradisjonell og for den del konservativ kristendom. Slik jøde-satiren påverka folk i mellomkrigstida, og som gjorde at ein stor del av folket vårt (som personleg kjende ein einast jøde), hadde eit «klårt» og negativt bilete av «jøden», han med stor og krom nase, glo etter pengar og ein blodigle som ville syga blodet av «ekte» nordmenn.


Så langt eg kan sjå, - og eg er kanskje dummare enn folk flest - , så var satiren og jødevitsane med å opna veg for den vondsinna politiske propagandaen som inntok landet før og under andre verdskrig. Den gjorde at dei fleste nordmenn  tagde og godtok aktivt eller passivt deportasjonen av dei norske jødane. Det norske politet samla lydig og samvitsfullt inn jødane til deportasjonen. Etterpå samla dei inn jødane sine verdiar til staten, om ikkje ting og verdisaker vart stole eller «tuska bort» av vanlege nordmenn, mellom anna fordelt mellom norske «frontkjemparar». Resten gjekk til statskassen.


Den emosjonelle effekten av satiren og seinare den politiske propagandaen gjorde av berre nokre få, svært få, engasjerte seg mot det som hende, og protesterte. 


Eller som filosofen George Santayana sa det: «Dei som ikkje kan hugsa fortida, er dømt til å gjera dei  same feila på nytt» (Fritt omsett til nynorsk av meg).

i Det norske samlaget, Oslo 1886.
ii Likvidasjonen, s. 63.
iii Item. S. 64.

------------------------------ 

Det er ikkje lov å bruka bilete eller tekst frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.

 

Kva formar vår - og alle andre - sin måte å tenkja på?

16. desember 2021 hadde «Dagen» ein interessant artikkel med tittelen: «Mener religionssatire har formet moderne verdier». Utgangspunktet er ei dokteravhandling frå universitetet i København av Dennis Meyhoff Brinks frå 2021. Her kan me lesa mellom anna:


Hans analyse indikerer at våre demokratiske verdier har mer til felles med satiren over kristendom enn de kristne ideene i seg selv. Siden religionssatire har vært mye mer utbredt i Europa enn i andre deler av verden, kan den dermed ha formet kulturen vår mye mer enn vi tror.

 
Studiet byggjer på tida frå middelalderen til no, og nemner trykkekunsten som eit medium som har vore viktig for spreiinga av satiren i Europa. Brinks viser til ein «fryktkultur» med djevlar og demonar i kristendommen frå 1400 og utover, og bileta med «hyrdar» og «sauer», eller «fedre» og «barn»  som satiren har nytta seg av.


I den tidlige opplysningstiden begynner satiren å latterliggjøre fryktkulturen som overtro ved å gi et annet bilde av autoritetene og befolkningen. De kirkelige autoritetene blir her fremstilt som grådige bedragere, skinnhellige hyklere og mye mer, og samtidig driver de gjøn med de som fortsatt er lydige.
-Den utviklingen mener jeg satiren har bidratt til. Den underminerer frykten og mobiliserer motet til å gå ut av rollene som sau og barn, forklarer Brink.
Underdanighet eller lydighet overfor autoriteten er noe de færreste i dag har som primære verdier og få synes sensur og enevelde er naturlig. Brink mener satiren rolle i dette har vært undervurdert.

 
Stykket er illustrert med eit satirisk bilete av prestar som slappar av med sine merskumspiper og sin punsj.  Den eine spør den andre kva han meinar om djevelen, og får til svar: «Han er vår venn, for utan ham ville det ikkje vært behov for prester». 

 
Satiren har sin tradisjon heilt tilbake til romarriket, så det er i seg sjølv ikkje noko nytt. Derimot kan det verka som den religiøse satiren vaks fram seinare sidan doktergraden startar med det femtande hundreåret.
 

Gyldendal (Fremmedordbok, Oslo 1957) definerer «satire» med «Diktverk som håner og latterliggjør menneskenes dårskap og laster; spotteskrift, spott, hån». «Satirisere» er å «latterliggjøre, håne spotte», og «satirisk» er «bitende, hånenede, spottende».

 
Dette er definisjonar som indikerer det etisk negative i satiren. Det angrip først og fremst ting som for ein del menneske er kjært og verdifullt, samstundes som det skaper antipati eller negativ haldning til den eller dei som satiren driv hån og moro med.


Som pinsevenn er det nærliggjande for meg å ta med to satiriske teikningar frå den tida då pinsevekkelsen for alvor slo rot i landet vårt. Barratt budde i Oslo og var den mest kjende pinseleiaren. Då var det naturleg nok han og dei som støtta han, som fekk smaka spotten. 


Til slutt er det freistande å ta fram den og eller dei som produserer satiren. Det vart sagt då eg var liten at dei «hadde glede å draga ned i skiten det som er kjært og heilagt for andre». Den gongen vart dei som håna og spotta, kalla «nidingar». 


Men det er vel eit ord ingen kjenner i dag. 

--------------------------

 Det er ikkje lov å bruka tekst eller bilete frå denne bloggen uten skriftleg løyve frå meg.